Priskatalog Fotograf MA

Page 1

PRISK ATALOG FR Å 2022


OM FOTOGRAFEN Eg er utdanna fotograf gjennom skular i Oslo, og gjekk også i lære der. Vidare har eg utvikla meg gjennom kurs i inn- og utland. Sidan 2005 har eg jobba med fotografering. Det starta så smått i Oslo. Då eg flytta heim til Ørsta, pussa eg opp gamle skulen på Liadal. Denne bygningen er prega av manglande vedlikehald, men eg har ein draum om å få den totalrenovert. Tida vil vise om eg får det til. I studio har eg hygga meg med mange koselege fotograferingar. Eg bruker også naturen som lerret, så eg fotograferer veldig gjerne ute. Her på Sunnmøre kan vi finne flotte lokasjonar, alt frå ved sjøen til høge tindar. For meg er det ingen avgrensingar. Mi nisje er barnefotograferingar og bryllaup, men eg jobbar også mykje innan dei andre sjangrane. Kall meg ei foto-potet. I løpet av desse åra er eg så heldig å kunne vise til mange premieringar i på både landsnivå og utland. Eg har blant kosa meg med tittelen “Årets barnefotograf” Dei seinare år har eg late vere konkurrere, men kven veit- kanskje eg kastar meg uti det igjen. Meg summert opp som fotograf er at eg elskar det magiske augeblink. Eg liker situasjonsbilde og gjerne bilde som har eit preg av melankoli, eit spesielt uttrykk og så absolutt må der vere eit blikkfang.

HÅPER VI SJÅAST.


FOTO SJANGRE: Det gjerast oppmerksom at fotograferinga inkulderer etterarbeid av bileta, samt arkivhold inntill eit år om der ikkje blir bestilt bilder etter fotograferinga. Kjøp av bilder anten i digitalefiler eller framkalling kjem i tillegg til pakkepris.

GRAVID FOTOGRAFERING kr 1850

BABY FOTOGRAFERING kr 1550

BARN FOTOGRAFERING kr 1750

SØSKEN FOTOGRAFERING kr 2250

FAMILIE FOTOGRAFERING kr 2450

PORTRETT FOTOGRAFERING kr 1850

KONFIRMANT FOTOGRAFERING kr 1950

UTE FOTOGRAFERING kr 2500

KUNST FOTOGRAFERING kr 2500



TIPS FØR FOTOGR AFERING: I prislista har eg skreve kort om kvar type fotografering. Her kjem eg med diverse tips knytta til den enkelte timen. Det er veldig kjekt at du vurdere å bruke meg som fotograf,. Det kan vere lurt å bestille time i god tid. Studio mitt har inga ordinær opningstid og eg er ikkje i full jobb som fotograf. Det kan difor vere lurt å bestille i god tid., Det er fleire som spør kva ein skal ha på og ha med til fotografering. Eg brukar å anbefale at ein tek med litt forskjellig skift, særleg om ein skal til barne- eller babyfotografering. Det kan vere lurt å unngå kler med store mønster eller logo- det kan stele merksemd frå ansiktet til den som blir fotografert. Om de skal ha søskenfotografering, brukar eg å ta bilete på svart bakgrunn som eit oppsett. Om de vil ha eit slikt oppsett, er det lurt ha med svart langerma overdel. I studio har eg ein del rekvisitta og kler til utlån, de må også gjerne ha med eigne rekvisita om de ønsker eit meir personleg preg i bilda. Om de skal være så uheldige å bli sjuke i forkant av fotografering, er det lurt at de tek kontakt så raskt som mogleg. Eg tenkjer det er svært viktig å vere i god form når ein skal i studio- så om ein blir småsjuk kan det vere lurt å få flytta timen. Det viktigaste i forkant av timen er å ha god dialog- er det noko de lurer på, så ta gjerne kontakt på enten e-post: ma@fotografma.no eller telefon: 481 20 906



GRAVID

KR 1850



OM GR AVIDFOTOGR AFERING: Det er så vakkert med gravid mage. Det å bere fram eit barn er noko av det største vi kvinner får oppleve. Gravidfotografering er ei super anledning i å forevige magen, denne tida kjem aldri igjen. Eg anbefaler at ein tek kontakt i god tid før termin, slik vi får booka inn beste tidspunkt for fotografering. Ein gravid mage kan variere frå kvinne til kvinne. Eg tenkjer det er eit flott tidspunkt å fotografere frå veke 30-36. På det tidspunktet er magen flott, den har kanskje sunket litt ned- og mor føler seg fin. Eg anbefaler å ikkje fotografere for nærme termin, ein får kanskje vann i kroppen og føler seg tung og trøytt. Det er viktig å føle seg i sitt beste når ein skal forevige den vakre magen. I denne fotograferinga så gjer eg ulike oppsett. Her får komande mor ta bilde i både heil profil og også halvprofil samt nærbilde av magen. Vi kan ta bilde med klede, delvis tildekt og også heilt utan. Alt etter kva du er komfortabel med. Ta gjerne med litt forskjellige skift, gjerne gjennomsiktig skjorte eller kardigan. Ein tettsitjande kjole som er einsfarga, er eit fint antrekk. Elles er det også nokre som vil ta bilete i undertøy. Nokre ønsker ha med partnar, og det er sjølvsagt lov. Han kan gjerne bli med på fotografering utan pristillegg. Elles kan det være lurt å hugse kle seg i lause og store klede den dagen ein skal fotograferast. Om du ønsker fotograferast utan klede, er det lurt å unngå å gå i stramme plagg i forkant. Då slepp ein merke frå truse, bh eller topp. I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.



BABY

KR 1550



OM BABYFOTOGR AFERING:

Baby fotografering er gjeldande frå 2-9 mnd. I denne alderen er ikkje motorikken heilt utvikla enda, så det er ikkje så mange oppsett ein kan gjere. Om ein ventar til ca. 8-9 mnd kan barnet kanskje også sitje sjølv. Elles kan ein rekne med oppsett der barnet ligg, anten på mage eller rygg. Det går fint å få tatt nokre foreldrebilde på denne shooten, det er berre koseleg. Og sjølvsagt er der ingen tillegg i pris. Til fotograferinga vil eg anbefale nøytrale klede, gjerne utan store logoar eller mønster. Eg har litt kleder til utlån i studio, så ta kontakt i forkant om de har noko spørsmål om desse. Det kan kanskje være fint ha med ei bleietruse for å skjule bleia. Elles er det heilt vanleg at baby også er utan klede, då kan han/ho ligge på eit teppe eller skinn. Slik blir bilda lyse og reine bilde- med baby i fin fokus. Dette er sjølvsagt valfritt om de ønsker fotografere utan kler. Før de bookar time, kan det vere ekstra lurt å planlegge tidspunkt på fotografering opp mot legging av barnet. Eg anbefaler at de tek time like etter baby har sove på dagtid, slik han/ho er mest mulig opplagt til fotografering. I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.



