Hardanger Musikkfest 2023 - Grøde

Page 1

Grøde

31. AUGUST – 3. SEPTEMBER 2023

Velkomen til festival!

Den 28. utgåva av Hardanger Musikkfest vert arrangert 31. august – 3. september 2023. Årets tema er GRØDE, og me byr på eit internasjonalt og variert program. Veke 35 er det nye og faste tidsrommet for festivalen. Dette er tida der seinsommar og haust møtest, og Hardanger er midt i innhausting og foredling av frukt og bær. Dette bakteppet skapar autentiske rammer for festivalen, der lokale tradisjonar kan speglast i musikk og kultur.

GRØDE er naturen si gjengjelding etter ein lang sesong med dyrking og tolmodig pleie av jord og tre, og vert feira i mange kulturar med hausttakkefestar og musikalske hyllingar. Samtidig vil omgrepet GRØDE omsetjast godt i musikken sin retorikk, der tradisjonar og stilartar vert frø som spirer vidare, vert hausta og foredla av nye tendensar, tider og tolkingar. Me ynskjer å planta musikkfesten i ny jord og i rammer som aktualiserar lokal forankring og ein kunstnarisk profil med blikket framover.

Therese Birkelund Ulvo kunstnarisk leiar

FOTO FRAMSIDE: ELISABETH N. EMMERHOFF

Torsdag 31. august

FØRELEIK OG VERNISSAGE, OPEDALSTUNET, KL. 16:00, KR 170

Vernissage for årets festivalkunstnar Elisabeth Emmerhoff.

Sigurd Sverdrup Sandmo gjev saman med vokalgruppa Små Grå eit kræsjkurs i færøyske balladar og satiriske dikt. Eit glas Hardangersider inkludert i billetten.

OPNINGSKONSERT, ULLENSVANG KYRKJE, KL. 18:00, KR 300 Høgtideleg opning med kammermusikalsk grøde. Anne Hytta

spelar nylaga musikk for hardingfele frå prosjektet «Gjennom dagen». Andreas Brantelid (cello) og Christopher Park (klaver) byr på musikk av Joseph Woelfl og Sergei Rachmaninov.

Opningstale ved fruktbonde Harald Alvavoll.

KLASSISK KVEIK, KROSSVOLL KL. 20:00, KR 350

Festivalen sine mange artistar og freistingar presentert i ord og musikk. Kveldens vert er kunstnarisk leiar Therese Birkelund Ulvo. Servering av hakkasteik. Lofthus Ekspedisjon har open bar.

Fredag 1. september

MORGONTONAR, GLØYP KINSARVIK KL. 08:00, KR 250

Musikalsk frukost med folkesongar Unni Løvlid og fiolinist

Hanna Kallestad. Servering inkludert.

MUSIKALSK BRUNSJ, FLØY BAKERI, KL. 11:15, KR 250

Kom tett på folkemusikar Anne Hytta og cellist Andreas Brantelid når dei framfører formiddagens tonar inne på Fløy Bakeri. Servering frå Fløy inkludert.

FRÅ FØR TIL NO, EI MUSIKALSK OPPDAGINGSFERD, ULLENSVANG KYRKJE, KL. 13:15, KR 250

Bøndene i Hardanger byrja å pressa eple til saft på 1700-talet, og her startar vår musikalske tidslinje. Pianist Christopher Park tek oss med på ei musikalsk tidsreise frå 1773 til i dag. Sigurd Sverdrup Sandmo er med som kunnskapsrik ekspedisjonsleiar.

VEMODIG DISCO, KROSSVOLL KL. 16:00, KR 250

Ei konsertførestilling skriven og framført av vokalgruppa Små Grå. Trioen Trioen er sett saman av fabelaktige Nina Mortvedt, Benedikte Kruse og Mai Elise Solberg. Dei syng, snakkar, dansar – eller, kva er det dei eigentlig driv med? Rein og skjær kvardagsmagi!

MUSIKALSK GRØDE, HARDANGERHALLEN, HOTEL ULLENSVANG, KL. 18:00, KR 400

Ullensvang Skulemusikklag har sjølv delteke i utforminga av innhaldet på denne konserten. Med seg på laget: komponist Craig Farr og perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret frå BIT20 Ensemblet. Pianist Ingfrid Breie Nyhus møter også lokal leikarring med sitt Slåttepiano. Under 18 år gratis inngang.

FESTIVALKVISS, LOFTHUS EKSPEDISJON, KL. 21:00, KR 150

Uformell og variert kviss med musikalske overraskingar!

Kvissleiing: Karl Ystanes og Anna Gursli Langesæter

Laurdag 2. september

KJÆRLEIKENS GRØDE, SKRIVARGARDEN KL. 11:00, KR 500

Sopran Mari Eriksmoen og pianist Christopher Park gjev ei intim og eksklusiv konsertoppleving i ærverdige Skrivargarden. Lieder og romansar står på programmet – og her er mykje lengsel og grobotn for dei store kjenslene.

KAMMERMUSIKK I AGATUNET, AGATUNET KL. 12:00, KR 300

Hardanger Musikkfest sitt stjerneskot 2022, Hanna Kallestad, tek med seg den prislønna cellisten Birgitta Oftestad til Agatunet, og byr på både eigen musikk og favorittar frå kammermusikkrepertoaret. Sigurd S. Sandmo er vertskap.

BOREALIS UNG KOMPONIST, KROSSVOLL KL. 13:00, KR 250

4 unge komponistar har sidan hausten 2022 jobba for å skapa nye lydbilete og utfordra seg sjølve som musikkskaparar. Verka hadde premiere under Borealis 2023, og Hardanger Musikkfest markerar starten på prosjektet sin Vestlandsturné.

UNAMNA, ULLENSVANG KYRKJE KL. 15:00, KR 275

Unni Løvlid (vokal), Anne Hytta (hardingfele) og Ingfrid Breie Nyhus (piano, harmonium) gjer sine versjonar av Edvard

Grieg sine 9 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Tradisjonelt, nyskapande og friskt, frå tre av dei mest spanande musikarane me har innan folkemusikken.

SIDERSMAKING MED MUSIKALSK FYLGJE, LOFTHUS SIDERI, KL. 17:15, KR 480

I år går turen til Lofthus Sideri. Vokalgruppa Små Grå og multiinstrumentalist Kouame Sereba står for dei musikalske boblene, og me får smaka på fleire av produkta frå vertskapet.

OVERRASKINGSKONSERT, HARDANGERHALLEN, HOTEL ULLENSVANG, KL. 19:00, KR 400

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, rører og underhaldar. Heile spekteret av festivalens artistar deltek i kjende og heilt nye konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens konferansierar.

FESTKVELD MED CARSTENSEN OG KVERNBERG, KROSSVOLL, KL. 22:00, KR 350

Stian Carstensen og Ola Kvernberg lovar ein forrykande kveld på Krossvoll. Dei to eksperimenterer med kva som hender når ein puttar alt i ei og same gryte, frå jazz og klassisk, blues og bluegrass til engelsk pop og balkanrytmer. Duoen går heller ikkje av vegen for å improvisera over forslag frå publikum i god, sosialdemokratisk ånd!

Sundag 3. september

IMPROVISERT BARNETEATER!, KROSSVOLL, KL. 11:00, KR 250 (FAMILIE) Med Halve Plutselig Barneteater, Små Grå og Stian Carstensen. Publikum vert invitert til å koma med forslag og innspel undervegs, som påverkar handlinga på scena. Artistane improviserer fram ei morosam teaterførestilling med lattergaranti!

GRIEGVITJING, ULLENSVANG KYRKJE, KL. 12.00, KR 300 Andreas Brantelid, Ingfrid Breie Nyhus og Christopher Park i eit heilnorsk kammermusikalsk program frå jubilanten Thomas Tellefsen til Ingfrid Breie Nyhus sine eigne komposisjonar. Grieg er sjølvsagt også med, og me får blant anna Bryllupsdag på Troldhaugen.

AVSLUTNINGSKONSERT, KRAFTKATEDRALEN, KL. 15.00, KR 375 Festivalen vert avslutta med noko av det vakraste frå kammermusikk-repertoaret ispedd heilt nye kombinasjonar. Ein konsert som vil gje gjenklang heilt til neste års festival. Til å setja årets musikalske punktum: multiinstrumentalist Kouame Sereba, sopran Mari Eriksmoen, cellist Birgitta Oftestad, kvedar Unni Løvlid og hardingfelespelar Anne Hytta.

Program for barnehage, skular og eldreheim

FOTO: ELISABETH N. EMMERHOFF

Hardanger Musikkfest ynskjer å gje tilbake til lokalsamfunnet, og at born og eldre får nye møte og introduksjon til kunst og musikk.

Torsdag 31. august

SONGEN OG FORTELJINGANE, OPEDAL SKULE, KL. 10:00

Folkesongar Unni Løvlid besøkjer småskuletrinna på Opedal Skule.

JAKTA PÅ LYDEN, KINSARVIK SKULE, KL. 10:00

Kva er eigentleg musikk? Workshop for ungdomsskulen med perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret frå BIT20 Ensemblet.

GRØDE, ODDA VIDAREGÅANDE SKULE, KL. 13:25

Kammermusikalsk vitjing med variert program. Medverkande: mulitiinstrumentalist Kouame Sereba, pianist Ingfrid Breie Nyhus og fiolinist Hanna Kallestad.

Fredag 1. september

KOUAME MØTER BORNA, VEISANE BARNEHAGE, KL. 09:30

Borna får eit glimt inn i Kouame Sereba sitt store leikeunivers, samtidig som dei får oppleva musikaliteten og rytmikken direkte på kroppen. Saman skal dei leika rytmene fram, med stemmebruk og ved å klappa og dansa.

Laurdag 2. september

MUSIKALSK HALVTIME, BRÅVOLLTUNET, KL. 11:00

Andreas Brantelid og hans Stradivarius vitjar Bråvolltunet.

Billettar og praktisk informasjon

Hardanger Musikkfest tilbyr enkeltbillettar og ulike festivalpass. Fylg med på nyhendebrev, nettside og sosiale medier for kampanjar og siste nytt.

FESTIVALPASS FULL PAKKE

KR 4000

Inkluderer alle arrangement inkl. servering. Verdi kr 5800.

FESTIVALPASS BASIS

KR 2600

Tilgang til alle arrangement med unntak av Kjærleikens grøde og arrangement som inneheld servering. Ein må kjøpa tilleggbillett til desse arrangementa. Verdi kr 3720.

GRØDEPASSET

KR 1500

Passet gjev tilgang til dei største arrangementa under festivalen. Inkluderte arrangement: Opningskonsert, Klassisk Kveik (inkl. servering), Frå før til no – ei musikalsk oppdagingsferd, Musikalsk Grøde, Unamna, Overraskingskonsert, Griegvitjing og Avslutningskonsert i Kraftkatedralen. Verdi kr 2650.

FESTIVALPASS18–25

KR 950

Festivalpass for deg mellom 18 og 25 år. Må kjøpa tilleggsbillett for arrangement med serving.

FESTIVALPASS U18

KR 450

Festivalpass for deg under 18 år til utvalte arrangement.

Billettkontor på Krossvoll, Lofthus

Frå onsdag 30. august 2023.

Anna Gursli Langesæter, dagleg leiar post@hardangermusikkfest.no

958 90 237

hardangermusikkfest.no

TAKK TIL:

Hotel Ullensvang

Vestland fylke

Ullensvang kommune

Kulturrådet

Hardanger Energi

Mass Hus/Spar Kinsarvik

Sparebanken Vest

Sparebankstiftinga Hardanger

Sparebankstiftelsen DnB

Boliden

Odda Trykk & Reklame

Tizir

Isklar

Ullensvang Gjesteheim

Kraftmuseet

Hardanger og Voss museum

Fløy bakeri

Gløyp

Lofthus Ekspedisjon

Opedalstunet

Skrivargarden

Lofthus sideri

Alvavoll frukt og sidergard

Ullensvang kyrkjelege fellesråd

FOTO: ELISABETH N. EMMERHOFF Billettar på ticketco.no

Artistar:

ANDREAS BRANTELID

ANNE HYTTA

BENEDIKTE KRUSE

BIRGITTA OFTESTAD

BIT20 ENSEMBLE

CARMEN BOVÉDA

CHRISTOPHER PARK

ELISABETH EMMERHOFF

HANNA KALLESTAD

HENRIK HORGE

HÅKON SKJÆRET

INGFRID BREIE NYHUS

KARL YSTANES

KOUAME SEREBA

MAI ELISE SOLBERG

MARI ERIKSMOEN

MARI GARCÉS

NINA MORTVEDT

OLA KVERNBERG

OWEN WEAVER

SIGURD SVERDRUP SANDMO

SMÅ GRÅ

STIAN CARSTENSEN

ULLENSVANG SKULEMUSIKKLAG

UNNI LØVLID

YRRY

hardangermusikkfest.no

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.