Tempo Magasin

Page 1

Nr. 2 2018

TEMPO

TempoMagasinet

MAGASINET

- OM NÆRING OG LIVET I VINDAFJORD OG ETNE

Ølen. Ein attraktiv plass å bu?

Hilde ein viktig del av skaparverket s. 6

Tåler du trøkket Rune? s. 12

Ørjan. Den nye bærebjelken s. 16

Når skal du gi deg pappa? s. 26 2-2018

1


Er Vindafjord bjellesauen_A4 annonse.qxp_Layout 1 01.10.2018 14.06 Side 1

TempoMagasinet

BU I VINDAFJORD

Er Vindafjord bjellesauen?

Mange plassar har mykje godt å tilby. Ofte handlar det om å få folk til å sjå det. Både kommunen, næringslivet, lag- og foreningar og privatpersonar gjer ofte meir enn forventa, for at Vindafjord skal vera bjellesauen.

Kva treng du for å bu godt? Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:

· · · · · · · · ·

Imponerande antal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag arbeider for å yta på sitt høgste nivå Levande bygder – der den enkelte er særs viktig

vindafjord.kommune.no 2

2-2018

Kanskje har du allereie satt opp ei «sjekklista» for kva du ønskjer deg av plassar der du og dine skal bu. Denne lista kan sjå slik ut:

o o o o o o o o o o

Brukarvenleg natur Barnehagar som bryr seg Lærerike skular Trygge oppvekstvilkår for borna Kjekke og utviklande fritidsaktivitetar for alle Bredt og stort tilbod på butikkar Stort spenn i lokale og internasjonale arbeidsplassar Eldreomsorg som lever Kommunalt apparat som gjer sitt beste Levande bygdar med stort engasjement

Du kan sjølv kryssa av i denne annonsa. Ser ikkje bort frå at det blir mange kryss.

Me ynskjer Vindafjordingar – og alle andre, gode haust- og vinterdagar. Nyt alt Vindafjord har å tilby, og oppmuntra bjellesauene.

VITAL OG SENTRAL

Vinnarskalle.no

(Foto: Einar Fjeldheim)


TempoMagasinet

6

12

20

16 26

INNHALD 3 5 6 12

Innhald Leiar Hilde er ein viktig del av skaparverket Tåler du trøkket Rune?

16 20 26 30

Ørjan. Den nye bærebjelken Er bygdapatriotismen på veg til Ølen? Tungesvik bygg Kortnytt

2-2018

3


Etnekommune kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKELEG MED BARNEHAGEPLASSER OG FLOTTE BUSTADAREAL • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i

Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

4

2-2018

trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no


Fotograf: Fotograf Nordtveit

TempoMagasinet

TEMPO MAGASINET

- OM NÆRING OG LIVET I VINDAFJORD OG ETNE

At det er fleire og ulike «hjørnesteinsbedrifter», gjer at næringslivet og lokalsamfunnet har fleire bein å stå på.

ve

it

fN

or

dt

Velkommen til oss!

Ansvarleg utgjevar: Fikse Næringsforening Ansvarleg redaktør: Asbjørn Moe Ansvarleg utgivar: Fikse Næringsutvikling

Skrivar: Frank Abelseth Asbjørn Moe Vinnarskalle AS Ansvarleg redaktør:

Redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland,

Heldigvis, for lite er betre motivasjon for samarbeid og utvikling enn felles nytte. Næringslivet er opptatt av og har nytte av attraktive lokalsamfunn, med gode barnehagar, skular, kultur- og fritidstilbod. Det gjer at folk har lyst til å bu i distriktet vårt, og bidra med sin Det er rundt rekna 250 bedrifter som er arbeidsgjevarar i Etne og Vindafjord, kompetanse i bedriftene våre. Det er folka som er den viktigaste og i desse bedriftene jobbar det folk med til saman over 250 ulike yrke og verdien både i bedriftene og bygdane. fagkompetansar. Det er med andre ord mange interessante bedrifter og job-

Formgjeving:

bar å velja i for deg som lurer på kva du skal bli når du blir stor, eller for deg som lurer påog om kommunane du skal ta med familien og flytta frå Stavanger ellertil TrondNæringslivet har felles interesser i å bidra at bygdane heim til Skjold eller Skånevik.

Svein Egil Økland Foto

foto: Fotogra

I Etne og Vindafjord er me så heldige at me har eit sterkt næringsliv som tar lokalsamfunnsutviklingAsbjørn på rammeMoe alvor. Dette er bedrifter som bidrar på hundrevis av små og store positive tiltak i bygdane Fikse Næringsutvikling våre, alt frå bidrag til drift av lag og foreningar til finansiering av større investeringar i bygg og anlegg til innbyggjarane sine fritidsaktivitetar. Dette er sjølvsagt litt fordi ein synest det er kjekt å bidra til god oppvekst og fritid i distriktet vårt, men ikkje minst fordi det er nyttig for næringslivet.

Mange bekkar små...

våre blir ein plass folk ønskjer å bu. Ofte oppnår ein gode resultat Mefor er så heldige me ikkje berre ei, men store bedrifter med om å kvar seg, menataller best blirhardet når fleire ein klarar å gå saman hundrevis av tilsette. er utelukkande positivt. At det er fleire og ulike få til dei store løfta.Dette I dette nummeret av Tempomagasinet vil du «hjørnesteinsbedrifter», gjer at næringslivet og lokalsamfunnet har fleire blant anna få lesa om Ølen som tar skikkeleg tak og har fleire bein å stå på. Det betyr at me samla sett står ganske stødig, trass til dels store store svingingar i enkeltbransjar og –bedrifter. utviklingsprosjekt på gang. Her er det bygging av kultur- og læringssenter på gang, det er stor utbygging med satsing på yrkesfag på Trass i, eller kanskje på grunn av, dei store bedriftene er også næringslivet Ølen og av midt i sentrum kjem vårtvidaregåande prega av ein storskule, underskog mindre bedrifter.mot Fleiresjøen av desse er det ein eller indirektefor leverandørar til aktiviteten i dei størrestore bedriftene, stordirekte aktivitetspark mange ulike uteaktivitetar delar av året.

Foto: Svein Egil Økland, Redaksjon: Sondre Gunleiksrud, Filter design & kommunikasjon: Frank Abelseth, Astrid Eidhammer Hjelmeland JudithPrivate Sørhus Litlehamar Filter design & kommunikasjon

Maria Djuve Vågen

Opplag: 6500

Filter design & kommunikasjon

Trykkeri: Haugesund Bok & Offset Kristian Vedå Skålnes, Filter Illustrasjon:

Foto:

Magasinet blir fulldistribuert til husholdningar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Framsidefoto: Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Svein Egil Økland Foto Bergen, Trondheim, Oslo og strategiske Opplag: stader i distriktet. Fotograf Nordtveit

6 500

Trykkeri:

medan andre har heilt andre kundar og marknadar. Til saman utgjer dei mindre bedriftene ein stor del av dei vel 4000 private arbeidsplassane i disDette vilogme dela deg.omsetjing i næringslivet vårt på opp i triktet eingjerne betydeleg del med av ei samla mot 15 milliardar kroner.

Haugesund Bok & Offset

bidrag til lokal verdiskaping og enno fleire interessante jobbar for oss arbeidstakarar. Dei er kanskje av dei ivrigaste når det kjem til sponsing av God lesning! idrettslag, skatepark eller speidaren. Fordi dei er opptatt av å bygga gode lokalsamfunn.

Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske

På vegne av to hundre bedrifter som ønskjer deg velkommen til å Alle her desseog småbedriftene, dei fleste lokalt eigarskap, gir eit svært jobba to kommunar sommed ønskjer deg velkommen tilviktig å bu her:

Magasinet blir fulldistribuert i kommunane til bedrifter i Etne og Vindafjord.Elles på messer i Haugesund,

stader i distriktet.

