Arbeidsmiljø og dokumentasjon NYN (9788211038005)

Page 1

Arbeidsmiljø og dokumentasjon

Arbeidsmiljø og dokumentasjon Denne læreboka støttar arbeidet til eleven med kjerneelementet «førebygging av helseskadar og ulykker». Forfattarane er opptekne av at eleven gjennom opplæringa oppdagar at eit godt arbeidsmiljø krev noko av oss alle – at det å prestere, trivast og utvikle seg i arbeidslivet er avhengig av eit godt arbeidsmiljø. Bygg- og anleggsnæringa er ein risikoutsett bransje, og eit godt arbeidsmiljø krev at vi er årvakne og har den rette kunnskapen.

| Bygg- og anleggsteknikk

Innhaldet i læreboka er organisert i tre delar: I del 1, «Arbeidsmiljø», skildrar vi aktuelle rammevilkår for den norske arbeidslivsmodellen, organisering av bedrifter og arbeidsplassar og roller som verkar inn på helse, miljø og sikkerheit. I del 2, «Dokumentasjon», viser vi både lovpålagde krav til dokumentasjon, behovet for eigen dokumentasjon i bedriftene og korleis ein kan systematisere dette arbeidet. Del 3, HMS-handbok for elevar, inneheld skildringar av dei temaa som bedriftene legg vekt på ved inntak av nye medarbeidarar. Alle tema i læreboka blir avslutta med repetisjonsspørsmål og praktiske arbeidsoppgåver.

Arbeidsmiljø og dokumentasjon

Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk: → Praktisk yrkesutøving → Praktisk yrkesutøving – del 2, særløpsfaga → Arbeidsmiljø og dokumentasjon → Teikningsforståing og 3D-modellering → Nettressursen for bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk

Jonas Andersen Jorselje Simon Rostgaard

NYNORSK

Vg1 NYN FAGBOKFORLAGET

ISBN 978-82-11-03800-5

Vg1



Jonas Andersen Jorselje og Simon Rostgaard

Arbeidsmiljø og dokumentasjon Vg1 bygg- og anleggsteknikk Nynorsk


Copyright © 2021 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåve / 1. opplag 2021 Denne digitale utgåva vart publisert 26.01.2021. ISBN: 978-82-11-03806-7 (digital utgåve) ISBN: 978-82-11-03811-1 (Brettboka-utgåve) ISBN: 978-82-11-03800-5 (trykt utgåve) Omsett til nynorsk av Totaltekst ved Eirik Ulltang Birkeland Tilrettelagt for digital utgåve: John Grieg, Bergen Prinsippdesign: Scandinavian Design Group Ombrekking ved forlaget Framsidefoto: Leika production / Shutterstock Illustrasjonar «Julie»: Heidi Asdahl Andre illustrasjonar: David Keeping: side 52, 54 og 56 Håkon Skau: side 45 og 46

Spørsmål om denne boka kan du rette til Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


Føreord Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk frå Fagbokforlaget b ­ yggjer på populære lærebøker som tidlegare kom ut på ­Bygge­næringens Forlag. Serien dekkjer kompetansemåla i fagfornyinga innan­ for programfaga praktisk yrkesutøving og arbeidsmiljø og doku­ menta­sjon. Denne læreboka støttar opp om arbeidet med eit utval av kompetansemåla innanfor arbeidsmiljø og dokumentasjon. Med læremidla våre vil du raskt få oversikt over kva som er typisk for dei ulike yrka, og kva du spesielt må vere merksam på når det gjeld førebygging av helse­skadar og ulykker. Lykke til med opplæringa! Fagbokforlaget, desember 2020


Innhald Innleiing................................................................. 5 Oppbygging av læremiddelet................................ 7 Innhald i læreboka........................................... 7 Læreplanen..................................................... 7 1. Arbeidsmiljø................................................... 10 Rammevilkår for deg og bedrifta......................... 11 Organisering av bedrifter.................................... 12 Eigarforholda i bedrifta og samarbeid med tilsette........................................................... 13 Tverrfagleg kompetanse................................ 14 Offentlege føringar......................................... 15 Organisering av arbeidsplassen.......................... 16 Roller og ansvarsområde.................................... 17 Byggherren................................................... 17 Verneombodet.............................................. 18 Arbeidstakaren.............................................. 19 Arbeidstilsynet............................................... 20 Normer, standardar og tekniske forskrifter.......... 21 Standardar.................................................... 21 Helse, miljø og sikkerheit.................................... 23 Helse............................................................ 24 Miljø.............................................................. 25 Tryggleik........................................................ 26 Trepartssamarbeidet i Noreg.............................. 27 2. Dokumentasjon............................................. 29 Sikring av informasjon for ettertida...................... 30 Dokumentasjon og sporbar aktivitet.............. 30 Planlegging av ei arbeidsoppgåve...................... 32 Risikovurdering................................................... 33 Dokumentert opplæring..................................... 35 Rapport om uønskte hendingar.......................... 37 Ulykker og beredskap........................................ 39 Forbetringsarbeid............................................... 40

3. HMS-handbok for elevar.............................. 42 Det grunnleggjande............................................ 43 Informasjon og beredskap............................. 43 Verneutstyr.................................................... 43 Opplæring i bruk av maskiner og utstyr......... 44 Bruk av mobiltelefon...................................... 45 Rus............................................................... 45 Røykfritt arbeidsmiljø..................................... 45 Sperringar..................................................... 45 Ryddig arbeidsplass...................................... 46 Brot på HMS-reglane på skulen.................... 46 Planlegging........................................................ 47 Dagleg jobb-brifing........................................ 48 Helse.................................................................. 48 Støyande arbeid............................................ 48 Belastningsskadar......................................... 48 Vibrasjon....................................................... 49 Kjemisk, fysisk og biologisk eksponering....... 50 Arbeidsmiljø.................................................. 50 Miljø................................................................... 51 Avfall............................................................. 51 Drivstoff og energiforbruk.............................. 51 Forbruk av naturressursar og materiale......... 52 Utilsikta utslepp til grunn og vatn................... 52 Ta vare på lokalmiljøet................................... 53 Konflikt mellom menneske og maskin............ 53 Arbeid i høgda.............................................. 54 Løfteoperasjonar og fallande gjenstandar........... 55 Konstruksjonssvikt........................................ 55 Elektrisk spenning......................................... 56 Brann og eksplosjon..................................... 57 Uønskte hendingar............................................. 57 Rapportering og oppfølging........................... 57 Tilrettelagt arbeid ved personskade............... 57 Varsling ved personskade.............................. 58 4. Stikkordregister............................................. 59

4


Innleiing

Du som har valt bygg- og anleggsteknikk, har mange yrke å velje mellom. I bygg- og anleggsnæringa er du med på å skape og ta vare på bygg og anlegg som vil vere synlege og nyttige for ­menneske og samfunn i generasjonar. Du og arbeidskamerat­ane dine i bransjen set konkrete fysiske spor over heile landet – gjennom flotte bygg, vegar og bruer, uteområde og anlegg. Byggje- og anleggsprosjekta engasjerer mange ulike fag og krev samarbeid mellom ulike yrkesgrupper. Derfor ønskjer ­bransjen sjølvstendige og dyktige fagarbeidarar som kan meir enn berre å utføre teknisk produksjon. Forventningane er at fagarbeidaren tek ansvar og deltek i innovasjonsarbeid, organiser­ ing og leiing. Dette krev heilskapleg forståing av samanhengen mellom kva bedrifta driv med, aktuelle produksjonsprosessar og organisering av arbeidet.

Bygg- og anleggsteknikk inkluderer mange fag og yrke som det er behov for over heile landet. Her vist med eit stort bustadprosjekt ved Krabbavigå, Jåsund i Sola kommune, og arbeid på Sørlands­banen som skal hindre solslyng. Foto: OBOS Block Watne (til venstre) og Øystein Grue (til høgre)

5


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

Innleiing

Det å møte ein arbeidsplass og vere i arbeidslivet for ­første gong er både spennande og utfordrande. Ein framtidig fag­ arbeidar må kjenne til kva retningslinjer og krav bransjen jobbar etter, og korleis folk arbeider saman. Den som skal utdanne seg innanfor bygg- og anleggsfaga, må utvikle ulike typar kompetanse for å kunne vere ein god medspelar på arbeidsplassen. Læremidla for Vg1 bygg- og anleggsteknikk skal gje deg ei forståing av kva som må til for å kunne delta i eit yrkesfellesskap i bygg- og anleggsfaga. Du vil kunne skaffe deg eit grunnlag for å velje yrke og starte spesialiseringa. I dette første opplærings­ året handlar det om å tydeleggjere innhaldet og utfordringane i faga. Du må også gjere deg litt kjend med kva rammevilkår du vil jobbe innanfor, både i eit historisk perspektiv og slik det skjer i byggjenæringa i dag.

Julie på veg inn i arbeidslivet I korte utdrag som dette ­fortel vi små historier om Julie, som akkurat er på veg frå skulen og inn i arbeidslivet i den norske bygg- og anleggsbransjen. Småhistoriene er valde for å gje praktiske døme på korleis arbeidsmiljø og dokumentasjon pregar kvardagen vår på jobb. Vi håpar at historiene kan bidra til gode diskusjonar og ei meir praktisk forståing av eit elles teoretisk skulefag.

6


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

Innleiing

Oppbygging av læremiddelet Innhaldet i denne læreboka skildrar rammevilkår og organisering av arbeidsmiljøet for bygg- og anleggsbransjen. For kvar del er det laga avsluttande arbeidsoppgåver som er knytte til læringsstoffet. Vi tilrår at du kombinerer alle lærebøkene i Vg1-serien i skulearbeidet. Undervisninga blir praktisk og meiningsfull når programfaga blir kopla saman. I tillegg til lærebøker har vi utvikla digitale ressursar for høvesvis lærar og elev. I «nettressursen» er det mellom anna støtte­materiell for dokumentert tryggleiksopplæring innanfor tema som arbeid i høgda, bruk av personleg verneutstyr, ­stropping og anhuking av last og bruk av handhalde arbeids­ utstyr og b ­ ygningssager. Innhald i læreboka I del 1, «Arbeidsmiljø», skildrar vi aktuelle rammevilkår for den ­norske arbeidslivsmodellen. Dette er rammevilkår som vi ser ut frå korleis «seriøse» bedrifter og arbeidsplassar er organiserte, og kva dei gjer for å arbeide etter etablerte normer og ­standardar. Helse, miljø og sikkerheit står alltid i førarsetet. I del 2, «Dokumentasjon» viser vi til aktuelle dokumentasjons­ krav for bygg- og anleggsbedrifter. Krava går fram av dokumentasjon og sporbar aktivitet, risikovurdering, dokumentert opplæring, rapport om uønskte hendingar og systematisk forbetringsarbeid. Del 3, «HMS-handbok for elevar», inneheld skildringar og oppgåver til dei temaa som bedriftene legg vekt på ved inntak av nye medarbeidarar. Ved å arbeide med HMS-­handboka i skule­tida vil du som elev kunne førebu deg til framtidig utplasser­ing og læretid. Vi tilrår at du startar med å gå gjennom innhaldet i læreboka og svare på spørsmåla og arbeidsoppgåvene som høyrer til. Læreboka inneheld oppgåver med ulik vanskegrad. Kor mange oppgåver eller øvingar du skal løyse, må du og læraren vurdere saman. Diskuter gjerne spørsmåla i klassen.

At noko er sporbart, vil seie at vi kan gå til­bake og kontrollere kva som har hendt eller blitt gjort. Dette går greitt så lenge vi heile tida har dokumentert, målt og registrert vesentlege hendingar undervegs i arbeidet. Det er viktig at det vi gjer, er sporbart for at vi skal kunne evaluere og forbetre arbeidet vårt. I tillegg er det viktig med slik dokumentasjon dersom det skjer noko alvorleg som vi må undersøkje og kanskje stå ansvarlege for.

Læreplanen Denne læreboka byggjer på ny struktur i programområdet Vg1 bygg- og anleggsteknikk og ny læreplan etter fagfornyinga. Opplæringa skal sikre at førebygging av helseskadar og ulykker blir lagde til grunn for alle praktiske arbeidsoppgåver i faga. 7


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

Innleiing

Det skal leggjast til rette for at elevane utviklar evna til å jobbe sikkert, ved å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere kvaliteten på arbeidet sitt. Opplæringa skal bidra til å utvikle sjølvstendige og omstillingsdyktige fagarbeidarar som kan dekkje dei framtidige behova for arbeidskraft i bransjen. Innhaldet i denne læreboka – i kombinasjon med andre lærebøker i serien og nettressursar – støttar opplæringa på ein slik måte at du kan tileigne deg eit breitt utval av kompetansemåla. Vi tilrår at de kombinerer heile verket i skulearbeidet. Inn­haldet i denne boka støttar opp om arbeidet med utvalde kompetansemål frå begge programfaga: Utval frå arbeidsmiljø og dokumentasjon – eleven skal kunne → vurdere risiko og utføre førebyggjande tiltak → gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med ­gjeldande føresegner for helse, miljø og sikkerheit, og rappor­tere om uønskte hendingar → gjere greie for varme arbeid som brannårsak, gjennomføre tryggingstiltak og hindre brann → bruke tryggleiksdatablad og følgje rettleiingar ved bruk av kjemikaliar → skildre og bruke arbeidsteknikkar og arbeidsstillingar som førebyggjer helseskadar → gjere greie for kvifor det er viktig med orden på byggje- og anleggsplassar, og følgje rutinar for dette → vurdere risiko og følgje rutinar for å stroppe, tilhuke og gje signal ved lasting og lossing → planleggje, gjennomføre, vurdere sitt eige arbeid → kjeldesortere avfall etter bestemte retningslinjer og reflektere over konsekvensar av feilhandtering av avfall → kommunisere og formidle bodskapar som er tilpassa ulike målgrupper → forstå og bruke fagterminologi i samhandling med ulike målgrupper → vurdere korleis miljø- og klimaendringar påverkar bygg- og anleggsbransjen → gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv Utval frå praktisk yrkesutøving – eleven skal kunne → gjennomføre risikotiltak ved arbeid i høgda → velje ut og bruke personleg verneutstyr og vurdere konsekvensar av feilbruk 8


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

Innleiing

→ oppbevare, berekne av og behandle materiale på ein miljøvenleg, fagleg og økonomisk måte → skildre kva for krav og forventningar samfunnet stiller til ein profesjonell yrkesutøvar, og reflektere over eigen praksis Utdanningsdirektoratet (Udir) utviklar og forvaltar ramme­ plan og læreplanar for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Læreplanane fastset innhaldet i opplæringa. Dersom du ønskjer meir informasjon om utdanninga du er i ferd med å ta, kan du finne dette på nettsidene til Udir (www.udir.no) eller www.vilbli.no.

Repetisjonsspørsmål 1. Kvifor bør de som Vg1-elevar kunne planleggje, gjennomføre, vur­ dere og dokumentere helse-, miljø- og sikkerheitstiltak? List opp ­nokre grunnar til at dette faktisk er viktig på arbeidsplassen. 2. Dei siste åra har både organisasjonar i arbeidslivet og styres­ maktene tenkt og skrive mykje om helse, miljø og sikkerheit i bygg- og anleggs­bransjen. Arbeidet er gjort systematisk innanfor alle fag. Kvifor er dette viktig å få med seg allereie på Vg1 bygg- og ­anleggsteknikk? 3. Kvifor må Vg1-elevar kunne noko også om arbeidsmiljø for ­byggog anleggsfaga?

9


DEL 1

Foto: Per Olav Berg

Arbeidsmiljø

Eit godt arbeidsmiljø er ein føresetnad for ein trygg og ­produktiv arbeidsplass. Vi legg derfor vekt på å forklare kva som krevst av styresmakter, bedrifter og arbeidstakarar for å stimulere til eit godt arbeidsmiljø. Her forklarer vi sentrale lover og omgrep, og korleis du på den framtidige arbeidsplassen din kan delta i det viktige arbeidet med å sikre og for­betre arbeidsmiljøet. 10


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Rammevilkår for deg og bedrifta Den norske arbeidslivsmodellen byggjer på eit trepartssam­arbeid mellom arbeidsgjevarsida (NHO), arbeidstakarsida (LO) og s­ taten. Dette samarbeidet har gjeve oss langsiktige avtalar som også styrkjer rettane og tryggleiken i det som skjer frå dag til dag på dei ulike arbeidsplassane. Innhaldet i avtalane er utvikla på bakgrunn av prinsippet om lik løn for likt arbeid og ut frå undersøk­ ingar og forsking frå arbeidslivet. Trepartssamarbeidet baserer seg på høg grad av tillit. Dermed kan arbeidstakarane arbeide sjølvstendig, og mykje kan løysast uformelt. Partssamarbeidet har utvikla seg gjennom mange tiår, og erfaringane som er hausta, viser at partane gjennom målretta tariffoppgjer, arbeidsmiljøtiltak og systematiske forbetringar har fått eit tryggare og sikrare arbeidsliv. Ei sterk fagopplæring er ein føresetnad for at arbeidslivs­­ modellen skal kunne motivere unge menneske. Dei fag­lærte yrkesutøvarane i framtida skal ikkje berre utøve teknisk produksjon, men også delta i utviklinga av faget. Gjennom å utøve ansvar for tryggleik og kvalitet og delta i organisering og leiing bidreg du som arbeidstakar til at faget blir styrkt og utvikla.

Hovudorganisasjonen LO er den største arbeidstakarorganisasjonen i Noreg, medan NHO er den største arbeidsgjevarorganisasjonen i landet. Både LO og NHO har medlemmer i ei rekkje ulike bransjar og næringar.

For å bli ein god fagarbeidar må du dagleg diskutere med kollegaene dine. Foto: Monkey Business Images / ­Shutterstock

Repetisjonsspørsmål 1 Korleis er arbeidsmiljøet på skulen? Kva kunne gjerast betre, og ­korleis? 2 Har du erfaringar frå andre arbeidsmiljø utanfor skulen? Er det ­skilnader? 3 Dersom du har erfaringar frå ei bygg- og anleggsbedrift: Skildre positive og negative opplevingar.

11


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Organisering av bedrifter

Det er viktig å kjenne lovverket. Foto: Mimsy Møller / Samfoto/NTB

Dei bedriftene som er ein del av det norske næringslivet, må halde seg innanfor nokre nasjonale rammevilkår. Organiseringa av arbeidet må vere tilpassa lover og reglar som gjeld eigarstruktur, arbeidskraft og arbeidsoppdrag. Det blir stilt mange krav til korleis ein skal følgje opp intensjonane i lovverket. Her er nokre døme på kva som krevst: Lov om Oppgaveregisteret skal sørgje for effektiv samordning og utnytting av oppgåveplikter som offentlege organ pålegg næringsdrivande. Offentlege styresmakter vil ha melding når du stiftar eit selskap, når du tilset arbeidstakarar, og når du startar omsetning av avgiftspliktige varer eller tenester. Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv., som har kortnamnet arbeidsmiljølova, stiller bestemte krav til arbeidsgjevaren før arbeidet startar, krav til arbeidsplassen og krav til lokale og utstyr. Det blir også stilt krav til medverknad for arbeids­­takaren. Her kjem det fram korleis ein følgjer ­lovverket når ein utfører ei rekkje konkrete arbeidsoppgåver. Krava i arbeids­miljø­lova er vidare utdjupa i forskrifter om internkontroll for eltryggleik, om brann- og eksplosjonsvern og om avgrensing av forureining.

Arbeidsmiljølova Føremålet med arbeidsmiljølova er å sikre trygge tilsetjings­ forhold og likebehandling i arbeidslivet. Lova har også som føremål å sikre eit arbeidsmiljø som gjev grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, og bidra til eit inkluderande arbeidsliv. Lova blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tilsynet med lova blir utført av Arbeidstilsynet.

Bedriftshelseteneste er ei lov­pålagd ordning for å bidra til å sikre at risiko­ utsette arbeidstakarar ikkje blir skadde gjennom det daglege arbeidet sitt.

12

For nye arbeidstakarar i bygg- og anleggsbransjen er det viktig å setje seg inn i lovverket og sjekke kva for plikter vi tek på oss når vi arbeider i desse bransjane. Men det kan vere vanskeleg å setje seg inn i slike plikter og rettar på eiga hand. Derfor er det nyttig å rådføre seg med til dømes verneombodet eller bedrifts­ helsetenesta for å forstå omfanget av lovverket.


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Første dag på jobben Julie er nyleg tilsett i bygg- og anleggsverksemda WB AS. Første dag på jobb får ho opplæring og innføring i korleis bedrifta er organi­sert. Ho får mellom anna vite kven som er den næraste leiaren hennar, og kontaktinformasjon til kven ho skal melde ifrå til om noko alvorleg skulle skje. WBas Ho får også utdelt arbeidstøy og verneutstyr. Saman med ein personalansvarleg blir det lagt ein plan for korleis ho skal lærast opp i dei arbeidsoperasjonane som krev dokumentert tryggleiksopplæring, og kva rutinar verksemda har for ulike arbeidsoppgåver. Dermed kan Julie sjølv bidra i den opplæringa ho trenger, og ho kan melde ifrå om opp­læring i arbeidsutstyr eller arbeidsoppgåver som ho allereie har gjort. Julie har allereie fått opplæring og sertifikat for varme arbeid og dokumentert tryggleiksopplæring i bruk av enkelt handverktøy. Dermed kan ho allereie den første veka setje i gang med enkelte arbeidsoppgåver ute i produksjonen. Korleis legg skulen din til rette for at du skal vere klar til å møte praktiske arbeids­ oppgåver ute i ei bedrift?

Eigarforholda i bedrifta og samarbeid med tilsette Organiseringa og eigarforholda i bedrifta er avhengige av storleik, aktivitet og arbeidsområde. Dei vanlegaste eigarstrukturane i bygg- og anleggsbransjen er enkeltpersonføretak, ansvarleg selskap, aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Dei tilsette er den viktigaste ressursen i bedrifta. Det er dei tilsette som produserer og skaper verdiar gjennom arbeidet sitt. For bedrifter er det mykje å hente på å samarbeide med dei tilsette, investere i arbeidsmiljøet og leggje til rette for kompetanseutvikling og rekruttering. Arbeidsoppdraga for bedrifter innanfor bygg og anlegg er veldig ulike. Her handlar det om ulike typar næringsverksemd og kor stort arbeidsområdet er. Når vi brukar omgrepet arbeids­område, er det viktig å hugse at det kan dreie seg om både eit konkret geografisk arbeidsområde og ei rein skildring av eit større fag­ spesifikt arbeidsområde. Ein murar kan til dømes ha eit arbeids­ område som omfattar både muring med stein og flislegging. 13


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Handverksbedrifter har ofte lokale oppdrag innanfor eit avgrensa område av ein by, ein tettstad eller eit distrikt. Dei tilsette i bedrifta har som regel lokal tilknyting og god kjennskap til aktuelle behov og forventningar til utføring og oppfølging. I slike tilfelle vil dei tilsette i bedrifta kunne bu i nærområdet. For å få nye arbeidsoppdrag må den lokale bedrifta utføre gode jobbar. Ein dårleg utført jobb øydelegg for ryktet i lokalmiljøet. Større entreprenørar har arbeidsoppdrag over store geo­ grafiske område. Bedriftene har lita eller inga lokal tilknyting, men er kanskje kjende for kompetanse gjennom eit varemerke eller produkt. I slike bedrifter vil arbeidstakarane kunne bu over heile landet og reise mykje i jobben. For å få nye arbeidsoppdrag må bedrifter utføre gode jobbar i alle delar av landet. For her kan dårleg utført jobb øydeleggje ryktet til bedrifta nasjonalt. Tverrfagleg kompetanse Både handverksbedrifter og entreprenørar har arbeidsoppdrag som krev kompetanse innanfor samansette oppgåver og spesiali­­sering på enkelte fagområde. For å oppnå høg kvalitet på oppdrag­a må ein for det første planleggje arbeidsoppdraget nøye. I slike tilfelle må ein også samarbeide med andre faggrupper som har overlappande arbeidsoppgåver på den same jobben. Mange arbeidsoppdrag har over­ lappande arbeidsoppgåver. Dette gjeld til dømes i eit våtrom, der tømraren, muraren, elektrikaren og røyrleggjaren må ­samarbeide. Foto: kuhan/Shutterstock

14


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

For å få til alt dette trengst det brei tverrfagleg kompetanse samtidig som det krevst fleksibilitet for å oppnå tilfredsstillande kvalitet på jobben. Offentlege føringar Offentlege etatar i stat og kommune gjev også føringar for arbeidet som skal utførast, gjennom regulering av tomter og arealbruk eller krav til estetikk og byggjehøgd. Vi må her også halde oss til reguleringsplanane på staden, universell utforming og sentral godkjenning innanfor ulike tiltaksklassar. Når vi ønskjer å byggje noko eller utføre visse typar arbeid, er vi ofte pliktige til å søkje dei lokale styresmaktene om løyve eller godkjenning først. Reguleringar og godkjenningar av denne typen gjer at ulike standardar og vilkår blir lagde til grunn for gjennomføringa av prosjekta. Døme på dette er at dersom vi skal byggje offentlege bygg, er det krav til universell utforming.

Universell utforming Universell utforming stiller krav til korleis produkt, tenester, konstruksjonar og infrastruktur skal utformast. Utform­inga på alle slags innretningar skal gjere bruken innlysande og enkel. Utstyr blir også gjort lett tilgjengeleg for alle, inkludert funksjonshemma. Forskrift om tekniske krav til byggverk (byggteknisk forskrift, TEK 17), kapittel 12, har føresegner om planløysing og bygningsdelar. Nye tekniske forskrifter kjem jamleg og fører til endringar som bransjen må ta inn­ over seg. Den nyaste tekniske forskrifta er TEK 20.

Repetisjonsspørsmål 1 Undersøk om det har vore ei positiv utvikling i bransjen innanfor førebygging av helseskadar og ulykker. Finn fram nokre døme og diskuter i klassen. 2 Kvifor bør Vg1-elevar vite noko om rammevilkår for bedrifter? 3 Kva stiller lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. krav om? 4 Kva kan verneombodet hjelpe nye arbeidstakarar med? 5 Kva type bedrift (stor/lita) og arbeidsoppdrag (bygg/anlegg) kunne du tenkje deg å jobbe med? 6 Kva konsekvensar vil valet ditt ha for bustad, arbeidsveg og ­arbeidstid? Diskuter spørsmålet i klassen.

