Skallen av Harald Nortun

Page 1

UTDRAG FRÅ:

61

SKALLEN

HARALD NORTUN

Dei to kameratane som berre skulle ta seg ein fisketur i fjellet, har møtt på ein frykteleg myte ved Reinsvatnet. Utan lys, utan kontakt med omverda skjer det ting rundt teltplassen deira som dei berre kan høyre, men ikkje sjå. Myten viser seg å vere sann. Og ingen veit at dei er der. Eller ...?

KAPITTEL 4

Vi står i mørket utanfor teltet og lyttar. Eg synest eg høyrer vinden suse. Ei låg, fjern susing, som veks og forsvinn, men vinden blæs ikkje her, ikkje eit pust. – Høyrer du susinga? spør eg. Ben tenker nokre sekund før han svarer: – Det er bekken som renn ned frå fjellet.

Ben aktiverer mobilen, skjermen lyser opp i ansiktet hans. Han studerer skallen. Handa hans skjelv, blikket flakkar. Ofte er det eg som er redd, Ben bruker enten å tulle eller å trøyste. Men no må eg trøyste Ben.

62
GRØSS

– Kanskje mobilane har virus, seier eg. – Å? seier Ben. – Eit virus som lagar meldingar?

– Virus kan ligge og vente og starte på ei viss tid. Og vi har det begge to.

Ben trur ikkje på forklaringa mi. Eg trur ikkje heilt på det sjølv heller. Men virus er den einaste forklaringa eg har.

– Vi deler jo bilde og filer, forklarer eg.

– Vi klikkar på dei same lenkene, vi sjekkar dei same nettsidene. Er det virus der, har vi det begge to.

– Ok, seier Ben – Kanskje det er virus?

– Logisk! seier eg og gjentek forklaringa mi: – Telefonane våre har det same viruset.

Vi ler ein litt snål latter. Forklaringa mi er søkt, men kanskje Ben trur på ho.

– Ingen snik i buskene, seier eg.

– Vi er åleine, det er virus. Ikkje sant?

– Det er virus, gjentek Ben.

63

Klokka på mobilen viser 00.07.

Eg fekk skallen klokka 00.01. Eitt minutt etter midnatt. I spøkelsestimen.

– Vi legg oss igjen, seier Ben. Vi lyser framfor oss med mobilane og går mot teltet.

Pling!

Eg skvett så eg hoppar. Det er meldingslyden min. Plinget er som ei hand som kjem frå mørket og prikkar meg på skuldra. Men bak meg er det berre svart natt.

Ben står ved sida mi mens vi les meldinga. «Ikkje virus», står det. Etter orda står det same ikonet: ein skalle.

Pling!

No er det Ben sin mobil, han skvett like mykje som eg. Meldinga er den same som eg fekk: «Ikkje virus», står det, og ein skalle.

Ben lener meg mot meg og kviskrar: – Nokon er her. Dei høyrer kva vi seier.

64

Dei melder oss på eit skjult nett. Vi må … – Hysj! avbryt eg.

Noko knekk inne i bjørkeskogen. Det raspar og knasar, som når nokon går gjennom tørr lyng, maks ti meter unna. Eg kunne gitt tusen kroner for ei lommelykt.

Og hundre tusen for å vere heime, bak ei låst dør og med elektrisk lys. Eg lener meg tett inntil Ben og kviskrar: – Vi lyser med mobilane og tek bilde, så ser vi om det er nokon der. – Fort, seier Ben, – før dei stikk! Vi stiller oss opp rygg mot rygg for å ta bilde til begge sider. – No! seier eg.

Mobilane lyser ut i natta, vi tek bilde etter bilde, i alle retningar. Eg ventar å sjå nokon, eller høyre lyden av nokon som spring og gøymer seg. Eg verken høyrer eller ser nokon. Men kanskje vi har bildebevis. Vi står tett saman og ser på bilda,

65

zoomar inn og sjekkar detaljane. Vi kan skimte lyng og mose, store steinar, kratt og krokete fjellbjørk.

– Har du sett katteauge gløde i lyset frå ein bil? Skulle gjerne sett slike auge no, for då var den lyden berre eit dyr.

Eg angrar straks eg har sagt det. Glødande auge i mørket er skummelt, vi treng ikkje meir uhygge her no.

– Sjekk her!

Ben viser meg eit bilde. Det er ikkje eit av bilda vi tok no, men eit han tok av meg då eg fiska. På bildet ser eg overraska og litt teit ut.

– Og sjekk dette, seier Ben. Han viser det neste bildet han tok av meg. Der gliser eg og viser tommel opp.

– Følg med på steinen bak deg. Ben skifter fram og tilbake mellom dei to bilda. På første bildet stikk noko opp bak ein stein. På neste bildet er det ingenting der.

66

Ben forstørrar det første bildet.

Det er litt uklart, men vi ser nok til å forstå.

Nokon spionerer på oss på bilde éin og gøymer seg bak steinen på bilde to.

– Det er eit hovud, seier eg. – Eit menneske.

– Nei, kviskrar Ben.

– Kva meiner du? spør eg.

– Vi har visst det heile tida, ikkje sant? seier Ben.

