1 minute read

Oppgåver

Next Article
Bildeliste

Bildeliste

1 I ein samanheng der du skal skyve brød av typen som skal snittast og er forventa skal opne seg i omnen, skal du la vere å snitte eitt av brøda.

Når det er att om lag eit kvarter av steikjetida, stikk du eit termometer inn i kjernen av det brødet du ikkje har snitta, og eit anna inn i eit av brøda du har snitta (helst eitt som ligg på same stad i omnen, slik at temperaturskilnader ikkje speler inn).

Kva er temperaturskilnaden på dei to brøda?

Ta ut kvart av brøda idet dei er på same kjernetemperatur, for eksempel 96 °C, og altså ikkje på same tidspunkt.

Etter avkjøling smaker du på begge brøda. Opplever du ein skilnad på konsistens i krumma eller skorpa? Kva opplever du?

2 Under steikinga av dei same brøda stikk du eit termometer inn i kjernen av to andre brød, som ligg på same stad i omnen slik at temperaturskilnader der ikkje speler inn. Ta ut det eine brødet på 82 °C og det andre på 96 °C.

Etter nedkjøling veg du begge brøda, skjer i dei og vurder skilnadene.

This article is from: