3 minute read

Reisebrev frå FIG 2025, Brisbane

I 2027 skal Geoforum i samarbeid med Samfunnsutviklerne og Kartverket vere med på å arrangere FIG Working Week i Stavanger.

I den samanheng vart 2 styremedlemmar i Geoforum sendt til Australia for å lære og få førstehandsinformasjon om arrangementet.

Tekst: Tomas Martin Holtan og Terje Midtbø

Avreise natt /tidleg morgon etter Geomatikkdagane vitnar om eit tett opplegg. Sjølve reisa tok ca. 30 timar. Neste dag møtte vi resten av den Norske «kontingenten», som var Celine Buisson Rosvold og Synne Storvik frå Kartverket, Ivar Hebnes og Leif Ingholm frå Samfunnsutviklerne, samt Guro Voss Gabrielsen frå Kommunalog distriktsdepartementet (KDD).

Konferansen tok plass i Brisbane sitt konferansesenter på South Bank. Lagleg nok var hotellet vårt bygd saman med konferansesenteret.

Første dag i Brisbane, søndag, var det generalforsamling i FIG, medan konferansen starta mandag. Konferansen vart arrangert av Geoforum sin søsterorganisasjon i Australia: «Geospatial Council of Australia». Dei har også sin årlege konferanse «Locate» som i år var samkøyrd med FIG WW. Dei utgjev forøvrig sitt eige magasin med tittelen «Position»!

Det var til saman ca. 1350 deltakarar på konferansen. Av desse var 560 internasjonale deltakarar. Konferansen gjekk for seg i ca. 12 parallelle sesjonar, med plenumssamling om morgonen. Svært mange og korte foredrag i kvar parallell sesjon. I utgangspunktet har FIG vore ein landmålarkonferanse, men i «moderne tid» er mange tema innan geomatikk inkludert. Alt dette var sentrert rundt eit stort utstillingsområde med meir enn 40 utstillarar. Både lunch og kaffepausar foregjekk i utstillingsområdet. Norge hadde sin eigen «stand» for å reklamere for FIG 27. Som «handsout» hadde vi med nokre hundre «buffar» som vakte overraskande interesse. Men det er vel slik med det meste som er gratis?

Guro Voss Gabrielsen frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) Leif Ingholm frå Samfunnsutviklerne og Terje Midtbø frå Geoforum på den norske standen for å promotere FIG WW i Stavanger 2027. Foto: Kirsten Cox

Første kveld på sjølve konferansen vart det arrangert ein mottakelse på taket av eit hotell/kjøpesenterkompleks. Arrangøren fortalte oss at dei la ned ein god del pengar i dette for å skape god stemning i starten av konferansen. Her var det servering av både vått og tørt. Førstnemnde utan bongar! Vi fekk også sjansen til nærkontakt med ein del eksotiske dyr som pandaer og slangar. Som seg hør og bør var det også mogeleg å delta på ein finare konferansemiddag. Her stilte dei med eige orkester som hadde fokus på 80-tals musikk(?). Men underteikna var litt skuffa over at Down Under (Men at Work) ikkje stod på spelelista!

Tomas Martin Holtan foran sponsortavla.

Heilt på tampen av konferansen arrangerte den Sør-Afrikanske delegasjonen «Farwel party». Dei skal arrangere FIG 2026. Det vil seie at Noreg er ansvarleg for tilsvarande arrangement i Cape Town neste år.

Noko av det viktigaste for vår del var møta vi hadde. Først med FIG sin generalsekretær og president og deretter med leiar i den lokale organisasjonskommiteen. Her fekk vi viktige og nyttige tips.

Elles kan vi også rapportere at Brisbane var ein overraskande fin by å besøkje. Den ligg fint til i mellom elvesvingane til Brisbane River. Båttransport er eit viktig framkomstmiddel i byen. Vi deltok også på ein teknisk tur på elva, i regi av Australian Hydrographic Service. Vi kunne observere at dei brukte ein del norskprodusert utstyr.

Det vart også høve for ein av Geoforum sine utsendte (gjett kven) til å få med seg orienteringstrening i nokre av byens parkar!

This article is from: