Den siste krigen. Overleve 3 av Tor Arve Røssland og Illustrert av Nikolai Lockertsen

Page 1

UTDRAG FRÅ:

86


DEN SISTE KRIGEN. OVERLEVE 3

DYSTOPI

TOR ARVE RØSSLAND ILLUSTRERT AV NIKOLAI LOCKERTSEN

Om nokre få år er ikkje verda til å kjenne igjen. Havet har stige. Byar og land har forsvunne under overflata. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme. Nokre frå maskingevær. Det gigantiske selskapet Dominion Weststrom Group har mykje meir makt enn folk trur. Alliansen og Americas har hamna i krig. Ein krig som mange ikkje trur på fordi Dominion dyssar han ned. Dei to trettenåringane Jamal og Eira var med på eit tokt på forskingsskipet Bluenose. Eit tokt som måtte avbrytast på grunn av krigen. Men òg på grunn av eit overraskande ekstremvêr. Og vulkanutbrotet på Jan Mayen.

87


Jamal vart straks med på eit nytt tokt, der testing av våpen var hovudmålet. Eira prøvde å redde livet til veninna Jeanette. Vêret var nådelaust. Snø og isande kulde kom i juli, og begynte å dekke heile den nordlege halvkula. Jamal og Eira er om bord i forskingsskipet Bluenose igjen. Denne gongen på flukt frå ekstremvêret. Etter ein hard kamp mot det amerikanske kanonskipet Georgia er no den amerikanske kapteinen fange om bord i Bluenose. Under angrepet fall Eira i sjøen. Det siste ho såg, var ein ubåt frå Den Kinesiske Staten. Etterpå vart ho bevisstlaus. Jamal hamna i rullestol igjen. Far hans ligg i koma. Målet er å komme seg vekk frå iskanten, som kryp lenger og lenger sør. Isen oppstår fortare enn Bluenose klarer å gå. Og kor skal dei reise? Kor er det trygt?

88


Dag 26 Jamal Eg bråvaknar sveitt og andpusten. Ansikta til naboane våre, Ben og Annika, heime i Bergen er framleis tydelege i tankane mine. Eg svelgjer og tørkar sveitten av panna. Skal eg få mareritt òg no? Er det ikkje nok at eg tenkjer på dei to når eg er vaken? Kunne eg ha redda dei frå istida? Eira drog med seg alle, verka det som, både veninna Betty, stefaren Hallvard og mora Anne-Britt er om bord saman med oss. I tillegg har ho sjølvsagt faren Embret her. Ben og Annika har vore som familie sidan eg vart fødd. Eg hugsar dei i trappeoppgangen då eg skulle flykte til Bluenose. «Pass deg der ute», var det siste Ben sa til meg. Har dei frose i hel? Eller er dei trygge i eit tilfluktsrom? Eg veit jo at kulda kan ta livet av folk på veldig kort tid. Ikkje berre Ben og Annika, men alle i heile Bergen, i heile Noreg. Det å ikkje vite er det verste.

89


Eg har ikkje lyst til å stå opp. Alt verkar meiningslaust. Samstundes er det noko inni meg som seier: «Kom deg opp!» Ei stemme som vil ha meg til å halde fram. Plutseleg skrapar noko langs skroget av skipet, dempa dunkelydar får heile lugaren til å riste. Eg strekker meg for å kikke ut. Gjennom det endelause snøvêret kan eg skimte kvite, store isfjell. Eller? Eg trur eg veit kor vi er! Må komme meg bort til salongen for å sjå betre. Rullestolen står ved sida av senga mi. Eg veit ikkje korleis eg kom meg hit i går kveld. Det siste eg hugsar, er at eg sat nede i sjukestova saman med Eira og pappa. Begge ligg bevisstlause, og ingen veit om dei nokon gong kjem til å vakne. Eg må ha sovna der nede, så har nokon trilla meg opp på lugaren og lagt meg i senga. Det må ha vore Embret, eller kanskje Hallvard og Anne-Britt? Dei har vore nede i sjukestova like mykje som meg for å følge med på Eira. Rullestolen har bremsane på, og eg røskar til meg joggebuksa som heng over sengegavlen. Eg drar ho opp så langt eg klarer, og mens eg sklir ned i rullestolen, går buksa på av seg sjølv. Eg har ikkje gløymt dei gamle triksa for å kle meg effektivt. Døra er tung å opne, men eg gir meg ikkje.

