Splintra av Hilde Myklebust

Page 1

UTDRAG FRÅ:

90
NOMINERTTI L 202NESIRPU 3

SPLINTRA

Hilde Myklebust

Samlaget 2022

I løpet av sommarferien kjem Mia og Are nærare kvarandre. Kanskje er det noko meir mellom dei enn berre vennskap. Men når Mia endeleg skal flytte på hybel for å gå på musikklinja på vidaregåande skule, blir Are alvorleg sjuk. Korleis kan ho starte eit nytt og etterlengta kapittel i livet, medan Are ligg på sjukehuset? Er det lov å ha det morosamt når ein du er glad i har det vondt?

Der er sjukehuset igjen, det er berre nokre timar sidan eg gjekk ut døra frå rommet til Are. Han hadde gjenteke det, at eg skulle ta ein øl for han. Så får eg gjere det då, i det minste. Eg lyfter ølboksen mot sjukehuset.

«Skål, Are.»

Else ser på meg og smiler trist.

«Korleis var forma hans i dag?»

Eg ser for meg korleis han ligg der i senga, profilen av andletet som stikk så vidt opp frå den mjuke, store sjukehusputa.

«Ikkje så bra.»

«Eg tenkte også å stikke oppom på besøk. Men det vert kanskje for mykje for han, eg veit ikkje. For mykje for meg. Uff.»

Ho ler ein unnskyldande og flau latter. Vi seier ikkje meir. Det er ikkje så mykje meir å seie. Døden er så

91
DRAMA

vanskeleg å snakke om. Ikkje eingong med Else klarar eg å snakke skikkeleg om døden. Og ikkje med Are. Sjølv om eg burde.

Vi går tause forbi sjukehuset. Eg ser i vegen medan eg går. Følgjer ei kvit stripe i asfalten der snøplogen har teke for hardt nedpå. Høyrer for meg den skrapande lyden, ser for meg gneistane frå metallskjeret ein vinterkveld.

«Adil kjem, forresten», seier Else og skuler bort på meg. «Han spurde om du kom. Eg sa ja.»

Adil. Det dirrar innvendes når eg høyrer det namnet. Dunkar i meg. Eigentleg gjer det mest vondt.

«Helsike.»

Else ser forundra på meg.

«Helsike?»

«Ja. Helsike. Sjå på meg, då! Eit vrak. Du sa det jo nettopp, at eg er ein skugge av meg sjølv. Tenkjer han vert bra imponert når han ser meg.»

«Æh, eg meinte det jo ikkje slik! Veit du kva. Eg trur han likar deg skikkeleg, skikkeleg godt. Eg veit at han gjer det.»

Orda skjer i meg. Fordi eg vert glad. Og det gjer meg trist.

Handa til Are som heldt om mi. Eg kan ikkje sleppe den handa.

«Hm.»

Else dreg pusten djupt og slepper han høyrleg ut att.

Brått tek eg handa hennar. Vi leier kvarandre oppover bakkane.

«Takk for at du held ut med meg.»

«Når som helst, baby.»

92

Festen er hos Lars og Even i klassa. Dei har leilegheit i lag og skikkeleg stor stove. Hybelen min er jo berre eit lite kjellarkrypinn, ikkje så mykje til festplass, akkurat. Og det er like greitt. Eg synest det er ein bra stad å vere, eg likar å vere for meg sjølv også. Berre sitte og skrive, lese noko. Og eg har jo Else vegg i vegg. Oppe hos Even og Lars er det fest heile tida. Eg kan ikkje begripe at husver tane ikkje kastar

dei ut, men dei er visst vener av familien. Tjukke i pengar. Dei vert vel betalte for å halde ut.

«Fytti, for eit sinnssjukt hus!» seier Else.

Vi står utanfor og styrtar resten av ølet. Else gjev meg ein liten peptalk.

«Ikkje skyv bort Adil, no då, han er ein skikkeleg fin fyr, ok? Du treng ikkje tenkje så langt, liksom. Berre ha det gøy i kveld.»

«Ok.»

«Kanskje han er det du treng no, ok?»

«Ok.»

«Dette vert kjekt, ok?»

«Ok.»

Det gjer vondt å tenkje. Så eg orkar ikkje tenkje. Eg bestemmer meg for å ha det gøy. Berre gje fan ei stund. Vi gjev kvarandre ein high five og går inn.

Det er tjåkande fullt der inne, halve skulen må vere der, minst. Eg ser mange eg ikkje kjenner trynet på også, sikkert frå yrkesskulen i nabobygda. Mange frå klassa, nesten alle. Med unntak av dei mest seriøse. Det er trass alt skule i morgon. Men det ser ikkje ut til at nokon i rommet ofrar det ein tanke.

93

Eg ser han med det same. Adil sit i vindauget i stova saman med nokre fleire frå andre. Nokre syngejenter frå klassa hans som klenger seg innpå han. Gunn, sjølvsagt. Ho gjev seg visst ikkje, sjølv om dei visst nok ikkje er saman lenger. Herregud, kor ho byr seg fram. Må vere bra slitsamt

å ha ei slik igle som ho der festa til seg.

Det dempa, gule lyset utanfrå fell inn på Adil og får det store, mørke håret til å sjå ut som ein glorie kring hovudet hans. Han har ikkje sett meg. Han ler høgt av noko, og det smilet der. Det smilet.

Eg vert sjølvsagt full. Eg har ikkje sjanse til noko anna. Eg må dempe sorga mi, presse ho unna. Ikkje tenkje på Are, døyve den handa hans.

Men Adil har også hender. Og eg anar ikkje korleis det skjer, men brått er dei der, og dei stryk meg, prøver ikkje å halde meg fast. Vi står på kjøkkenet, heilt nære, pratar om eit band vi begge elskar. Det sitrar djupt i ryggen då han let handa gli frå nakken min og heilt ned på rumpa.

«Skal vi gå ned i gangen i staden, her er så mykje folk.»

Eg nikkar. Det prikkar i leppene. Eg veit kva som kjem.

Han må stø meg nedover trappa. Eg fniser.

«Ta imot!» ropar eg frå tredje trappetrinn og kastar meg i armane på han.

«Djises!»

Han tek imot meg, men vi fell. Går i golvet med eit smell. Eg over han, han under meg.

«Unnskyld, eg er visst litt full», seier eg og ler, før eg set

94

meg opp over skrevs på han.

«Det går bra, heilt bra.»

Eg bøyer meg ned og kyssar han. Det søkk i meg då leppene våre finn kvarandre. Som eit sug i meg, eit svart hol som dreg heile meg med seg inn. Eg svimlar. Adil set seg opp med ryggen mot veggen, og eg følgjer med. Han kyssar så mjukt. Så ømt og vått og mjukt. Og eg kjenner gråten ein stad langt bak i tankane, i kroppen. Men eg held han unna, kjenner rusen krenge i meg, eg berre flyt av garde med Adil, og vi kan ikkje stoppe og vi seier ingenting, for vi veit at dette skulle skje denne kvelden, og vi let det skje.

Else dreg meg med igjen. Denne gongen heimover til hybelen. Eg er full, men også med Adil-rus i kroppen. Eg lengtar etter han allereie.

«Ser du? Du vart full, men ikkje trist. Du vart full og forelska!» ropar Else og ler, medan vi sjanglar oss nedover gata.

«Eg såg det avskjedskysset der, altså. Der ser du, Mia!»

Eg fniser.

«Shut it du, då.»

Eg viftar med handa i andletet hennar og stoppar brått opp. Sjukehuset ligg framfor oss.

Eg ser opp på det, prøver å finne ut kva for eit rom Are ligg på. Korleis var utsikta frå rommet? Det vende i alle fall hitover. Tredje etasje. Der! Det må vere der.

«Kom!»

Eg dreg med meg Else oppover mot det store, brune

95

bygget.

«Kva fan driv du med? Hallo! Klokka er over to på natta!»

Eg finn fram telefonen frå innerlomma, har ikkje sett på han på mange timar. Samvitet mitt krympar seg. Der ligg tre meldingar frå Are : Kjekt på fest?

Håpar du kjem innom i morgon.

Og for berre ti minutt sidan: Drøym søtt, Mia, mi Mia.

Eg svarar: Er utanfor vindauget ditt!!

Else blånektar å vere med lenger, så eg går sjølv og stiller meg opp nedanfor.

«Halloooooo!» ropar eg.

Else hysjar på meg og kjem valsande likevel.

«Are!»

No har Else kome bort til meg og grip tak.

«Herregud, han søv jo. La han vere, han er døyande, for faen!»

Eg rykkjer til og ser skrekkslagen på ho. Som om eg

høyrer det for fyrste gong. Som om eg ikkje veit det.

Ho gøymer hovudet i hendene og sukkar.

«Eg meiner … Kom no. Ikkje.»

Ein liten lyd ovanfrå. Ei rørsle. Ei gardin som vert trekt ifrå.

96

Eg tek nokre steg attover. Så ser eg silhuetten hans i vindauget. Han legg ei handflate mot ruta. Eg ser andletet hans verte opplyst av ein telefonskjerm. Det dirrar i lomma.

Får ikkje opp vindauget. Bra fest, skjønar eg.

Eg vinkar og hoiar og smiler mot han. Else vinkar også, meir avmålt. Ho stirer på han som om han er eit spø kelse, som om han allereie er død.

Eg tastar til Are:

Følg med no. Denne er til deg.

Så eg går bort på plenen litt lenger borte, der ligg fram leis snø. Eit tynt lag våt snø. Eg dumpar ned og lagar ein engel. Det er deilig å ligge slik i snøen. Eg kjenner væta trekkje inn i kleda, men det gjer berre godt. Det er som om eg sovnar der og då. Forsvinn ned i bakken.

Eg anar ikkje kor lenge eg ligg der før Else klarar å drage meg opp att. Då eg reiser meg, ser eg at engelen er heilt grøn av plengraset under. Tynn og puslete. Eg fniser og ser smilande opp mot Are. Han er ikkje der lenger.

Det tek lang tid før eg skjønar kva lyden er. At det er alarmen på mobilen. Han finn vegen inn i draumen. Nokon som går i ei dør, igjen og igjen. Ei slik gamaldags butikkdør med bjølle.

97

I draumen står eg med ryggen til døra og seier «ja?» kvar gong nokon kjem inn.

Så snur eg meg, og det er ingen der. Det går i loop, heile greia. Då eg kjem til meg sjølv, snurrar heile rom met kring meg. Klokka er ti over halv ni. Det er torsdag. Det er skule.

Eg nærast kravlar meg ut av senga og inn i dusjen. Eg kjem til å kome for seint, eg veit det. Likevel står eg lenge med armane ikring meg under dusjstrålen. Varmen gjer godt. Det bølgjar i meg av kvalme, men eg får ikkje til å spy.

Eg set meg på dassloket og dreg på meg kleda. Kan ikkje ha meir fråvær heller, kan eg? Faen, var det ikkje musikaløving i dag? Solopartia og greier? Korleis klarte eg å verte så steike full.

Brått lengtar eg heim til mamma og pappa. Tenk om eg var heime. I senga mi. Ligg der og vaknar til, høyrer lydane deira frå kjøkkenet. Og Balder. Den mjuke pel sen. Bore hovudet inn i den mjuke pelsen. Det verker i meg av sakn.

Gråten kjem piplande.

I morgon er det fredag. Eg skal jo heim til helga, men det kjennest så ufatteleg lenge til. Eg vil berre heim. No. Eg kjenner meg så sliten. Så lita. Som om eg mistar alt viktig av syne. Den same redde kjensla som då eg var fire år og sprang skrikande etter mamma når ho sykla av garde til eit eller anna ho skulle på.

Det bankar på døra.

«Korleis går det?» spør Else utanfor.

«Greitt», seier eg med tjukk røyst.

«Eg må nesten gå no, om eg skal rekke skulen. Hugs at det er felles musikaløving i tredje time, ok? Det må du

98

klare. Plis. Skal eg seie du er sjuk, eller?»

«Nei. Eg kjem. Om ei stund. Men berre gå, du.»

Orda hakkar seg fram. Eg må liksom ta i for å få dei ut av munnen.

«Sest då, god betring!»

Stega hennar skundar seg av garde, og døra smell att. Eg reiser meg opp og tørkar dogg av spegelen. Andletet mitt kjem til syne. Bleikt, utydeleg. Som om eg stirer på meg sjølv langt bortanfrå. Kjenner meg langt borte også. Ikkje heilt her.

Eg tenkjer på i går. Adil og eg i gangen, dei mjuke kyssa hans. At eg berre kyssa han. Eg får frysningar oppover

armane.

Så tenkjer eg på Are. Der han stod i sjukehusvindau get og såg på oss fulle idiotane som skråla og toska oss utanfor. Andletet hans, blåleg og bleikt i telefonlyset. Han kunne likså godt vore innestengd i eit fengsel med tung lås på døra. Han kjem seg aldri ut derifrå. Aldri i livet. Aldri i live.

99
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.