ASBJØRN MOE Me slår eit slag for eit mangfaldig næringsliv, og seier: Små bedrifter – store Fikse næringsutvikling verdiar! God lesning! samarbeidspartnerar:

Hovudsa ma rbeidspa rtna r

2 • 2017

5

2-2018

5


TempoMagasinet

Å velja yrke er ikkje alltid like enkelt. Gjennom arbeidet på Frøken fryd får Hilde utføra mange yrke

6

2-2018


TempoMagasinet

Hilde er ein viktig del av skaparverket Hilde Sandbekken er født og oppvaksen i Hervik Fødte ei dotter då ho var 16, og flytta til barnefaren i Vikebygd. Det har gått heilt fint med meg, men det er ikkje å anbefala seier Hilde. Yrkesvalget vart også prega av dette.

Ein kan sjå at det er stor trafikk av tankar og minner når ho seier det. Det var heldigvis før dei sosiale kanalane, legg ho til. Fekk i tillegg Kenneth då ho var 18 og Marie då ho var 24. På grunn av born i ung alder vart utdanning ei utfordring. Gjekk formgiving på Ølen Vidaregåande i 3 år då ho var passert 30. Eg kunne vore mor til fleire i klassen, smiler Hilde. Tok påbygg og fekk studiokompetanse, og hadde eit ønskje om å blir faglærar i forming. Tok eit år til på Notodden, men pendlinga vart for strevsom. Kom også inn på blomsterdekoratør i Stavanger, men borna krevde sitt og prioriteringa var enkel.

PLASSABAKERIET ER PLASSEN

Far til borna og Hilde valgte etter ein del år å skilja lag. Etter ei tid tok Hilde ei «helaften» på Plassabakeriet i Vikebygd ein fin påskekveld. Der var også den kjekke «påskehanen» Bent Kvamme frå Skjold. Skulle me berre trudd på Hilde, må dette på alle måtar vera ein kjekk mann. Hilde flytta til Skjold i 2005.

DET ER SVEIN SIN FEIL

Hilde og Bent var ute og spaserte ein kveld.

Svein Håkull heldt på å pussa opp eit lokale og vinka oss inn. Her kan du starta butikk, sa Svein med sitt vanlege glimt i begge augene. Slik vart det. I 2008 starta Hilde interiørbutikken Frøken Fryd med svært god hjelp av Bent og andre kjende. Eg har alltid sydd, malt og teikna, og noko av dette var til salgs i butikken. Det er mykje rot med meg når eg er i slike kreative prosessar, men eg er mykje ryddigare på jobb enn heime. Bent står i kø for å bekrefta dette.

FEKK LÅNA 100.000 AV BANKEN TIL Å STARTA BUTIKKEN

Det gjekk 70.000 på den første messa før butikken skulle starta. 30.000 allereie hos den første leverandøren. Då kikka me på kvarandre og lurte på korleis dette skulle enda, seier Bent. Litt skummelt kan du sei, legg Hilde til. Trur det var viktig at me fekk starta i oktober, og fekk med oss julesalget. Me var 4 år «der bak». Då var det kafè i dagens kafèlokale, men dei la ned. Me hadde så vidt prata litt om at det hadde nå vore kjekt med ein kafè som me hadde lyst å gå på. Er nok litt for kreative saman med eit glas rødvin, flirer dei. Ja rødvin er skuld

2-2018

7


TempoMagasinet

Å nyta stundene ilag er Bent og Hilde flinke til.

i mange kreative idèar og arbeidsplasser. På begge sider... Han som eig lokalet ville ikkje at det berre skulle vera interiørbutikk. Det var viktig at kafèen skulle fortsetja. Me visste ikkje kva me gjekk til for å sei det mildt.

FOR 6 ÅR SIDAN ÅPNA ME KAFE MED BUTIKK

Det var ikkje så mange som hadde kafè og butikk på den tida, mimrar Hilde. Me kunne ingenting om kafèdrift. Han som dreiv før oss solgte alt inventar og utstyr, noko som resulterte i at me måtte kjøpa alt utstyr, stolar, reolar, bestikk osv. Det var eit kaos utan like både fredag og laurdag under åpningshelga. I tillegg skulle me ha søndagsmiddag. Me sat og grein kl 3 om natta, då var me heilt utslitt. I tillegg svei sjokoladepuddingen og karamellpuddingen seg, og det meste av det andre me skulle laga. Skrella gulerøtter til me nesten svima av. Det har gått seg til, men hadde ikkje starta på nytt om me hadde visst det me veit no. Humoren og det gode humøret er ikkje skrella vekk. I dag er det kafè, catering, interiør og garn dei lever av. Om ikkje dette er nok har dei også starta blomsterbutikk i Kiwibygget. Nokon lærer nå aldri, tenkjer skribenten.

8

2-2018

Mykje er tilfeldig her i livet, seier Hilde. Cateringa starta med at ein mann kom inn å spurte om me kunne baka ei kake til ei markering. I dag er catering og salg av påsmurt, kaker, koldtbord, tapas og mykje anna ei viktig inntektskilde.

Frå no og fram til jul blir det også «strikk & vin» ein fredagskveld i månaden. Det blir ein del «oppigjenrekking», men det tåler me godt, smiler dei. Ein rett og ein vrang kan lett bli to rette slike kveldar.

I starten hadde me mange arrangement om kveldane, men det vart for slitsomt.

Me har ingen planar om å bli millionærar, men det handlar om å skapa noko. 18 tilsette, og mange gode tilbakemeldingar gir energi. Me er glade i folk, seier Bent. Ja du endå meir enn meg, kommenterer Hilde.

EG ELSKE SOFAEN

Bent og Hilde er ikkje heilt like når det gjeld å ta det med ro. Bent elskar sofaen, mens Hilde er rastlaus og likar å halda på med noko. Bordercollien Tinni er i føtene til Hilde heile tida, og slappar ikkje av før Hilde gjer det. Den ser ut til å vera i svært god form for å sei det slik. Du må skriva at me er svært takknemlige for god hjelp av familie og gode vener. Og ikkje minst dei som har jobba her. Utan Bent er det nok heller ingen butikk og cafè. Han er med onsdagskveldane då dei har langope, i tillegg til laurdag og søndag. Dei har ei frihelg i månaden, og den set dei stor pris på. Utan våre gode kundar, og ikkje minst stamkundar, blir det også lite butikk. Nokre av stamkundane kan me bli bekymra for om dei ikkje kjem, seier Hilde. At me trives i lokala og blant tilsette og kundar er viktig. Og det gjer me, kjem det frå begge.

DET BLEI NÅ BERRE SLIK

Me har ein del imponerande og kjekke ungdommar i jobb, og trur dei held oss yngre. Blir godt kjent med mange av dei, og får diskutert ut litt frustrasjon dei har med sine foreldre. Me er nok like ofte på foreldrene deira si sida som med ungdommane. Har også hatt 3 gutar i arbeid som måtte stå i oppvasken, vaska golv, rydda osv. Noko dei takla svært godt. Kjekt for Bent at det kjem nokre gutar av og til, seier Hilde.

HIV DÅKKE UTI DET

seier Bent og Hilde til dei som vurderer å starta noko. Men det er mykje arbeid. Er du i eit parforhold bør det vera forståing for at du gjer det. Eg hadde ikkje gjort det om me hadde små ungar, seier Hilde. Du må ha stayerevne, og ikkje gi deg etter 3 år. Viktig å følgja med at tala blir betre og betre. Samarbeid med lokalmiljøet


TempoMagasinet

Om det var Bent eller Hilde som gjekk i garnet strides dei lærde om.

og andre «viktige» kan gi mykje. Me er skikkelig dårlige på å laga forretningsplanar, seier Bent. Men det kan nok vera lurt å gjera det, legg han til. Bent jobbar hos Arrow Norway i Vats og har gjort det i over 24 år. Der likar eg meg godt, og det er den jobben som er pre 1, legg han til.

ME GREIER OSS

Det er inga gullgruve men alle får lønn. Det har av og til blitt litt mindre til Hilde, men slik er det berre. Me jobbar sjølvsagt for at å få litt meir igjen i penger enn i dag. Kanskje kan me tjena så godt at me kan ha fri annakvar helg, undrar Bent. Er det nokre nye planar og tankar? Nei. Det er det ikkje, kjem kontant. Jobbar med å forbetra drifta både på Frøken Fryd og blomsterbutikken. Me har først og fremst fokus på betjena kundane på aller beste måte.

Å nyta er også viktig seier Hilde.

det har vore jysla kjekt som frisone. Der har me funne roen. Likar også godt ein storbyferie, og Italia er stas. Barnebarnet til Hilde som blir 2 år og bur i Stavanger er viktig. Me er sosiale og glade i mat, og blir jysla glad når nåken invitere oss til f.eks. eit enkelt måltid.

EIN TING ER SIKKERT

Bygdene i Vindafjord og Etne treng slike som Bent og Hilde mykje meir enn dei treng bygdane. Det er imponerande og langt på veg rørande det dei gjer og måten dei gjer det på. Blir det utbetalt lønn i himmelen, blir dei rike begge to.

Takk. Me er imponert! Hurra for Frøken og Mr. Fryd.

ME LIKE OSS GODT I LAG ME

Me jobbe godt i lag, kjem det frå begge. Bent er ikkje brukande på kjøkenet, men knallflinke med folk i kassen. Damene likar godt at det er ein mann som pakkar inn og «styre på». Sjølv om han av og til får spørsmålet «skal eg hjelpa deg å pakka inn kanskje?». Hadde eg vore heima hadde me ikkje sett kvarandre, seier Bent. Eg vil jo helst vera saman med Hilde. I sommar kjøpte me ei campingvogn i Vikedal, og

2-2018

9


TempoMagasinet

Dei GODE forteljingane Ein barnehage er også viktig for valg av plass å bu. At våre små skattar opplever glede, trivsel, læring, tryggleik... Får ein god start på livet. Slik at dei kan ha mange gode forteljingar som vil kappspringa ut i den store verda som reklame for Etne og Vindafjord. ME I SMÅFOLK BARNEHAGE ønskjer kvar dag å laga slik «reklame». Gjennom vårt slagord «BEVARE DEG VEL», vil me heile tida halda fokus på å bevara alle vel.

SMÅFOLK BARNEHAGE BLEI I 2018 TOPP 5 I NORGE TIL PRISEN «ÅRETS BARNEHAGE». JURYEN SI GRUNNGJEVING VAR: Småfolk barnehage i Hordaland er barnehagen med dei gode forteljingane, som har fleire dyr i fjosen, der barna også får delta. Småfolk satsar mykje på kompetanseheving for alle tilsette, spesielt innanfor relasjonskompetanse. Barnehagen i Etne har veldig mange spanande prosjekter og engasjerte tilsette som bidreg til at barnehagen verkeleg er blitt lagt merke til, langt utover kommunens grenser.

smaafolkbarnehage.no // 53 75 51 10

10

2-2018


TempoMagasinet

Åkrafjorden nature - den naturlege møteplassen

Av og til har folk stor nytte og glede av å møtast. At møtene blir mest mogleg naturlege kan bety mykje. BYGGET ER GODT EIGNE TIL BL.A. DETTE: • Selskapslokale • Seminar / kurs • Teambuilding • Julebord • Leirskule • Familiehelg • Slektstreff...

NATUREN ER GODT EIGNA TIL BL.A. DETTE: • Aktivitetar • Ro og gode samtalar VÅRE ROM: • Totalt 10 rom med totalt 32 gode senger (kan tilby fleire samarbeid med lokale aktørar)

Du kan forventa mykje av oss. Det er heilt naturleg for oss å gjera vårt aller beste for dei som kjem.

KONTAKT OSS I DAG FOR EIT FORSLAG TIL OPPLEGG OG PRIS. Fjæravegen 138, 5598 Fjæra Robert: 908 44 918 // Laila: 976 97 850 mail@a-nature.no // akrafjordenbnb.no

TRYKKSAKER. SKILT. VINDUSDEKOR. BILDEKOR. EMBALLASJE. ETIKETTER. BANNERE. TAPET.

DIN LOKALE LEVERANDØR AV MARKEDSMATERIELL

hbo.no ET KNALLTØF T TRYKKERI

2-2018

11


TempoMagasinet

Tåler du trøkket Rune? Rune Ramsvik er banksjef i Etne Sparebank. 1972-modell, og oppvaksen i Etne. Med far frå Etne og mor frå Ølensvåg er han Etnesbu. Eller? Den ballen lar me ligga.

Rune er eldst i søskenflokken som består av 3 brødre. Rune, Roger og Nils Arne Martin. Dei flirer litt av alle namna til yngstemann. Det var nok nokre familienamn dei måtte bruka opp, smiler Rune. Han er gift med Elen Merethe, og saman har dei borna Jon Ola (18) og Anna Karina (14).

TOK BALLEN OG IKKJE MANNEN

I oppveksten var det mykje fotball. Arne Håheim var trenar då Rune spelte på gutalaget og fortalte at «du får vera med på kampane fordi du viser så god innsats på treningane». Det var nok ikkje fordi eg var så god nei, flirer Rune. Han gav seg før juniornivået. Litt sjølvinnsagt har eg tross alt, legg han til. Slalom i Hordadalen var stor stas. Stort s ett kvar helg, alle feriar og enkelte vekedagar var det snø det handla om. Eg trur eg var den første med snøbrett i Hordadalen, seier han. Har fortsatt brett og køyrer av og til. Slalom blir det fortsatt ein del av, men no meir bortoverski.

DU BURDE SØKJA REVISORSTUDIET SA RÅDGJEVAREN

Under gymnastida i Ølen var Rune svært usikker på kva han skulle bli. Søkte revisor-

12

2-2018

studiet på Handelshøgskulen i Bergen, men også politi, bibliotekar og it-studie. Han kom ikkje inn i Bergen, og gjekk då inn i sjøforsvaret. Etter militæret dukka det heilt tilfeldig opp at ØkAd i Haugesund kunne vera ein veg å gå mot revisorstudie. Han kom inn der ei veke etter dei andre. Då starta Rune eit meir målretta arbeid mot revisorutdanninga. Etter nokre år på skule og arbeid som «registrert revisor» fullførte Rune utdanninga som Statsautorisert revisor på Handelshøgskulen i Bergen. Då var tipset frå rådgivaren i Ølen fullført. At det er fleire vegar til rom gjeld oss alle.

FLYTTA HEIM TIL ETNE FOR Å JOBBA HOS FATLAND

Etter 10 år i revisorbransjen i Stavanger fekk Rune jobb som økonomisjef hos Fatland i Ølen. Etter 2 år dukka stillinga som banksjef i Etne opp. Jobben i Fatland gav meg utfordringar, men eg tenkte at ein jobb som banksjef i Etne kunne by på heilt andre utfordringar. Det er også ein jobb som svært sjeldan blir ledig. Det har kun vore 2 banksjefar før Rune. Etter ulike testar hos rekrutteringsbyrået fekk han jobben. Mi utdanning er svært relevant for denne jobben, seier Rune. Ikkje minst arbeidet med bedriftskundar.


2-2018

13


TempoMagasinet

Det har blitt ein ekstra fjelltur av desse sakene. Til og med ein lang sykkeltur eller to. Kan bli i god form av slikt, flirer han.

NOKO AV DET SOM ER KJEKT ER Å FÅ VERA MED Å BYGGJA BANKEN OG DENS VERDIAR.

F.eks. gjennom ulike produktselskap som Frende Forsikring, Brage Finans og Heimdal Forvaltning. Vårt eigarskap i desse produktselskapa skaper verdiar for Etne Sparebank, og dermed lokalmiljøet som eig banken. Alt eg og me andre gjer blir gjort i den hensikt å tryggja banken og lokalmiljøet. Å skapa overskot som går tilbake til lokalsamfunnet, f.eks. gjennom Spira-fondet, er kjekt å vera ein del av. I bankverda kan utfordringa bli at dei raske spring frå dei trege. Ikkje nødvendigvis dei store som sluker dei små. Det er likevel ei utfordring å løysa «alt» på eige hus. Eit godt samarbeid med andre bankar er svært viktig. Etne Sparebank ønskjer å vera blant dei raske.

KORLEIS ER DET Å VERA PRIVATPERSONEN RUNE OG SAMTIDIG BANKSJEF I EIT LITE LOKALMILJØ?

Til å byrja med sleit eg litt med det, men nå synes eg det går greit. Det er ei større utfordring å engasjera meg i det frivilliga, der Etne Sparebank er sponsor. Å delta på dugnadar går fint, men f.eks. å vera formann i Etne Idrettslag kan eg ikkje vera. Politisk engasjement er også utfordrande. Opplevde nok som formann i Etne Høgre at enkelte ikkje greidde å skilja meg og ulike roller. Eg kunne nok tenkt å engasjert meg meir politisk.

14

2-2018

Det blir alltid litt spørsmål og kommentarar om eg er ute på noko sosialt. «Jasså, banksjefen er ute å tømmer velvet?» Eg må nok prøva å unngå litt diskusjonar og møteplasser av og til, smiler han. Slik er det berre. Tidlegare var det nok meir avstand mellom f.eks. banksjef, lensmann og andre enn i dag. Den minkande avstanden kan også resultera i ulike meldingar som kan vera både langt over streken og til dels frekke. Dette er dessverre ein del av utviklinga og jobben.

DET BLÅSE PÅ TOPPANE

To saker der Etne Sparebank er involvert har vore ekstra i vinden i det siste. Korleis opplever du Rune og «banksjefen» dette med Skakkesenteret? Fylkeskommunen, Etne Kommune og Etne kulturhus ville byggja i lag. Dei ville få gode synergiar av det. Det vart som eit kinderegg, der f.eks. kantina også vart kafè. Etne Sparebank fekk presentert «casen», der inntektene frå fylket og kommunen skulle gi nok inntekter. Dette var grunnlaget for at Etne Sparebank kunne finansiera opp Etne Kulturhus sin del. Det var også viktig at Etne kommune var ein stor eigar i Etne kulturhus. Dette var for stort for oss, men me fekk med oss Haugesund Sparebank og Skudenes & Aakra sparebank. Etne Kulturhus har hatt sine utfordringar. Me er ikkje i mål, og styret i banken har skrive eit lesarbrev i Grannar, der dei er tydelige på at det er eigerane som må ta

ansvar. Utfordringa for enkelte kan vera å forstå sitt ansvar og kven som har ansvar for kva. Mange har lagt ned mykje godt arbeid, så me håpar alt ordnar seg til slutt, seier Rune.

HALVFJORDINGEN VART OGSÅ EI «MEDIASAK»

Halvfjordingen fekk utfordringar med økonomien heilt sidan oppstarten av ulike årsaker. Det er for så vidt ei vanleg sak der ei bedrift har økonomiske utfordringar, men denne gongen vart det litt meir offentleg. Eit stort engasjement, blant anna frå dei som budde på campingen. Dette er ei typisk sak der Etne Sparebank bidrar i starten til at ein idè blir realisert. Selskapet tapte tidleg aksjekapitalen, men me lot dei driva vidare i fleire år. Når skal me stoppa? Når skal me stilla sterkare krav? Dette er ei stor utfordring i mange saker, spesielt når det gjeld mange og lokalt. Eg meiner me strekte oss langt, og sett i ettertid, for langt. Til slutt måtte me stilla krav til eigerane om å stilla med meir kapital. Det ville ikkje eigerane. Det er vanskeleg for oss i Etne Sparebank i slike «offentlige saker» der me har taushetsplikt. Det blir fort at me blir syndebukk på feil grunnlag. Det vert rett og slett for lite nyansert bilde, der alle sider ikkje vert belyst. Det er mykje me kunne tenkt oss å opplysa om.


TempoMagasinet

Turar til fjells med familien likar Rune godt.

KORLEIS ER DET Å VERA PRIVATPERSONEN RUNE OPPI DENNE «MISNØYA»?

Jo, eg kjenner litt på det. Eg er den som må fronta vedtak styret har gjort. Eg gjer ikkje noko rundt slike saker utan å ha fått eit «vedtak» frå styret. Det er ikkje så kjekt å høyra og lesa at det er eg som privatperson som får skulda. Det har blitt ein ekstra fjelltur av desse sakene. Til og med ein lang sykkeltur eller to. Kan bli i god form av slikt, flirer han. Det er mange som har ulike leiarstillingar i bedrifter, på sjukeheimar, kommunen osv. Har du eit tips til dei om kva som kan vera viktig for andre leierar? Det å ha eit litt strategisk perspektiv kan vera viktig. At det er noko «der framme» me er einige om som er ei ledestjerna. Slik at me har eit punkt å segla etter. Då kan det vera lettare og både gjera vedtak og få godkjenning for dei. Eg har aldri følt eg var nokon leiar. Men Jens Tveit i speidaren sa til meg at eg hadde leiareigenskapar. Det hugsar i godt. Eg kunne lett ta leiaroppgåver, det vart berre naturleg.

MÅ TÅLA AT FOLK HAR MEININGAR.

Så lenge det er på eit sakleg nivå. Menigmann har ofte store og bestemte meiningar om korleis ulike leierar burde ha gjort jobben sin. Kva kan me sei til

Ein ryddig pult kan innehalda mange tankar.

dei? Enkelte kunne nok godt satt seg litt betre inn i sakene før dei dømmer for hardt. Det er ikkje alltid slik som den eine parten framstiller det. «Han» har gjerne også berre høyrt det gjennom ein 3`dje person. Til sterkare me vil meina noko til betre bør me kunna saka. Eg sjølv er heller ikkje ukjent med det. Mange reaksjonar er basert på følelsar. Er det fristande å få seg eit kontor lengre nede i etasjane? Joda. Det har hendt at eg har tenkt «andre tankar», men det er så mykje anna kjekt og inspirerande som skjer at det veg opp. Kjekke kollegaer er også viktig. 11 år har gått svært fort, og eg tåler nok ein storm eller to. Enkelte jobbtilbod har det vore, men eg har takka nei.

Heldigvis bles det ikkje alltid på toppane.

Det skjer mykje i bankverda. 2018 blir rekna som «tsunamiåret» når det gjeld ulike krav frå myndighetene. Skogvoktar er noko som kunne vore kjekt. Å vera skogvoktar kunne nok vore eit alternativ, smiler Rune. Han likar seg der. På turar med familien eller på fisketur eller jakt etter storvilt og småvilt. Helst i Etne-fjellet eller Markhus-fjellet og Hetleflåt-stølen, men også på Hardangervidda og andre plasser. At han dette året fekk ein laks på 5,5 kilo i Etneelva er også stas. I tillegg er sykling noko som klarner tankane og styrker formen.

Rune og Etne Sparebank tåler trøkket.

2-2018

15


TempoMagasinet

Ørjan har stålkontroll på livet så langt.

16

2-2018


TempoMagasinet

Ørjan. Den nye bærebjelken? Vest Stål & Fasade leverer stålbygg, trapper og rekkverk Leverer også stål til det som trengs til boligar og forretningsbygg. Det er «gamlingen» Thor Olav Helgevold som er dagleg leiar, og han har med seg sonen Bjørn Steinar som daljert og prosjektleiar.

Dei starta i 2016 og er allereie 12 ansatte, og flytta nyleg inn i nytt bygg på Steinsland mellom Sandeid og Ølen. Har mykje å gjera, og gode fagfolk trengs. Men dei er ikkje like lette å få tak i.

ØRJAN. DEN NYE BÆREBJELKEN?

Ørjan Innvær er født og oppvaksen på Kårhusfeltet i Nedre Vats. Etter ungdomsskulen starta han på Bygg & Anlegg i Ølen. Der var han ein dag. Gjekk å tenkte på det gjennom sommaren og beslutta allereie første dag at eg ikkje ville bli maskinførar. Sjølv om han gjennom slekta hadde fått prøva seg i gravemaskin i oppvekståra. Ørjan valgte TIP, og tok industriteknologi det siste av dei 2 åra. Då var han utplassert hos Vest Stål & Fasade ein dag i veka pluss litt til, og jobbar no for å få fagbrev som platearbeidar. For det meste er han med på montering av sjølve ramma til bygga dei leverer, i tillegg til montering av vegger og tak. Produksjon av delene som skal monterast er også ein del av jobben. Har allereie vore med på det meste, seier ein fornøgd Ørjan.

