Sogn og fjordane ll utdrag

Page 16

14

kapittel 1  Det nye amtet – Nordre Bergenhus

Stiftamtmann Ulrik Frederik de Cicignon styrte heile Bergenhus amt fram til det vart delt i Nordre og Søndre Bergenhus amt i 1763. Etter det var han amtmann over det søndre fram til 1765 då han vart avsett i samband med den såkalla strilekrigen. Ifølgje København hadde han vist mangel på «conduite da han i 1765 for at fornøie almuen» gav futen i Nordhordland ordre om å betala attende ekstraskatten til dei protesterande bøndene.

Majestet vilde allernaadigst forunde mig det Bergenhusiske Amt». For dette skulle han så lenge Cicignon levde, ikkje ha noka løn, derimot bad han om ein årleg gasje på 100 riksdalar til ein fullmektig. Dersom København gjekk med på ei slik ordning, ville han slå seg ned i Kaupanger for på den måten å koma nærare folket. Med det ville det verta lettare for dei kongelege embetsmennene, på same måte som for han sjølv, å vera til stades på dei lokale tinga. Dessutan hadde stiftamtmannen også mange oppgåver med byen Bergen, spesielt hadde dette auka i samband med «… den Bergens Bye overgangne Ildebrand …». Ideane lufta han med Cicignon, og han var positiv til utspelet. I eit brev datert 3. november same året svara han at han «… skulde give ham i saafald 100 Rdl. til Fuldmægtigs Holdelse, da kand jeg i den Afgift ey consentere eftersom mit Bispe Contoirs … tagen de Depencerder4 ved i ingen Maade vilde blive lettet». Knagenhjelm utdjupa tankane sine i eit brev tre veker seinare, spesielt var det dette med det økonomiske, no var han villig til ikkje å blanda økonomi inn i stillinga: «Er det ieg der fore herved aller underdanigster byder mig gratis og uden Betaling at forestaae og betiene foranførte Amt …» Framleis var det ikkje geografisk deling av amtet som stod i tankane hans; han søkte om deling av embetet etter funksjonelle kriterium. Det var tydeleg at motiva hans for å ta opp saka var hans eige sterke ønske om å få eit amtmannsembete. Så stansa det heile opp etter brevvekslinga den hausten, før Knagenhjelm den 13. juni året etter skreiv eit nytt brev til Rentekammeret. Framleis var det ønsket om å få eit embete som var tanken hans, men no kom han med eit anna alternativ: «Nemlig; at ieg til Amtmand over det halve Bergenhuusiske Amt ­maatte blive beskikket, og den anden halve, eller øvrige Deel, henlagt under Stiftbefalings­ mannens Decition …»5 Grunngjevinga var den same som før; i eit eige promemoria som følgde søknaden, kom


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.