90


Det er to dagar sidan vi mista kontakten med omverda. Både fordi satnettet slutta å funke, og fordi Americas skaut ned kommunikasjonsmasta vår, noko som reduserte radiorekkevidda vår drastisk. I tillegg er skyene tette av vulkansk oske, og det forstyrrar GPSen og alle dei andre instrumenta våre. Mobilane våre er også ubrukelege no. Ingen nettverk funkar. Ikkje eingong naudsignal kan sendast ut. Det siste vi såg på nettet, var enorme snømengder i Bergen, og at bergensbassenget hadde begynt å fryse til. Dersom det har snødd like mykje dei siste to dagane, ligg heile landet under fleire meter med snø. Ute i gangen høyrer eg dunkinga igjen og kjenner ein kraftig vibrasjon som går gjennom skipet. Eg rullar forbi lugaren til Kari Volle. Ho har vore sjøsjuk sidan vi starta turen. Lyden av Volle som brekker seg og kastar opp, minner meg om Eira tidlegare i sommar. Ho òg var sjøsjuk til å begynne med, men det gjekk over. Eg håpar eigentleg at Volle held fram med å vere kvalm, for ho er ei fæl dame. Det var så vidt Eira fekk med seg familien sin om bord. Volle ville tydelegvis berre ha med seg folk som kan hjelpe henne sjølv å overleve. Plutseleg trillar rullestolen framover, og eg krasjar rett i veggen.

91


Eira Det er mørkt. Eg veit ikkje kor eg er. Eg kjenner ingenting.

92


Jamal I salongen er det mange folk no. Heldigvis var det ingen som såg meg krasje i veggen ute i gangen, som ein annan nybegynnar. Det skulle berre ein liten sving til før eg mista kontrollen. Kimmy styrer, samstundes lærer ho opp ein matros som heiter Miles Crusher. Ingen andre om bord er meir kvalifiserte til å styre. Bortsett frå pappa, då, som er overstyrmann. Crusher er britisk og rundt førti. Han kjente visstnok kaptein Harris og har hatt vakt på brua nokre gonger. Han har vore med på Bluenose heile tida, men eg har ikkje lagt merke til han før. Mannskapet vårt er no mykje mindre enn på dei to første tokta, sidan berre dei aller viktigaste folka blei med på flukta. På dekket over salongen ligg brua, men ho er totalt øydelagd, og styrekonsollen her nede har ikkje like mange avanserte funksjonar. Kimmy får oss likevel framover, men det krev mykje meir av den som

93


styrer, når dei må jobbe utan skikkelege instrument og satellittar. Det er sprøtt å tenkje på at det berre er tre dagar sidan vi flykta frå Bergen. Det verkar mykje lenger. For berre nokre dagar sidan inviterte eg Eira med på kino for å sjå den nye filmen med Katie Benson. Eg planla kva eg skulle gjere på i sommarferien i Bergen. Alt det er borte no. Kimmy må eg vel kalle «kaptein Hansen», eller kanskje «kaptein Kimmy» er godt nok? I alle fall inntil pappa vaknar. For han kjem til å vakne! Mannskapet treng han, for han er øvstkommanderande no som kaptein Harris er død. Eg held ikkje ut tanken på at han kanskje skal vere i koma for alltid. Oberst Sarah Walker i Deepwater står saman med kaptein Kimmy. Ho gløttar på meg med eit skarpt blikk. Eg likar ikkje at ho heile tida kviskrar i øyra til Kimmy. Det er ikkje bra at ein leigesoldat i eit firma som produserer våpen, har så mykje makt om bord. Bluenose er eit forskingsskip, ikkje eit krigsskip. Eg trillar heller bort til Olaf Wang, som lagar plass til meg ved vindauga. Eg er glad han er om bord. Eg kjenner ingen som har så god greie på det tekniske som han. Eg har ikkje spurt korleis han har det. Han òg må jo ha reist frå nokon der heime. Nokon han saknar og bekymrar seg for.

94


95


– Vi er i Den engelske kanalen, seier han. – Eg veit det, svarer eg og ser rett bort på dei kvite klippene ved Dover. Dei som eg først trudde var isfjell. Klippene er kvite i utgangspunktet, no er dei i tillegg frosne og ser endå meir ut som dei er laga av is. Korleis i all verda kan Den engelske kanalen fryse til på så kort tid? – Kanalen er på sitt smalaste akkurat her, seier Olaf, – og temperaturen er tretti minus! Hadde det vore klarvêr, kunne vi ha sett til Frankrike. Det har danna seg iskrystallar på vindaugo, og ristinga i salongen blir kraftigare mens Bluenose bryt seg framover. Kaffikoppane skramlar på borda. Eg ser Betty som ligg åleine på ein sofa borte med bardisken, og trillar bort til henne. Ho ligg med ryggen mot vindaugo. Eg kikkar ned på henne for å sjekke om ho søv, men det kritkvite håret dekker ansiktet. – Kva er vitsen? spør ho. Stemma hennar er groggy. Eg vil ikkje svare, men eg orkar heller ikkje late som eg ikkje skjønar. Eg vil ikkje tenkje for mykje på at verda er i ferd med å gå under. – Eg reiste berre frå alt, fortset Betty. – Mamma, skulen, huset mitt. Eg har forstått det slik at Betty ikkje hadde noko godt forhold til mora. – Og eg mista Jeanette, seier ho og brest ut i gråt.

96


Eg prøver å leite etter ord, men kjem ikkje på noko. Eg stryk henne forsiktig over ryggen, og heldigvis ser det ut til at det hjelper litt. Ho snur seg mot meg og tørkar tårene. – Eg taklar ikkje dette, Jamal, seier ho. – Det kjennest som om eg kan døy når som helst. Eg kjenner på den vesle stemma inni meg igjen. Den som seier: «Kom deg opp!» Eg grip handa til Betty. Ho er kald og våt av tårer. – Det var ikkje din feil, seier eg og tenkjer på det tragiske raset der både Jeanette og mor hennar døydde. – Du kunne ikkje forhindre det. Betty riv seg laus frå handa mi og set seg opp med armane i kryss. – Men uansett, kva er vitsen? Kva har vi å sjå fram til? Maskinsjef Hogans stemme sprakar i walkietalkien til Kimmy. – Eg har funne ut kva som er problemet, seier han. – Gi meg åtte timar, så skal det vere fiksa. Kommunikatorane våre har heller ikkje funka etter vi blei angripne. Heldigvis er Deepwater utstyrt med toppmoderne walkietalkiar som dei har lånt ut til mannskapet. – Takk, chief, seier Kimmy. Ho gløttar bort på Betty og meg. – Eg aner ikkje kva eg skulle gjort utan Hogan. Han er den einaste teknikaren vi har igjen.

97


Eg svelgjer tungt og lener meg mot Betty. – Eg veit ikkje kva vi skal sjå fram til, kviskrar eg til henne. – Eg berre veit at vi ikkje kan gi opp. Vi kan ikkje døy på denne måten. Vi må kjempe. Eg veit ikkje kor denne kjensla kjem frå, men å snakke med Betty gjer stemma endå sterkare. «Kom deg opp!» høyrer eg tydeleg, og sjølv om eg ikkje kan reise meg, kjenner eg på meg at dette skal vi overleve. Vi må! Det knakar i skipet, og eg snur meg mot baugen. Det er ingen ende på isen, og snøen lavar ned. Skipet buldrar og skramlar meir og meir. Alt ristar og vibrerer. Isen blir tjukkare. Klarer vi å komme oss gjennom?

98


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.