kapittel 1 Treski og lettmetall – industrien i etterkrigsfylket
og det kunne vere plundrete å kome gjennom. I rapporten frå den lokale Heimefronten er det notert at dei først ved midnatt 8. mai fekk telefonisk kontakt med leiinga i Oslo.11 Tre timar tidlegare var alle tyskarar på Årdalstangen avvæpna, og Ortskommandanten i Lærdal hadde vorte oppmoda over telefon om å kome til staden. Klokka fem om ettermiddagen fekk den lokale heimefrontsleiinga også kontakt med fylkesleiinga på Hermannsverk. Eit par dagar seinare kom vegingeniør Torleiv Schieflo og fullmektig Oskar Andersen til Årdal. Alt i 1943 hadde heimefrontleiinga gjeve desse to, saman med to til, i oppdrag å førebu overtakinga av Nordag sine anlegg på staden. Formelt skjedde det ved at dei den 11. mai vart konstituert som Sogn og Fjordane fylkesarbeidsnemnd, som fekk som si første oppgåve å ta over årdalsanlegga på vegne av fylkesmannen. Det skjedde utan større dramatikk.12 Fylkesarbeidsnemnda skulle få ein svært sentral funksjon i den økonomiske gjenreisinga av fylket, og var underlagt det nyoppretta statlege Arbeidsdirektoratet, eit sentralt forvaltningsorgan den første etterkrigstida. Alle som på ein eller annan måte arbeidde for Nordag, hadde fått naudsynt informasjon om korleis dei skulle stille seg i den nye situasjonen. Arbeidet på verket skulle takast opp att fredag den 11. mai, «dog ikke under tvang. Enhver som ikke ønsker å arbeide, kan ta fri», som det vart skrive i oppslaget. Det kom i tre variantar, med litt ulik ordlyd til nordmenn, franskmenn og russarar, samt til tyske sivile, som òg fekk beskjed om å møte på arbeid som vanleg. Deira personlege tryggleik var Heimefrontens ansvar, og matrasjonane dei same som dei norske fekk.13 Berre to dagar seinare vart dei fleste tyskarane, bortsett frå nokre nøkkelpersonar som trongst for å oppretthalde verksemda, sende til Lærdal, der dei vart internerte til dei vart sende heim. Medlemmene av det hata «Werkschütz», det tyske ordenspolitiet, vart også sende til Lærdal, sett bort frå brannmannskapa som vart innrullerte
under kommandoen til den lokale brannsjefen inntil eit frivillig brannkorps i bygda var på plass. Alle tyske klede- og matvarelagre vart underlagd fylkesforsyningsnemndas kontroll. Til den daglege praktiske leiinga av anlegga etter overtakinga vart det oppretta eit bedriftsråd. Ei viktig oppgåve for bedriftsrådet var å forvalte finansane til selskapet og syte for utbetalingar av løn og anna uteståande, både for Nordag og for dei norske og tyske entreprenørselskapa som var involvert i anleggsarbeidet. For dei selskapa som på grunn av kapitulasjonen ikkje hadde tilgang til eigne midlar, skulle lønsutbetalingar sikrast gjennom lån. Instruksar om dette kom frå sentralt hald, og fylkesarbeidsnemnda sytte for naudsynte fullmaktar. Intensjonen om å oppretthalde normal drift i Årdal førde med seg ei rekkje kryssande og til dels paradoksale omsyn. 18. mai måtte til dømes bedriftsrådet gripe inn då den lokale lensmannen på oppdrag frå politistyresmaktene i Leikanger ville beslaglegge bedriftsarkiva i samband med landssviketterforskinga. Det var ikkje praktisk mogleg å oppretthalde den ønskte drifta utan tilgang til arkiva, hevda rådet, overtydande nok.14 Ei rekkje viktige oppgåver for bedriftsrådet var knytte til dei utanlandske krigsfangane og arbeidarane. Det var ønskeleg med heimsending så raskt som mogleg, men det baud på problem å få dette til i praksis. Særleg blant dei to hundre russiske arbeidarane som heldt til i leiren i Saltvika, var situasjonen krevjande. Det var mange som i løpet av krigsåra hadde merkt seg dei vanskelege tilhøva for russarane. Jakob Flæte fortel at han fekk tilsendt ei stor pakke med fleire kilo norskproduserte sigarettar – anonymt men poststempla Luster – til utdeling i Saltvika.15 Mot slutten av månaden vart det meldt om uro mellom dei russiske arbeidarane, som stunda etter å reise heim. Men 2. juni gav bedriftsrådet ei løyving til «ekstraforpleining» for russarane, i høve avskjedsfeiring.16 Då hadde dei franske arbeidarane alt reist, den 30. mai.
19