KVIFOR PLATEARBEIDAR?

Det er eit breidt yrke. Alt frå konstruksjon, montering, sveising mm. Det er også gode moglegheiter til å vera kreativ som platearbeidar. Viktig med god opplæring, og alle i bedrifta bidrar til at eg heile tida lærer noko nytt. Eg likar å jobba fysisk, og platearbeidar er etter mi meining eit sikkert valg. Det er fleire vegar å gå, som f.eks. å ta eit år for å få fagbrev også innan sveis. Då er jobbmoglegheitene mange. Ørjan trives godt, og påpeikar at det er kjekke folk å jobba med. Mykje å gjera og mange forskjellige utfordringar. Er fortsatt ikkje sikker på kva eg skal gjera etter læretida, om det blir meir skule eller fortsetja i jobben. Eg tar det som det komme, smiler Ørjan.

SKAL YRKET BESTÅ MED NORSKE ARBEIDSFOLK MÅ DET INN LÆRLINGAR

Sikra gode fagfolk i eiga bedrift og rekruttering gjennom lærlingesystemet er gull verdt, seier Thor Olav bestemt. At det offentlege krev at me skal ha lærlingar for å få lov til å levera er etter mi meining

2-2018

17


TempoMagasinet

Alle kan ikkje leva av datamaskinen.

rett, legg han til. Lærlingekontoret tek seg av den teoretiske delen, og passar på at lærlingane får det skal skal ha av opplæring. Thor Olav er fagleg ansvarleg. Håpar at me kan ta inn ein lærling kvart år, slik at dei blir to og kan støtta seg på kvarandre.

DET ER SVÆRT VIKTIG MED LÆRLINGAR FOR Å HALDA OG VIDEREUTVIKA KOMPETANSEN I BEDRIFTENE

Thor Olav var også fagansvarleg for lærlingar hos Westcon den tida han var der. Det er ei utfordring at tradisjonsrike, trauste yrke ikkje har blitt satsa på og vore attraktive nok. Alle kan ikkje leva av datamaskinen. Stort behov for folk som kan handtverk og produsera produkter. Det minkar på dei som verkeleg kan faget. Smeden kunne alt om korleis stålet oppførte seg og skulle bli behandla, det er viktig at me får behalda denne kunnskapen lokalt.

DET ER 2 ÅRS LÆRETID, MEN SÅ LENGE DEI FÅR GOD OPPLÆRING KAN DEI RASKT VERA MED Å PRODUSERA

Får ei heilt anna opplæring og engasjement når dei er med på «ekte arbeid». Ein lærling er også positivt for å få inn ulik alder og «syn på livet» i bedrifta. Det er svært viktig at lærlingane kjem i lag med folk som verkeleg bryr seg og

inkluderer. At dei raskt blir ein del av gjengen på alle måtar, og får gradvis ansvar og utfordringar.

EG OPPLEVER AT KONTAKTEN MELLOM SKULE OG ARBEIDSLIVET ER BRA

Det virkar som om at skulane er frampå for å skaffa lærlingeplasser. Alle må villa det. Eg trur det er lurt at elevane ønskjer utplassering i ei bedrift dei kan tenkja seg å jobba i. Og at bedriftene verkeleg tek dei på alvor dei dagane dei er utplassert. Blir fort at lærlingar kan bli satt i «ein krok», også på grunn av mange ulike reglar for alle under 18. Viktig å ta seg tid til dei som er utplassert om du verkeleg ønskjer rekruttering. Lærlingane snakker også saman, både om det som var bra og mindre bra. Opplæringskontoret innkallar til evalueringsmøte 2 gonger i året, for å avstemma om læreplanen blir fulgt. Skal rullera litt rundt i bedrifta på ulike oppdrag og fag. Me prøver å setja lærlingen inn på oppdrag me meiner han kan ha nytte av. I løpet av desse 2 åra skal han ha vore innom det meste bedrifta held på med.

FAGBREV ER SVÆRT VIKTIG

Ikkje lett å få tak i folk med fagbrev, det har vore vanskeleg i mange år. Høyrer jo om utlendingar som seier «Just a moment»

Bjørn Steinar og Thor Olav passar på at Ørjan får den kunnskapen han treng. 18

2-2018

når dei blir spurt om ulike fagbrev. Det er jo litt merkeleg når ein som har fagbrev som sveiar ikkje kan sveisa. Dei fleste blir nok silte ut før dei skal utføra fagleg arbeid. Langtransportsjåførar utan sertifikat er heller ikkje heilt ukjent. Mange av oss er nok for godtruande. Jobb for ungdom med fagbrev har Thor Olav tru på. Det er eit stort behov for det, og det kjem til å vera slik i lang tid framover slik det ser ut nå. Ørjan og andre lærlingar kan sjå framtida lyst i møte, og mange bedrifter i Vindafjord og Etne ser verdien i å satsa på lærlingar. Det er lærlingane som skal vera dei nye bærebjelkane.


TempoMagasinet

Kurskalender YSK - Etterutdanning

YSK

YSK

Karusell

5

Uke

44

29, 30,31 okt +1,2 nov

Helg 46/47 Uke

I Januar 2019 starter vi opp et nytt konsept!

49

“YSK Karusell”

Du kan da ta YSK kurset over 5 måneder. 1 kursdag per måned.

16, 17, 18 + 24, 25 nov 3, 4, 5, 6, 7 des

Varianter: Lørdag (08:00 - 16:00)

Kurssted

Sandeid

Kveld hverdag (13:00 - 21:00)

Sandeidsjøen 10, 5585 Sandeid

For mer info: Sigve Lervik - 4680 5000 Stian Torp - 930 71 227 post@instruo.no

Det serv eres mat og d r ikk på vå re ku e rs

Påmelding: www.instruo.no/kurs

Påmelding: www.instruo.no/kurs

DRØMMEJOBBEN Uansett om du drømmer om å jobbe med kultur, helse, næringsliv eller landbruk – så kommer du ikke utenom regnskap eller rådgivning. Hos oss kan du jobbe med alt dette. Les mer om regionens største fagmiljø innen regnskap og rådgivning på tveit.no eller på facebook.com/tveitregnskap

www.tveit.no REGNSKAP / RÅDGIVNING / LØNN & PERSONAL / TAKSERING / SYSTEMLEVERANSE / KURS & FOREDRAG

2-2018

19


TempoMagasinet

MAGNE CHRISTIANSEN: Handel i Ølen (styremedlem) Ølen I.L. (sportsleg utvalg, trenar for to lag og måltjuv), Ølen aktivitetspark (pådrivar)

JARLE LJOSNES

Styremedlem i Ølen kulturhus, Himkok

SIGRID HUNDSEID Himkok, Tidligare styremedlem i Ølen kulturhus

BENTE STENE Styremedlem i Ølen kulturhus, Revyansvarleg Himkok

OTTO AALMO

SVEINUNG ARNESTAD Ølen Grendeutval (formann) Ølen Grendeutval er formell søkjar og samarbeidspartner på ulike prosjekt, som turstien rundt Ølen og aktivitetsparken

Tidligare Himkok (navnet kjem får eit «ståvemøte» heime hos Otto), Kystlaget Romsa (ildsjel), Monn & spel (musikalsk leiar), Kulturinteressert pensjonist og bestefar

Bildet er regissert av Frank R. Abelseth og Svein Egil Økland, i dei gamle lagerlokala til Olav Heggen. Takk til Sigrid for lån av sofa og lenestol og Ølen Brukthandel for det andre.

20

2-2018


TempoMagasinet

Er bygdapatriotismen

på veg til Ølen?

TempoMagasinet har fokus på å synleggjera alt det gode som skjer og alle tilbuda lokalt. Både for å auka attraktiviteten blant dei som allereie bur her, men også for å få folk til flytta «heim». Me samla eit gjeng Ølensbuar for å få vita meir om det som nå skjer i Ølen.

Har vore patriotisme og engasjement i Ølen lenge, men det har ikkje komt fram i media, kjem det kjapt frå Sigrid på vårt spørsmål. Ølensjente som har vore engasjert og ekte Ølensbu i mange år. Alle kan likevel vera einige i at det i ulike periodar har vore utfordrande å få mange nok til å brenna for Ølen. Me er nok litt for store til å få «småbygdentusiasmen», kommenter Magne. Kanskje ein av dei som no brenn mest for Ølen. Han har også fordelen det kan vera å ha budd vekke nokre år. Å sjå ting frå utsida kan av og til vera lurt.

Aldri vore noko problem i få med folk på prosjekter i det siste. Det møtte 35 personar her ein kveld berre på eit facebookarrangement for dugnad på turløypa, seier Magne. Han og fleire rundt bordet merkar at det den siste tida er blitt lettare å få folk med seg. Det har skjedd mykje dei siste åra. F.eks. Roafeltet som stort sett er utsolgt, Ølen Brygge, Gartnerhagen... Ølen får stadig fleire innbyggjerar, og fleire kjem det til å bli.

ØLEN ER IKKJE EI BYGD DER ALLE KJENNER ALLE

Før gjekk jo folk mykje meir ut seier Otto. Det å gå ut i «gato» er det jo mindre av nå. Skjedde det noko før gjekk folk mann av huse. Eit år solgte me 1.800 billettar til ein av Himkok-revyane legg han til. Det stod kø i minibanken for å ta ut kontantar, slik at ein fekk komma seg raskt nok inn i køen på Shell for kjøpa billett. No er det jo meir data og fjernsyn, legg han til. Mange er også på ulike turar til Bergen, London og ikkje minst på hytto. Dette gjer det litt meir utfordrande for dei som skal laga til samlande og lagbyggande arrangement. Møter me ikkje bygdafolket blir det jo vanskeligare å få eit forhold til bygda.

Det kan vera utfordrande, men samstundes bra for eit bygdamiljø at me ikkje kjenner så mange «på butikken», seier Bente. Ho har sidan 2004 engasjert seg sterkt i kulturhuset, og for revygruppa Himkok. Mange innflytterar/arbeidsplassar er først og fremst svært positivt, men betyr og sjølvsagt at ein del ikkje kjenner same eigarskapet til bygda, legg ho til. Ho er oppteken av å framsnakka Ølen og alle som bidrar positivt for bygda. Å bruka energi på det som ikkje fungerer er heilt unødvendig.

GUTANE I SJOARGATO HADDE EIT SAMHOLD

2-2018

21


TempoMagasinet

Sjoargato er eit av flere område i Ølen som dei siste åra har fått eit løft.

Sjoargato yrer av liv under Sjoardagen.

Skal ikkje berre dra til Ølen, må også sjå potensiale i nabobygdane. Me kan til og med reisa til Etne, smiler Otto. Kanskje eit samarbeidsutvalg mellom bygdar og kommunar? Alle meiner det er viktig å dra i lag. Dei ulike tiltaka som nå er under arbeid og gjennomført i Ølen skal vera til glede for alle, både i Vindafjord og Etne, er alle einige om.

Det at Ølen er valgt som sentrum resulterer sjølvsagt i at bygda «får» ulike tilbod som rådhus, ny brannstasjon, legesenter m.m. Men det er jo for alle, og ikkje direkte med å auka trivselen for dei som bur her. Det må Ølensbuen gjera sjølv, og det gjer dei.

“ØLENSBUEN TRENG IKKJE GJERA DUGNAD. DEI FÅR JO ALT”

Alle er einige i at det for nokre år sidan var mykje negativt å høyra om Ølen. Noko med rette og noko ikkje. Dei roser politiet for det arbeidet dei har gjort for å skapa eit betre miljø. Ikkje minst har Ølen Vidaregåande skule gjort mykje godt som gjer at også dei får betre og betre omtale. Det er viktig at me som bur her og «står bak» er positive, legg dei til.

Alle rundt bordet høyrer dette av og til. Det går f.eks. eit rykte om at kommunen byggjer på kulturhuset, noko som ikkje er rett. Ølen kulturhus står heilt på eigne bein, og blir dreve i all hovudsak på dugnad. All aktivitet blir utført i regi av styret, med hjelp frå dagleg leiar i 20% stilling. Kommunen byggjer nå bibliotek, kulturskule og vaksenopplæring. Det er for å erstatta det gamle «rådhuset» i Sjoargato. Samt å flytte biblioteket ut av barneskulen, som har hatt plassmangel lenge. Dette tilbygget blir svært bra seier alle, men kulturhusdelen er noko Ølensbuen sjølv tek ansvar for.

22

2-2018

DEN NEGATIVE OMTALEN ER I FERD MED Å SNU

Det skjer meir enn på mange år. Lett å få med seg folk, ja ikkje minst yngre vaksne med born. At det har blitt lettare å få pengar gjennom f.eks. VAF, ulike bankar og lokale bedrifter er også avgjerande. Forsamlinga kjempar om å få sagt kor bra det er at så mange har bidratt.

Romsa har flerie gode hamner.

SJOARDAGEN OG SOMMARFESTEN HADDE MANGE BESØKANDE

Kan virka som om at folk nå stiller meir opp på ulike arrangement. Viktig for dei som skal arrangera, seier Jarle. Det var stor stas at det kom så mange på sommarfesten. Det betyr mykje for Ølen kulturhus, men like mykje som inspirasjon for dei som lagar til. Er også godt for mange å kjenna på at dei høyrer til i Ølen, og snakka med sambygdingar. Desse samtalane resulterer ofte i eit endå større engasjement og nye prosjekt. Havet hadde heller ikkje vore rare greiene utan alle dråpane...

ROMSA ER EIN FANTASTISK PLASS OG EIT GODT TILBUD

Ølen og distriktet rundt har svært mykje å tilby. Me som sit her kunne jo sjølvsagt tenkt oss ein restaurant, men det har vist seg å ikkje vera enkelt. Men kanskje me er i ferd med å bli litt meir urban med Ølen Brygge og nye liknande prosjekter på gong. Så kanskje litt lengre framme? Det er kort avstand til det meste seier


TempoMagasinet

Ølen og Ølensvåg står sterkt både for seg sjølve og saman.

alle. Ny badestrand og mange andre aktivitetstilbod kjem i aktivitetsparken, legg Magne til. Christiansen sine skuleboller er også på veg tilbake seier ryktet. Dei fleste nye boligane blir bygd nært sentrum, noko som også er bra for mykje. Turløyper i fleng, nært sjø med båtliv og Romsa, gang- og sykkelsti til Ølensvåg, kort avstand til Haugesund, Stavanger og Bergen. Kva meir treng me undrar dei. Fleire påpeikar også Ølen I.L. sitt arbeid. Klubbhuset og fotballbanen er eit fantastisk anlegg og tilbod, der svært mykje er gjort på dugnad og med økonomisk støtte frå ulike hold. Det er kjekt å sjå alle dei som kosar seg der.

DET ER FLEIRE SOM ER GLAD I ØLEN, BRYR SEG OG VIL

Det er ingen tvil om at fleire og fleire bryr seg og engasjerer seg i Ølen. Gjengen er også opptekne av å viska ut eventuelle bygdagrenser. Alle er velkomne til Ølen påpeikar dei endå ein gong. Det blir også arbeida med å forbetra busstilbodet slik at fleire lettare og oftare kan ta turen.

Må heller ikkje gløyma at også pensjonistane er aktive i Ølen passar Otto på å få med. Det er ingen tvil om at Ølen nå seglar opp som den bygda der bygdepatriotismen verkeleg er på veg oppover. Det er berre å applaudera det som no skjer. Mange bryr seg og tek sin del av jobben. Det er også svært viktig for heile kommunen at Ølen får til ting som kjem alle til gode.

Bygdapatriotismen har nå flytta til Ølen og det er plass til fleire.

