
1 minute read
Damping
Akkurat korleis sjølve dampinga går føre seg, varierer frå omnstype til omnstype. På herteomnar er det vanleg at kaldt vatn blir spruta inn eit eige tomt, varmt kammer utanfor sjølve omnskammeret. Damp blir danna og ført inn i omnskammeret. På tralleomnar er det ofte kaldt vatn som blir ført rett inn på varme stavar eller kuler på sida inni sjølve omnskammeret, og damp blir danna direkte i kammeret.
I tillegg til desse to omnstypane er det ei heil verd av ulike variantar, storleikar, hybridar og tekniske nyvinningar. Men forstår og meistrar du desse to typane, kan du overføre den kunnskapen og ferdigheitene på andre omnstypar.