BARN

KR 1750



OM BARNEFOTOGR AFERING: Når barnet er ca. 12-14 mnd er det eit fint tidspunkt å fotografere. På den tida har barnet kanskje lært seg å gå. Og det kan stå på eiga hand. Ein får mykje meir variert oppsett. Barnet kan fotograferast i heilprofil, ståande, gåande eller sittande. I den alderen er det også lettare å kommunisere, og ein kan lettare få barnet til å le. I alder 12-14 mnd skjer det mykje med sjølve utviklinga til barnet. Fotograferinga kan vere prega av høg intensitet. Det kan bli artig i studio når vi hopper rundt og syng songar for å få barnet til å le og spele med. Godt humør og god planlegging gir rom for fleire blinkskot. Når barnet er eldre, i alderen 3-6 år, er det ei heilt anna fase som pregar barnet. Vi har betre kommunikasjon, og med dialog når eg tek nærbilde kan der kome mange forskjellige uttrykk som igjen gir flotte blinkskot. Av antrekk til fotograferinga anbefaler eg at de tek med forskjellige skift, gjerne klede med nøytrale fargar og er utan store trykk. Det er lov å ha med rekvisita som bamse, benk, klossar om de ynskjer bruke dette for å gi bilda eit personleg preg. Prøv å bestille time like etter sovetid dersom barnet søv på dagtid, og unngå kome rett etter barnehage da barnet oftast er trøtt etter ein lang dag. Fokuset bør være å kome mest mogleg opplagt, då får ein mest ut av fotograferinga. I forkant av fotografering er det lurt å orberede barnet, gjerne start heime og prat om meg og studio- og frisk opp praten i bilen på veg. Eg er ein framand for barnet, så det kan ofte være lurt å nemne meg i forkant, og bygg det gjerne opp med litt spenning slik han eller ho gleder seg. Hugs å ta med drikke og eventuelt litt frukt eller smoothie til barnet. Det kan vere kjekt ha ei lita pause mellom skift eller oppsett. Påfyll av energi er alltid bra. I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.



SØSKEN

KR 2250



OM SØSKENFOTOGR AFERING:

Med søskenfotografering tenkjer ein oftast på bilete når barna er små. Men søsken er ein heile livet. Fotografering gjeld søsken som born, ungdom og eldre. Siste åra har eg fotografert mange eldre søsken, ofte i ein kombinasjon av familiefotografering. Når søsken blir eldre, flyttar og etablerer seg kan det være ei fin markering å investere i gode bilde som minne om søskenforholdet. Om barna er små vil eg gjerne anbefale at begge foreldre er med på opptak. Eit studio med fleire små barn kan ofte medføre litt springing for å sette barna på plass, så då kan det vere kjekt med nokre ekstra hender. Av antrekk anbefaler eg at de tek med antrekk der fargane i plagga går i same nyansar, eller ton i ton. Om de er i tvil, så ta med fleire antrekk. Unngå store smykke og klokker. Det kan også være lurt sjekke at borna er utan barne-tatovering og naglelakk. Ofte fotograferer eg søskenoppsett berrbeint. Hugs å ha med drikke og litt energipåfyll. Eg brukar ha nokre småpauser mellom oppsett slik borna får slappe av. Vi skal prøve ha mest mogleg leikande stemining. I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.



FAMILIE

KR 2450



OM FAMILIEFOTOGR AFERING: Ei vanleg problemstilling i dei fleste heimar er at det er anten mor eller far som tek bilete av flokken. Det medfører at det som regel alltid vil mangle ein på bilde. Så kanskje det er på tide å kome til studio mitt? La meg få ta bilde av gjengen din. Kom som de er, anten pynta eller med daglege klede. Still opp med godt humør, så skal eg love at det blir eit par kjekke timar i studio. Familie eller gruppefotografering er alt frå ei lita småfamilie til storfamilie. Studio er ikkje av det største, så det begrensar seg litt med tanke på kor mange personar der er plass til. Om de skal fotografere i studio, prøver eg sette eit maks på 12-13 personar (her gjeld det inkludert barn) Det som er lurt er å sjekke med meg i forkant, slik vi kan gjere det på best mogleg måte. Elles kan eg ta enda større grupper til fotografering utandørs, der er mengde av personar inga hindring. I studio tek eg bilde av heile familien samla i ulike oppsett på kvit bakgrunn, vidare kan eg ta par bilde, søskenbilde og åleine portrett. Ein må derfor rekne1-2 timar. Nokre ønsker ha med dyr i studio, det må de gjerne gjere. Dyr er ein del av familien . Av klede foreslår eg kler som harmonerer med kvarandre. Prøv å unngå striper, ruter og kraftige mønstre som stel merksemd frå andletet. Nøytral bekledning gjer at bilda blir meir tidlause. Unngå for mykje klede på små barn, det kan bli ubehageleg for dei. Det kan være fint med nakne barne armar og bein utan sokkar eller sko. På familiebilde vil eg også anbefale å ta bilda utan sokkar og sko. I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.



PORTRETT

KR 1850



OM PORTRETTFOTOGR AFERING:

Eit profesjonelt portrettbilde gjer seg godt på sosiale media, på CV-en, i ein jobbsøknad eller på kanskje Tinder? Bildet av deg sjølv er med på å skape eit førsteinntrykk, så det kan være verdt investere i eit skikkeleg bilde. Eg har portrettert menneske sidan 2005, og vil guide deg gjennom heile fotograferinga. Eg vil passe på at du føler deg vel framfor kamera, slik timen i studio blir mest mogleg naturleg. Det er alltid ei god atmosfære i studio mitt. I forkant av fotografering er det lurt å være utkvilt, ikkje kom stressa til studio. Er du seint ute- send meg ei melding og kom utan å stresse. Stress er aldri bra. Ta med forskjellige antrekk til fotograferinga, er du i tvil om kva du skal kle deg i, så tek du kontakt. Om du brukar sminke, ta gjerne denne med. Det kan være at ein treng “freshe” seg litt med pudder eller gloss undervegs i fotograferinga. No jobbar eg digitalt, så teknoligien gjer det heldigvis mogleg å kike på bilda undervegs i fotograferinga. Det er viktig for meg at du får nettopp det bildet med det rette preget som du er ute etter. Vi prøver oss fram til du er nøgd. I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.



KONFIRMANT

KR 1950



OM KONFIRMANTFOTOGR AFERING: Ein milepåle i livet er når barnet skal konfirmerast. Dette er ein stor dag både for ungdommen og foreldre. Konfirmasjonsfotografering er ei fin anledning til å forevige og markere eit viktig minne. Vi kan gjere dette på forskjellige måtar. Det som er viktig er at ungdommen får vere med i planlegginga. Der er kanskje nokre spesifikke ønsker på oppsett? Kanskje han/ho har sett føre seg eit bildeoppsett? Er der ein hobby eller interesse som kan bidra til oppsett? Det som er viktig er at ein får det slik ein ønsker, slik ein kan kjenne seg igjen i bilda og at det er med på å sette preg på kven ein er. Eg har hatt ungdom i studio med taekwondo-drakt, ballettutstyr, fotball antrekk o.l. Nokre jenter har i tillegg til bunad oppsett gjort bilde som er liknande mote sjanger. Eg bruker foreslå at ungdommen skal kike på inspirasjonsbilde i forkant, slik ein kan finne eit oppsett dei liker. Dette vil eg gjerne få tilsendt slik vi kan planlegge fotograferinga til å bli best mogleg. Det er også mogleg å fotografere ute. Enten der de bor, ein stad de er tilknytt eller på fjellet. Eg er med på det meste- og kan vise til mange fotograferingar i Sunnmørsfjella. Dette er helt spesielt, og godt egna for ein naturglad ungdom. Ta kontakt for eigne prisar til fjellfotografering. Ute fotografering i nærleiken har et tillegg på 500,- om ein vel å fotografere både inne og ute. I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.



UTANDØRS

KR 2500



OM UTANDØRS FOTOGR AFERING: Vi har vakker natur rundt oss på alle kantar. Enten i form av lokasjon nærme sjø, eller inn mot fjellheimen. Det er uendeleg av moglegheiter til å velje flott lokasjon ute. Ein treng ikkje klyve på høge tindar for å skape eit flott minne utandørsdet kan gjerast ganske enkelt også. Når barn blir fotograferte ute, er dei ofte meir fri og levande. Eg fotograferer ofte barna i fri leik, då er dei meir seg sjølve. Dette gir flotte og naturlege bilde. Utandørs fotografering kan gjelde både sjanger barn, søsken, familie eller portrett. Når det gjeld val av lokasjon er dette noko vi planlegg i forkant. Eg møter gjerne på hytta, landstad, ved sjøen eller i skogen- alt etter ønske. Om der er stor avstand frå studio mitt på Liadal vil der kome eit køyretillegg på kr 500 pr. påstarta time. Det er fleire som stiller spørsmål på kva årstid som passar best. Eg tenkjer at kvar årstid har sin sjarm, med sine fargar og sitt preg. Eg vil anbefale å fotografere med skydekke, då dette gir best lys. Med sola ståande på blå himmel gir ofte hardt lys som gir store slagskygger. Det vil også medføre mysing av dei som blir avbilda. Men dette kan vi unngå med god dialog og planlegging i forkant. I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.



KUNST

KR 2500



OM KUNSTFOTOGR AFERING:

I fleire år har eg jobba med kreative prosjekt ved sidan av vanleg studio fotografering. Eg elskar å skape kunst, og likar heile prosessen med å lage portrett i form av kunst. Denne sjangeren krev eit samarbeid med deg som kunde. Vi lyt ha møter i forkant for å planlegge. Det må forekome eit ønske om oppsett, stil, sjanger. På den måten kan vi planlegge vidare slik resultatet blir som ønska. Ha gjerne med bilde som inspirasjon. Alt må være klart i forkant, som lyssetting, lokasjon (om ein ikkje vil vere i studio) og antrekk (rekvisita) Kanskje vil de ha blomster i bildet? Her er alt mogleg. Ein kan rekne denne fotograferinga i tre ulike faser. Første fase består av å planlegge saman. Vi har møter der vi planlegg det meste i forkant. Så kjem opptaket Til slutt har vi etterbehandling. Dette er ein jobb eg gjer digitalt. Eg setter saman portrettet digitalt og lagar eit forslag som blir sendt over med vannmerke. I prisen er planleggingsmøte, fotografering og etterbehandling. Eg sender over skisse til ferdig(e) produkt. Skissene er levert med vannmerke, sendt via wetransfer. Ut ifrå den/desse kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg. Frå kunstfotografering kan de bestille digitale pakkar mindre enn ordinær bronsepakke. Ta kontakt for eiga prisoversikt.


ETTER FOTOGR AFERING:

Etter timen blir bilda sortert og dei beste frå fotograferinga blir lettare behandla. Desse bilda blir eksportert i ei PDF fil med vassmerke. Fila blir sendt over nett, slik de lastar den ned heime. Hugs å lagre fila på maskin, då nedlasting berre er gyldig i ei veke. Eg gjer dette slik, då eg tenker det er best at de får sjå bilda heime i fred og ro. Om de treng ein gjennomgang med meg- gi snarast beskjed etter at fila er mottatt. Eg har nemleg 1.veke rabatterte prisar, om de ønsker bestille med ein gong. Bilda frå PDF er av copyright Fotograf MA, så dei må ikkje leggast på nett utan min løyve. Det er heller ikkje lovleg å skanne/kopiere/printe frå fila. Bilda er berre ei skisse -med lettare etterbehandling. Når de har bestilt bilde frå visningsfil blir dei valde bilda etterbehandla og printa i studio, eller levert som høgoppløselig jpg om de vel kjøpe ein av digitalpakkane. Frå fila står de fri til å bestille enten digitalepakke, album, forstørringar eller andre produkt. Eg lagar alt av etterbestilling i studio sjølv og printar alt frå små til større format på vanleg papir, kunstpapir og lerret. Eg lagar også takkekort i ulike design. Det gjerast oppmerksam på om der ikkje blir bestilt bilde innan eit år etter opptak, har eg fridom til å slette filene frå timen. Etter bestilling blir bilda lagra ytterlegare i tre år. Blir der ikkje bestilt fleire bilde i ettertid, er eg fri til å slette kundemappa. Om de vil ha tilgang til bilda lengre, må de gjerne gje beskjed om dette.