15


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Organisering av arbeidsplassen

Her ser vi ein tømrar som skriv avviksmelding på mobiltelefonen. Foto: Christopher Kunøe / Byggmesteren

Organisasjonskart for verksemda

Arbeidsplassar innanfor bygg og anlegg er organiserte ulikt. Det er stor skilnad på om det er eit stort anlegg med mange yrkes­ grupper eller eit mindre byggjeoppdrag med berre nokre få handverkarar. Uansett kor mange medarbeidarar det er, eller kor stor ­jobben er, må vi tenkje gjennom korleis vi kan gjennomføre arbeidsoppgåvene mest mogleg effektivt. Dersom det ikkje er styring av eller samarbeid om oppgåver, tid og mannskap, blir det kaos. Derfor er kvar enkelt arbeidsoppgåve planlagd og sett i samanheng med heile jobben som skal leverast. For å følgje opp og koordinere arbeidsplassen brukar ein i stor grad digitale kvalitetssikringssystem som sikrar enkel registrering av sjekklister, timeregistrering, køyrebok og avvikshandtering. På større anlegg er det eigne folk som følgjer opp planar, gjennomføring og kvalitetskontroll. På dei mindre byggje­opp­ draga er det ofte handverkaren sjølv som samordnar arbeidet. Arbeidsmiljøet er ein viktig faktor for bygg- og anleggsfaga. Alt som omgjev eller påverkar arbeidsplassen, er ein del av arbeidsmiljøet. Dette handlar om arbeidskollegaer, kundar, inngåtte avtalar, fysisk innemiljø, maskiner og produkt. Adm.dir. WB AS

Sal og marknadsføring

Anlegg Avd.leiar

Bygg Avd.leiar

El og VVS Avd.leiar

Rekneskap Økonomi

Team 1 Anlegg

Team 1 Transport

Team 1 Tømmer

Team 1 Betong

Team 1 El

Team 1 VVS

Prosjektering Teikning

Team 2 Anlegg

Team 2 Transport

Team 2 Tømmer

Team 2 Betong

Team 2 El

Team 2 VVS

Team 3 Tømmer

Team 3 Betong

Team 3 El

Team 3 VVS

Team 3 Anlegg

16

Team 3 Fjellsprenging Fjellsikring


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Samordning på byggjeplassen Julie skal begynne å jobbe på eit stort byggjeprosjekt der det er mange bedrifter inne på den same arbeidsplassen. Derfor er det mykje som må samordnast mellom verksemdene. Arbeidsoppgåver som kan setje andre arbeidstakarar i fare, må kartleggjast og planleggjast slik at risikoen for skadar og uønskte hendingar er minimal. Ein dag Julie skal inn i råbygget for å jobbe, er arbeidsområdet hennar sperra av med raudt og kvitt sperre­ band. Ho har lært at dette sperre­ bandet er sett opp fordi det er farleg og dermed også forbode å krysse det. Når Julie spør den næraste leiaren sin om kva ho skal gjere, er svaret at ho gjorde heilt rett i å ikkje krysse det raude og kvite sperrebandet, og at ho får ei anna arbeidsoppgåve i ein del av bygget der det ikkje skjer farleg arbeid. Finn døme på tilfelle der det er nødvendig å sperre av eit område for å hindre at ­uvedkomande kjem inn i arbeidsområdet der dei kan bli skadde, eller at nokon uforvarande kjem inn i området.

Roller og ansvarsområde I samanheng med bygg- og anleggsprosjekt møter vi mange spesialiserte roller. Det er personar med roller som ofte har spesi­elle arbeidsoppgåver eller spesielt ansvar, og som må ­skiljast frå andre roller for å unngå rollekonfliktar. Her følgjer nokre døme på sentrale og viktige roller som alle har innverknad på arbeidsmiljøet. Byggherren Den som ønskjer å få utført eit prosjekt, blir i dei fleste samanhengar kalla tiltakshavar eller byggherre. Dersom byggherren er ei verksemd, har verksemda eit overordna ansvar for tryggleik, helse og arbeidsmiljø på eit prosjekt. Private forbrukarar er unnatekne frå det meste av dette ansvaret. 17


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Det nemnde ansvaret er fordelt gjennom ei forskrift som heiter byggherreforskrifta. Dersom byggherren sjølv ikkje har nok kompe­tanse til å ta på seg dette ansvaret, må han eller ho hente inn nødvendig kompetanse, slik at ansvaret blir teke hand om. Ofte kallar vi denne innleigde kompetansen for representanten for byggherren.

Verksemder kan til dømes vere enkeltpersonføretak (ENK), aksjeselskap (AS), allmennaksjeselskap (ASA), ansvarleg selskap (ANS) og ansvarleg selskap med delt deltakaransvar (DA). Du kan lese meir om organisasjons­ former på www.brreg.no.

Verksemda Alle verksemder i Noreg er registrerte i Føretaksregisteret (Brønnøy­­sundregistera). Der får verksemda tildelt eit organisasjonsnummer som er unikt for kvar einaste verksemd her i landet. Verksemder kan vere bedrifter, foreiningar eller enkeltpersonar. Dei fleste verksemder har ein dagleg leiar som er ansvarleg for den daglege drifta, og som dermed også har det daglege ­ansvaret for helse, miljø og sikkerheit. Dette ansvaret blir regulert av arbeidsmiljølova og dei forskriftene som høyrer til. Verneombodet Arbeidsmiljølova stiller krav til at alle verksemder med meir enn ti tilsette, eller verksemder der det blir utført arbeid med stor risiko, skal ha eige verneombod. Verneombodet skal veljast blant dei tilsette – av dei tilsette. Arbeidsgjevaren eller dagleg leiar kan ikkje vere verneombod – og skal ikkje delta i val av verneombod. Det er berre dersom dei tilsette ikkje klarer å velje verneombod, at arbeidsgjevaren kan peike ut ein tilsett til å ta rolla. I nokre næringar er det oppretta regionale verneombod for dei verksemdene som ikkje har eige verneombod. I slike verksemder har dei regionale verneomboda dei same rettane og pliktene som eit verneombod.

Her ser vi eit regionalt verneombod som helsar på eit lokalt verneombod. Dette er eit døme på at regionale verne­ombod også kan vere råd­ gjevarar i store ­bedrifter. Foto: ­Charlotte Svendsen

18


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Arbeidstakaren Arbeidstakaren utfører arbeidet og får delegert arbeidsoppgåver og ansvar til seg. Alle arbeidstakarar har medverknadsplikt til å følgje rettleiingar og instruksar ut frå det systematiske HMS-arbeidet som er gjort i verksemda. Det vil seie at dersom verksemda har gjort ei risikovurdering og funne at alle tilsette må bruke vernesko, så er du som arbeidstakar i verksemda pliktig til å bruke vernesko slik det er skildra. Du kan også bli pålagd å bidra til det systematiske HMS-arbeidet og arbeidsoppgåver som følgjer av det.

Bedriftshelsetenesta Innanfor bygg og anlegg er alle verksemder som har til­ sette, pliktige å knyte seg til ei godkjend bedriftshelse­ teneste. Bedriftshelsetenesta tilbyr rådgjeving og rettleiing i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i verksemda. Det er verksemda som betalar for denne ­tenesta. Arbeidstilsynet har ei godkjenningsordning for bedriftshelsetenester.

KP står for koordinerande prosjekter­ ande, og KU står for koordinerande utførande. Les meir om dette på side 38.

Byggherre Olsen Representant for byggherren Olsen jr. SHA-koordinator (KP) T. Furu

SHA-koordinator (KU) K.A. Melby Byggjeleiar H. Hansen Hovudbedrift Dagleg leiar: F. Andresen Prosjektleiar: L. Bruheim Verneombod: G. Kvam

Prosjekterande verksemd T.T. Arkitekt

Underleverandør Kontaktperson: H. Kläs Organisasjonskart for byggjeplassen

19


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Arbeidstilsynet Forvaltninga av lovverket og tilsyn med at verksemdene følgjer lova, blir utført av Arbeidstilsynet og Direktoratet for arbeids­til­ synet. Arbeidstilsynet kan påleggje verksemdene tiltak og endringar for å drive i tråd med regelverket. Arbeidstilsynet kan også gje verksemdene gebyr og tvangsmulkt for brot på regelverket. Dersom det skjer ei ulykke med personskade, skal verksemda melde frå til Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet vil då granske ulykka og kome med ein ulykkesrapport. Denne rapporten dannar grunnlaget for å avgjere om ulykka får konsekvensar for verksemda. Konsekvensane kan vere bøter eller fengselsstraff for både dei tilsette og arbeidsgjevaren. Det er berre Arbeidstilsynet som kan gje dispensasjon frå arbeidsmiljølova med forskrifter. Tryggleiksopplæring Arbeidsgjevaren til Julie, WB AS, er ei stor entreprenør­ verksemd som ønskjer å gå fram som eit føredøme når det gjeld HMS og opplæring. Etter eit tilsyn frå Arbeidstilsynet på ein av byggjeplassane får arbeidsgjevaren mellom anna eit pålegg om å dokumentere opplæringa av dei tilsette betre. I etterkant av tilsynet bestemmer leiinga seg for å gjennomføre bedriftsintern opplæring på mange av dei maskinene og det utstyret dei nyttar i det daglege arbeidet. Dette er ei stor investering i tryggleiken til dei tilsette og gjer at fleire kan byte på å jobbe med dei maskinene og det arbeids­ utstyret som gjev risiko. Noko av opplæringa kan ikkje gjerast bedriftsinternt. I slike tilfelle må ei få opplæring av sertifiserte opplæringsverksemder og av instruktørar som har godkjenning for dette. Døme på opplæring som krev sertifisert opplær­ ingsbedrift og instruktør, er kompetansebevis for truck, kran og masseflyttingsmaskiner. Undersøk om skulen din tilbyr noka form for dokumentert og sertifisert tryggleiksopplæring.

Repetisjonsspørsmål 1 2 3 4 5

20

Kvifor bør Vg1-elevar vite noko om roller og ansvarsområde? Kva rettar har verneombodet? Kva er ei verksemd? Kva jobbar Arbeidstilsynet med? Kva tilbyr bedriftshelsetenesta?


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Normer, standardar og tekniske forskrifter Det finst både uskrivne og formelle reglar for korleis vi skal utføre noko, og korleis vi skal oppføre oss. Dette kallar vi normer. Vi kan også bruke omgrepet kultur, eller arbeidskultur. Arbeidskulturer i bygg- og anleggsbransjen kan by på både positive og negative opplevingar. Dersom ein nytilsett ikkje klarer å innrette seg etter kulturelle normer på ein arbeidsplass, kan det oppstå samværsproblem. Årsaka kan vere merkeleg oppførsel, uvanlege reaksjonar på ting, ufin språkbruk eller å uttrykkje sterke meiningar. Slik oppførsel gjer at ein skil seg ut, og kan nokre gonger verke provoserande. Dersom vi ikkje rettar oss etter det som er normalt i arbeidsmiljøet, fører det ofte til problem i samværet med dei andre på arbeidsplassen. Det kan vere så enkelt som skikk og bruk i arbeidsmiljøet – til dømes at ein ikkje rapar under lunsjen, ikkje skrik og ropar, takkar for hjelpa, er høfleg, osv. Alle som tek del i arbeidsmiljøet, er med å prege normene og dannar grunnlag for korleis arbeidskulturen er. Innanfor bygg- og anleggsfaga vil det – som overalt i arbeidslivet – vere dei positive opplevingane som skaper trivsel på arbeidsplassen. Derfor kan vi seie at det er vi som deltakarar i arbeidslivet som formar den sosiale norma for vårt eige arbeidsmiljø: Det er naturleg å spørje seg sjølv: Korleis vil eg ha det på jobb? Omgrepet norm blir også brukt til å skildre rettleiande retningslinjer og generelle prinsipp. Normer for fagutøvinga handlar om både historiske tradisjonar og spesifikke måtar å setje saman arbeidet på. Dei mest brukte bygg- og anleggsnorm­ene er SINTEF Byggforsk-serien og SINTEF Våtromsnormen, som gjev tilrådingar og rettleier om utprøvde tekniske løysingar.

Byggforsk-serien frå SINTEF Byggforsk gjev dokumenterte løysingar og tilrådingar for prosjektering, utføring og forvaltning av bygningar. Dei kan bruk­ ast over heile landet, og dei oppfyller krava i byggteknisk forskrift (TEK).

Standardar Standardar blir utarbeidde for å sikre kvaliteten på planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av arbeidet og produkta vi produserer. Utan standardisering ville produkt, tenester og arbeidsprosessar fungert dårleg. Kva om skruar og skruebits ikkje lenger skulle passe saman? Kva skulle vi gjort dersom ulike mobiltelefonmerke ikkje kunne kommunisere? Kva kunne ha skjedd om det ikkje var krav til minimum avvik på måla under oppsetjing av vegger? 21


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Det er Standard Norge som utviklar og fastset ulike standardar i Noreg. Standardar blir utvikla i tett samarbeid med bransjen og det offentlege regelverket. I moderne tid har det også blitt vanleg å samanfatte nasjonale standardar med europeiske og internasjonale standardar. Slik sikrar vi at det kan eksporterast og importer­ ast varer som tilfredsstiller den standarden vi ønskjer.

Standard Norge Standard Norge er ein uavhengig medlemsorganisasjon som utviklar og informerer om standardar. Organisasjonen har ansvar for standardiseringsoppgåver på alle ­område unnateke elektro-, post- og telestandardisering. Han har vidare einerett på å fastsetje og gje ut Norsk Standard, og er den norske medlemmen i CEN (European Committee for Standardization) og ISO (International Organization for Standardization). Standardane som blir utvikla av Norsk Standard, blir sette i verk av interesseorganisasjonar og medlemmer i Norsk Standard, slik at utføringa av produkt og tenester blir tilnærma lik og føreseieleg. Standardar er ofte knytte til universell utforming.

Bak både normer og standardar ligg det forskrifter og lovverk som dannar ei ytre ramme rundt arbeidslivet. Bak Norsk ­Stand­ard og SINTEF Byggforsk-serien finn vi forskrifter som tek føre seg til dømes brannvern, universell utforming og ikkje minst tekniske krav til byggverk. Den sistnemnde forskrifta blir kalla teknisk forskrift og blir revidert og utvikla av Direktoratet for byggkvalitet (www.dibk.no). Tekniske forskrifter inneheld krav som blir sikra dersom vi følgjer etablerte normer og standardar.

Repetisjonsspørsmål 1 Korleis kan du forklare omgrepet norm? 2 Har nokon sett rart på deg fordi du gjorde noko utanfor «norma»? Kva gjorde du då? 3 Finn døme på normer innanfor bygg- og anleggssektoren. 4 Kan du nemne standardar som du omgjev deg med? 5 Kven utarbeider standardar i Noreg?

22


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Helse, miljø og sikkerheit Typisk HMS-tavle på ein velorganisert byggjeplass med beredskapsplan, framdriftsplan, vernerundeprotokoll, prosjektorganisasjon, HMS-plan, samordningsplan, varslingsplan ved ulykke og riggplan med tilvising til førstehjelpsutstyr. Foto: PEAB

Det vil alltid vere ein viss risiko med arbeid i bygg- og anleggsbransjen. For å redusere risikoen for farar og ulykker må bedrifter utvikle helse-, miljø- og sikkerheitssystem for arbeids­ takarane. Dei sikrar eit godt og trygt arbeidsmiljø for arbeids­ takarane. Lovverket viser til tryggings- og kvalitets­vilkår for ulike produksjonsprosessar, produkt og tenester. Tiltaka handlar om krav til lokale, verneinnretningar og tilrette­legging av arbeidet for å sikre det ytre miljøet og gje tryggleik for dei som utfører arbeidet. For at verksemda skal ha kontroll med og oversikt over det HMS-arbeidet som må gjerast, må vi systematisere arbeidet med internkontrollen. Ved å lage planar og malar i form av skjema og gjere dei tilgjengelege for fagarbeidarane blir det lettare å få oversikt over arbeidet for kvar enkelt og forstå kvifor slikt arbeid er viktig. I dagleg praktisk arbeid blir vi pålagde å følgje instruksar og prosedyrar ved sida av å utarbeide sjekklister, rapportar og skrive dokumentasjon av utførte tiltak. Fordelane med ein god internkontroll er mange. Ved systematisk å gå gjennom korleis vi arbeider, og korleis vi kan bli betre på ulike område, blir vi både tryggare og meir effektive. 23


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Internkontrollforskrifta

Denne typen utviklingsarbeid har danna grunnlaget for suksessen til dei fleste store selskapa i moderne tid. Eit godt døme er Toyota, som har danna grunnlaget for kjende ­metodar som Lean og Kaizen gjennom eit systematisk forbetrings­arbeid.

Mange verksemder er pålagde å kontrollere sitt eige HMS-arbeid gjennom internkontrollforskrifta. Det krev eit kontinuerleg forbetringsarbeid internt i verksemda og at delar av arbeidet må dokumenterast. Slik blir HMS-arbeidet i bedrifta heile tida betre samtidig som utviklinga av verksemda, både tekno­ logisk og menneskeleg, går sin gang.

Lean & Kaizen Lean Production er blitt eit omgrep. Nemninga oppstod i samband med bilproduksjonen til Toyota og blei skildra i 1988 i masteroppgåva til John Krafcik, «Triumph of the Lean Production System». Det handlar om å slanke eller trimme ned sløsing av ressursar i produksjonen for å oppnå mest mogleg effektiv produksjon. Kaizen er eit japansk ord som tyder «kontinuerleg endring til det betre». Dette har blitt eit fyndord for ein metode innanfor bedriftsutvikling der det heile tida blir gjort små endringar til det betre, altså helst i same augeblink som det blir oppdaga ei hindring eller ein feil i systemet.

Helse Omgrepet helse er allment definert som «fråvær av sjukdom». Ifølgje WHO (World Health Organisation) er helse «ein tilstand av fullstendig fysisk, mentalt og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom og lyte». I arbeidslivet brukar vi ofte omgrepet arbeidshelse om det å kunne utføre arbeid utan å bli sjuk eller skadd. I bokstav a i føremålsparagrafen i arbeidsmiljølova (§ 1-1) står det: «å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon, som gir full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger, og med en velferdsmessig standard som til enhver tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utviklingen i samfunnet».

24


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Talet på arbeidsskadedødsfall

Dødsfall i bygg- og anleggsbransjen 4,7

12 10 8 6

3,7 8

4,0

5

11 2,7

9

3,6

3,5 2,9 8 6

7

4 2 0

9

4 3

1,6

2

4

1 0

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

I samarbeid med SSB og Stami, ut­arbeider Arbeidstilsynet jamleg ­rapportar med ulike tema. I desse rapportane blir det lagt fram forsking og statistikk som kan vere nyttig for politiske avgjerder eller for verksemder som ønskjer å dra nytte av forskinga i sitt eige forbetringsarbeid. Rapportane kan ein laste ned frå nettsidene til Arbeidstilsynet, www.arbeidstilsynet. no.

Talet på arbeidsskadedødsfall Talet på arbeidsskadedødsfall per 100 000 sysselsette

Miljø Når vi snakkar om miljø i samanheng med arbeid, kan det både dreie seg om det ytre miljøet og om arbeidsmiljøet. Ytre miljø er i vår samanheng naturen og omgjevnadene rundt oss. Det er viktig at vi ikkje påverkar det ytre miljøet på ein skadeleg og negativ måte gjennom arbeidet vi utfører. Det finst lovverk som prøver å regulere dette – til dømes forureiningslova og natur­ mang­faldslova.

Forureiningslova Føremålet med forureiningslova er å verne det ytre miljøet mot forureining, men også å redusere den eksisterande forureininga. Dessutan skal ho medverke til å redusere mengda av avfall og fremje betre behandling av avfall. Lova skal vidare sikre ein forsvarleg miljøkvalitet slik at forurein­ ingar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader den evna naturen har til å produsere og til å fornye seg sjølv. Naturmangfaldslova Føremålet med naturmangfaldslova er å ta vare på naturen og det biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfaldet og dei økologiske prosessane i han ved berekraftig bruk og vern – også slik at naturen gjev grunnlag for verksemd, kultur, helse og trivsel for menneska no og i framtida. Dette arbeidet skal også danne grunnlag for samisk kultur.

