Agronomi NYN (9788211046925)

Page 1

Agronomi

Jordkultur Når vi driv god agronomi, kultiverer og forbetrar vi dyrkingsjorda.

Jordkultur

| Jordkultur

Kunnskap om eigenskapane til jorda og ytre forhold som påverkar,

Agronomi

bidrar til ein jordkultur – det å behandle dyrka jord – som sikrar god plantevekst. I tråd med dette tar boka opp grunnleggande kunnskap om jordkultur og jord som vekseplass for dei fleste aktuelle plantekulturar. Agronomi – jordkultur bidrar til å utvikle ei forståing for dei miljø- og klimautfordringane vi no står i. Måten vi arbeider med jorda på har òg mykje å seie for miljøet og samspelet i naturen. Ved å peike på forskjellar på god jordkultur mellom ulike driftsformer, f.eks. ulik bruk av husdyr- eller mineralgjødsel, gir boka deg kompetanse til å arbeide med økologisk så vel som konvensjonell drift. Målet er å basere all jordkultur og planteproduksjon på økologiske og berekraftige prinsipp. Kompetansemåla som blir dekt, er henta frå programområdet vg2 Landbruk og gartnarnæring, i tillegg til kompetansemåla for vg3 Landbruk og delar av måla i vg3 Økologisk landbruk. Agronomi – jordkultur nettressurs tilbyr ein illustrert omgrepsdatabase, ekstra oppgåver og undervisningsopplegg. Svein Skøien er utdanna ved Norges landbrukshøgskole (no NMBU) og var tilsett der som statskonsulent i jordfag. Ein periode var han òg amanuensis og informasjonsdirektør. Skøien har undervist i jordfysikk

vg2 landbruk og gartnarnæring

etablere dei første universitetskursa i økologisk landbruk. I ein kort

vg3 landbruk

periode var han òg tilsett som forskar på vassmiljøtiltak i NIBIO. Skøien

NYN

har vore landbrukssjef i Ås kommune og fylkesagronom i Østfold fylke. Sidan 2017 var han tilsett i Norsk landbruksrådgiving med ansvar for

vg2

klimatiltak i jordbruket og «Klimasmart landbruk».

vg3

BM NYN ISBN 978-82-11-04692-5

vg2

vg3

NYNORSK

og jordkultur og forska spesielt på jorderosjon. Han var med på å

Svein Skøien



Svein Skøien

Agronomi – jordkultur vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk Nynorsk


Innhald Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn.... Litt jordbrukshistorie....................................... Jord – funksjonar og definisjonar ................... Jordbruksareal i Noreg og i verda .................. Jordartar ......................................................... Organisk jord .................................................. Mineralmaterialet i jorda ................................. Jordsmonn ..................................................... Kartlegging av jord ......................................... Kan du dette? .................................................

Kapittel 2 Kva jord består av ............................... Mineralmaterialet i jorda ................................. Jordarttrekanten ............................................. Å vurdere mineraljord med hendene .............. Klassifikasjon av torv ...................................... Organisk materiale i jord................................. Jordlufta ......................................................... Jordstruktur .................................................... Kan du dette? .................................................

Kapittel 3 Vatn i jord ............................................. Vasskretsløpet ................................................ Trykkpotensialet til jordvatnet......................... Vassleiingsevne i jord ..................................... Kan du dette? .................................................

2

5 6 8 10 12 17 19 20 24 27

29 29 33 37 39 40 43 44 47

49 49 58 60 63

Kapittel 4 Jordarbeiding ....................................... Jordarbeidingsmetodar .................................. System for jordarbeiding ................................ Brukseigenskapane til jordartane ................... Jordpakking .................................................... Korleis skal vi forhindre jordpakking? ............ Kan du dette? .................................................

65 67 74 77 83 85 89

Kapittel 5 Drenering..............................................

91 Nedbør og avrenning ...................................... 91 Grøfting........................................................... 94 Planlegging av grøftefelt ................................. 99 Maskiner og utstyr for drenering .................... 103 Profilering og spyling av grøfter...................... 104 Kan du dette? ................................................. 107

Kapittel 6 Vatning .................................................. 109 Kor stort er vatningsbehovet? ........................ 110 Når skal vi vatne? ........................................... 111 Vatning av ulike vekstar .................................. 112 Vatn til vatning ................................................ 114 Kan du dette? ................................................. 117

Kapittel 7 Klimatiske faktorar .............................. 119 Temperatur og veksttid................................... 120 Andre klimafaktorar ........................................ 123 Varme i jorda................................................... 123 Kan du dette? ................................................. 129


Kapittel 8 Jordbiologi ........................................... 131

Kapittel 13 Gjødslingsplanlegging ........................ 217

Dei biologiske prosessane i jorda................... 131 Beskriving av organismar i jord ...................... 134 Kan du dette? ................................................. 141

Krav til gjødslingsplanen ................................ 218 Uttak av jordprøver frå dyrka mark................. 220 Jordanalysar ................................................... 223 Planlegging av nitrogengjødsling ................... 226 Husdyrgjødsel i gjødslingsplanen................... 229 Økonomiske forhold ....................................... 231 Kan du dette? ................................................. 233

Kapittel 9 Plantenæringsstoff og jordkjemi........ 143 Dei minste partiklane i jorda ........................... 144 pH-verdien i jord ............................................. 146 Plantenæringsstoffa ....................................... 148 Tilgjengelegheita til næringsstoffa .................. 164 Kan du dette? ................................................. 167

Kapittel 10 Organisk gjødsel ................................. 169 Husdyrgjødsel................................................. 169 Lagringsmåtar for husdyrgjødsel .................... 172 Spreiing av husdyrgjødsel .............................. 174 Gjødselverknad .............................................. 176 Forureining frå husdyrgjødsel ......................... 177 Andre gjødselslag og jordforbetringsmiddel .. 180 Kan du dette? ................................................. 187

Kapittel 11 Mineralgjødsel ..................................... 189 Litt om fabrikasjonen og gjødseltypar ............ 189 Mikronæringsstoff .......................................... 196 Verknader på kalktilstanden i jorda ................ 199 Om responsen på gjødslinga ......................... 201 Kan du dette? ................................................. 203

Kapittel 12 Kalking.................................................. 205 Verknader av kalking ...................................... 205 Forsuringsprosessar ....................................... 207 Bufferevna i jorda ........................................... 209 Kalkverdi ......................................................... 210 Dei viktigaste kalkslaga .................................. 211 Spreiing av kalk .............................................. 213 Kan du dette? ................................................. 215

Kapittel 14 Jorderosjon, jordhelse og berekraft .. 235 Jorderosjon..................................................... 236 Meir om vinderosjon ....................................... 244 Tiltak mot vinderosjon .................................... 246 Jordhelse og berekraft ................................... 248 FNs berekraftsmål .......................................... 249 Berekraftig utvikling ........................................ 252 Økonomiske forhold ....................................... 254 Sosiale forhold og livsstil ................................ 256 Miljømessige forhold ...................................... 258 Økologisk mat ................................................ 260 Emballasje ...................................................... 264 Berekraft i eit tidsperspektiv........................... 266 Kan du dette? ................................................. 267

Kapittel 15 Ugras .................................................... 269 Biologiske grupper av ugras........................... 272 Ugras og driftsmåtar ...................................... 274 Førebyggande tiltak mot ugras ...................... 277 God plantekultur ............................................. 278 Kjemiske middel mot ugras ............................ 282 Kan du dette? ................................................. 283

Stikkord ................................................ 284 Biletliste ................................................ 290

3



Kapittel 1

Jordkultur, jordartar og jordsmonn Ordet «jord» har mange betydningar. Vi snakkar om dyrka jord når vi driv med agronomi eller kultiverer jorda under landbruksdrifta vår. Men vi brukar det same ordet om Jorda, planeten vi bur på. Ordet blir også brukt i så snever meining som blomejord frå eit hagesenter. Vi menneske har gjennom historia vore sterkt knytte til jorda og til jordbruket sidan det blei utvikla i Midtausten over 10 000 år tilbake i tid. Jord har sidan då vore ein viktig ressurs for oss. I Bibelen kan vi dessutan lese at det første mennesket, Adam, blei skapt av støv frå jorda.

Svedjebruk eller svibruk blir rekna som den eldste forma for jordbruk. Her ser vi ei gruppe finske kvinner i ferd med å tenne på den tidlegare skogbotnen etter at ryddinga av røtene er unnagjord. Sidan blei marka gjord om til åkerland. Fotoet er frå 1893 og tatt i Eno i Finland.

5


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Litt jordbrukshistorie

Slik ligg i dag Göbekli Tepe, der verdas eldste funn av korndyrking blei gjort. Det var i områda rundt tempelet det blei dyrka korn, og det er sannsynleg at ein del av tempelverksemda var knytt til den nye korndyrkingskulturen. Arkeologen Klaus Schmidt, som fann Göbekli Tepe, meinte det kunne vere så mange som 150 slike anlegg i det vidstrekte landskapet omkring. Men vidare utgraving står att.

6

I 1994 blei det gjort eit overraskande funn ved Göbekli Tepe heilt sør i Tyrkia. Funnstaden ligg i Anatolia ved byen Urfa nær grensa til Syria. Her fann arkeologane eit tempelbygg – like imponerande som Stonehenge – der dei også gjorde dei til no eldste funna av korndyrking, heile 11 600 år gamle. Inntil då var svedjebruket rekna som den eldste forma for jordbruk med funn tilbake til 8000 f.Kr., medan elvekulturane ved Eufrat og Tigris – der sumerarane var blant dei første – starta med korndyrking for 8000–9000 år sidan. Svedjebruket er nok likevel eldre enn antatt, og den dag i dag blir svedjeteknikken brukt av fleire hundre millionar bønder verda over, hovudsakleg i tropisk regnskog. Svedjebruket kan definerast som dyrking av matvekstar på nybrende vegetasjonsområde i skog, i færre år enn den tidsperioden dei same områda blir overlatne til naturleg gjenvekst. Metoden blir altså kjenneteikna av at jorda blir dyrka i færre år enn ho ligg brakk.


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Steindysene blei ein del av det danske kulturlandskapet samtidig som jordbruket heldt inntog. Faktisk skal det ha vore heile 20 000 av desse steinmonumenta! Porskjær stendysse, som her blir besøkt av ei gruppe interesserte, ligg i Mols på Jylland og er Danmarks største runddys, det vil seie at ho er plassert inne i ein steinsirkel. Omkring ligg det bakkete jordbrukslandskapet, antakeleg ikkje så veldig ulikt det som fanst då den nye jordbrukskulturen starta her for over 6000 år sidan.

Jordbrukskulturen etablerte seg som nemnt etter kvart i områda rundt elvane Eufrat og Tigris – der landa Irak og Syria ligg i dag. Nordover til Europa kom agrarkulturen allereie 6000–7000 f. Kr. og først til dei austlege slaviske delane av det som i dag er Bulgaria, Romania og Ukraina. Så gjekk det nokre tusen år før jordbruket kom til våre breiddegrader. I Skandinavia var Danmark først ute då jordbruket blei introdusert der i det som arkeologane kallar steindyssetida, ein overgang der steinmonument blei reiste som sentrum for omkringliggande jordbrukssamfunn, frå minst 4200 år f.Kr. Også dei gunstigaste områda i Skåne blei kultiverte, og på enkelte gunstige stader i Noreg blei det dyrka bygg og havre. I område rundt Oslofjorden har arkeologane datert spor av eit jordbrukssamfunn og pollen frå bygg og kveite til 3900 f.Kr. Den djupaste og rikaste matjorda blei likevel først skapt langt seinare – i løpet av mellomalderen. Det kan ta 1000 år å bygge opp ei fruktbar matjord om vi ikkje kan dyrke på marine avsetningar. «Byane» i mellomalderen (ordet for gard var «bø» eller «by») var sentrerte rundt enkle gardshus i gardssamfunn der matjord blei bygd opp i vekselspel med dyra som gjødsla jorda. Dyra heldt jo elles til vegg i vegg med menneska og baud på så vel varme som trekkraft utanom leveransar av mjølk og kjøtt. I regelen var desse småsamfunna knytte til ei kyrkje med lange arbeidsdagar, seks dagar i veka, der bønn og arbeid gjekk hand i hand under parolen «ora et labora» – be og arbeid. Berre søndagen var fridag og blei mellom anna brukt til eit kyrkjebesøk. Omkring trona store skogar, rett nok ikkje i Noreg som tidvis var avskoga på grunn av tømmereksport til England og Holland. Men i Tyskland, Frankrike og i mange andre land i Europa var det slik. Matjordlaget blei bygd opp, og mellomalderkulturen var såleis først og fremst ein jordbrukskultur, basert på jordkultur og bønn. 7


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Jord – funksjonar og definisjonar I denne boka tar vi for oss jord som blir brukt til plantedyrking og jordbruk, det vil seie jord som veksemedium for planter i jord- og hagebruk. Men jord er også ein del av eit større økosystem og naturen omkring oss. Blant dei viktigaste funksjonane jord har, vil vi her framheve desse: → Jord er vekseplass for planter og gir feste for planterøtene. Men om jorda er kompakt – som vist på figuren nedanfor – har røtene vanskeleg for å utvikle seg.

Vekseplass for planterøter. Når vi betraktar ein åker, ein skog eller annan vegetasjon, kan vi førestille

Matjordlag

oss at det også finst ein omtrent like stor plantemasse i form av røter under bakken. Røtene forankrar planta og hentar vatn og næring frå jorda. Men som vi ser på teikninga, blir kornplanter utvikla dårlegare

Kompakt undergrunn

Oppsprokken undergrunn

både over og under bakken når undergrunnen er for kompakt.

→ Jord lagrar vatn og utgjer ein viktig del i kretsløpet til vatnet som renn gjennom jorda idet nedbør trenger inn. Store mengder vatn kan lagrast i jorda. Dette er med på å halde tilbake vatn og redusere flaumfare, men ikkje minst er denne vasslagringa viktig for planteveksten. I mange område er jordbruket heilt avhengig av at plantene kan hente vatn frå lageret i jorda i tørre periodar av vekstsesongen.

8


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Det kan vere livsviktig å kjenne til jordas fysiske eigenskapar for å sikre stabil byggegrunn. Gjerdrum-raset 29. desember 2020 viste oss eigenskapane til kvikkleira på sjokkerande vis. Ti menneske omkom. Fotoet her er tatt 2. januar 2021.

Karbondioksid

Fotosyntesen i grøne planter produserer enorme mengder organisk materiale kvart år. Dette materialet er grunnlaget for heile næringskjeda frå

→ I jord blir døde dyr og planter brotne ned og resirkulerte. Organisk materiale går gjennom eit kretsløp. Planter og andre organismar døyr og blir brotne ned. I jord lever det organismar som er spesialiserte nedbrytarar av ulike typar organisk materiale. I jorda blir næringsstoff i organisk materiale frigjorde til ny plantevekst. Ikkje alt det organiske materialet blir brote ned, men det blir lagra i jorda. → Jorda er levestad for eit mangfald av organismar sidan ho har talrike nisjar der ulike organismar kan leve. I vassfylte holrom i jorda finst det røter og organisk materiale som er som eit matfat for mange typar bakteriar, soppar og dyr. I jorda er organismane også beskytta mot sollys, tørke og store temperaturforskjellar. → Jord blir brukt som byggegrunn og til byggemateriale. Mange av bygningane, vegane, jernbanane og flyplassane våre ligg på jord. Dette kan skape problem. Jord er ikkje ein stabil masse. Grunnen kan sige, og det kan gå ras. Vi må derfor kjenne til dei fysiske eigenskapane til jorda for å sikre stabil byggegrunn.

planteetarar til rovdyr.

9


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Definisjonar og omgrep Som vi har sett, har ordet «jord» mange betydningar. Vi bør derfor prøve å vere mest mogleg presise ettersom omgrepet I jordkartlegging blir omgrepet «jordtype» definert som ein kombinasjon av jordart, jordsmonn, jorddjupn og fleire andre eigenskapar som har noko å seie for praktisk bruk av jord.

→ «jord» eller «lausmassar» her blir brukt om alle lause avsetningar over fjellgrunnen → «jordart» karakteriserer ei bestemd geologisk avsetning av lausmassar → «jordsmonn» blir brukt om den øvste delen av eit jordprofil som er påverka av planterøter, anna liv i jorda og omdanna organisk materiale Vi kan definere matjord som det øvste jordlaget i dyrka jord som er påverka av jordkultur gjennom mange år. Det inneheld meir organisk materiale og plantenæringsstoff og har ein annan farge og struktur enn jordlaga under.

Vegetasjon

Jordsmonn

Undergrunn opphavsmateriale Fjell

Matjord Plogsole Jordsmonn

Undergrunn opphavsmateriale

Fjell

Skjematisk framstilling av jordprofil. Til venstre ser du jordprofilet på

Jordbruksareal i Noreg og i verda

naturleg skogmark, medan høgreteikninga viser åkerjord som er påverka av jordarbeiding og dyrking.

10

Folketalet i verda aukar, og det er behov for meir mat, fôr og fiber. Dette betyr at vi må sørge for å få større avlingar, meir jordbruksareal og mindre svinn i form av øydelagde avlingar. Auka forbruk av kjøtt, egg og andre husdyrprodukt betyr også at vi treng stadig større areal til fôrvekstar og beite. Samtidig fører velstandsutviklinga og ulike ønske om utbygging til sterk konkurranse med landbruket om bruken av areala.


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Søknader om utviding av jordarealet ved nydyrking skal sendast kommunen og behandlast der.

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Jordbruksarealet i verda på 4,8 milliardar hektar (ha) utgjer 36 prosent av landarealet i verda. Ifølge FN-organisasjonen for ernæring og landbruk (FAO) er 1,6 milliardar av dette åkerjord, medan resten er eng og beite. Statistikken seier også at 33 prosent av jordbruksarealet er degradert, det vil seie at den opphavlege jordkvaliteten er redusert på grunn av erosjon, tap av organisk materiale, saltopphoping og uttørking. Oppdyrkinga av nytt jordbruksareal vil gå ut over verdifulle skogareal og andre naturlege biotopar og føre til nye miljøproblem. Matproduksjonen i verda bør derfor først og fremst aukast gjennom betre gjødsling, vatning og plantevern.

Jordbruksarealet i Noreg Sjølv om mange gardar legg ned drifta kvart år, har det totale jordOmdisponering betyr å bruke område bruksarealet i Noreg halde seg på omtrent same storleik. Bøndene med dyrka jord til noko anna enn leiger jorda på gardar der eigaren har slutta å drive. Ifølge Statislandbruk, for eksempel veg og tisk sentralbyrå er no 47 prosent av jordbruksarealet leigejord. bustad. Figuren viser tillaten omdisJordbruksarealet i Noreg er ca. 10 millionar dekar (daa). Dette ponering av dyrka og dyrkbar jord til utgjer 3,5 prosent av landarealet. Det betyr at vi har 2,3 daa dyrka andre formål mellom 2000 og 2021. jord per innbyggar. I internasjonal samanlikning er dette lite, og vi Dersom vi samanliknar nydyrking med er heller ikkje sjølvforsynte med jordbruksprodukt. omdisponering, har jordbruksareal i Kartleggingar viser også at vi har ca. 12 millionar daa udyrka drift vore nokså stabilt sidan 1970. jord. Men denne jorda ligg ofte i område med kaldare klima og Det er framleis ca. 10 millionar da, med ugunstige terrengforhold. Omtrent 30 prosent av dette men kvart år blir det færre jordbruksarealet er også myr som vi helst ikkje skal dyrke opp. Det finst bruksbedrifter, og berre sidan 1970 derfor kanskje 4–5 millionar daa jord som det kan vere realistisk har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta. å dyrke opp. Nydyrking må også vegast opp mot verdiane av skog og naturområde. Det blir stadig færre aktive bønder, Dekar men jordbruksarealet blir likevel drive 11 000 10 000 vidare ved at andre bønder leiger 9000 jorda eller eventuelt kjøper ho. I 2021 8000 var nydyrka areal vel 18 000 daa, 7000 som var ein liten nedgang frå året før. 6000 Kvart år blir ein del jordbruksareal 5000 også omdisponert til andre formål, 4000 3000 som for eksempel bustadbygging, 2000 nye vegar og næringsbygg. I 2021 1000 blei 3104 daa tatt ut, i 2020 var talet 0 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 År nær 5000 daa, medan det i 2009, Omdisponering av dyrka jord som figurane nedanfor viser, gjekk ut nær 10 000 daa jord. 11


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Jordartar Vi kan klassifisere jordartar etter den geologiske danningsmåten. Denne delen av geologifaget kallar vi kvartærgeologi.

2

3

1

6 5 4

Ulike jordartar i eit dalterreng: 1 berggrunn, 2 forvitringsjord, 3 skredjord, 4 morenejord, 5 sedimentær jord og 6 myrjord. Etter Jul Låg

Morenejord inneheld alt frå blokker til leirpartiklar og er den aller vanlegaste jorda i skogsområda våre. Her ved Ringsakerfjellet finn vi eit tjukt morenedekke.

12


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Morenejord Morenejord er danna av isbreane. Det meste av morenejorda blei til under siste istid. Ein isbre sig som ein seig masse. På grunn av trykk og sliping mot underlaget riv han laus og knuser delar av berggrunnen, og han fraktar med seg lausmassar. Den jorda som breane legg frå seg, blir kalla morene eller morenejord. Jord som er flytta av breen og lagd igjen på undersida av isen, dekker store område. Morenejord er vanlegast i skogsområda våre. Morenejorda inneheld alle kornstorleikar, frå store blokker til leirpartiklar. Vi seier at ho er lite sortert. Mengdeforholdet mellom ulike kornstorleikar heng saman med kva slags bergartar som morenejorda er danna av. Kalkhaldig skifer gir høgare leirinnhald i morenejorda enn om jorda er danna av gneis eller granitt. Morenejorda i Noreg består hovudsakleg av relativt grovkorna materiale. Oftast er leirinnhaldet mindre enn 10 prosent, men morene frå kambrosilur-områda kan likevel ha litt meir leire. Grusinnhaldet er mellom 20 og 40 prosent. Blokker og stein utgjer frå 30 til 70 prosent av morenemassane.

Breelvavsetningar Då den siste innlandsisen smelta for om lag 10 000 år sidan, trengde store mengder vatn seg fram og tok med seg jordmassar. Breelvar hadde mange stader løpet sitt langs iskanten eller under isen. Der smeltevatn gjekk over frå å renne raskt til å strøyme saktare, blei mykje av det grovaste materialet som breelva hadde grave med seg, liggande igjen.

Marin hav- og fjordavsetning dannar vidstrekte jordbruksområde. Fotoet er frå Ås (Akershus).

13


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Breelvavsetningane inneheld derfor mykje stein, grus og sand. Dei finaste partiklane, silt og leire, følgde for det meste med vatnet vidare, ofte ut i ein innsjø eller i havet. Vi kan dermed skilje ei breelvavsetning frå morenejord ut frå desse kjenneteikna: → Breelvavsetninga er lagdelt, med nokre sandlag og nokre grus- og steinlag. → Ho inneheld mindre silt enn morenejord, og ho er fri for leire. → Steinane i breelvavsetninga er rundare enn i morenejorda. Teikninga nedanfor viser korleis breelvavsetningar blei avsette. Der ser du også korleis hav- og israndavsetningar (marine avsetningar) blei danna. Breelv munnar ut Ishavet står ca. 215 m over noverande havnivå

Ishavsleire

Isfjell

Ishavsleire

Breelvmateriale

Morenemateriale Figuren viser korleis jord blei avsett

Linser med jord og stein ved botnen av breen

i havet i Oslofjord-området ved slutten av istida. Havet stod den gongen

Bresjø- og elveavsetningar

215 meter over det noverande hav-

Bresjøavsetningar er jord som blei avsett på botnen av innsjøar. Nokre stader blei dei danna mellom dalsida og isbreen som stengde for avløp for vatnet. Bresjøavsetningar er som regel prega av den kornstorleiken vi kallar silt, og er sjeldnare enn breelvavsetningar og morenejord. På elvesletter har vanlegvis elva lagt igjen masse i flaumperiodar, først og fremst sand. Elveavsetningane skil seg frå breelvavsetningar på tre måtar:

nivået. Avsetningane er avsette i to rekker: ei morenerekke ganske nær land og ei lenger ute.

→ Elvesanden har mindre stein og grus og meir fin sand og silt. → Vi kan finne organisk stoff nede i elvesanden, noko som kjem av at elva har lagt avsetningar over vegetasjon. → Elvesanden ligg lågt i terrenget der det i dag ofte er ei elv. 14


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Hav- og fjordavsetningar

Kulturlandskapet på Steinssletta i Hole kommune har den beste jorda i landet med årlege kornavlingar på over 800 kilo per daa. Her la det seg i si tid mektige hav- og fjordavsetningar, noko som gjorde at storbonden Sigurd Syr kunne smykke seg med kongetittel allereie for 1000 år sidan. Olav den heilage voks også opp i

Leire er ein dominerande jordart over store jordbruksområde på Austlandet og i Trøndelag. Det er særleg hav- og fjordavsetningane som har høgt innhald av leire. Siltinnhaldet er også høgt. Desse sedimenta er felte ut i stilleståande vatn på botnen av ope hav eller fjordar. På grunn av landhevinga finn vi no desse jordartane høgt over dagens havnivå, men berre under den marine grensa. Vi kan skilje mellom ishavsleire og fjordleire. Ishavsleire er homogen eller grovt lagdelt leirjord med mørke, gråblå fargar. På grunn av varierande avsetningsforhold kan det også finnast lag med fin sand. I leira kan vi også finne steinar og blokker som falt ned frå isfjella som flaut i havet. Der leira blei avsett tett inntil iskanten, kan det også finnast tynne lag eller små pakkar med breelvmateriale i leira. Fjordleire er som regel siltrik med svakt blå eller lysebrun farge. Ho er ofte lagdelt, og i tørr tilstand kan laga lett brytast frå kvarandre. Det kan også vere tynne sandlag i leira.

desse traktene.

15


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Forvitringsjord I forvitringsjord finst brotstykke av den same bergarten som fjellgrunnen under består av. Materialet er svært ueinsarta i storleik og form. Overgangen frå lausmateriale til fast fjell er uskarp, sidan forvitringsprosessen nedover aldri stoppar opp. Forvitringsjord finn vi framfor alt i område med berggrunn av skifer. Leirskifer og fyllitt forvitrar forholdsvis lett. Enkelte eruptive bergartar kan også forvitre raskt. Finkorna kvartsittar, sparagmittar og dei fleste silisiumrike grunnfjellsbergartane og mange yngre eruptivmassar forvitrar svært langsamt.

Skredjord

Her er det skredjord som har danna undergrunnen for desse vakre hallande åkrane i Ullensvang.

16

Langs bratte dalsider og i fjordområde er skredjord viktig for jordbruket og blir først og fremst brukt til beite eller til frukt og bær. Ur er den dominerande skredjordtypen, og inneheld blokker og stein, men også finare materiale.


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Skred skjer også der det er leire i grunnen, ikkje minst kvikkleire. På biletet nedanfor har det gått eit leirras. Truleg er det fordi bekken har grave seg inn i kantane og gjort skråninga ustabil.

Leirras frå Ingedal i Østfold

Organisk jord Organisk jord er danna ved opphoping av meir eller mindre omsett organisk materiale. Nemninga «organisk jord» krev at innhaldet av organisk materiale må vere høgare enn 40 prosent i ein tjukkleik på minst 30 cm på udyrka mark og minst 20 cm på dyrka mark. I tillegg til torvjord reknar vi også skjelsand som organisk jord. Myrjord består av torv eller torvmark. Myrar oppstår på ulike måtar, og torva har oppstått frå ulike plantesamfunn. I Artsdatabanken er det registrert 17 ulike former for myr. Men vi kan grovinndele myrar etter korleis dei er danna og ligg i terrenget: → Jordvassmyrar (minerogene myrar) får næring gjennom tilsig frå grunn- eller overflatevatn. → Regnvassmyrar (ombrogene myrar) får ikkje næring og er nærings- og artsfattige. 17


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Jordvassmyrane blir igjen delte inn i rike myrar og fattige myrar. Fattige myrar har gjerne rikeleg med gras i tillegg til mose og lyng, medan rike myrar har variert vegetasjon med fleire artar.

0–2500 år før notid

Myr - og skogutvikling: KLIMA Kjølig og fuktig 1600-1800 E.Kr. Den vesle istida.

2500-5000

Kjøligare enn atlantisk tid.. Kortvarig kald periode. 5000-8000

Varm og fuktig periode med milde vintrar. 8000-9000

Varmt og tørt.

Mosetorv Grastorv

9000-10000

Gytje Sand Stubbar

Varmt og tørt i siste halvdel.

Grunnt tjern

Havnivå Strandvoll på israndrygg

Israndrygg med blokker, grus og sand i overflata

Myrane har utvikla seg gjennom fleire hundre år eller tusen år. Figuren viser ulike stadium i gjengroing frå tjern til skogkledd myr. Kjelde: Rolf Sørensen, Kvartærgeologi, Landbruksforlaget

18

Breen var i nærleiken i første halvdel.


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Mineralmaterialet i jorda

Opphavsmaterialet har

Jord består mellom anna av mineralpartiklar frå berggrunnen, men også av oksid som oppstår gjennom forvitring og omdanning av den opphavlege berggrunnen. Jorda er såleis påverka av dei bergartane og minerala ho er danna av. Minerala blir utsette for fysisk og kjemisk forvitring i jorda. Kor raskt minerala forvitrar, heng saman med korleis dei er bygde opp, og kor store partiklane er. Temperaturen, fukta og oksygeninnhaldet i jorda spelar også inn. Minerala som forvitrar raskt, vil forsvinne først, medan mineral som er tyngre å bryte ned, blir verande i jorda. Opphavsmaterialet til lausmassane har noko å seie for mellom anna surgrada og innhaldet av plantenæringsstoff i jorda. Tabellen nedanfor viser ulike bergartar grupperte etter motstandsevne mot forvitring.

noko å seie både for kornstorleiksfordeling,

Forvitringsgrad

Bergart

spesielt i morenejord, og for dei kjemiske eigenskapane

1

Forvitrar svært lett

Kalkstein

til jorda. Geologiske

2

Forvitrar lett

Grønstein, grønstein-, leir- og leirglimmerskifer (fyllitt)

3

Normal forvitringsfart

Granitt og gneis, glimmerrik glimmerskifer

4

Låg forvitringsfart

Porfyr, finkorna gneis, glimmerfattig glimmerskifer

5

Svært låg forvitringsfart

Kvartsitt, sparagmitt og andre næringsfattige sandsteinar

kart kan gi informasjon om bergartsmateriale i morenejord.

Såkalla raukar, som her på Gotland, er søyler som står igjen etter at kalkstein har forvitra.

19


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Jordsmonn Jordartane blei først danna av geologiske prosessar. Seinare blei dyrkingsjorda og eigenskapane til jorda endra som følge av at mennesket begynte med jordkultur og dyrehald, som vi såg på i starten av kapittelet. Lausmassane, eller jordartane, blir slik utsette for dei såkalla jordsmonndannande prosessane. Med tida vil jord der desse prosessane skjer, endre seg slik at vi tydeleg kan sjå forskjell på jordsmonn og opphavlege lausmassar. I tynne avsetningar vil jordsmonnet gå heilt ned til fjellgrunnen, men i tjukkare lausmassar finn vi kanskje skiljet mellom jordsmonn og upåverka jord i om lag ein meters djupn. Når vi grev eit jordprofil, er det fargen og strukturen vi lettast oppdagar som forskjell på jordsmonn og upåverka jord.

Klima (Makroklima)

Organismar

Mineralmateriale

Teikninga viser faktorane som påverkar danninga av jordsmonn. På overflata er makroklimaet den viktigaste faktoren i samspel med topografien. Nedover er det eit samspel med jordorganismane

Topografi

og mineralmaterialet. Med tida forvitrar mineral frå berggrunnen og gir tilskot

Tid

av næring.

I eit slikt jordprofil i dyrka jord ser vi også eit klart skilje mellom matjordlaget og undergrunnsjorda. Gjødsling, kalking og jordarbeiding gjennom mange år skapar eit slikt skilje. Matjordlaget er svært viktig. Det er her planterøtene først utviklar seg og får dekt ein stor del av behovet sitt for vatn, luft og næringsstoff. 20


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Med grøfting og djup jordarbeiding kan vi også påverke jordsmonnet i djupare lag. Jordsmonnet går som regel mykje djupare enn pløyelaget eller det jordlaget som normalt blir arbeidd. Teikninga viser at planterøtene kan trenge djupt ned i jordlaget under matjorda. Her kan dei hente mykje vatn og næring. Jordsmonnet skil seg frå dei opphavlege lausmassane ved at → → → →

jordstrukturen forandrar seg det inneheld planterestar og andre organiske stoff mineralpartiklar forvitrar raskare løyste og oppslamma stoff blir transporterte med vatn som flyttar seg i jorda, og planterøtene tar opp næringsstoff → jorda blir blanda ved hjelp av meitemark og andre dyr nede i jorda I jordkartlegginga bruker ein eit internasjonalt system for å klassifisere typar av jordsmonn. På jordsmonnskart blir dette angitt som WRB-grupper. WRB står for World Reference Base for Soil Resources. Dei mest utbreidde typane av jordsmonn på dyrka mark i Noreg kan du lese meir om på dei neste sidene.

0 cm

25 cm

50 cm

Rotsystemet dannar ein vev gjennom jorda. Teikninga viser ein kløverplante både over og under jordoverflata.

75 cm

Dei finaste rottrådane rekk ein meter nedover.

21


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Jordsmonn av typen stagnasol. På grunn av dårleg evne til å leie vatn kan det gi dreneringsproblem.

