1 minute read

Maskinar og utstyr

Next Article
Bildeliste

Bildeliste

Kapittel 23 Maskinar og utstyr

Bakarfaget er eit gammalt handverksfag, og frå gammalt av gjorde ein alle arbeidsoperasjonane for hand. Men etter kvart som utviklinga har gått framover, har vi fått mange typar maskinar som hjelper oss bakarar med ulike operasjonar. Nokre bakeri er heilautomatiserte, mens andre bakeri held fast i handarbeidet og bruker maskinar i større eller mindre grad.

Det fi nst mange ulike maskinar. I dette kapittelet skal vi sjå på dei vanlegaste. På same måten som det fi nst mange bilmerke i verda, er det også mange ulike merke av bakeriutstyr. Sjølv om dei fysisk kan sjå ulike ut, er det oppgåva dei utfører, som er det viktige.

Alt av mekanisk utstyr i eit bakeri krev reingjering og vedlikehald for at dei skal vare, og for at vi skal ha ein god hygiene. Det er derfor viktig å setje seg inn i korleis ein reingjer og held ved like maskinane. Dette gir oss driftssikre maskinar, og det blir trivelegare å jobbe i bakeriet når alt er reint og ordentleg og fungerer som det skal.

This article is from: