Soga om Gunnlaug Ormstunge - 3. utgåve (9788211034267)

Page 4

1.

Far og mor til Helga

Torstein heitte ein mann. Han var son til Egil, son til Skallagrim, son til Kveldulv, ein herse frå Noreg. Åsgjerd heitte mor til Torstein. Ho var dotter til Bjørn. Torstein budde på Borg i Borgarfjorden. Han var rik og ein stor hovding, ein klok mann, fredeleg og måtehalden på alle vis. Han var ikkje ei kjempe i vokster eller styrke som Egil, far hans; men endå var han ein framifrå mann og vel omtykt av alt folket. Torstein var ein ven mann, ljoshærd og med utifrå fagre augo. Han var gift med Jofrid, dotter til Gunnar Livsson. Før hadde ho vore gift med Torodd, son til Tunge-Odd, og dotter deira var Hungjerd, som voks opp på Borg hos Torstein. Jofrid var ei overlag dugande kvinne. Ho og Torstein hadde mange born, men få av dei kjem denne soga ved. Den eldste av sønene deira heitte Skule, den andre Kollsvein og den tredje Egil.

2.

Torstein drøymer

Det er sagt at ein sommar kom det eit skip til lands i Guvåosen. Styresmannen på skipet er kalla Bergfinn. Han var av norsk ætt, rik og noko tilårskomen. Han var ein klok mann. Torstein bonde reid ned til skipet. Han var til vanleg den som 5


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.