OM PRISANE:

Norges Fotograf Forbund har laga ei prisundersøking, slik ein kan følge med på kva som er “normal” pris for ein profesjonell fotograf i Norge. Eg har brukt denne undersøkinga som ein guide, slik eg ligg på normal pris i forhold til marknaden i Norge. Det kan vere at eg ligg litt over på noko, og litt under på anna. Men stort sett held eg meg heilt innan normalen. Ordet «Fotograf» i dag er ingen beskytta tittel. Kven som helst kan kalle seg fotograf. Ein kan i dag kjøpe seg eit dyrt kamera, opprette ei nettside og tilby fotografering til lave prisar. Men det betyr ikkje at resultatet vert bra av den grunn. Eg har hatt mitt føretak sidan 2005, og kan dermed vise til lang erfaring innan faget. Eg er utdanna, eg har gått i lære og eg kan forsvare mine prisar på produkta mine med høg kompetanse. I tillegg er eg svært nøye på å levere frå meg eit arbeid eg er stolt av.

“You don’t take a photograph, you make it” Ansel Adams

Prisundersøkinga er tilgjengeleg på https://fotografforbundet.no. Ta kontakt om du ønsker meir informasjon.




DIGITAL PAKKE: Den digitalpakken eg tilbyr er inkludert ein print. Eg har printa bilde sidan 2005, så eg kan vise til lang erfaring. Ved kjøp av digitiale filer blir bilda ofte printa hos billeg fotolab eller heime. Eg har valgt å inkuldere ein print for så sikre meg at de får ein fin kvalitet print. Etter å ha printa i mange år på ulike papir, har eg funnet eit lekkert strukturert kunstpapir som jeg elskar. I digitalpakken de vel er det inkuldert ein print i str 40x50 eller 40x40 cm. Dette avhenger i hva som er best format for bildet.

DIAMANT PAKKE: KR 15 900

GULL PAKKE: KR 12 900

SØLV PAKKE: KR 9 900

BRONSEPAKKE: KR 8 500

Alle-bildene-fra-shooten. Filene leverast som jpg, direkte eksportert som dei er levert i visningsfilen, miks av farge og svartkvit. Det er ingen større retusj på filene. Pakken inkluderer ikkje print på kunstpapir. Gjeld kun for privat fotograferingarikkje bedrift eller bryllup. (Bestilling etter første veke kostar pakken kr 20.000,-) 30 Digitale høgoppløselege filer levert jpg format. Filene er etterbehandla etter Fotograf MA sitt kunstneriske preg. Filene blir levert både i farge og sorthvitt + forstørrele i anten 40x50 / 40x40 på kunstpapir (Om det blir bestilt gullpakke etter ei veke frå visningsfil er mottatt, kostar pakken kr15.900,-)

20 Digitale høgoppløselege filer levert jpg format. Filene er etterbehandla etter Fotograf MA sitt kunstneriske preg. Filene blir levert både i farge og sorthvitt + forstørrele i anten 40x50 / 40x40 på kunstpapir (Om det blir bestilt gullpakke etter ei veke frå visningsfil er mottatt, kostar pakken kr13.900,-) 10 Digitale høgoppløselege filer levert jpg format. Filene er etterbehandla etter Fotograf MA sitt kunstneriske preg. Filene blir levert både i farge og sorthvitt + forstørrele i anten 40x50 / 40x40 på kunstpapir (Om det blir bestilt gullpakke etter ei veke frå visningsfil er mottatt, kostar pakken kr11.900,-)

Gjeldande for alle digitalepakkar: Desse må betalast i forkant av levering. Ved bestilling sendast faktura på epost, bilda blir ettersendt når den er betalt. Om du ønsker kjøpe ei enkel digitalfil kostar den kr 2000. Dersom du har du kjøpt ein pakke og ønsker fleire filer, koster det kr 500 ekstra pr bilde. Bilde som treng ekstra retusj kostar kr 500 pr påstartet time. De vil få informasjon om dette før eg gjer etterbehandling. Filene er kun til privat bruk, ikkje til kommersielt bruk el salg. Filene er etterbehandla og skal ikkje retusjerast av kunde for å endre fotografens kunstneriskepreg (om ikke annet er avtalt skriftlig)

-med forbehold prisendringar



Vi har nytta Fotograf MA ved fleire høve. Ho får fram det beste i oss gjennom levande uttrykk som ser naturlege ut. Eg er svært imponert over korleis ho forheld seg til borna, alt ho får fram av kjensler som gjer at eg framleis blir ståande å studere bileta av dei- lenge! Eg kan varmt anbefale fotograf MA for ei kvar anledning” Lill



FORSTØRRELSER: Eg har fleire års erfaring og er utdanna innan print/trykk. Eg kan love deg at bilda dine er i dei beste hender også når det gjeld produksjon. Eg kan printe på fleire typar papir. Prisane under er oppførte i dei ulike kvalitetane. Om de bestill innan første veke frå mottatt PDF fil, vil de få kjøpt forstørringane til redusert pris. Halvgloss papir: Dette er eit vanleg fotopapir med litt shimmer/glans i. Det er tjukkare enn vanleg print papir og har eit klassisk preg. Dette er det mest vanlege papiret. Kunstpapir: Dette er eit matt papir med strukturert overflate, som gir papiret ei ekstra delikat overflate. Eg anbefaler eg verkeleg dette papiret, det er rett nydeleg. Det gjerast merksam på at eg også kan printe i andre størrelsar, her er det berre å kome med ønske. Eg ber om å ikkje bli pruta på pris. Ved større bestillingar, kan eg gi rabatt. Det er berre å sende ein førespurnad. Elles gir eg 30% rabatt på eit bilde om man bestiller tre str. av same bilde i same fargerom.

-med forbehold prisendringar


Halv glosspapir

Første veke bestilling:

Ordinær pris:

14x18 /15x20 18x18 /18x24 20x20 / 20x25 20x30 / 30x30 32x40 / 30x40 40x40/40x50/40x60 50x50 / 50x60 60x60 / 50x70 80x80 / 60x80 100x100 / 80x100

400 550 650 900 1400 1550 2050 2850 3450 4250

500 700 800 1150 1750 1950 2550 3550 4250 5250

Matt kunstpapir

Første veke bestilling:

Ordinær pris:

14x18 / 15x20 18x18 / 18x24 20x20 / 20x25 20x30 / 30x30 30x40 / 32x40 40x40/40x50/40x60 50x50 / 50x60 60x60 / 50x70 80x80 / 60x80 100x100

550 650 750 1150 1550 1900 2850 3250 3950 5250

650 800 900 1450 1950 2250 3500 3950 4750 6250

Gjeldande for alle førstevekepris: Faktura blir sendt ut med 1.veke forfall fra visningsfil mottatt. Om faktura ikkje er betalt innan10 dagar bortfell førstevekepris og ord.pris blir etterfakturert. Faktura må betalast før bestilling blir levert.

-med forbehold prisendringar


“Vi likar veldig godt fotograf Ma sin stil, ho har ei eiga evne til å fange gode augneblink og lage nydelege collager. Ma er flink til å la borna styre showet, og berolige småstressa foreldre. Når resultatet vert levert vert ein både rørt og glad. Dette er ei livslang investering” Eva



MONTASJE: Montasjeoppsett er at flere bilder satt sammen på en print. Her er det mange muligheter. Man kan sette sammen et stort hovedbilde, med småbilder på siden- eller mange like bilder kan settes sammen. Kunde velger ut favorittbilder, så kommer jeg med forslag til sammensetting. Bildene kan være i bare sorthvitt eller farge- mix er også mulig. Printen kan leveres på både vanlig behandla & Kunstpapir.