DETTE ER NOKRE AV PROSJEKTA SOM NYLEG ER FERDIGE ELLER UNDER ARBEID OG PLANLEGGING: 1. Ølen aktivitetspark 2. Sentrumsnær turløypa 3. Ølen kulturhus (gjennomført stor opprusting av scene, lys m.m.) 4. Klubbhuset til Ølen I.L. 5. Ølen vidaregåande skule skal byggja ut og vera ferdig til hausten 2020 6. Ei gruppa som arbeider med ny idrettshall /storhall

2-2018

23


©Meister Fotografi

© Ellen Marie Hagevik/Medvind24

©Meister Fotografi

©Kari Aakra/Medvind24

Representerer næringslivet

Frontar ein attraktiv arbeidsmarknad

Samlar eit sterkt bedriftsnettverk

Bidreg til nyskaping

Påverknad og gjennomslag hjå styresmakter via ei samla stemme

Synleggjering av ein attraktiv og mangfaldig arbeidsregion

Faglege møteplassar for Samarbeid mellom lokale bedrifter i Etne og Vindafjord bedrifter, interesseorganisasjonar og offentlege myndigheter

• • • • • •

• gir ut næringsmagasinet Tempo • arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord • koplar bedrifter og jobbsøkarar

• • • •

ny E134 meir næringsareal forenkla byråkrati betre kommune- og fylkesvegar samhandling skule og næringsliv utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

NæringsGIV på Olalia bransjekoordinator fagseminar L.Ærling – for lærebedrifter

Fikse påverkar vegen vidare Med 12 12milliardar milliardari omsetning i omsetning og 3500 arbeidsplasser, Med og 3500 arbeidsplasser, sørgersørger dei 145dei 145 medlemsbedriftenei Fikse i Fikse Næringsforening forregionen å setje regionen medlemsbedriftene Næringsutvikling for åSA setje på kartet. på kartet. Ved ååsamla og og ressursar står me rusta for å møte samlainteresser interesser ressursar stårbetre me betre rusta for åframtida. møte framtida.

• sentrumsutvikling • tomteutvikling • forretningsutvikling

Dagleg leiar Asbjørn Moe Fikse Næringsforening Fikse Næringsutvikling SA SA Tlf. 977 71 755 post@etnevindafjord.no Facebook.com/EtneVindafjord

Me står betre og sterkare i lag.

24

2-2018

etnevindafjord.no


TempoMagasinet

Teknologi som forandrer verden blir utviklet i Nedre Vats Bli med oss å lede utviklingen av varelagerroboter som sørger for raskere levering, miljøvennelig plassbruk og full lagerkontroll. Vi er alltid på jakt etter nye talenter og ønsker deg velkommen til et ambisjonsrikt arbeidsmiljø. autostoresystem.com/career

Cube Storage Pioneers 2-2018

25


TempoMagasinet

Tungesvik Bygg. DET HAR BERRE BALLA PÅ SEG

Trond Rune Tungesvik er født i 1954 og oppvaksen på Tungesvik, 5 km frå Skånevik mot Håland. Etter eit år på yrkesskule i Odda starta han som tømrarlæring hos Haukeli Bygg. Søndagsskule og nokre netter på Husmorskule kjem i tillegg, flirer han. Han var innom både Skånevik Trelast og Block Watne som tømrar, og registrerte eige firma allereie då han var 19. Kjøpte også gravemaskin som tilleggsnæring. Han vart på den tida spurt om å ta gravinga for Favoritthytten på eit felt på Vintertun, som som enda med at han fekk heile bygginga. Overtok all bygging for Favoritthytten nord for Boknafjorden etter den jobben.

STARTA MED PRODUKSJON OG SALG AV EIGNE HYTTER I 1984

Flytta inn i nybygg på Leknestangen i 1985, og gutane kom inn medeigerar rundt 2005. Tanken min var at dei ikkje skulle jobba hos foreldra sine til dei var 50 år. Må få vera med når dei er unge og har lyst og guts. Halldor var ute som tømrar på den tida, og aksjene var stort sett berre eit papir. Han

26

2-2018

starta med innearbeid rundt 2010, då med innkjøp og lagerstyring som det viktigaste. I vår familie blir det ikkje snakka om at me skulle overta, me må berre, flirer han. Eg huskar nesten ikkje kva eg skreiv under på då eg vart medeigar i 20-års alderen. Ja no har du skrive under på noko verdifullt, sa pappa. Om det var så mykje i det den gangen hugsar ikkje Haldor, for det vart sagt med eit glimt og to i auga.

ANSATTE TOK DET HEILT FINT AT ELDSTE SONEN KOM INN

Men det var jo ein glidande overgong, eg var jo ikkje sjef frå dag ein, seier Torgeir. Som langt på veg er dagleg leiar i dag, sjølv om Trond Rune har tittelen. Det er til Torgeir dei tilsette kjem når dei lurer på noko. Har vore naturleg at me skulle overta, og det har vore ein fin overgang seier gutane. Kvar fredag etter skulen sykla me ut for å rydda og div. arbeid, og Halldor kan hugsa at ein runde med kostemaskina vart honorert med 10,- kroner. Me trong ikkje leita etter sommarjobb for å sei det slik.


TempoMagasinet

Trond Rune Tungesvik Halldor Frette Tungesvik

Torgeir Runeson Tungesvik

2-2018

27


TempoMagasinet

Torgeir, Halldor og Trond Rune har skapt mange arbeidsplassar gjennom salg av hus og hytter.

HAR ALDRI BLITT KONTROLLERTE

Pappa er slik at ingenting er eit problem. Han lar oss styra på med mykje utan å leggja seg oppi det. Me spør han ofte om kva me bør gjera, men får sjeldan noko svar. Me får ta beslutningane sjølv og stå for det. Me merkar nok at pappa nå er litt lei, men det er til å forstå etter så mange år og generasjonar med timar gjennom kveldar og helgar. Det er også mykje meir komplisert gjennom ulike dokumentasjonar og krav enn tidligare.

DET AT ME TIDLEG VART MEDEIGERAR HAR JO SPART BEDRIFTA FOR STORE UTGIFTER

Det blir meir interessant og me legg jo meir i det når me eig i arbeidsplassen. Hadde me fått aksjer nå kunne det godt vera at me hadde budd i Stavanger, og då er det vanskeleg å flytta på seg og overta ei bedrift. Det har vore bra for Tungesvik Bygg at me fekk aksjer tidleg. Å senda tydlege signaler tidleg kan vera lurt meiner gutane. Torgeir er tydleg på at han har fått alt det ansvaret han vil, og at det har gitt mykje og lært han mykje.

28

2-2018

NEDTRAPPINGA TIL PAPPA GÅR NATURLEG

Han kjem nok aldri til å slutta heilt, då han kjenner utruleg mange folk og veit svært mykje om svært mykje. Kjem nok aldri til å sitja på hytta og sjå i taket, kommenterer Halldor. Han har snakka lenge om å trekka seg tilbake, men har nok hatt litt utfordringar med å sleppa taumane heilt. Det at bedrifta går bra gjer det lettare å la ungdommen overta meir og meir av styringa.

DET ER VIKTIG Å INVESTERA SMART OG BYGGJA STEIN PÅ STEIN

Det er lett å ta litt av i starten, og pappa si erfaring har vore svært viktig. Han såg f.eks. tidleg at me måtte inn med eigne felt, og i dag er salg av ferdige hytter den klart største delen av salget. Trond Rune har kanskje ikkje gjort så mykje som før dei siste åra, men har hatt tid og anledning til å tenkja litt større tankar og framover. Det kan bli ei utfordring når han ikkje er her, seier begge.

CASH IS KING

Har aldri hatt underskot, men overskotet går inn igjen i bedrifta og i hovedsak til

tomter og prosjekter. At det er god kapital i selskapet er viktig for dei som vurderer å overta, og dei må også vera flinke å halda dei faste kostnadane låge. Pappa har bygd opp selskapet frå 0 kroner på konto. For oss som kom inn når det var godt med penger på konto er det nok litt lettare å kjøpa meir enn me treng. Å finna den rette balansen mellom det gamlingen har erfart og det me ser for oss er viktig, då det er fort gjort å gå på ein smell. At me har kunna læra ein ting om gongen over tid, med styrmann om bord har vore viktig. Han skal ha for å hatt tru på oss og gitt oss tillit.

RUNE HAR A-AKSJER OG GUTANE B-AKSJER

Kan jo ikkje risikera at dei plutseleg har solgt ein dag eg kjem på arbeid, men den økonomiske delen er som om me har dei same aksjene. Trond Rune har gitt gutane mykje ansvar, og det har dei tatt. Dei har vore flinke, legg han til. Fordelen er jo at dei jobbar for og med sitt eige, og alle verdiar dei skaper blir deira.

TROND RUNE ER FORTSATT DAGLEG LEIAR

Det er berre blitt sånn. Dei kan endeleg få den tittelen, for det er Torgeir som styre


TempoMagasinet

Å byggja stein på stein har vore det rette for Tungesvik bygg.

det mesta. Tittlar glir over einannan i slike familiebedrifter. Du er i ferd med å trappa ned. Kva er årsaka til det? Du spurte jo kva tid eg var fødde. Eg har jobba mykje og halde på lenge, og kan ikkje gå som eit gjenferd der. Skal jo leva litt og. Starta jo med to tomme nevar, så det er brukt nokre timar for å sei det slik. Gutane får meir og meir av mine oppgåver, og ser ikkje for meg at eg står på lønningslista om eit år eller to. Vil vera på hytta, reisa og leika meg litt. Det har det vore svært lite tid til så langt.

EG VIL ANBEFALA ALLE Å INKLUDERA DEI SOM ER INTERESSERT TIDLEG

Får ikkje dei unge vera med kan dei jo plutseleg vera vekke og bu andre plasser. Men eg har ikkje ambisjonar på vegne av gutane, legg han til. Har sagt at det ikkje er om å gjera å bli størst, det er viktig å ha tid til å leva og. Eit generasjonsskifte kan vera ei utfordring både for dei det gjeld og tilsette. Å avklara roller tidleg ser ut til å ha vore rett medisin for familien Tungesvik. Kan vera lurt gjera det før det ballar for mykje på seg.

TUNGESVIK BYGG • Trond Rune Tungesvik starta opp med salg og bygging av hytter i 1974 • Bygde det første lageret på Leknestangen i Skånevik i 1985 • Tungesvik Bygg AS (salg av byggevarer, boligar og hytter) • Tungesvik Prosjekt AS (byggjer ferdige hytter for salg) • Tungesvik Hytto (eigne modellar og skreddarsaum) • Totalomsetning 2017, 125. mill. • Tungesvik Bygg AS og Tungesvik Prosjekt AS er eigd av Hato Holding AS

Trond Rune tek gjerne ein kopp kaffe med kundane.

TORGEIR RUNESON TUNGESVIK • Født i 1982 • Gjekk tømrarlinja på Husnes • Lærling som tømrar hos Tungesvik Bygg • Starta som tømrar hos Tungesvik Bygg etter militæret i 2004 • Har vore på kontoret sidan 2005 • Starta som lagersjef, deretter byggjeleiar og over på salg/prosjekt • Nå er han seljar med utvida fullmakter

HALLDOR FRETTE TUNGESVIK • Født 1985 • Byggmester • Lærling og deretter tømrar i bedrifta

• Halldor 45%

• Er oppvaksen på bedrifta, og det var ingen tvil om kva han skulle bli

• Torgeir 45%

• Ansvar for transport og levering

• Trond Rune 10%

• Er med på det meste av arbeidet og beslutningane

HATO HOLDING AS

2-2018 2-2018 29 29


TempoMagasinet

KORTNYTT TVEIT REGNSKAP & RÅDGIVING Lokale bedrifter med store ambisjoner er noko alle bygdar og kommunar ønskjer seg. Tveit Regnskap & Rådgiving er heilt i front når det gjeld digitaliseringa som nå skjer i deira bransje. Oppkjøp av Vangdal Regnskapskontor og nyoppretta regnskapsbyrå i Bergen, saman med Odin Systemer (Front Regnskap AS), viser at dei både vil og kan.

At Skakkelaks og Skakkeaure smakar godt er noko mange veit og er einige i. Me vil tru at det også smakar godt for Roy Martin Øyjord og hans «stim» å koma til finalen i Det Norske Måltid. TempoMagasinet gratulerer og ønskjer lykke til i finalen.

Linda Rnda har starta bedrifta LMS (Linda Multi Service) og tek på seg oppdrag inn maling ute og inne, alt arbeid med oppretting og stell av bed i tillegg til reingjering ute og inne. Ei allsidig dame som startar med to hender, stå på vilje og livserfaring.

Knapphus Kjøkkensenter har kjøpt Karmøy Kjøkkensenter og er godt igong med oppussing. Der skal dei fortsatt selja Sigdal, men i tillegg kan dei over nyttår tilby kundane både Strai Kjøkken og Knapphus Kjøkken. I tillegg til bad,garderobe og vaskerom.

SKAKKEAURE TIL FINALEN I DET NORSKE MÅLTID

LINDA MULTI SERVICE ER KLAR FOR OPPDRAG

KNAPPHUS KJØKKENSENTER HAR KJØPT KARMØY KJØKKENSENTER

Åpningsdagen som er satt til 10. januar.

BR MÆLAND ER I STØTET Br Mæland i Etne har ansatt Kjetil Heggen som forskalingssnekker, og Thomas Rullestad som byggjeleiar. Dei har også stifta Fjellstad Hytta AS saman med Ole Strøme, der dei har tenkt å driva med utvikling av ferdige hyttar du kan flytta rett inn i, ferdig møblert. Vågslid og seinare Hovden er satsingsområda så langt. Dei melder også om mange spennande prosjekt lokalt.

SMV I SKÅNEVIK HAR LEVERT TRE STORE PROSJEKT DENNE HAUSTEN Ein anodetransporter, ein palletruck og ein badtappetruck er levert og skal gjera nytte for kundane. Alle er spesialkjøretøy skreddarsydd til den enkelte kunde og oppdrag. I oktober er bedrifta også 60 år, og opplever aktivitetsauka som har resultert i at dei treng meir folk. Industrimekanikar, elektrikar, ingeniør/teknisk teiknar og salgsingeniør innan vannkraft og energi. Vannkraft og energi er også eit satsingsområde for framtida.

30

2-2018


I sal nå!

Kongeutsikt - Fitjafeltet

Rikdom kan vere så mangt. Opplevingar, natur, kjærleik. Lev. Nyt. Bu. i Etne

Tomter ute for sal nå!

Foto: Meister Fotografi

Prisar frå 590.000,-

Tomter

Skule

Barnehage

Sentrum

Turområde

Strand

47

1km

1km

1,5km

0m

1,1km

Tomteselskapet Etne AS - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne kommune for utvikling og sal av tomter i Etne.

Epost: post@tomteselskapet-etne.no Telefon: 97 77 17 55

2-2018

31


TempoMagasinet

KNAPPHUS KJØKKEN Designet og produsert etter kundens ønsker og behov

Modell: Malt Eik Urban, Heltre Eik Omramming. Miele Produkter Induksjonstopp med integrert ventilator. Kjøkken til tak. Kundens takøyde er 270

Foto: Meling Media

Dette kjøkkenet er produsert og montert av Knapphus Kjøkkensenter

1

2

3

4

vinnarskalle.no

1. Skillevegg som er lik kjøkkenet. TV og «reol» på baksiden. 2. God plass, lett å jobbe, god oversikt og nydelig utsikt. 3. Tre hvitevarer i høyden til høyre for innrammingen på bakveggen. Innrammingen er lettlig eikenisje som går igjen på øya. 4. “Svevende” øy. Sokkelen er ekstra inntrukket under øyen, som også er innrammet. Den mørke sokkelen gjør at øya ser “svevende” ut.

KJØKKEN - BAD - GARDEROBE - VASKEROM knapphus-kjokkensenter.no 52 76 70 70


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.