Oljesøl er ei potensiell kjelde til for­ureining frå maskiner og må i størst mogleg grad førebyggjast eller i det minste fangast opp på staden. Foto: Thorfinn Bekkelund / Samfoto/NTB

25


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Når det er snakk om arbeidsmiljø, er det ofte rammefaktorane rundt oss der vi jobbar, som står i sentrum. Det dreier seg då om at vi på arbeidsplassen har nok lys og ventilasjon, og elles at vi har personalfasilitetar som toalett og matrom. Tryggleik For å unngå skadar og ulykker grip vi ofte til ord som tryggleik. At det arbeidet vi utfører er sikkert, tyder at risikoen er liten, og at vi er verna mot skadar og ulykker. I mange tilfelle kan det vere farar og ugunstige situasjonar som vi ikkje ser der og då, men som kan gje konsekvensar på lengre sikt, som eksponering for asbest, radioaktiv stråling, vibrasjonar eller farlege kjemiske stoff. Dette handlar også om tryggleik. I fellesovereinskomsten for byggfag er det eigne reglar for skifterom, vaske­rom og matrom som bedrifta/ byggherren pliktar å skaffe. Storleik og kvalitet er heilt avhengig av storleiken på byggjeprosjektet. Trivsel på jobben gjev godt arbeidsmiljø. Foto: Tom Ekeli

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale kunnskaps­ organet innanfor arbeidsmiljø og arbeidshelse i Noreg. STAMI er organisert under Arbeids- og sosialdepartementet og har som visjon at det norske arbeidslivet skal vere i stand til å førebyggje sjukdom, fremje god helse og skape verdiar gjennom å utvikle berekraftige arbeidsmiljø.

26


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

Samarbeid for tryggleik i bygg og anlegg Andre organisasjonar og verksemder ser også nytta av å jobbe for ein tryggare arbeidskvardag. Ofte er det større verksemder eller bransjeorganisasjonar innunder trepartssamarbeidet som tek initiativet. Eit døme er stiftinga Samarbeid for sikkerhet i Bygg og Anlegg https://sfsba.no, som leverer gode løysingar og ressursar som fleire kan ha nytte av. Eit døme er https://ergonomiportalen.no.

Repetisjonsspørsmål 1 Kvifor satsar ein på helse, miljø og sikkerheit i bygg- og anleggs­ bransjen? 2 Kva meiner vi med internkontroll? 3 Kva seier arbeidsmiljølova om helse? 4 Kva handlar miljøomgrepet om når det gjeld arbeidsmiljø? 5 Kva meiner vi med omgrepet tryggleik i arbeidsmiljøet?

Trepartssamarbeidet i Noreg Vi starta denne delen med å skildre den norske arbeidslivs­ modellen og eit trepartssamarbeid. I det norske arbeidslivet har det lenge vore tett samarbeid mellom interesseorganisasjonar. Føremålet med dette er eit ordna arbeidsliv som er basert på samarbeid og forhandlingar om sentrale spørsmål og problemstillingar i arbeidslivet. Ved sida av forhandlarar frå staten deltek representantar frå arbeidsgjevarorganisasjonar som NHO, KS, Virke og Spekter. På arbeidstakarsida deltek organisasjonar som LO, YS, Unio og Akademikerne. Nokre av desse organisasjonane er paraplyorganisasjonar og har mange arbeidstakarorganisasjonar innunder paraplyen sin. Eit døme på dette er LO, som er hovudorganisasjon for mellom anna Fellesforbundet, Norsk Arbeidsmandsforbund og EL & IT Forbundet. Gjennom å forhandle og samarbeide om viktige tema som tariffar, lønsoppgjer, trygdeordningar, pensjon, permitterings­ reglar og arbeidstid skaper vi eit tryggare og meir seriøst arbeidsliv. Eit balansert samarbeid – der også ulike tiltak blir 27


Arbeidsmiljø og dokumentasjon

DEL 1  Arbeidsmiljø

gjennomførte – skaper gode konkurransevilkår for verksemdene og gode arbeids- og tilsetjingsforhold for arbeidstakarane. Partane i arbeidslivet har dei seinare åra også fått eit anna område å stå saman om: kampen mot arbeidslivskriminalitet. Politi og arbeidstilsyn avdekkjer ulovlege forhold i eit så stort omfang at dei har eigne grupper som jobbar med arbeidslivs­ kriminalitet. Som elev og etter kvart lærling og fagarbeidar er det viktig at du også kjenner til dette. Denne forma for kriminalitet er kjenneteikna av bedrifter med mellom anna grove brot på arbeidsmiljølova, skatte- og avgiftskriminalitet, brot på utlend­ ings­­lova og feilaktige eller falske opplysningar og dokumenta­ sjon til offentlege styresmakter om kvalifikasjon/utdanning. Partane er einige om å arbeide for eit seriøst arbeidsliv, og her kan du som arbeidstakar også delta ved å vere vaken og melde frå om useriøse forhold.

Seriøsitetsarbeidet

Her kan du enkelt bestille og admini­ strere HMS-kort: www.hmskort.no.

28

Eit av tiltaka som har kome på grunn av ­seriøsitetsarbeidet, er krav om HMS-kort for bygg og anlegg og HMS-kort for reinhaldarar. For at ein tilsett skal kunne få HMS-kort, må vedkomande vere registrert arbeidstakar i verksemda, og verksemda må vere registrert i MVA-registeret. I tillegg er det etablert grupper som partane er representerte i, og som jobbar spesielt med tips frå arbeids­takarar. Dei kallar seg Fair Play og uropatruljer.



Arbeidsmiljø og dokumentasjon

Arbeidsmiljø og dokumentasjon Denne læreboka støttar arbeidet til eleven med kjerneelementet «førebygging av helseskadar og ulykker». Forfattarane er opptekne av at eleven gjennom opplæringa oppdagar at eit godt arbeidsmiljø krev noko av oss alle – at det å prestere, trivast og utvikle seg i arbeidslivet er avhengig av eit godt arbeidsmiljø. Bygg- og anleggsnæringa er ein risikoutsett bransje, og eit godt arbeidsmiljø krev at vi er årvakne og har den rette kunnskapen.

| Bygg- og anleggsteknikk

Innhaldet i læreboka er organisert i tre delar: I del 1, «Arbeidsmiljø», skildrar vi aktuelle rammevilkår for den norske arbeidslivsmodellen, organisering av bedrifter og arbeidsplassar og roller som verkar inn på helse, miljø og sikkerheit. I del 2, «Dokumentasjon», viser vi både lovpålagde krav til dokumentasjon, behovet for eigen dokumentasjon i bedriftene og korleis ein kan systematisere dette arbeidet. Del 3, HMS-handbok for elevar, inneheld skildringar av dei temaa som bedriftene legg vekt på ved inntak av nye medarbeidarar. Alle tema i læreboka blir avslutta med repetisjonsspørsmål og praktiske arbeidsoppgåver.

Arbeidsmiljø og dokumentasjon

Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk: → Praktisk yrkesutøving → Praktisk yrkesutøving – del 2, særløpsfaga → Arbeidsmiljø og dokumentasjon → Teikningsforståing og 3D-modellering → Nettressursen for bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk

Jonas Andersen Jorselje Simon Rostgaard

NYNORSK

Vg1 NYN FAGBOKFORLAGET

ISBN 978-82-11-03800-5

Vg1


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.