– Ja, svarer eg lågt. – Det er folk her.

– Nei! Sjå på auga. To svarte hòl. Det er ein skalle. Det er gjenferdet av røvaren.

Natta kryp inn i kvar celle i kroppen min. Reinsvatnet har dårleg rykte, ingen går hit.

Nokon er redde for ras, andre for gjenferd. Ben trur på gjenferd. Eg trur på ras.

Og eg veit at det finst sjuke, galne folk som rømmer og lever i skjul. Nokon er der ute i mørket.

Han kallar seg Skallen. Han høyrer alt vi seier, og eg trur eg veit korleis.

– Gjer sånn, kviskrar eg. Eg held mobilen min bak ryggen. Ben held også mobilen bak seg,

67

og alt rundt oss blir mørkt. Eg går tett inntil Ben og kviskrar: – Telefonane låg i teltet utan at vi passa på. Då la han inn spionprogram.

Og han har eit skjult nett her. – Men korleis …?

Ben rekk ikkje snakke ferdig. Han blir stoppa av ein lyd. Eit pling frå telefonen min. Eg har fått ny melding.

Vi ser på telefonen saman. Skallen har sendt eit bilde:

To figurar står tett saman i mørket, med ansikta lyste opp av mobilar. Bildet er av meg og Ben. Mobilane lyser opp ansikta våre. Og auga våre lyser som dyreauge.

68

KAPITTEL 5

Vi står rett framfor teltet og stirer på mobilen med bildet av oss to.

Vi ser på ein måte oss sjølv utanfrå.

To livredde gutar på hemmeleg tur.

Dette bildet passar ikkje inn i forklaringa mi om virus, eller spionprogram og skjult nett.

– Vi må vekk, kviskrar eg.

Ben berre står der, som forheksa. Eg tek han i armen, dreg og ristar i han.

– Vi stikk, roper eg, – vi må heim!

Endeleg reagerer Ben.

– Det kjem regn, seier han, høgt og tydeleg.

– Det er berre rå natteluft, seier eg.

– Nei, det kjem regn!

Ben snakkar høgt, han nesten roper. Har det klikka for han?

– Kanskje det er tåkeskyer? seier eg.

Ben står på sitt og gjentek høgt:

– Det kjem regn! Inn i teltet!

Han lyser med mobilen, og vi smett inn. Eg finn fram fyrstikkene.

69

Dei ligg i ein plastpose i ryggsekken, saman med eit halvbrent stearinlys.

Eg tenner lyset og held det i handa.

Eg slår av mobilen min.

Viser til Ben at skjermen blir svart. Ben tek hintet og skrur av telefonen.

Det har ikkje klikka for han, han er berre redd, modige Ben er minst like redd som eg.

Viss telefonane er hacka med spionprogram, håper eg det hjelper å slå av.

– Eg har ein plan, kviskrar eg.

– Eg òg, seier Ben. – Men du først.

– No trur Skallen at vi blir her i teltet, seier eg, – men vi skal snike oss ut og springe heim.

I det flakkande skinet frå stearinlyset ser eg at Ben ristar på hovudet.

Ben har sin eigen plan:

– Det er livsfarleg å klatre i fjella, vi kan dette utfor eit stup.

Det einaste lyset vi har, er mobilane. Og dei er sikkert hacka, vi kan ikkje bruke dei.

70

Mens Ben snakkar, forsvinn håpet mitt. Han har rett. Vi er fanga. Fanga av natta, fanga mellom dei farlege fjella.

– Teltet er ikkje trygt, kviskrar Ben.

– Vi kan bli angripne frå alle kantar. Men det finst ein stad vi kan gøyme oss.

– Og kor er det? spør eg.

– Viss eg gøymde meg for deg, kor ville du leite? spør Ben.

– Heime hos deg.

– Og viss eg ikkje var der?

– Hos nokon i klassen. På butikken. Grusbanen. – Og viss du ikkje fann meg der?

– Hos bestemor di. Ved fjorden og elva. – Og viss du ikkje fann meg der heller?

– Aner ikkje. – Kor er den siste staden du ville leite før du gav opp og gjekk heim?

– Eg hadde aldri gitt opp og gått heim.

– Akkurat! Derfor ville eg gøymt meg hos deg. På rommet ditt!

Eg aner ikkje kva eg skal seie. Forstår ikkje kva Ben meiner. Han lener seg inntil øyret mitt

71

og kviskrar: – Vi gøymer oss i hòla!

– Hòla? protesterer eg. – Skallen veit jo kor hòla er. Han har brent bål der!

– Akkurat, kviskrar Ben.

– Hòla er den siste staden han kjem til å leite. Akkurat som rommet ditt. Hòla er den beste gøymestaden vi har!

Handa mi, som held lyset, begynner å skjelve.

Eg vil ikkje inn i hòla. Men vi kan ikkje rømme heim i mørket.

– Det blir regn, gjentek Ben.

– Vi blir her i teltet til i morgon tidleg. Han snakkar ekstra høgt, så Skallen skal tru at vi blir i teltet.

– Greitt, seier eg like høgt.

– Vi legg oss igjen. God natt!

72
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.