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Jordsmonn dominert av marin leire Stagnosol er jordsmonn på mineraljord med dreneringsproblem på grunn av dårleg evne til å leie vatn. Stagnosol førekjem oftast på marin leire, men finst også på morenejord. Vi finn dei største områda med marin leire på Austlandet og i Trøndelag. På Austlandet er 62 prosent av jordbruksarealet klassifisert som stagnosol, og i Trøndelag 25 prosent. Til saman består nesten 30 prosent av jordbruksarealet i landet av denne typen jordsmonn. Han finst elles i alle landsdelar.

Dette fotoet viser eit jordsmonn av

Jordsmonn på morenejord

typen cambisol. Jordstrukturen gir

Cambisol er sjølvdrenert mineraljord med strukturutvikling under eit matjordlag som inneheld mindre enn 6 prosent organisk materiale. Jordstrukturen gir jorda god evne til å leie vatn og luft. Innhald av silt og leire gjer at jorda er tørkesterk. Cambisol er vanlegast på morenejord. Dette er den dominerande jordsmonntypen i Innlandet med 43 prosent av arealet. Vestlandet og Trøndelag har også mykje av dette jordsmonnet med høvesvis 20 og 18 prosent.

jorda god evne til å leie vatn og luft.

Grunnvasspåverka jordsmonn Gleysol er grunnvasspåverka mineraljord. Jordstrukturen er lite utvikla. Gleysol kan dannast på alle jordartar, og teksturen kan vere alt frå sand til leire. Jordsmonntypen finst på sletter og i fordjupingar der grunnvatnet i periodar når heilt opp til matjordlaget. Gleysol finst på 8 prosent av jordbruksarealet i landet. 22


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Jordsmonn dominert av sand Arenosol er sjølvdrenert mineraljord som består av sand ned til ein meters djupn. Innhaldet av organisk materiale i matjordlaget er mindre enn 6 prosent. Dette jordsmonnet finn vi på område med strand- og elveavsetningar eller på vindavsetningar med djupe lag av sand. Arenosol utgjer 4 prosent av den dyrka marka i landet. Denne typen jordsmonn er mest utbreidd i Nord-Noreg, der mykje av jordbruksarealet ligg på elveavsetningar og strandavsetningar.

Jordsmonn av typen gleysol. I botnen er det vassmetta jord som periodevis blir vassmetta av grunnvatnet.

Dette strandfotoet er frå Smøla. Opp frå stranda ser du gammal jordbruksmark på sandjord, som er eit jordsmonn som også kan klassifiserast som arenosol.

Jordsmonn dominert av myr Histosol er organisk jord med ein tjukkleik på minst 40 cm. På landsbasis utgjer histosol 8 prosent av jordbruksarealet. Vestlandet og NordNoreg har den største delen.

Dette fotoet viser eit jordsmonn av typen histosol. Her ligg torva over mineraljorda, eller jordsmonnet består av torv.

23


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Podsol Podsol er næringsfattig mineraljord med lågt leirinnhald. Eit typisk kjenneteikn er bleikjordsjiktet som har oppstått ved at organisk materiale og forbindelsar av jern og aluminium er blitt vaska ut frå det øvste jordsjiktet som dermed har fått ein lys farge. Stoffa er blitt avsette i jordsjiktet under, som har fått ein raudbrun eller svart farge. Opphavsmaterialet for denne jorda er surt og næringsfattig. Podsol er ein vanleg jordsmonntype i skogsjord. Av jordbruksarealet er 5 prosent klassifisert som podsol.

Brunjord Nemninga «brunjord» er også vanleg å bruke etter eit eldre system for klassifisering. I WRB-systemet svarar dette til cambisol. Brunjord finst i varmare strøk der nedbrytinga går raskt, spesielt om berggrunnen er mineralrik. Jorda er homogen og lett som følge av stor biologisk aktivitet av mark og andre organismar. Dette gir eit godt grunnlag for plantevekst, og artsrikdommen blir stor. I Noreg finst brunjord først og fremst i sørvende og lågareliggande terreng sør i landet, og gjerne i lauvskog. I kartet og tabellen på dei neste sidene er jordsmonn klassifiserte etter det internasjonale systemet World Reference Base for Soil Resources, forkorta WRB. Nedst i tabellen er det ført opp tre jordsmonntypar, anthrosol, planert jord og dyrka fylling / påfylt jord, der menneskeleg påverking er avgjerande.

Kartlegging av jord Det finst mykje nyttig informasjon om den dyrka jorda i Noreg. Jordkartlegging har gått føre seg sidan 1980. Dette er eit mødesamt arbeid der kartleggarane må gå over kvart jorde. Eigenskapane til jorda blir undersøkte med jordbor ned til ein meters djupn, eller ned til fast fjell dersom det er grunnare enn ein meter. I sjikta i heile jorddjupna blir innhaldet av sand, silt og leire, innhaldet av organisk materiale og innhaldet av grus, stein og blokk fastsett, i tillegg til jorddjupn, jordsmonnutvikling og den naturlege dreneringsgrada til jorda. Informasjonen blir så lagd inn i kart på ein felt-PC. Ut frå registreringane og undersøkingane blir det til slutt laga ulike temakart. Sjå eksempel på neste side. 24


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Jordsmonnkart med teiknforklaring og jordsmonnklassifikasjon (sjå margen).

25


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Namn

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Beskriving

Eigenskapar

Fluvisol

Ungt jordsmonn danna i materiale avsett i strøymande vatn (elv/bekk)

→ Kan vere flaumutsett og i periodar ha høgt grunnvasspegel → Manglar jordstruktur og kan vere utsett for pakking

Cambisol

Ungt, sjølvdrenert jordsmonn med svakt utvikla jordstruktur

→ Varierande agronomiske eigenskapar → Varierande innhald av næringsstoff → Har ofte lågt innhald av organisk materiale

Phaeozem

Næringsrik jord med mørkt matjordlag

→ Har gode agronomiske eigenskapar → Har høgt innhald av næringsstoff → Er ofte humusrik med mykje organisk materiale

Umbrisol

Næringsfattig jord med mørkt matjordlag

→ Lågt innhald av næringsstoff → Høgt innhald av organisk materiale → Har stort kalkingsbehov

Histosol

Organisk jord med tjukkleik på meir enn 40 cm

→ Har stort behov for grøfting/profilering

Albeluvisol

Leirhaldig jord der leirinnhaldet aukar med djupna

→ Ofte høgt innhald av næringsstoff → Ofte god jordstruktur, men kan vere utsett for pakking → Våt i fuktige periodar på grunn av tette undergrunnslag (har derfor grøftebehov)

Gleysol

Grunnvasspåverka jord

→ Stort grøftebehov → Kan ha organiske overflatelag → Ofte høgt innhald av næringsstoff, men har svak eller ingen jordstruktur

Stagnosol

Jordsmonn som periodevis er metta med stagnert overflatevatn

→ Dårleg evne til å drenere bort overflatevatn → Kan mangle jordstruktur og vere utsett for pakking → Varierande innhald av næringsstoff og organisk materiale

Regosol

Sjølvdrenert jord utan jordsmonnutvikling (unntatt jord som består av djup, sortert sand)

→ Ofte lågt innhald av organisk materiale → Kan vere grunn eller ha høgt innhald av grus og stein → Manglar jordstruktur

Arenosol

Djup, sjølvdrenert, sortert sand

→ Lågt innhald av organisk materiale → Lågt innhald av næringsstoff → Tørkeutsett og kan vere utsett for sandflukt

Podsol

Surt jordsmonn med rustraudt til svartfarga utfellingssjikt

→ Lågt innhald av næringsstoff → Stort kalkingsbehov → God evne til å binde fosfor

Leptosol

Jord som er svært grunn eller har eit svært høgt innhald av grus og stein

→ Har som oftast svært dårlege agronomiske eigenskapar

Anthrosol

Jordsmonn som er danna ved lang tids dyrking

→ Gode agronomiske eigenskapar → Matjordlaget er over 50 cm tjukt

Planert jord

Jord som har blitt utsett for bakkeplanering eller graving

→ Har ofte lågt innhald av organisk materiale → Har svak eller ingen jordstruktur → Er ofte erosjonsutsett

Dyrka fylling og påfylt jord

Menneskelaga jordsmonn som for det meste består av fyllmateriale

→ Varierande agronomiske eigenskapar → Kan vere erosjonsutsett

26


vg2 landbruk og gartnarnæring vg3 landbruk

Kapittel 1 Jordkultur, jordartar og jordsmonn

Agronomi

Kan du dette?

1 Nemn nokre viktige funksjonar som jorda har i eit naturleg økosystem. 2 For oss menneske er jord heilt avgjerande. Nemn dei funksjonane som kjem i betraktning. 3 Beskriv svedjebruket og korleis det blir drive i dag. 4 Når begynte menneske å dyrke korn, og når reknar vi med at kunnskapen om korndyrking kom til Skandinavia? 5 Korleis definerer vi a) jord, b) jordart og c) jordsmonn? 6 Kor mykje jordbruksareal har vi i Noreg? Se etter i boka og samanlikn med statistikk frå Statistisk sentralbyrå for det siste året du kan finne. 7 Nemn dei jordartane vi finn i Noreg. Kva jordartar er mest utbreidde der du bur? 8 Kva er definisjonen på organisk jord? 9 Kva faktorar påverkar ein jordart slik at det blir utvikla eit bestemt jordsmonn?

27


Agronomi

Jordkultur Når vi driv god agronomi, kultiverer og forbetrar vi dyrkingsjorda.

Jordkultur

| Jordkultur

Kunnskap om eigenskapane til jorda og ytre forhold som påverkar,

Agronomi

bidrar til ein jordkultur – det å behandle dyrka jord – som sikrar god plantevekst. I tråd med dette tar boka opp grunnleggande kunnskap om jordkultur og jord som vekseplass for dei fleste aktuelle plantekulturar. Agronomi – jordkultur bidrar til å utvikle ei forståing for dei miljø- og klimautfordringane vi no står i. Måten vi arbeider med jorda på har òg mykje å seie for miljøet og samspelet i naturen. Ved å peike på forskjellar på god jordkultur mellom ulike driftsformer, f.eks. ulik bruk av husdyr- eller mineralgjødsel, gir boka deg kompetanse til å arbeide med økologisk så vel som konvensjonell drift. Målet er å basere all jordkultur og planteproduksjon på økologiske og berekraftige prinsipp. Kompetansemåla som blir dekt, er henta frå programområdet vg2 Landbruk og gartnarnæring, i tillegg til kompetansemåla for vg3 Landbruk og delar av måla i vg3 Økologisk landbruk. Agronomi – jordkultur nettressurs tilbyr ein illustrert omgrepsdatabase, ekstra oppgåver og undervisningsopplegg. Svein Skøien er utdanna ved Norges landbrukshøgskole (no NMBU) og var tilsett der som statskonsulent i jordfag. Ein periode var han òg amanuensis og informasjonsdirektør. Skøien har undervist i jordfysikk

vg2 landbruk og gartnarnæring

etablere dei første universitetskursa i økologisk landbruk. I ein kort

vg3 landbruk

periode var han òg tilsett som forskar på vassmiljøtiltak i NIBIO. Skøien

NYN

har vore landbrukssjef i Ås kommune og fylkesagronom i Østfold fylke. Sidan 2017 var han tilsett i Norsk landbruksrådgiving med ansvar for

vg2

klimatiltak i jordbruket og «Klimasmart landbruk».

vg3

BM NYN ISBN 978-82-11-04692-5

vg2

vg3

NYNORSK

og jordkultur og forska spesielt på jorderosjon. Han var med på å

Svein Skøien


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.