
1 minute read
Ordbok: Presisjonsjordbruk
from Samvirke 5 2022
Ordbok;
[ presisjonsjordbruk ]
Advertisement
N-sensor:
Yara N-sensor er ein bjelke med eit kamera på kvar side som monterast på taket til ein traktor. N-sensoren målar lysrefleksjonen frå plantane medan ein køyrer forbi dei. Den nyttar målingane til å bestemme nitrogenopptaket og vidare berekne nitrogenbehovet i sanntid.
N-sensor nyttast for å variere gjødsla si påføringsmengde medan gjødsla spreiast, i staden for at ein må lage ein tildelingsfil på førehand. I etterkant kan ein ta ut kart over både biomasse og tildelt gjødsel.

N-testar:
Yara N-testar er ein handheldt målar som let deg lese av nitrogenbehovet i ein åker. Den nyttar lys for å måle klorofyllinnhaldet i bladet som målast. Ut i frå målingar på 30 forskjellige planter inne på det same skiftet, reknast det ut ein anbefalt nitrogenmengde for gjødsling. Denne anbefalinga kan ein ta med seg som ein peikepinn for kor mykje gjødsel ein skal køyre ut, til dømes om ein skal lage tildelingsfil for gjødsel i Atfarm eller ved flat tildeling.
Atfarm:
Atfarm er eit digitalt verktøy og ein app som tilbyr overvaking av vekst og moglegheita til å lage tildelingsfilar, begge deler ut i frå satellittbilete. Atfarm tilbyr og nitrogenanbefalingar, anten gjennom bruk av N-testar eller frå fotoanalyse ved hjelp av mobiltelefonen din i nokre vekstar. I tillegg kan ein få sjå vær- og vindprognosar på skiftenivå, som kan hjelpe deg med å vurdere når det er best å sprøyte eller spreie mineralgjødsel.
Tekst: Jon Ole Botnevik, utviklingsleder presisjonsjordbruk Foto: Anders Rognlien
I dette tredje innslaget frå ordbok for presisjonsjordbruk er det presisjonsverktøya til Yara som er tema. Det skal handle om både traktormontert utstyr, handheldt testar og programvare. I forrige utgåve var det sentrale ord innan variabel tildeling som vart gjennomgått. I dette innslaget vil ein finne att orda biomassekart, tildelingsfil og påføringsmengde. Sjå gjerne i Samvirke nr. 4 for å lese meir om desse orda.