20x30 32x40 40x40 50x50 60x60 80x80

/ 30x30 /30x40 / 40x50 / 40x60 / 50x60 / 50x70 / 60x80

100x100 / 80x100

Første veke bestilling: Vanligpapir Kunstpapir 1350 1550 1550 1750 1750 1950 2200 2600 3150 3400 4000 4250

Ordinær pris: Vanligpapir 1650,1950 2150 2750 3950 4950

5000

5950

5250

Kunstpapir 1950 2150 2450 3250 4250 5250 6500

-med forbehold prisendringar


LERRET: Å investere i eit lekkert og stort lerret, er noko de kjem til å ha stor glede i. Lerret er montert på blindramme, det vil henge litt ut frå veggen. Lerret kan leverast både ferdig oppspent på blindramme, eller dere kan ordne oppspenn sjølv. Då blir bildet levert på rull. Lerretet er coatet med spray. for å gje beskyttelse.

20x30 / 30x30 30x40 / 40x40 40x50 / 40x60 50x50 / 50x60 60x60 / 50x70 60x80 80x80 80x100 100x100 80x120

Første veke bestilling:

Ordinær pris:

Levert på rull:

2550 3450 3950 4200 5000 5200 6000 7900 8700 9500

3200 4250 4950 5250 6250 6500 7500 9900 10900 11900

2000 3000 3400 3700 4000 4200 5000 6900 7500 8500

-med forbehold prisendringar


“MA fekk oss til å slappe av under fotograferinga, sjølv om smågutane var aktive og veldig levande. Gutane roa seg og vi fekk nokre verkelege blinkskot med glimt i auget! Vi er veldig glade for at vi valde fotograf Ma, og takksam for at ho foreviga gulla på fotolerretet” Anne Marta



TAKKEKORT: Der er mange ulike typer takkekort. Jeg produserer alt fra det enkle bilde, til store montasjeoppsett. Det er ingen standard mal på takkekorta som eg desinger, her kan de få laga det de måtte ønske. Nedanfor er ei oversikt på pris til dei ulike typene. Ta kontakt om dere har spørsmål om ønske av design. Eg sender alltid over forslag til takkekort før det går til print/trykk. Alle kort blir leverte med konvolutt: hvit diamant, svart eller kalker.

Takkekort type

1-50 kort

50-100 kort

100-200 kort

Bare bilde. Tekst på front.

35

30

25

Bare bilde med tekst på bakside

40

35

30

Bilde limt inn i takkekort mappe. Sort/hvit

40

35

30

Montasjeoppsett med på kartong.

45

40

35

Ma spesial. Montasje med dobbelside print.

60

55

50

-med forbehold prisendringar


ALBUM: Eg kjøper album med norsk forhandler. Desse enkle små abum er i str 16x16 cm. Albumet er av klassisk type og blir levet i svart. Ein kan bestille med anten 8 eller 12 bilder innbundet i passepartout. Bilda er fastmontert. Bildestørrelsen i album er enten 9x13 eller 13x13. Om dere har vært i familiefotografering, kan det være en fin gave å gi besteforeldre et slik album til en spesiell anledning? Bildestørrelsen i album er enten 9x13 eller 13x13.

Album type

Pris

Svart enkel album med 8 bilde. Montert med passepartou

1500

Svart enkel album med 12 bilde. Montert med passepartou

2000

Design album anten svart eller kvit. 10 bilde montert, levert i eske.

2500

-med forbehold prisendringar


HÅPER Å SJÅ DEG I STUDIO

STUDIO ADRESSSE: BØEN 19 LIADAL/ ØRSTA

WWW.FOTOGRAFMA.NO

POSTADRESSE: BAKKEVEGEN 30 6150 ØRSTA

MOB: 48 120 906


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.