Månadsfoldar Mars 2. utg.

Page 6

Justin Bieber: Never say never 3D - Noregspremiere Am. konsertdokumentar i 3D. Med: Justin Bieber, Usher, Scott Braun, Jaden Smith, Miley Cyrus. Filmen tek for seg den inspirerande sanne historia om det unge tenåringsidolet Justin Bieber. Filmen gjev eit eksklusivt innblikk i livet hans, frå den beskjedne starten som gatemusikant i den vesle byen Stratford i Ontario, til global superstjerne og internettfenomen. Det heile kulminerer med klipp frå det utselde draumeshowet i 3D på den legendariske konsertarenaen Madison Square Garden.

Amors baller - Noregspremiere No. ungdomskomedie med handling lagd til velkjende Norway Cup, spekka med humor, romantiske sommarnetter og drivande konfliktar både av og på bana. Svenske Lucas flyttar frå Stockholm til ein liten norsk by og forelskar seg umiddelbart i Susanne, keeper`n på det lokale jentelaget. Han blir kjend med den overvektige og sexfikserte sonen til trenaren og med han som sparringspartnar, legg Lucas ein plan for å vinne Susannes hjarte. Men Susanne har kjærast og Lucas skal raskt forstå at vegen til kjærleik kan være brulagd med løgner og uvenskap.

The Adjustment Bureau Noregspremiere Am. romantikk/sci.fi/thriller. Lengde ? Sensur ? Regi: George Nolfi Med m.a. Matt Damon, Emily Blunt. Kontrollerer vi lagnaden vår, eller blir vi manipulert av ukjende krefter? Matt Damon speler hovudrolla i denne thrilleren om ein mann som får eit glimt av kva lagnaden har planlagt for han, og som innser at han ynskjer seg noko heilt anna. For å oppfylle draumen, må han spore opp den einaste kvinna han nokon sinne har elska. Den intense jakta tek han gjennom, under og over gatene i New York…..

Klovn – The Movie Da. komedie. 1t. 33 min. 15 år. Etter 60 episodar fordelt på seks elleville og utstudert pinlege sesongar av TV-serien Klovn, fikk danskane rett før jul det dei venta på - Klovn The Movie. Den er på rekordtid blitt ein av tidenes desidert største danske kinosuksessar, og no står Noreg for tur. Stakkars oss! 6

On. 23. mars

Fr. 25. mars

Fr. 25. mars


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.