Page 1

Helkjastøylen Opp

Årsmelding

EIT BLAD FOR BYGDA UTGJEVE AV BBIL

Helkjastøylen opp gjekk av stabelen i år også, med ein stor gjeng på startstreken.

Vinnarane under årets Helkjastøylen opp: Kristin D. Felde, Marthea D. Felde, Olianna D. Felde, Jørgen Fure. Bak: Kristoffer Hjelle og Claus Guttesen.

Årsmelding 2014 Årsmøtet i idrettslaget vert halde søndag 22. februar kl. 20.00 på Bakar Jon


Æresmedlemmar i Breimsbygda idrettslag Jakob A. Hetle, Jon Sårheim, Nils Skinlo, Elias Årdal, Rasmus O. Flølo, Hans Kolbotn, Einar Sårheim, Ingolf Sårheim, Brynjulf Skinlo, Eivind Indrebø, Reidar Nyland, Ingemar Sårheim, David Hjelle, Håkon Moldestad, Karl K. Støyva, Menny Hole, Per P. Strand, Matias Gåsemyr, Hans Myklebust, Reidar Felde, Knut Lunde, Gunnar Hole, Olav S. Egge, Målfrid Egge, Atle Støyva, Bjarne Bø, Rasmus Kleppe, Inge Geir Sårheim, Magnus Willumsen, Ingrid Raad og Jarle Helgheim.

Årsmøte Breimsbygda IL Søndag 22. februar 2015 kl 20.00 hjå Bakar Jon Sakliste: 1. Konstituering a) Godkjenning av innkalling b) Godkjenning av sakliste c) Val av møteleiar d) Val av sekretær e) Val av 2 til å skrive under møteboka 2. Årsmelding for 2014 3. Rekneskap for 2014 4. Medlemskontingent for 2015 5. Budsjett for 2015 6. Val 7. Godkjenning av valde gruppestyrer 8. Inkomne saker Vel møtt! BBIL v/styret

Har du stoff som er aktuelt, skriv til: BREIMSBYGDA VE & berre VEL 6826/27 Breim-gu`beire evamarie.felde@ gmail.com

Takk for tippestøtte! 315 spelarar støtta breimsbygda idrettslag med grasrotandelen i 2014. Det har sørga for 96 378 kroner frå Norsk Tipping til idrettslaget!

Redaktør: Eva Marie Felde Utgjeve av: Breimsbygda Idrettslag Trykk: Solglimt Trykkeri, 6823 Sandane

Breimsbygda takkar for støtta, og håpar fleire også vil støtte laget ved å sette opp Breimsbygda IL som mottkar av grasrotandelen. Då støttar du laget med 5 prosent av din tippeinnsats. Meir informasjon finn du på www.norsktipping.no/grasrotandelen eller spør der du leverer di gullrekke.

Opplag: 600

2


Tillitsvalde i Breimsbygda idrettslag i 2014 Arbeidsutval Leiar: Kristen Helge Kleppe Nestleiar 1: Arve Kleppe Nestleiar 2: Olav S. Egge Sekretær: Elin Bergheim Kasserar: Morten Fammestad Styremedlem 1: manglar førebels Styremedlem 2: Kai Petter Sårheim Varamedlem: Asle Henning Jordanger Varamedlem: Freddy Brakestad

På val 2015 2016 2016 2016 2015 2015 2016

Handballgruppa Leiar: Solgunn Myklebust Thor Aspheim Lise Nedreberg

2016 2015 2016

Skigruppa Leiar: Anders Felde Claus Guttesen Per Asbjørn Felde Jostein Flølo

2016 2016 2016 2016

Friidrettsgruppa Leiar: Reidar Moldestad Anne Svangtun Silje Kristin Moldestad Inger Margrethe Sørland Are Gil Anne Merete Kleppenes

2016 2015 2016 2016 015 2015

Orienteringsgruppa Leiar: Jannike Felde Elise Berg Jan Arve Søvde Geir Thomas Myklebust Else Tømmerstøl

016 2016 2015 2016 2015

Volleyballgruppa Leiar: Vegar Sårheim Marita Sårheim Sindre Willumsen Iselin Myklebust

2016 2016 2015 2015

Vektløftargruppa Leiar: Ola Bergheim Elin K. Solheim Bjarne Bergheim Svenn Arne Bjørkelo Rolf Øyvind Sæthre Hauge

2016 2016 2015 2015 2015

Sykkelgruppa Leiar: Helge Løtuft Jon Myklebust Kjetil Fløtre Elin Bergheim Reidar Moldestad Siri Merete Solheim

2016 2015 2015 2015 2016 2016

2015 Revisor: Turid Bøyum Hans Petter Myklebust Grethe Lysen

2016 2016 2015

Anlegg- og vedlikehald Leiar: Thomas Bjørkelo Kjell Flølo Stein Otto Førde Runar Kleppe

2015 2016 2016 2015

Materialforvaltar: Tom Skinlo

2015

Breimstafettkomiteen Leiar: Knut Lunde Anette D. Natås Jostein Flølo Inger Berit Skinlo Eirik Myklebust Aslaug Huus Karin Aardal

2015 2015 2016 2016 2015 2015 2015

Barneidrettsgruppa Leiar: manglar førebels Oddveig Seime Bø Janne Solheim Jan Ove Nordstrand Trimgruppa Leiar: Jon Fossheim Silje Aardal Gro Hjelle Sabine Exner Rune Fure

2015 2015 2016

2016 2015 2016 2016 2016

Valnemnda Leiar: Torbjørn Niiranen Jannike Kleppe Ole Øystein Kleppe

2015 2016 2016

Fotballgruppa Leiar: Pål Sandal Roger Hjelle Leif Øystein Felde Inghild Røyset Stefan van Hulst Jannike Egge

2016 2015 2016 2015 2016 2016 3


Årsmelding frå styre og arbeidsutval Årsmøte Årsmøte i Breimsbygda IL for 2013 vart halde i møtelokala til «Bakar Jon» søndag 23. februar 2014. 26 medlemmar møtte fram. Utanom dei faste årsmøtesakene, vedtok årsmøtet å vidareføre den administrative stillinga og å legge ned handikappgruppa. Det lukkast ikkje å få valt styremedlem 1, varamedlem Asle Henning Jordanger har difor møtt fast på AU og styremøter.

Motivasjonskveld Onsdag 5. mars inviterte idrettslaget til motivasjonskveld i Breimshallen. Dette vart ein særs vellukka kveld der våre frivillige kunne få litt «fagleg påfyll» i ei sosial ramme. Utruleg kjekt at så mange som rundt 60 personar møtte opp. Med oss hadde vi Rasmus Mo frå Sogndal fotball som snakka om eldsjeler, og Jannicke Lindvik frå Sogn og Fjordane Energi som snakka om det å støtte frivillig arbeid og eldsjeler i lokalsamfunnet. Idrettslaget tenkjer seg reprise av denne kvelden i 2015. Junior NM 2015 planlegg eit «Verdiseminar» i Trivselshagen før sommaren, dette som ein del av sponsorpakken. Her blir det lagt opp til tema som rus, spiseforstyrringar, mobbing etc. Dette er i tråd med det idrettslaget også ville fokusere på. Det blir derfor naturleg å slå seg saman om ein kveld. Her håpar vi på stort frammøte frå idrettslaget sine frivillige hjelparar.

Medlemstal Breimsbygda IL har i meldingsåret hatt 903 betalande medlemmar. Dette er ned frå omlag 930 i 2013 og om lag 980 i 2012. Det er ikkje usannsynleg at nedgangen er ein naturleg konsekvens av auken i treningsavgift og medlemskontingent dei seinare åra. Sjølv om nedgangen ikkje er dramatisk, og talet medlemmar tilseier at det framleis er ein svært høg del av innbyggarane i Breim som er medlem i laget, ønskjer vi å snu den negative trenden. Vi vil derfor følgje godt med på utvikinga vidare og vurdere eventuelle tiltak. Eitt aktuelt tiltak kan vere meir aktiv verving av nye og gamle medlemmar.

Utmerkingar Under Motivasjonskvelden 5. mars vart Julie Helle Felde tildelt Stimulanseprisen for Breimsbygda IL 2013. Vegar Sårheim vart samstundes tildelt laget sin Eldsjelprisen for 2013. Vegar vart også tildelt Sogn og Fjordane fylke sin frivilligpris. Ei stor ære for Vegar og bygda. Vegar fekk utdelt diplom, blomster og rosande ord på idrettsbasaren vår 23. november av fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad.

Styremøte Det har i meldingsåret vore gjennomført ni AU møter og fire styremøter, og til saman har 68 saker vore handsama. Økonomi Laget sin økonomi er solid, sjølv om årets rekneskap kjem ut med ein minus på kr.185.000. Inntektene er kr. 1.965.000. Utgifter er kr. 2.028.000 + renteutgifter på kr 128.000. Rentekostnaden er i hovudsak på lån til Reed stadion i påvente av utbetaling av spelemidlar. Viktige inntektskjelder for laget er medlemskontingent, treningsavgift, grasrotandel, Norsk Countrytreff, idrettsbasaren, Breimstafetten og våre sponsorar. Styret føl opp den økonomiske stoda i laget tett. Det har vorte kjøpt nytt lydanlegg til Reed stadion til kr 85.000,- og vaskemaskin til Breimshallen (som del av ny leigeavtale), kr 15.000,-. Vidare har laget gått inn med kr. 100.000, som del av ein pakke ilag med Gloppen kommune og Sparebanken, for å gje Breimsbygda Skisenter ein økonomisk plattform å bygge vidare på etter to dårlege driftsår. Desse tre postane, til saman 200.000 kroner, er teke over drifta utan å vere budsjettert. Utan dette ville drifta gått med eit lite overskot.

Prosjektet Terskelfri fysisk aktivitet 2014 var det andre prosjektåret til Terskelfri fysisk aktivitet, som er eit samarbeidsprosjekt mellom BBIL, Firda VGS og Gloppen kommune. Prosjektleiarstillinga er lagt til administrasjonsmedarbeidar. Prosjektgruppa har arbeidd systematisk i heile prosjektperioden (2013 – 2014). Det er utvikla eit årshjul med møtepunkt, målformuleringar og utviklingstiltak som sikrar framdrift i arbeidet. Prosjektgruppa har hatt eitt møte i månaden, medan prosjektleiar og prosjektkoordinator har hatt ekstra møter. Gjennom prosjektperioden har vi formalisert langsiktige samarbeidsavtalar med idrettslaga i kommunen, utvikla nye tiltak og vore initiativtakarar til å starte opp aktivitetar og kurs. Det er ulike tiltak og samarbeid som har vore gjennomført i 2014: • Opplevingskortet • Aktivitetskortet • Kjekt i lag • Kurs i trening av utviklingshemma • Firdastafetten • Kurs i barneidrett • Stormøte • Aktivitetskurs på Utvikfjellet og Sommaraktivitetar • Aktivitetsleiarar i idrettsskulen • Revmatikertrening • Sirkeltrening • Energihelg

Breimstafetten Stafetten vart i 2014 arrangert for 76. gong. Komiteen, med Knut Lunde i spissen, gjennomførte arrangementet på ein framifrå måte. Dagens appellhaldar var Hallgeir Hansen. Breimstafettmedaljen gjekk til jølstringen Kjell Steinset (78 år), som har utmerka seg som ein svært god veteranløpar. Herrestafetten vart vunne av Jølster IL for femte år på rad, Førde IL vann damestafetten. For arrangøren var det stor stas med ein historisk siger, då Breimsbygda for første gong vann guteklassa, i hard kamp mot Førde. Årets stafett gav eit overskot på ca. kr 53.000,-.

Idrettsklubben Organiseringa av idrettsklubben (IDK) har blitt gjort i administrasjonen. Etter ein del innspel frå vinterhalvåret 2013/2014, vart det vurdert og bestemt at vi skulle prøve å ha IDK annakvar fredag i staden for kvar fredag. Ein av utfordringane som var bakgrunn for dette er at det har vore

Junior NM friidrett 2015 Byrkjelo Alliansen, som består av GFIL og Breimsbygda som likeverdige økonomiske partar, er tildelt Junior NM i friidrett for 2015. Dette skal arrangerast på Byrkjelo stadion 14.-16. august, leiar i hovudkomiteen er Rolf Kjetil Egge. 4


vanskeleg å få nok foreldre til å stille på vakt. Vi har difor prøvd ut ein ny måte å organisere dette på. Det vart sett opp dugnadslister som vert sendt ut i posten til foreldre som står på den. Dette har vore ein god måte å gjere det på, då det har vore bortimot 100 % oppmøte. Ved jul evaluerte vi om vi skal fortsette å ha IDK annakvar fredag eller om vi skal gå over til kvar fredag som tidlegare år. Det har kome innspel om at foreldre også synest det er greitt at ungane har tilbodet annakvar fredag då timeplanane ofte er fylt opp heile vekene. Vi gjorde då ein vurdering på å fortsette ut sesongen slik det no var sett opp.

det SFE som fikk ei heilside til disposisjon. Dette vil gå på omgang i komande utgjevingar. Tur og aktivitetskart I gjeldande anleggsplan for BBIL er tur- og aktivitetskart eit av punkta på lista over komande tiltak. I 2014 vart det søkt Sogn og Fjordane Fylkeskommune om støtte til eit slik tiltak, og vi fekk tildelt 19 000 kroner. Arbeidet med kartet vart starta haust/førjulsvinter 2014, og vil bli sluttført våren 2015. Her skal alle tur- og aktivitetstilbod i Breim synleggjerast, ikkje berre det som er BBIL sin aktivitet og tilbod.

Idrettsskulen, samarbeid med Firda VGS Organiseringa av idrettsskulen (IS) har blitt gjort i administrasjonen. Vi fekk på plass seks personar i BBIL som har hatt ansvar for nøstetrim, idrettsskulen 1.-2.klasse og idrettsskulen 3.-4.klasse. Gjennom samarbeid med Firda VGS har vi vinteren 14/15 hatt med oss tre elevar som har hatt praksis hos oss. To stykk har hatt ansvar for eldste gruppa på idrettsskulen og ein har hatt den yngste gruppa. Dei skal sette opp plan for arbeidet og gjennomføre det på treningane. Dei vaksne som er ansvarlige frå BBIL si side er med og organiserer og ser til at praksiselevane våre gjer det som er avtalt. Vi hadde eit oppstartmøte hausten 2014 for å sette i gang samarbeidet.

Administrativ stilling Å ha ei lønna administrativ stilling i idrettslaget har utan tvil avlasta mange av dei tillitsvalde i laget, og det har nok også gjort at laget har teke på seg oppgåver ein elles ikkje hadde ”våga seg på”, som for eksempel prosjektet Terskelfri fysisk aktivitet. Kristin Sandal, som har hatt denne stillinga sidan den vart oppretta for 2 år sidan, har gjort, og gjer ein solid jobb for idrettslaget. Mange av sakene som er nemnde i årsmeldinga, og fleire med, har ho hatt som arbeidsoppgåver. Dette siste året har ho også teke over ein del av oppgåvene som er tillagt styremedlem 1. Sluttord 2014 har vore eit år på det jamne. Mange i bygda gjer ein framifrå jobb for laget, noko vi er veldig takksame for og avhengige av. 2015 byr på nye utfordringar og ting som må på plass både med tanke på organisasjon og utstyr. Junior NM i friidrett blir nok for mange av oss den store hendinga.

Breimsbygda studio Breimsbygda Studio har stor aktivitet og stadig aukande tal brukarar, 515 personar har no tilgang med kort. Administrasjonsmedarbeidar har jamleg tilsyn kvar veke. PT Amok, ved Anne Merete og Odny Kleppenes (personlege trenarar), leiger timar på Breimsbygda studio.

Takk!

Søknader og momskompensasjon Det har blitt fornya og søkt spelemidlar til fire anlegg i 2014. Kunstgrasbana, kastanlegg, klubbhus og lager på Reed stadion. Det er også blitt søkt Sparebankstiftinga, der vi fekk 100 000 kroner til klubbhus på Reed stadion. Det er søkt andre mindre støtteordningar og sponsorar, og vi har fått mindre beløp til ulike tiltak gjennom året. Søknad om momskompensasjon er også lagt til administrasjonsmedarbeidar. Sponsor/samarbeidspartnarar Vi prøver å halde kontakt med sponsorane og samarbeidspartnarane våre gjennom året og synleggjere dei på ein god måte gjennom vår aktivitet. I 2014 sende vi dei to brev og helsingar som sa litt om laget sin aktivitet. I januar 2014 sende vi det første ilag med Breimsbygda Ve og Berre Vel som kom ut til jula 2013. Til påske sende vi ut det andre brevet ilag med ei øskje påskemarsipan. På motivasjonskvelden i mars 2014 var alle våre sponsorar og samarbeidspartnarar invitert til å delta. Vi fikk også ulike ting sponsa av dei, som vi gav til deltakarane på samlinga. SFE hadde innlegg om det å støtte lokalsamfunnet og eldsjeler. Alle sponsorar og samarbeidspartnarar er nemnde i annonsar, plakatar og trykkmateriell, og dei er synleg på heimsida med link til sine sider. Vi har tenkt å sette av plass til redaksjonell omtale av dei som støtter oss i BREIMSBYGDA VE & berre VEL, som kjem ut til jul kvart år. I 2014 utgåva var 5


Årsmelding frå Trimgruppa 2014

Sprekingane: Dei som har gått på alle dei åtte trimpostane i løpet av året vart samla til premieutdeling under årets basar.

Leiar: Sekretær: Nettansvarleg: Styremedlem: Styremedlem:

Jon Fossheim Silje Årdal Sabine Exner Rune Fure Gro Larsen Hjelle

Breimstimmen Går vidare som før med to nye postar som er Reestøylen og Dunheia.Vi tok då vekk Svartebotnen og Fløtravarden som post. Trimgruppa har som mål å byte på nokre postar kvart år, slik at alle deler av bygda kjem med. Vi tek gjerne mot forslag til nye trimpostar, og det går godt an å bruke oppatt postane frå tidlegare.

Det har vore avvikla fire formelle styremøte, og årsmøte for 2014. Trimgruppa har ikkje avlagt idrettsmerkeprøvetaking då det ikkje har vore interesse for det.

Fjortande september vart det 31. Reinløpet arrangert i eit fantastisk flott vêr, når skodda letta omlag klokka 12 (nede i bygda låg skodda heile dagen). Etter ei matøkt med kaffi og saft, kosa folk seg i den varme sola på Støyvastøylen. Vi registrerte 60 personar denne dagen, og det synest vi er flott. Vi takkar familien Nils Even Bjørnareim for lånet av hytta til kaffikoking og base for Reinløpet.

Trimgruppa har hatt ein god sesong, med stor aktivitet. Vi har hatt mange breimningar og andre med på tur, i den fantastiske fine naturen vi har. Det er veldig gledeleg at vi ser ein trend til at born og ungdom ser verdien av å bruke naturen. Dette synest vi i trimgruppa er viktig basistrening for alle som ynskjer å satse vidare på ein idrettskarriere. Vi ser og at det er god folkehelse for alle godt vaksne som brukar naturen på ein slik positiv måte.

24.aug. skulle hovudturen vår til Bøafjellet via Seims/ Rådastøylen og Bøvassu gått, men den vart avlyst grunna dårleg vêr. Vi håper å få tatt turen ved eit seinare høve.

Trimgruppa har i 2014 merka tre turar med nye skilt, og lagt til rette for at ein kan gå på Eggenibba tørrskodde. Merkinga var ein stor dugnadsjobb, og vi vil takke alle som stilte opp og hjelpte til. Dei tre turane vi merka var frå parkeringsplassen Svoda-Fløtravarden, GrustaketStøyvastøylen og frå Egge til Eggenibba. Vi manglar enno informasjonstavle på desse turane, og reknar med at dei er på plass i 2015.

Vi i trimgruppa takkar alle som har bidrege med å gjere 2014 sesongen so bra, og ser fram til å møtast med stor aktivitet og flotte turar neste år. Velkomne til friluftsåret 2015! Med helsing oss i trimgruppa

Oversikt av turane i år 14.januar: Måneskitur til Flølostøylen 04.juni: Støyl til støyl v/Greta 18.juni: Nesstøylen-Hestedalen-Reestøylen V/Sabine 02.juli: Meieriet-Melkebakksteinen v/Jon 6


Breimstrimmen 2014

Roger Hjelle, Jakob Felde, Karoline Hjelle, Kristina Hjelle, Jørgen Aa Sandal, Kristoffer Hjelle, Inghild Røyseth, Margit Røyseth Seime, June Kleppenes Sårheim, Anni Felde, Kurt Røyseth Seime, Andreas Hetle, Erlend Hetle

I år som i fjor har vi berre talt opp Breimningar - men i vid forstand. Vi hadde nye postar: Seime/Rådastøylen og Bøvassbu. Til neste sesong går Svartebotn og Fløtravarden ut. I tillegg kom Restøylen og Dunheia. Vi har diskutert å begynne med automatisk registrering med smartphone. Dette kan bli aktuelt å starte med frå hausten 2015 av. Registrerte personar 2014

Flølostøylen Kvilestøylen Fløtravarden Skavegga Snøfjellet Seime/Rådstøylen – ny Svartebotn Bøvassbu - ny Samla

361 152 365 191 149 156 120 117 6351 (6642)

Premiering; dei 3 med flest poeng i kvar klasse: Premie: Breimstrimmen si T-skjorte.

Registrerte besøk i 2014

Flest poeng i klassa over 15 år: 1. Jakob Nybø Gangeskar 174 2. Marthea D. Felde 143 3. Andreas Hetle 142

1943 (1461) 1553 (931) 1252 (1488) 644 (497) 353 (499) 265 (---) 210 (223) 128 (---)

Flest poeng i klassa15 år og yngre: 1. Norunn Nybø 1203 2. Solveig Lunde 708 3. Greta S. Veien 691 «Kongane» av Breimstrimmen på dei forskjellige postane: Kvilastøylen Norunn Nybø 372 Flølostøylen Synnøve Hunskår 99 Seime/ Rådastøylen Kari Synna Raad 17 Fløtravarden Solveig Lunde 75 Skavegga Leif Heggheim 57 Snøfjellet Johnny Skinlo 29 Svartebotn Edvin Bolstad 12 Bøvassbu Greta S. Veien 3

Desse 40 (44 i fjor) har vore på alle postane i Breimstrimmen 2013-2014: Solveig Lunde, Greta S. Veien, Johnny Skinlo, Reidun Ask Flølo, Jannicke Felde, Anne Marie Fammestad, Gerd Larsen, Knut Fammestad, Sabine Exner, Åse Margrete Seime, Grete Aa Sandal, Vegard Hetle, Martea D. Felde, Kristin Daling Felde, Borgny Kristin Hetle, Solfrid Paulen Egge, Leif Øystein Felde, Olianna Felde, Ellisiv Hetle, Regine Aa Sandal, Mathias Aa Sandal, Håvard Hetle, Oddny Kleppenes, Per Inge Seime, Gro Larsen Hjelle, Marita Kleppenes Sårheim, Kåre Hetle,

7


Årsmelding frå orienteringsgruppa 2014 Ein sprek gjeng som gjekk frå Flølo til Utviken: Else Tømmerstøl, Kåre Hetle, Vegard Hetle, Elise Berg, Anders Paulen, Karoline Hjelle, Ellisiv Hetle, Marthe Paulen, Jørgen Fure, Håvard Hetle, Øyvind Fure, Erlend Hetle, Jonas Myklebust, Borgny Kristin Hetle, Kristina Hjelle, Birgitte Myklebust, Kasper Olai Paulen, Geir Thomas Myklebust, Rune Fure , Eirill Paulen og Gro Larsen Hjelle. Styret har vore samansett slik: Leiar: Jannike Felde Sekretær: Else Tømmerstøl Styremedlem: Elise Berg Styremedlem: Geir Thomas Myklebust Styremedlem: Jan Arve Søvde Ansvar turorientering: Ivar Halland Løypeleggar kretsløp etc: Atle Støyva

AKTIVITET Aktiviteten i gruppa vår er stor dei seks månadane som sesongen varer. O- treningar: Vi starta treningane våre tidleg i år, 4 april ved tidlegare Byrkjelo barnehage. Vi hadde veldig bra oppmøte denne våren og første treninga var vi 40-50 personar tilstades. Utruleg bra. Jamt over låg vi på rundt 30 ungar denne våren, noko vi er veldig godt nøgde med. I april møttest vi ved tidlegare Byrkjelo barnehage, i mai hadde vi oppmøte ved Breim barnehage, medan vi var ved tusenårsvarden på Reed i juni. Vi gjorde denne vrien for å sjå om det blei enklare for folk å vite kvar dei skulle møte og vi hadde fast treningstid fredagane frå 18- 19.00. Dette er både ein dag og eit tidspunkt som passar orienteringsgruppa bra. Breimsbygda IL har mange aktivitetar å tilby barn og unge, og det er ikkje lett å finne ein dag som passar alle. Men vi har no funne vår dag og vårt tidspunkt, og det ser ut til å fungere. Vi avslutta treningane til sommarferien og tilbydde då turorientering som alle kan delta i ved å kjøpe tur- o posane våre. Vi starta opp att treningane våre med ”Finn fram dagen” i slutten av august, og hadde treningar fram til haustferien. I september hadde vi treningane våre på Utvikfjellet. Deltakartalet var mindre utover hausten, i forhold til kva det var på våren.

Årsmøtet vart halde torsdag 6. februar. Vi hadde vanlege årsmøtesaker, samt at vi hadde premieutdeling for dei som hadde klart gullmerket i turorientering. Vi hadde planlagt utdeling av 15 års gullstatuett til ein tur-o deltakar, men denne deltakaren hadde fått utmerkinga før. Styret har hatt 4 styremøter etter årsmøtet, men har elles sett ned komitear til å ta seg av ulike løp og arrangement. Mange saker har og blitt løyst via telefon, e- post og SMS.

Rotekoppen: 4. juni arrangerte vi kretsløpet Rotekoppen på Helkjastøylen. Det var ein flott stad å arrangere dette løpet, og det fristar til gjentaking. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane og 31 personar starta løpet i år. Dette er dessverre ein nedgang frå tidlegare år. På slutten av løpet fekk vi besøk av trimgruppa, som arrangerte sin årlege

Elise og Else under Finn fram dagen. 8


støyl-til-støyl tur, og fleire deltakarar her nytta høvet til å besøkje kiosken vår under løpet. Dette blei eit kjekt innslag under løpet vårt! Treningsløp: 20. juni arrangerte vi sesongens første treningsløp, og her deltok 22 personar. Også i år deltok to personar frå Fjellhug Vereide, og det er kjekt at dei og tek turen til våre løp. Treningsløpet i år var lagt til Helkjastøylen. Turorientering: Ivar hadde i år lagt ut fine postar frå Årdalsstøylen, mot Seimsstøylen, via Bøvassbu, over blåfjellet og ned att til Årdalsstøylen. I tillegg var der postar frå Fossheimsstøylen og inn mot Svartebotnen. Det var mange flotte naturområder å gå i og mange fine postar å finne. Vi rettar ein stor takk til Ivar for den store jobben han gjer i samband med turorienteringa kvart år! Vi selde 13 posar og 6 ekstra kort. Dette er ein markant nedgang frå i fjor. Vi fekk tilbakemeldingar på at turane kanskje blei for lange, og vanskeleg å dele opp for dei som deltok. Dette er noko vi må hugse på til neste år. Vi prøvde å reklamere meir for turorientering i år enn tidlegare, men vi må nok legge endå meir arbeid i dette og gjere tilbodet endå meir synleg for at vi skal få fleire deltakarar. Vi prøvde og å selje turposane på eit av Helkjastøylen-opp arrangementa, men der og var det lite sal. Skulesprinten: I midten av mai arrangerte vi skulesprinten ved Breim skule. Her deltok alle elevane frå 3. til og med 7. klasse. Vi gjorde ein vri i år med at vi la opp til ein stafett, der to og to skulle prøve å gå igjennom så mange løyper som dei kunne på ei bestemt tid. I og med at orientering er nytt for mange, ser vi at dei ynskjer å springe i lag, og stafettmomentet blei nedprioritert. Men små løyper gjer og til at mange tør prøve åleine, i og med at dei ikkje skal ta så mange postar før dei kjem inn att til mål. So det gav meirsmak i høve til å prøve dette også neste år. Skulesprinten er ein god arena for o-gruppa å nå ut til nye ungar og ungdomar, og vi fekk gode tilbakemeldingar frå både elevar og lærarar. Finn fram dagen: Vi arrangerte ”Finn fram dagen” 29. august. Vi gjekk då i samla tropp frå Flølo, og den trondheimske postveg og

Mathias Aa Sandal, Jakob Felde og Erlend Hetle. Gode kameratar !

Mathias, Øyvind, Jonas og Håvard enda til slutt på Utvikfjellet. Det var ein flott tur, i flott vêr og på vegen opp tok vi fleire nær-turorienterings postar. Else hadde sett ut vasspost på vegen og Elise varta opp med forfriskingar og premiering på toppen. Ein kjempekjekk tur, som vi skulle ynskje fleire hadde fått med seg! Nær turorientering: Norges orienteringsforbund ynskjer at dei lokale o-gruppene skal legge til rette for enkle tur-o-postar i nærmiljøet. Dette er for å sjå om ein kan få fleire personar i aktivitet. Vi la difor ut 10 postar, 5 på den trondheimske postveg og 5 på den gamle ferdslevegen mellom Sandal og Moldestad. Dette er ein aktivitet som vi ikkje klarte å få god nok oppslutnad om. Vi må ha opplegget klart mykje tidlegare, og reklamere meir for det, for å sjå om dette kan auke deltakartalet. Byrkjeloleikane: O-gruppa deltok også i år på Byrkjeloleikane i starten av september. 9

Dette er ein aktivitetsdag for psykisk utviklingshemma, og vi hadde laga til ei orienteringsløype som alle deltakarane fekk prøve seg på. Mange av deltakarane var også med i fjor, og viste at dei var meir erfarne enn dei som fekk prøve dette for første gong. Ein fellesnemnar for deltakarane er uansett ei idrettsglede som vi alle bør merke oss! Blide fjes og smil uansett resultat. Vi reknar med at dette arrangementet også er blitt ein tradisjon, og har lagt det til kalendaren for neste år! Lagsmeisterskap i orientering: Vi arrangerte lagsmeisterskap i orientering fredag 3. oktober ved Karistova. 20 personar møtte opp i heller ruskete haustvêr, noko som vi synast var bra. Atle hadde nok ein gong laga gode løyper til oss, og vi rettar ei stor takk til Atle for den jobben han gjer for o-gruppa. Deltaking på kretsløp: Atle Støyva har delteke på

kretsløp


Håvard Hetle, Mathias Aa Sandal, Øyvind Fure, Marthea Felde, Jørgen Fure, Ellisiv Hetle, Olianna Felde, Kristina Hjelle, Regine Aa Sandal, Borgny Kristin Hetle, Erlend Hetle og Jakob Felde denne sesongen, samt at han var løypeleggar på eit av løpa i Fjord-O som gjekk føre seg i Førde, Bulandet og i Fjærland. Dette er store løp, og Atle var løypeleggar for løpet i Kråkenesmarka. Det var fleire deltakarar frå Breimsbygda på Fjord-O, og Ellisiv Hetle, Håvard Hetle, Elias Helle Felde og Andreas Hetle fekk prøve seg på utfordrande løyper. Alle desse fire deltok på to ulike løp. Atle deltok på eit løp.

Jonas kom i mål utan sko på lagsmeisterskapen. Sporty !

Reiel Daling Felde deltok på kretsløpet Haustbløyta som vert arrangert av Tambarskjelvar IL. Dette er siste kretsløpet som vert arrangert i krinsen før vinteren. Midt under dette løpet såg han den berømte ulven, utan at dette la noko dempar på løpet til Reiel. Det vert nok likevel eit løp som han kjem til å hugse resten av livet. Deltaking på samlingar: Reiel Daling Felde og Andreas Hetle deltok på rekrutteringssamlinga på Skei i desember. Dette var ei samling der dei fekk trene med ein kjend o-løpar, og der dei traff andre ungdomar frå andre klubbar. Dei fekk og eit foredrag av den kjende o-løparen om satsing på orientering og orienteringstrening. Jannike Felde deltok og på samlinga, men då med tanke på å auke aktiviteten i eigen klubb. Vi hadde ulike o-aktivitetar, samt at vi sprang ulike råtassløyper som nattorientering. Vi fekk i alle fall sjå at det er ein stor fordel å ha god lykt om ein skal halde på med nattorientering. Både dei unge deltakarane og dei vaksne hadde felles kvelds, før vi avslutta kvelden med 10


diskusjon og samtale kring rekruttering til o-sporten. Helkjastøylen opp: O- gruppa arrangerte Helkjastøylen opp to gongar saman med friidrettsgruppa. Flotte arrangement begge gongane, og nye personlege løyperekordar vert sett heile tida. Det er eit kjekt arrangement både å vere med å arrangere og delta på, og sjølv om deltakinga er kjempegod, så har vi endå plass til mange fleire. Det er i alle fall eit arrangement som vi håpar no har blitt ein tradisjon. Samarbeidet med friidrettsgruppa har fungert godt, og det er kjekt å gjere noko ilag med andre! Ein flott gjeng under avslutninga vår: Jørgen Fure, Øyvind Fure, Marthea Felde, Karoline Hjelle, Ellisiv Hetle, Jonas Myklebust, Mathias Aa Sandal, Håvard Hetle, Ella Førde, Sanne Førde, Jakob Felde, Erlend Hetle, Hedda Myklebust, Olianna Felde, Kristina Hjelle, Borgny Kristin Hetle, Regine Aa Sandal, Olive Førde

Sesongavslutning: Vi hadde planlagt å ha avslutninga vår på tusenårsvarden som tidlegare år. Men vi måtte utsette lagsmeisterskapen ei veke pga. uvêr, og valde då å ha avslutninga i kombinasjon med lagsmeisterskapen. Etter lagsmeisterskapen kosa vi oss med bollar, kake og frukt, samt med juice frå meieriet. Premiering både for lagsmeiterskap og for generell deltaking på o-gruppa sine aktivitetar blei det og. Ein kjekk kveld for alle som møtte opp ! Svoda kartet: Arbeidet med Svoda kartet er ikkje starta opp endå. Søknad om midlar frå Chess Jan Arve formulerte ein god søknad om midlar til Hummelklede frå Chess, og vi fekk ja til denne søknaden. Vi fekk dermed tildelt 10 000 kr, som skulle brukast til innkjøp av kle til o- gruppa. Vi jobba med dette rett før jul, og har no fått kleda i hende. Styret har bestemt at dei ungane og ungdomane som deltek på kretsløp skal få låne desse kleda, på lik linje med at ein får låne ei fotballdrakt for ein sesong. I tillegg vil dei som deltek på treningane få seg ei overrasking! Vi håpar at dette kan bidra positivt til rekrutteringa til gruppa. Vi rettar ei stor takk til Jan Arve for å ha skreve ein god søknad.

Hedda Myklebust det frå orienteringsforbundet. Satsinga vår på skulesprinten er og viktig for økonomien i laget. Her får vi tilskot frå Sogn og Fjordane orienteringskrins. Men det er klart at mykje aktivitet fører til auka utgifter i samband med trykking av kart, utgifter til blekk osv, slik at alle midlar og inntekter er viktige for o-gruppa.

Økonomi: O-gruppa har eit positivt rekneskap i år. Det er kasserar i hovudlaget som fører rekneskapen, men so langt som våre eigne føringar stemmer, vil vi gå i pluss dette året. På slutten av året fekk vi tilført turorienteringsmidlar frå forbundet, og satsinga på nærmiljøpostar ser ut til å lønne seg. I tillegg har vi fått overført pengar for rekrutteringsarbeidet vårt, også

Styret i o-gruppa takkar for alle som har delteke og hjelpt til på våre aktivitetar i 2014. Vi håpar at både gamle og nye oløparar er klar til dyst igjen når våren kjem! O-gruppa skal då vere klar med nye aktivitetar som o-treningar, treningsløp, nærmiljøturorientering, vanleg turorientering og kretsløp. Dersom du får spørsmål frå valnemda om å delta i gruppa, håpar vi at du seier ja, for vi treng fleire personar å dele arbeidet på!

Breim 11.01.15 For styret i Orienteringsgruppa BBIL, Jannike Felde Rune Fure og Grethe Aa Sandal 11


Årsmelding Handballgruppa 2014 Bak frå venstre: Oda Bergheim Eide, Ida Emilie Hole, Jenny Kleppe Flølo, June Kleppenes Sårheim, Marianne Raad Larsen og Maria Fonn. Framme frå venstre: Benedicte Kvellestad og Lena Gimmestad Støyva.

Styret består av: Solgunn Anita Myklebust Lise Merkesdal Nedreberg Thor Hartvig Aspheim Bente Egge Søvde Kathrin Stokke

I 2013 skreiv vi at vi skulle få til beachhandball i Breim og i mai 2014 vart vi historiske. Vi i Breim arrangerte første beachturneringa i Sogn og Fjordane nokon sinne! Vi hadde 19 påmelde lag frå Førde, Florø, Eid/Haugen, Fjellhug Vereide og Stryn og vêrgudane var med oss til ein utrulig fantastisk dag. Masse folk og stor stemning gjorde dagen til ein minnerik fest. Vi gler oss til neste gong.

Vi har hatt nokre få samla styremøter, og elles går det i telefon, epost og SMS om det som skjer i gruppa.

Takk til alle som har/og eller bidreg til handball gruppa i Breimsbygda Idrettslag! For styret –Solgunn Anita Myklebust

Dugnader stiller dei fleste på til, og det er mellom anna kakelotteri i samband med farsdag og morsdag, sal av juleneka i sprengkulda før jul og førehandsal av lodd til idrettsbasaren. Vi har også mange arrangement i Firdahallen/Trivselshagen og dei blir fordelte på dei enkelte laga å arrangere. Laga våre er G7 – G8 – J7 –J8 – J10 X2 LAG – G12 –J12 – J13 er med i regionsserien. Treningar har alle laga enten ein eller to gonger i veka og då nyttar vi Breimshallen, Breim Skule og Trivselshagen. Trenarar og oppmenn i gruppa i år : Minihandball/Turn: Anne Svangtun og Kristin Daling Felde G7- G8: Marie Evebø Sætre J7 –J8: Bente Egge Søvde og Kathrin Stokke J10: Gro Larsen Hjelle og Jannike Felde J12: Marie Evebø Sæthre og Åshild Hetle G12: John Inge Sørland og Tina Falch Eide J13: Ayla Myklebust Seime, Ingeborg Volle og Kari Ann Flølo Per no har vi ingen dommarar i gruppa.

Ivrige ungar på trening. Frå venstre: Erik Risholm, Johan Hjelle Pedersen, Adrian Åland, Jakob Felde, Erlend Hetle, Hedda Myklebust, Milla Hole.

Minihandball: Dette er andre året vi har trent jenter og gutar født i 2008. Det er ein ivrig gjeng og enkelte treningar har nesten heile klassa vore med. Vi startar som regel med ei Tarzan-løype eller ulike former for stafett. Deretter har vi hatt ei økt med turn; mellom anna matter, trampett, bom og ulike øvingar for å trene kjernemuskulatur. Resten av treninga har vi hatt handballtrening med fokus på kast, ballpakking og ulike leikar med ball. Den siste sesongen har vi også spelt litt handball. Kristin og Anne

Økonomien vår held seg også stabil med dei same inntektene og utgiftene som tidligare år. Litt auka utgifter til Trivselshagen, dommarutgifter, og lagskontingenter til regionen.

12


G 7 og 8 år: Denne gjengen utgjorde Breimsbygda G7: Frå venstre William Sæthre, Olav Reed, Lars Erik Jordanger Loen og Anders Reed. På G8 spelte Sondre Bø, Eirik FraasJohnsen, Lasse Kårstad og Kristoffer Hetle.

J 7 og 8 år: Det vart siger i alle kamapane i Stryn! Oppe frå venstre Linnea Egge Søvde, Olive Førde, Kristina Hjelle, Helene Kleppe Juklestad, Victoria Kolbotn, Regine Aa Sandal, TheaSofie Lillemo Egge, Linnea Jordanger Stokke, Oda Grov Ryland, Amalie Torheim Frøystad, Emilja, Borgny Kristin Hetle.

Gutar 7 og 8 år: Vi trenar ein dag for veka i Breimshallen. Det er med åtte gutar. Sjølv om dei ikkje er mange, er lydnivået høgt, og innsatsen god. Dei første turneringane vart vi for seine til å melde oss på, sidan trenarjobben ikkje var avklart. No har vi nett vore på si første handballturnering. Dette var både spennande og utfordrande for gutane. Marie E. Sæthre, trenar

Trivselshagen og fredagar på Breim skule. Vi har særleg sett pris på å få begynne å trene på stor bane i Trivselshallen. Oppmøte på treningane har vore godt. Vi var spente på overgangen frå minihandball til vanleg handball, men dette har gått bra. Vi har sjølvsagt mykje vi må jobbe med. Både plassering og kraft i skota, bevegelse og ikkje minst kondisjon har vi mykje å gå på. Vi har valt å ha to lag i serien, trass i at vi er litt knapt med spelarar til det. Sjølv om det har vore litt fråfall til nokre av kampane, er det ikkje mangel på jenter som gjerne spelar på begge lag og får seg nokre ekstra kampar ☺. På kampane har det blitt både sigrar og tap og vi lærer av begge deler.

Jenter 7 og 8 år: Vi er ein fin gjeng med jenter frå andre og tredje klasse som trenar i Breimshallen. Før jul hadde vi trening måndag ettermiddag, etter jul trenar vi fredag ettermiddag. På treningane har vi ulike aktivitetar med og utan ball, og vi avsluttar kvar trening med kamp. Jentene er ivrige å trene, og dei har lært seg mykje i løpet av hausten. Vi har delteke på turneringar i minihandball i Stryn, Vikane og på Sandane. Den første turneringa stilte vi med to lag, og dei to siste har vi stilt med tre lag for at jentene skal få vere mykje på bana. Turneringane har vore prega av godt lagspel og mange scoringar! Vi ser fram fleire treningar og to turneringar til denne sesongen. Trenarane Bente Egge Søvde og Kathrin Stokke. Jenter 10: Dette året har 14 flinke og ivrige jenter vore med på jenter 10-laget. Treningane har vore på onsdagar i

J 10: Framme frå venstre: Sandra Reed, Guro Johanne Hole Hervik, Mariell Sandal, Elin Støyva Torheim, Thea Klakegg Seime, Sanne Petrine Førde Bak frå venstre: Sandra Gimmestad Støyva, Ellisiv Hetle, Emma Fløtre, Karoline Hjelle, Natalie Seime, Frida Sårheim Brakestad, Dina Jordanger Stokke. Ikkje til stades: Anne Lovise Krogh Indrebø

13


G 12: Bak frå venstre: Ole Gøran Bø, Julia Finn, Maren Sårheim, Julia Jordanger Loen, Rolf Arne Seime, Sivert Gåsemyr, John Inge Sørland (trenar). Fremste rekke f.v.: IngerMargrethe Sørland (trenar), Elias Natås, Per Martin Flølo, Emil Sårheim, Aron Engelsen, Tina Eide (trenar). Liggande fra.v: Andreas Egge Søvde og Jonas Myklebust. Håvard Hetle er også med på laget, men var Ikkje til stades då bilete vart teke. J12: Bak frå venstre: Tilde Sæthre, Margit Røyseth Seime, Sunniva Egge Søvde, Kristiane Støyva, Maria Fonn, Julia Jordanger Loen framme frå venstre: Maria Hetle, Kaisa Hole, Hedda Berntzen Fremst Adriana Untrerfrancova. Jenter 12: Laget med 11- og 12-åringar har hatt ein tøff sesong, då motstandarane mange gonger har vore reine 12-års lag. Likevel står dei på, og vi håper dei neste kampane går vår vei. Nyttar høvet til å takke den flinke oppmann vår Åshild B Hetle for god organisering av køyrelister til trening og kamp. Mvh Marie E Sæthre og Anne Svangtun, trenarar. Jenter 13: Vi, Ayla og Ingeborg har vore så heldige å få dette laget som vår praksis i treningsledelse. Har vore ein sesong prega av tap, til tross for mykje godt spel. Jentene kan viss dei vil, og målet for sesongen er å få fram denne viljen ☺ Jentene har utvikla seg mykje sidan vi først helste på dei i haust, og vi gledar oss til å fortsette utviklinga då vi fortsatt har ein god veg å gå. Vi legg likevel vekt på at vi skal ha det kjekkast mogeleg, og vi kan trygt skrive under på at vi har lukkast med det hittil. Vi kosar oss på trening med jentene to timar i veka og vi gledar oss til siste halvdel av sesongen og kryssar no fingrane for at vi klarar å halde trykket heilt over målstreken! I tillegg helsar heile laget til Kari-Ann som er vår flinke oppdame. Helsing frå trenerane Ayla M. Seime og Ingeborg Volle.

14


Årsmelding frå sykkelgruppa 2014 Desse har vore med i styret i 2014: Leiar: Helge Løtuft (på val 2016) Nestleiar: Reidar Moldestad (på val 2016) Medlem: Elin Bergheim (på val 2015) Kjetil Fløtre (på val 2015) Medlem: Medlem: Siri Fossheim (på val 2016) Jon Myklebust (på val 2015) Medlem: Sesongen 2014 starta tidleg med mykje god trening framover på landvegen. Fokus har vore gode økter med kanskje litt for mykje sosialt. Sesongen er stort sett delt inn i to delar. Første delen er på landvegen og treningane går fram til juli. Det er to ritt som fokuset er retta mot. Rittet Bergen-Voss er første store styrkeprøva. Dette er 14 dagar etter at testrittet "Jølster Rundt" er fullført. Nytt av året for Bergen-Voss er "timeout" i Norheimsund. Tida vart stogga før nedkøyringa, og starta igjen når vi reiste i frå Norheimsund igjen. Vi hadde god driv ut av Bergen kor vi tok føringa i pulja vår. Vi var åtte frå Breimsbygda og saman med sju-åtte andre, førte vi toget fram mot Gullbotnen (ca. 40 km). Opp Gullfjellet vart gruppa splitta og over Kvamskogen var vi fordelt tre-fire puljer. Sidan vi stogga i Norheimsund, kunne vi samle alle igjen i "timeout'en" utan at det gjekk utover totaltida. Nye krefter fekk vi og, når det var god servering med vafler og anna godt.

Årets gjeng på Sognefjellrittet, framme frå venstre: Andreas Aabrekk, Even Niiranen og Alex Peveri. Bak frå venstre: Helge Løtuft, Per Rune Hjelle, Bjarte Heggheim og Magnus Håheim skulle ligge bak med fokus på å ha en god tur over fjellet. Dette gjekk fint dei første 7-8 km. Då var denne gruppa innblanda i ei lita ulukke, og vi mista ein av våre i denne pulja. Vart ein liten tur på sjukehus. Resten fortsette over fjellet. Men det vart en forblåst og våt tur. Tilbakemeldingane sa det at enkelte hadde nesten blitt blåst av vegen og andre var so kalde at dei måtte stogge når dei kom ned fjellet for å få varmen i seg igjen. Sognefjellsrittet er eit tøft ritt med mange høgdemeter som skal klatrast. Når ein liksom trur ein er ferdige, kjem oppstigninga i frå Marifjøra mot Hafslo. Den er laaang og tung…

I frå Norheimsund og vidare innover fjorden heldt vi godt lag ei stund, men pulja som vi hengte oss på hadde ikkje god disiplin med "jojo"-sykling. Til slutt vart det en liten krasj framme i pulja og då vart vi splitta opp. Opp "Skjervet" hadde vi en heiagjeng, som gav oss god inspirasjon til å klare dei siste kilometarane til mål. Etter Bergen-Voss er det Nordfjordrittet som står for tur. Under rittet stilte vi med 10-12 personar som vakter langs løypa og to personar som fotograferte alle syklistane. Takk til alle dei stilte opp. Dette gjev oss litt ekstra i lagskassa. Av syklistar stilte vi med fem staute karar. Dei to på bildet var blant dei første som passerte Utvik. Opp fjellet kan det bli tøft, og då er humør godt å ha med seg.

Etter alle disse treningane og ritta på landvegssykkelen, kjem sesongen over på terrengsykkel. Då er fokuset flytta over på den store prøva i frå Rena til Lillehammer (Birken). Her har det blitt stor kappestrid internt i laget. I fjor vart det sett fleire personlege rekordar og målet for mange var nærare enn nokon gong tidligare. I alle ritt har ein gjerne målsetting om å komme i mål under ei viss tid. På Birken er ei slik grense fil dømes fire timar. Denne var innafor rekkevidde for Bjarte og Helge under årets ritt. Sistnemnde sette ny lagsrekord på fredagen med tida 4:03:52 og var godt nøgd. Dette var forbetring på 15 minutt i frå året før. Dei andre (Per Rune, Magnus og Jostein) forbetra og tidene sine med 15-20 minutt. Eivind Eide var med for første gang og klarte seg bra. Bjarte var einaste av oss som skulle starte på laurdagen, og det kom dermed mange forslag om korleis Bjarte skulle legge opp løpet sitt. Vi hadde og forslag om service på sykkelen, men Bjarte tok ikkje sjansen på at han skulle være utan bremser eller andre nødvendige delar.

Neste på programmet er Sognefjellrittet. Her stilte sju syklistar (ein framtidig breimsbygda-syklist) fordelt på to puljer. Den eine skulle legge seg litt i front og den andre

Bjarte hadde godt fokus, og er første under fire timar i frå Breimsbygda IL Sykkel. Gratulerer med tida 3:57:08, men det vil bli tøffare neste år. Då har alle meldt seg på til laurdagen. Under Birken, er vi innkvartert på Vingrom og her nyter vi god service med transport til Rena og henting på Lillehammer etter rittet. Takk til Anne Berit og Jo for service. Reknar med at dei er klar igjen til neste år.

Under Nordfjordrittet: Stian Kvellestad og Even Niiranen. 15


Og det er plass til fleire Breimningar i rittet. Nokon som tek utfordringa?

seg tørre klede i sekken. Må og takke Terje Loen for utmerka logistikk-service.

I helga før Birken, hadde Helge Løtuft, Jostein Flølo og Jan Roger Myklebust meldt seg på rittet Voss-Geilo. Sidan dette skulle være en prøvetur, satsa vi ikkje på stor fart og god tid (Helge og Jostein). Vi skulle kose oss med en lang tur før vi skulle sykle Birken. Turen vart lang, vi stogga på alle matstasjonane, trur vi la på oss meir enn kva vi klarte å sykle av oss, og var sånn sett ikkje sletne. Men då vi stod på toppen av Vøringsfossen og Jostein seier at vi snart er på toppen, var eg ikkje enige. Til toppen var det 18 km og 650 høgdemeter. Det vart en sur tur med temperatur ned mot 3 grader og til tider hagl-byger. Godt en er budde til tur og har med

Som alltid tenkjer ein når ein kjem i mål, at dette vart litt for tøft. Men når vi har fått nokre timar på oss, er vi i gang med å tenkje på korleis en skal legge opp rittet neste gang. Til våren er vi en gjeng som har tenkt oss til Gran Canaria for å sykle. Om nokon skulle ha lyst til å slå seg med, gje oss eit vink. Elles er det plass til fleire på treningane våre. Vi er ikkje so spreke og vi er ikkje sterkare enn det svakaste leddet. Og vi er veldig sosiale.

Årsmelding volleyballgruppa Herrar og Damer Breimsbygda IL samarbeider med Jølster IL om lag på seniorsida og stilte i 2013/2014 sesongen lag i 2.divisjon for herrar, 3.divisjon for damer og herrar samt U19 gutelag i NM. BBIL vann igjen 2.divisjon forholdsvis greitt, medan Jølster vart seriemeister i 3.divisjon. G19 laget hamna til slutt på ein 13. plass i NM etter å ha spelt mange bra kampar. Det skal seiast at laget var uheldig med trekkinga og hamna i den desidert tøffaste puljen i dei innleiande rundane.

På herresida har det vore ein stabil spelarstall og ein fin miks mellom yngre og ”eldre” spelarar. Mange av dei yngre spelarane har fått mykje kamptrening då dei spelar både for 2.og 3.divisjonslaget. Vi har sett flott utvikling på 18-19 åringane siste året. I og med at BBIL dei siste åra har vore suverene i 2. divisjon har ein etter sesongslutt vurdert om ein skal ta steget opp og prøve seg i 1. divisjon. Ei satsing på dette nivået krev mykje meir både med tanke på størrelse på spelarstall og økonomi.

Bjarne Bergheim måtte stå over seriespel første halvår grunna skade, men deltok som dommar under NM for vidaregåande skular og som dommar for Jølster under NM U19 i Bergen. Han er og den einaste som har vore med på Trenar 1-kurs i volleyball i 2014.

16


Ein har sondert terrenget i forhold til å samarbeide med Fjellhug/Vereide og Jølster om denne satsinga. Det vart i 2014 arrangert fleire møter kor moglegheitene rundt samarbeid og felles satsing både på herre og damesida vart drøfta. Konklusjonen vart at ein ikkje er heilt klar for dette endå, men alle klubbane synes dette er av interesse. Etter sesongslutt vart det difor avgjort å halde fram som ein har gjort dei siste åra. Vi ser at det blir jobba bra i klubbane vi samarbeider med, men vi blir litt små for oss sjølve både med Ole Kristian Felde har vore eit positivt innslag på laget denne sesongen. tanke på rekruttering og satsing på høgare nivå. Eit samarbeid mellom alle tre klubbane samt idrettsfag ved Firda VGS er noko som er ein spennande tanke for framtida.

Satsing på ungdom Hausten 2013 vart det starta opp trening for ungdom fødd 1999-2002. Dette har vore ei mikstrening for både gutar og jenter. Treningane vart lagt til søndag ettermiddag for å unngå kollisjon med andre aktivitetar. Totalt sett har 12-15 ungdomar vore innom desse treningane sjølv om oppmøtet på enkelttreningar har variert ein del. Det er viktig for volleyballgruppaOskar, Kenneth og Roar følgjer spent med på kvar ballen landar. å rekruttere nye spelarar til Herrelaget har som mål å ta sin fjerde seriemeisterskap på idretten. Vi ser at deltaking på turneringar og eventuelt trerad i 2. divisjon. Etter vel halvspelt sesong leiar herrane ningskampar mot andre lag er noko vi må få til for å halde tabellen, men alt tyder på at det blir tett i toppen i år. treningsviljen ved like. Ein finn informasjon om kampar og treningar på www.breimsbygdavolley.no samt på volleyballgruppa si Vi ser at fleire yngre spelarar har utvikla seg godt dei siste Facebookside. åra. Oskar Raftevold har denne sesongen meldt overgang til Koll og vil der få prøve seg i høgare divisjonar. Bjarne Bergheim og Ole Kristian Felde har og hatt flott utvikling og har fått mykje speletid på 2. divisjonslaget. Alle desse tre har og vore med Firda VGS sitt skulelag som hamna på 7. plass i NM. Sesongen 2014/2015 er i full gang, og BBIL samarbeider også i år med Jølster om lag på herresida. På damesida stiller ikkje BBIL/Jølster lag i år på grunn av for få spelarar. 17


Årsmelding frå Friidrettsgruppa STYRET HAR VORE SAMANSETT SLIK: Leiar : Reidar Moldestad Nestleiar/sekretær: Anne Svangtun Styremedlemmer: Anne Merete Kleppenes Inger Margrethe Sørland Are Gil Silje Kristin Moldestad FRIIDRETTSÅRET 2014 Friidrettsåret 2014 har vore prega av mange oppturar og gode opplevingar for oss som er glad i, og opptekne av friidrett. Dette både når det gjeld sportslege resultat og på arrangementssida. Som nyvald leiar var det mykje å ta tak i og sette seg inn i, men ved hjelp eit godt styre, meiner vi det har gått bra. Her er likevel mange områder som vi kan bli betre på, både det som gjeld organisasjon og sportsleg utvikling. STAFETTANE Vi starta opp med stafettrening i midten av mars på eit snødekt Reed Stadion, med stor iver og innsats av Gutelaget som vann Breimstafetten 2014. Elias Natås, Jørgen Fure, Kristoffer Hjelle, alle. Vi deltok med både gute- og Robert Andre Moldestad, Tommy Flølo, Andreas Hetle, Elias Helle Felde og Bjørn Inge jentelag på Breimstafetten og Flølo Kleppe. Oldenstafetten. I Olden fekk begge FRIIDRETTSKULEN laga 3.plass. Særleg jentelaget har grunn til å vere godt Vi starta med «pangstart» av friidrettskulen dagen før nøgde her. Første helga i mai var det klart for Breimstafetten, på Reed Stadion, for alle til og med ti år. Breimstafetten, der vi tidlegare «berre» har vunne defileDer hadde vi mange ulike øvingar med stor innsats av dei ringsprisen. Vi vann denne også i år, og det er eit flott skue om lag 30 frammøtte. Friidrettskulen heldt vi fram med, tysnår alle jentene og gutane stiller i lagsdrakter og går flott inn dagar på Byrkjelo Stadion (for det meste). Der har det vore på Reed Stadion. Det viktigaste er likevel stafetten. Her stor glede og iver blant dei omlag 30-40 ungane som har delgjorde gutelaget ein kjempeinnsats, og vann stafetten for teke. Vi heldt fram med friidrettskulen også etter sommarfeførste gong i historia. Det var store jubelsener då Tommy rien, fram til slutten av september. Då avslutta vi med pølFlølo gjekk først over mål etter ein fantastisk sisteetappe. ser og jus, som var svært populært. Takk til alle trenarar og Jentene kom inn på ein heiderleg 6.plass i hard konkurranforeldre som har vore med og vist alle ungane kor kjekt det se. kan vere med friidrett (og masse leikaktivitetar).

Audun i fint driv over hekkane.

Glimt frå friidrettskulen : Marthe, Erlend, Vincent( under T-skjorta), Jakob, Johan og Hedda. 18


til seg idrettsutøvarar frå både Haugen, Stryn, Hornindal og Jølster. Dette synest vi sjølvsagt er kjekt, og er med og bidreg til betre trening og utvikling for alle. I friidrettsfamilien ser vi ikkje så nøye på kva lag, eller idrett dei einskilde høyrer til. Dette er og med på å bygge sosiale arenaer og venskap, som vi meiner er svært viktig.

HETLESTØYLEN OPP Vi har også i år arrangert motbakkeløpet Hetlestøylen opp, i godt samarbeid med O-gruppa. Dette ha vorte eit populært tiltak, som vi bør fortsette med. Heile 60-70 personar har delteke på dei to løpa, eit om våren og eit om hausten. Aldersspennet har vore frå 3-80 år. Her har vore utøvarar berre frå BBIL, men kanskje vi kan marknadsføre det også utanfor eige lag?

BANESESONGEN Mange av vår utøvarar har delteke på lokale stemner, og nokre få på stemner utanfor kretsen. På Sparebankleikane stilte vi i år med heile 16 utøvarar, som oppnådde mange gode resultat og plasseringar. Vi har mange deltakarar i dei yngste klassane, men heller få når dei kjem opp i 13-14 års alderen. Her har vi ein jobb å gjere for å få dei til å halde på lenger.

TRENINGANE På vårparten var det mange som deltok på O-gruppa sine treningar på Reed. Flott at vi kan samarbeide om aktivitet. Det synte seg vanskeleg å få til banetreningar som ikkje kolliderte med andre treningar ellerkampar, for aldersgruppa frå 10 år og oppover. Vi valde å satse på onsdag som fast treningsdag for denne gruppa, sjølv om det ikkje passa for alle. Det var derfor noko varierande frammøte. Vi hadde og treningar på laurdagar når det ikkje var stemner. Treningssamarbeidet med GFIL, for dei frå 13 år og oppover, på torsdagar, har fungert godt. Det er kjekt å trene i lag med utøvarar frå heile Gloppen,(og ein og annan Jølstring). Det å kunne dra nytte av kompetansen til dei dyktige trenarane til GFIL, er «gull verd» for våre utøvarar.

Vi merkar oss at Kjerst Hjelle Eide er tilbake på friidrettsbana, etter fleire år med skadeproblem. Ho deltok mellom anna i tresteg, på UM i Haugesund. Sjølv om ho ikkje nådde heilt til topps, er vi utruleg glad for at ho er med igjen. Ho er eit godt døme på at ein ikkje må gje opp sjølv om det buttar imot. Ein som har hatt ein nesten eventyrleg sesong er Robert Andre Moldestad, med medaljar og gode plasseringar på Veidekkeleikane på Lillehammer, Framoleikane på Fana stadion og Ørstaleikane, for å nemne nokre. Han har bestenoteringar i Sogn og Fjordane på 60m, 100m, 200m, lengde og tresteg, i G14 årsklassa. Tida 7,68 på 60m, plasserer han på 3. plass i Noreg i si klasse. Han er og på 6.plass i landssamanheng på 200m.

Dei av våre utøvarar som ønskjer det har og hatt tilbod fleire dagar for veka. Vi har også hatt eit godt samarbeid med vektløftargruppa, om styrketrening på 123-studioet. Dette har gjeve seg utslag i godt treningsmiljø og gode resultat, både i friidrett og andre idrettar. Det er i ferd med å utvikle seg bra miljø for trening på Byrkjelo. Dette trekkjer

Sandra Sårheim er ei jente som har vore med på ein del stemner, på både 100-200m. Sjølv om ho ikkje nådde heilt topplasseringar, så syner treningsinnsatsen hennar att på fotballbana, der ho gjer sine saker svært så bra. Et god døme på at friidrettstrening gjev god utteljing i andre idrettar.

PEABLEIKANE Dette er eit stemne for dei beste gutane og jentene i 13-14 år klassane, frå Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Her hadde Breimsbygda IL med Tommy Flølo G13, Robert Andre Moldestad og Leiv Arne Sårheim i G14. Tommy fekk ein fin 4.plass på 60m, med tida 8.09, og solid pers. Han oppnådde også eit godt resultat i lengde med 4,70. Desse resultata plasserer han på 2.plass i Sogn og Fjordane statistikken. Resultatet på 60m er det 11. beste i Norge i år. Dette syner at han har mykje å gå på for framtidig satsing på friidrett. Leiv Arne Sårheim henta heim 1. plass i kule med 12.92, som gjev han 1.plass i fylket og 4.plass i landet. Flott resultat, som syner at også har mykje å hente, med litt meir trening. Robert Andre kom på 2.plass på 60m, 3plass i lengde og 200m og 5.pl i tresteg. Tommy og Robert Andre var også sterkt delaktige, til gode passeringar, på stafettlaget til Sogn og Tommy, Leiv Arne og Robert Andre etter kjempeinnsats under PEAB leikane Fjordane på både Tine- stafetten og 8x200 m. på Osterøy. 19


1.klassingar i fint driv: Hedda, Adrian, Jakob, Erlend, Johan, Marthe og Milla. LAGSMEISTERSKAP Den 10.september arrangerte vi lagsmeisterskap på Byrkjelo Stadion, i eit fantastisk flott haustver. Her stilte over 50 utøvarar og vi hadde 168 enkeltstartar, og det vart oppnådd mange gode resultat. Ein flott kveld for friidretten, som gjev tru på framtida.

samråd med AU, vedteke å flytte løpet til 29.august, for å sjå om det kan bidra til betre deltaking. Vi bør snarleg sette ned ein arrangementskomite for dette. DIVERSE I haust starta vi oppatt med sirkeltrening i Breim Skule, etter 1,5 år pause. 12-15 personar har møtt opp, og dei er under kyndig leiing av Ole Tom og Reidar. Før sirkelen er det høve til intervalltrening ute, basket, eller spinning med Andreas Aabrekk. Vi har framleis plass til mange fleire. GFIL-treningane går i Trivselshallen kvar torsdag kl 19.00 for dei frå 13 år og oppover. Vi har ikkje hatt spesifikke treningar i friidrett for dei yngste. Vi oppmodar dei om å delta i handball, ski eller andre sesongidrettar.

ANDRE ARRANGEMENT Breimstafetten gjekk av stabelen 4.mai. Eit prikkfritt arrangement med Knut Lunde i spissen. Ministafetten og guteog jentestafetten, samlar mange deltakarar samt foreldre og leiarar. I klassane for vaksne er det ikkje så stor deltaking, men likevel viktig å halde fram med.

WILL PRISEN. Magnus Willumsen har oppretta ein stimulanspris på kr 1000,-, til utøvarar som set lagsrekord i ei øving, for senior eller junior, i løpet av sesongen.

Breimsmila, med sykkelgruppa som teknisk arrangør, vart arrangert laurdag 3.mai. Her stilte faktisk over 80 personar på startstreken, dei fleste i mosjonsklassa. Dette syner at det er eit løp som vi bør halde fram med, og som kan utviklast endå meir.

UTVIKLING: Reidar og Inger Margrethe deltok på JobZone kompetansehelg i friidrett i Trondheim i januar, i lag med 400 friidrettsleiarar frå heile landet. Reidar på klubb- og organisasjonsutvikling og Inger Margrethe på arrangementskurs. Styret meiner at ein bør satse på utdanning og kompetanseheving innan fleire område som trenar, dommar og arrangementsutvikling i åra som kjem.

Gruppa arrangerte Friidrettens dag, i samarbeid med Breim Skule. Då hadde vi ein heil dag med friidrett på Byrkjelo Stadion. Der fekk alle elveane bli kjende med ulike friidrettsøvingar. Eit flott rekrutteringstiltak som vi håpar å kunne å fortsette med. Friidrettsgruppa har vore medarrangør på mange stemner i 2014. Vi nemner Gloppenmeisterskapen, Sparebankleikane. Her hadde vi ansvaret for overnatting og forpleiing for 30 utøvarar frå Hordaland, som overnatta på skulen.

Junior-NM, skal arrangerast av Byrkjeloalliansen Byrkjelo 21.-23. august i 2015.

Byrkjeloalliansen er ei samanslutning av BBIL og GFIL, som skal stå for større friidrettsarrangemet på Byrkjelo Stadion. Hovudkomiteen med leiar Rolf Kjetil Egge har vore i godt arbeid sidan hausten. I samband med stemner skal det utførast diverse opprusting på stadion. Mellom anna er det planlagt å legge betong rundt sleggeringen og under høgde- og stavmatta. Det er også planlagt å skaffe ny stavmatte, då den vi har er «utbrukt». Det er og planer om å få til ein oppvarmingssti i søndre sving bak tribuna.

Byrkjeloleikane: Vi har her ansvaret for friidrettsøvingane. Eit flott tiltak for utviklingshemma, som syner ei utruleg idrettsglede. Kanskje eit av dei kjekkaste stemna å vere funksjonær på. Krinsmeisterskap for alle klassar: Dette var eit fellesarrangement, som vi tok på oss etter oppmoding frå kretsen. Her hadde vi med funksjonærar frå alle Gloppelaga samt Jølster og Hornindal. Gruppa hadde ansvaret for innkalling og organisering, i tillegg til at vi stilte med mange funksjonærar.

Til slutt vil vi få takke alle som har vore med å bidrege til aktiviteten i gruppa i året som har gått. Utan alle eldsjeler er det ikkje muleg å oppretthalde den store aktiviteten vi har. TUSEN TAKK.

Eggenipa opp: Dette fantastisk motbakkeløpet er eit friidrettsarrangement, sjølv om gruppa ikkje har vore så sterkt involvert i det. Løpet har vorte arrangert av ein entusiastisk gjeng på Egge. Etter ein nedgang i deltakinga har gruppa i

For styret i Friidrettsgruppa Reidar Moldestad 20


Årsmelding frå skigruppa Skigruppa har i 2014 bestått av: Leiar: Anders Felde Alpinsjef: Per Asbjørn Felde Langrennssjef: Claus Guttesen Økonomi: Jostein Flølo Enno eit år med elendige snøforhold gjorde det vanskeleg for skiaktiviteten i BBIL vinteren 2014. Spesielt gjekk det i år ut over, og i praksis har det ikkje vorte arrangert verken skiskule eller alpintreningar før på slutten av sesongen. Det er framleis i alpint vi har flest aktive som reiser på renn i kretsen. I langrenn er det færre som reiser, men det må vere lov å trekkje fram resultata til Andreas Hetle som verkeleg har nærma seg toppen i si klasse dette året. Langrennstreningane på Utviken greidde vi å starte tidleg i januar, til tross for lite snø. Noko varierande oppmøte, men stort sett er der mellom 30-45 peresinar på trening og dette er bra.

Ivrige alpintutøvarar frå Breim. Frå venstre: Elias Helle Felde, Julie Helle Felde og Marthea Felde. Liggande: Olianna Felde. Framme: Jakob Felde. Sogn og Fjordane Skikrins. Dette er Fjord1 samlingar og fordeler seg på barmarksamlingar og skisamlingar. I tillegg deltek vi også på andre opne samlingar på ski. Skisamlingane føregår på Hafjell, Kvitfjell, Juvass, Østerrike og i fylket vårt. Barmarksamlingane er rundt omkring i fylket. Dette er gode samlingar for å få inspirasjon til korleis ein skal trene variert og riktig på heimebane. Klubben har hatt deltakarar på alle samlingane.

Vi har alltid hatt stor utfordring med trenarar og vi vil difor rette ei spesiell takk til dei som står på heile vinteren igjennom innan alpint og langrenn: Alpint: Kåre Hetle, Nils Kåre Sårheim, Per Asbjørn Felde og Anders Felde. Langrenn: Kristin Daling Felde og Grete Aa Sandal. Dei gjer ein strålande jobb, men vi treng sårt nokre trenarar til.

Skisamlingane starta med den tradisjonelle samlinga i Østerrike i haustferien, der berre Edvin deltok i fjor. Første Fjord1 skisamlinga var på Kvitfjell i november og den andre var på Hafjell rett over nyttår. Her deltok samtlege av dei mest aktive frå klubben.

Idretten har stor fokus på aktivitetstal og medlemstal. Og med mindre snø hadde vi ein reduksjon frå 200 i 2013 til 130 i 2014. Grunnen til dette er først og fremst lite snø på Utviken dei siste to åra, noko som har ført til låg aktivitet lokalt.

Av opne samlingar har vi hatt deltakarar på Juvass sommar og haust. Meisterskapssamlinga som skulle vore i eige fylke blei også flytta til Hafjell på grunn av snømangel, der deltok Julie og Reiel. Av arrangement på Utvikfjellet så vart det ikkje avvikla nokon renn dette året på grunn av snømangel. Det vil seie at det ikkje var nokon Lagsmeistrar i 2013-14.

ALPINT Vi har vore mellom 15-30 deltakarar på Fjordpipe Skiskule på Utvikfjellet, som kom i gong i byrjinga av mars. Skulle ynskje vi hadde greidd å få med oss fleire frå skiskulen over i det aktive alpinmiljøet, men det har vi ikkje greidd. Nokre få nye er med på dei vanlege treningane, men vi skulle ynskje at dei også deltok meir på samlingar og renn. At vi slit med rekrutteringa i det aktive alpinmiljøet har nok si hovudforklaring i at dette er den andre snøfattige vinteren vi har hatt på rad. For å lykkast med rekrutteringa må vi ha snø slik at vi får trene i eigen bakke. På grunn av snømangel i eige anlegg i fjor, så reiste dei aktive mykje ut til Eid og trena på Harpefossen. Denne sesongen kom snøen også seint og einaste alternativet vart trening i Hodlekve Sogndal. Med slik reising er det forståeleg at vi ikkje vert så mange fleire. Ein annan faktor er det at vi må få med engasjerte foreldre, for det er dei som må vere med å legge til rette for aktiviteten med løyper, stell av ski, køyring til trening og konkurransar osv. Dei aktive i BBIL deltek på fleire typar samlingar i regi av

Julie Helle Felde under fartstrening i Kvitfjell. 21


Resultatmessig hevdar løparane frå klubben seg godt både lokalt i fylket og på nasjonale renn.

stor framgong dette året, og har fått både 1.-, 2.- og 3.plassar.

Krinsmesterskap: Krinsmeistertittel får ein frå 13-14 års-klassa og oppover. Slalom: Julie Helle Felde, sølv. Storslalom: Julie Helle Felde, sølv. Edvin Fonn Sårheim, sølv. Utfor: Julie Helle Felde, gull.

Donald Duck Winter Games blir arrangert på Hemsedal seint i april kvart år. Julie, Elias og Håvard reiste nedover, og dette var ei flott og minnerik sesongavslutning med mykje moro. Nils Kåre Sårheim har vore hovudtrenaren vår på heimebane, i tillegg til Anders og Per Asbjørn Felde og Kåre Hetle. I tillegg til trenarane våre vil vi rette ein stor takk til jobben som Mona Sårheim gjer med påmelding til renn, med nettsida til skigruppa og rapportering til avisa.

Landsfinale, Hafjell: Reiel Daling Felde var einaste deltakar frå BBIL i 13-14 års klassa. Slalom: plass nr 87. ( av over 160 i klassa) Storslalom: plass nr 47. ( av 165 i klassa, tredje beste av 12 frå fylket), SG: køyrde ut.

LANGRENN Vi har gjennom fleire år gjennomført Telenor Karusellrenn i langrenn. Det vil seie at vi får ein del gratis småpremiar til utdeling i tillegg til startnummer og anna småtteri.

Hovudlandsrennet, Oppdal: Her var Julie Helle Felde var einaste deltakar frå BBIL i 15 -16 års klassa. Slalom: ut, Storslalom: plass nr 17. ( av 85 i klassa) Super g: plass nr 20. ( av oppunder 100 i klassa) .

Vi planla å gjennomføre tre Telenor karusellrenn i løpet av januar, februar og mars 2014.

FIS – renn: Her har Edvin Fonn Sårheim vore einaste deltakar frå BBIL. Han har i motsetning til dei fleste som går på skigymnas, vore heimebuande med elendige treningsforhold i forhold til dei andre. Edvin har reist rundt mykje åleine både på trening og konkurranse. Han har mange reisedøgn ute på renn, vi nemner; Geilo, Hafjell, Bjorli, Edvin Fonn Sårheim er den einaste frå Kvitfjell, Voss, klubben som har delteke på FIS-renn. Hemsedal og Ål. Resultat NM junior 1. Utfor: 27, Superkombi:26, Storslalom: 32.

Første renn vart avvikla 26. januar. Nesten 100 løparar stilte til start. Omtrent halvparten stiller for BBIL, omtrent kvar tredje stiller frå Vikane IL, og så frå GFIL og FjellhugVereide. Neste renn vart avvikla 23. februar, og her var der også nesten 100 løparar. Tredje og siste renn vart avvikla 23. mars, og her var det omlag 75 løparar. Aktive på krinsrenn: Andreas Hetle er den som er desidert mest aktiv og satsar mykje på langrenn. I tillegg har Håvard, Elisiv, Borgny Kristin Hetle, Matias og Regine Aa Sandal vore med på krinsrenn. Vi må få lov til å løfte fram Håvard Hetle som for det meste deltek i friteknikk og har vunne renn der. So han gjer det godt både i alpint og langrenn. Lagsmeistrar i år vart (f.o.m. 11 år): Gutar 11 år: Elias Helle Felde Jenter 11 år: Marthea Felde Jenter 12 år: June Kleppenes Sårheim Gutar 12 år: Øyvind Fure Gutar 13 år: Kristioffer Hjelle Gutar 15 år: Andreas Hetle

FIS-punkta til Edvin etter fjorårssesongen var gode. Han hadde ei veldig god avslutning på sesongen i fjor og køyrde seg ned til stadig betre FIS-punkt i alle disiplinar, og er no under 100 i storslalom og super g. Dette er veldig bra ut frå føresetnadane med å bu heime.

Andreas Hetle har verkeleg fått god framgang denne langrennssesongen. Han måtte også reise ein del til Sogndal og Markane for å få trent.

Aktiviteten: Dei aktive som har vore med i alpinmiljøet er; Reiel, Marthea, Olianna og Jakob Felde. Julie og Elias Helle Felde. Håvard, Ellisiv, Borgny Kristin og Erlend Hetle. Edvin Fonn Sårheim. Bjørn Inge Flølo Kleppe, Jonas Myklebust og Matias Sandal har delteke på nokre få lokale renn. Dei fleste av desse har vore på samlingar og renn saman heile vinteren. Vi fylte opp bilar og køyrde til Hodlekve og trente opp til fleire gongar i veka. Der inne vart vi ofte trena av Fredrik Sårheim, og han har også vore trenar for mange av dei yngste på Hafjellsamlingane. I tillegg til dei eldste utøvarane som er nemnt ovanfor har Håvard, Marthea og Elias hatt

Andreas hadde desse resultata i hovudlandsrennet i langrenn: 5 km. klassisk: 43 (ca. 340 startande) Sprint, fri 95 Langrennscross: 34 Andreas hadde desse resultata i krinsmeisterskapen i langrenn 2014: Sprint, friteknikk: 2. Klassisk, distanse: 2. Friteknikk, distanse: 2.

22


Ein god gjeng alpintutøvarar frå Breimsbygda samla i februar. Ski i skulen Gjennom Skikrinsen har BBIL vore engasjert i eit prosjekt som er retta mot mellomtrinnet på Breim Skule. Denne vinteren hadde vi med oss 6.- og 7. klasse og det har vore veldig moro å ha dei med seg på fjellet i fleire timar kvar veke fram til vinterferien. Det nye i år var at vi også gjennomførte ein gong med alpint. Dette var ein stor suksess og vi såg at fleire av desse kjøpte seg både ski og heiskort etterpå. Per Asbjørn Felde og Anders Felde har hatt ansvaret for dette prosjektet her i Breim og opplegget har stort sett fått skryt frå både elevar og lærarar.

Langrennstreningane: Måndag har vore treningsdagen på fjellet, med Kristn Daling Felde og Grete Aa Sandal som instruktørar. Oppmøte har stort sett vore godt til tross for lite snø, og litt begrensande moglegheiter. Grete har dei eldste, med både teknikktrening og litt leik. Kristin har dei yngste med grunnleggande skiopplæring og leik. Treningane har fungert svært godt og oppmøte har lege rundt 30 stk. Treningane starta allereie i veke 2 og dreiv på til midten av mars. Arrangement alpint Grunna lite snø vart både Fjord1 Cup i alpint, Frydenbø Cup flytta vekk frå Utvikfjellet, Even Hole Cup vart avlyst.

Barmarkstreningar Hausten 2014 vart det gjennomført barmarkstreningar/basistreningar alpint i gymsalen på Byrkjelo. Fokus var først og fremst koordinasjon, styrke og uthald. Hausten 2014 hadde vi også ansvaret for ei av krinsen sine barmarkssamlingar. Den vart lagt til Sandane skule, slik at vi kunne nytte turnhallen og resten av Trivelshagen. To flotte dagar, med Even Hole som hovudinstruktør. Til slutt vil vi takke alle som er med å hjelper til med alt mogleg. Spesielt vil skigruppa takke Mona Sårheim som gjer veldig masse godt arbeid for alpingjengen. Hadde ho ikkje lagt ned slik stor innsats på blant anna nettsidene so hadde dei ikkje vore mykje å skryte av. Helsing Anders, Claus, Per Asbjørn og Jostein

Andreas Hetle klar til start under hovudlandsrennet i langrenn.

23


Aktivt år for vektløftargruppa Det har vore eit svært aktivt år for vektløftargruppa. Høgdepunktet var i slutten av mars då vi saman med Brodd arrangerte Ungdoms-NM i Trivselshallen og fekk tre medaljar. Det første NM i Gloppen si nye idrettslege storstove. Men også i 5-kampserien for gutar opptil 18 år vart det sølv til Breimsbygda, etter Nidelv men framfor Tambarskjelvar. Og til våren blir det på nytt NM i vektløfting i Trivselshallen. Denne gongen JuniorNM og Norgescup der alle dei beste stiller. NM skulle først gått 18 april, men vart utsett til laurdag 25.april for å få med dei som deltek på EM rett før. Vektløftarane er i oppkøyring til EM 2016 som skal gå i Naustdal og Førde. Så vi har grunn til å rekne med toppresultat og norske rekordar i Trivselshallen til våren. Sogn og Fjordane vektløftarkrins har fått kongepokalvinnaren frå 2005, Geir Grønnevik frå Tambarskjelvar, som krinstrenar. Alt i januar hadde han første samlinga på 123, der han mellom anna hadde med seg toppløftaren Sindre Rørstadbotnen frå Tambarskjelvar. Stor inspirasjon og mykje å lære for dei unge løftarane i Breimsbygda. I U-NM (t.o.m 17 år) i Trivselshallen i mars vart det sølv på Robert Andre Moldestad og bronse på Leiv Arne Sårheim og Ole-Kristoffer Sørland med fine nye personlege rekordar. Arild Bjørkelo løfta også godt utan at det vart medalje, og har to år att som ungdomsløftar. Bjarne Bergheim var eit år for gammal til å forsvare bronsemedaljen sin frå 2013. Han debuterte i staden som vektløftardommar på høgt nivå. Takk elles til alle funksjonærarar og støttespelarar! Framgangen har fortsett i haust. Robert Andre har klart kravet alt i vår, og Bjarne Bergheim på julestemnet. Andre nærmar seg krava, men det viktigaste er å skunde seg langsamt og legge solid grunnlag. Tambarskjelvarekspertisen skryt av talenta våre og seier dei kan nå like langt som dei beste i Tambarskjelvar. I vektløfting og andre idrettar der fysisk nivå er

Unge og ivrige talent fekk kyndig instruksjon frå erfarne og dyktige vektløftarar. viktig når ein ikkje toppen før ut i 20 års-alderen. Så det er langt fram. Men inspirerande å høyre at det vil vere mogeleg også for våre løftararar. Vektløfting er delt i 2-kamp og 5kamp. Det vanlegaste er 2-kampen med dei tradisjonelle vektløftarøvingane rykk og støt. For å fremje allsidigheit har ein også 5-kamp der ein i tillegg til rykk og støt har ein «3-kamp» med friidrettslike løp (40 m med liggande start), hopp (3-hopp med samla bein) og kast (Liakov – kulekast med begge armar bakover hovudet frå ein kulering). Breimsbygda arrangerte KM i 5kamp på Byrkjelo i juni. Og både der og i KM innandørs i Naustdal fekk vi fleire krinsmeistrar og gode resultat. Breimsbygda har totalt arrangert ni vektløftarstemne og vektløftarsamlingar i år, i godt samarbeid med IL Brodd. Vi treng fleire dommarar, og nytt dommarkurs er planlagt på Byrkjelo i mars. Ungdommane våre har vore med i serien både i 2-kamp og 5-kamp. I 2kampen vart dei nr 5. Ein skade og eit manglande resultat i siste serieomgang hindra plass blant dei fire beste som avgjer medaljekampen i eit 24

avsluttande lag-NM som i år går i Førde første helga i desember. Derimot vart det sølv i 5-kampen etter Nidelv, men framfor Tambarskjelvar. Kjekt at det gode friidrettsmiljøet i BBIL gjev medaljar også i andre idrettar, så ære også til friidrettstrenarane våre. Gruppa har seinhaustes hatt eit par laurdags-dugnader på Gjesteheimen for å klargjere den for ombygging til leilegheiter og på den måten skaffe pengar til meir utstyr i treningslokala på 123. Nytt utstyr som strikkar, ringar, bosuballar, medisinballar, matte og hoppbukkar med meir er på plass på vektløftarrommet på 123. Det blir no brukt av fleire som treng basistrening,men ikkje satsar på vektløfting som idrett. Utøvarar frå skigruppa og friidrettsgruppa er dei ivrigaste – men her er plass til fleire frå fotballgruppa og andre grupper i laget og (i alle fall om ein spreier treningstidspunkta). Styrketrening blir no framheva i media som like viktig som kondisjonstrening, og for somme grupper endå viktigare. Vi er glade for at mange ikkje-konkurranseaktive brukar utstyret på 123, og prøver å hjelpe til med instruksjon også til desse.


Ole Kristoffer Sørland sette personleg rekord under ungdomsNM.

Leiv Arne Sårheim er eit av dei unge talenta som allereie no gjer det skarpt i konkurransar. Her set han personleg rekord i rykk på 67 kilo.

Styret i vektløftargruppa har vore Ola Bergheim (leiar) Elin K. Solheim Bjarne Bergheim Svenn Arne Bjørkelo Rolf Øyvind Sæthre Hauge Ola Bergheim representerte BBIL på Norges Vektløftarforbund sitt ting på Gardermoen i mars. Når det gjeld representasjon og verv utanom laget er Ola Bergheim leiar i Sogn og Fjordane Vektløftarkrins og har ymse representasjonsoppgåver i den samanheng. Han er også ansvarleg og instruktør for trenar 1-utdanninga på Vestlandet etter den nye trenarstigen (45 timar kurs pluss 45 timar praksis for trenar 1). Han var instruktør på eit kurs i Bergen i haust der Bjarne Bergheim også deltok og blir formelt trenar 1 når praksistimane er gjennomført. Bjarne har også representert krinsen ved samlingar på Gardermoen og Olympiatoppen i Oslo i haust.

Robert Andre Moldestad tok gull i KM og har prestert særs godt gjennom sesongen. Vi vonar flest mogeleg merkar av NM-datoen laurdag 25.april på kalenderen og møter opp i Trivselshallen og heiar fram våre unge løftarar. Og ser på dei beste løftarane i landet i Norgescupstemnet som blir arrangert i samband med Junior-NM.

Trenarar har vore Ola Bergheim og Bjarne Bergheim med god hjelpa av Reidar Moldestad og i godt samarbeid med friidrettsgruppa når det gjeld 5-kampstemna og kjøp og bruk av utstyr.

Helsing Vektløftargruppa

Kor langt kan ein vektløftar frå Breimsbygda nå? Bjarne Bergheim drøymer om store prestasjonar på Olympiatoppen i Oslo. 25


Årsmelding fotballgruppa 2014

Lagbilete Sogndal sitt Tippeligalag og Breimsbygda sine jenter 10/11 år og gutar 10 år 2014 har vore eit aktivt år med stor aktivitet blant medlemane og fleire fotballarrangement lokalt på programmet. Tal aktive er om lag det same, sjølv om enkelte årgangar er relativt få. Slik sett har vi ikkje merka mykje til nedgangen i tal aktive som fotballforbundet har registrert på landsbasis.

Etter ein god sesong for herrelaget i 2013 med opprykk, så kom kvardagen brått på i 5. div. Sjølv om Geir Vie og Bjarte Gangeskar la ned eit solid arbeid med laget gjennom sesongen, så vart det få poeng og fleire store tap. Hovudårsaka til manglande resultat, sett frå styret sin ståstad, er dei store variasjonane i spelargruppa. Dette gjeld både variasjon i oppmøte på trening og kamp og i fysiske kapasitet.

Hovudutfordringa vår er å aktivisere flest mogeleg-lengst mogeleg-best mogeleg. Styret har stor tru på at ei godt organisert fotballgruppe med engasjerte trenarar som har kjennskap til korleis motivere for fysisk aktivitet gjev resultat. Det har difor i årets sesong vore gjennomført fleire kurs både for styret og trenarane.

Evalueringa av sesongen til herrane konkluderte med at vidare spel i 5.divisjon var vanskeleg for ein liten klubb som Breimsbygda utan samarbeid med ein naboklubb. Det er likevel viktig for klubben å ha seniorlag – så det vert arbeidd med å få dette til i komande sesong.

Føremålet med å få fleire med på kurs, er å auke kompetansen og kunne gje fleire spelarar eit godt aktivitetstilbod som motiverer for fysisk aktivitet – lengst mogeleg. Det er difor gledeleg at to av våre trenarane har vore på Trenar 1 – Clisens kurs. Dette kurset går over to kveldar med fokus på organisering av trening for barn og unge. Styret har på si side hatt to på Leiar I og to på Leiar III kurs i regi av Norges fotballforbund.

Damelaget har gitt oss mykje å glede seg over i 2014. Totalt sett presterte laget solid i årets serie og utfordra dei beste laga i serien. Høgdepunktet for sesongen var heilt klart prestasjonen å kome seg til kretsfinalen etter å ha slått ut ubesigra serievinnar Førde i semifinalen. I finalen møtte damene våre Sogndal på Fosshaugane. Sjølv om finalen enda med tap, så var det ei positiv oppleving både for spelarane og publikum! Trenar Bjørn Åmot og damene har utvikla ein god kultur i laget med gode haldningar både på og utanfor bana. Dette vil vere ein styrke i møte med komande utfordringar i sesongen som kjem. Laget er ikkje minst gode førebilete for dei unge spelarane i klubben – dette er viktig!

Etter fleire år med innsats på anleggssida vert det no sett meir inn på å utvikle det sportslege i klubben. Ein sportsplan som seier noko om kva vi prøver å få til vart utarbeidd før sist sesong, men den vart ikkje handsama av årsmøtet. Basert på erfaringane siste året justerer vi planen og legg den fram for årsmøtet til godkjenning. Håpet er at den kan vere ei bra rettesnor for det vidare arbeidet.

MINIPUTT 6-10 ÅR Miniputtane har gjennomført nok ein flott sesong på fotballbana, og vi har hatt det kjempekjekt. Vi har registrert 67 namn, noko som er ein reduk-

Sjølv om anlegga våre er blitt veldig gode og vi søker å arbeide meir med det sportslege tilbodet – så driftar ikkje anlegga våre seg sjølve. Fotballgruppa er svært nøgde med det vedlikehaldet som vert gjort på stadionanlegga på Reed og Byrkjelo. Dette er noko kretsen og har fått med seg og kunstgrasbana på Reed er stadig tinga til sone- eller kretslagsaktivitetar. All ære til dei som er med på å legge anlegga til rette for oss!

6-åringane 26


Minigutar 8 år

Minigutar 6 år

Minijenter 7-8 år.

sjon på fem samanlikna med i fjor. I år som i fjor er jentene i fleirtal blant miniputtane, og det vert spanande å følgje denne utviklinga framover. Tilbodet til 6-åringane er kome for å bli, og dei er eit positivt innslag både på trening og kamp. Innsatsviljen og gleda er stor, same kva resultata vert. Vi ser framleis at det er store individuelle skilnader på borna og kor modne eller klare dei er for fotballspelet, men dei møter likesinna frå andre klubbar og då spelar dette ikkje noko stor rolle. Det viktigaste er at dei har det kjekt!

flott at også nye lag kjem til. I år hadde vi godt vêr og deltakarane kosa seg under turneringa. Vi har flinke funksjonærar og vi fekk også i år gode tilbakemeldingar frå kretsen. Kiosksalet er ei viktig inntektskjelde for fotballgruppa, og vi hadde godt sal også i år. Tusen takk for hjelpa til alle som var med og hjelpte til. Utan dykk hadde det ikkje blitt turnering.

Kunstgrasbana på Reed er vår faste treningsarena, og dei stabile forholda her er viktig for ein god treningskvardag. Sjølv om vi er veldig mange lag som skal trene på same tid og kampar som skal avviklast, så finn alle seg ein plass slik at ein får trena. Men det er klart at tilgang på utstyr og plass er viktige faktorar for utvikling i åra framover. Miniputtane har ikkje faste treningar i sommarferien, men vi håpar at mange er aktive på eiga hand. I år arrangerte vi den første turneringa for sesongen, med 63 lag påmelde og vi gjennomførte 94 kampar under turneringa. Vi hadde då fem lag mindre påmeldt i år enn i fjor. Vi spelar no på 8 baner på same tid, dette for å få fin flyt i turneringa og for at det skal bli minst mogleg ventetid for alle laga. Det er likevel utfordrande å få til eit godt kampoppsett slik at alle får tre kampar, får spele mot ulike lag og slepp å gå for lenge og vente på kampane. Vi jobbar kontinuerleg med at få så gode kampoppsett som mogleg, men å gjere alle til lags vil vi vel aldri klare. Turneringa er framleis stor og langdryg, men med så mange deltakande lag må det bli slik. Hyen deltok i år for første gong på vår turnering, og det er

Vi har som tidlegare år delteke på turneringar i Innvik, på Skei og på Sandane. Det er kjekt å møte lag frå andre klubbar, samtidig som det er kjekt å reise på turneringar saman med kameratar og vener. Vi har stort sett meldt på 10-11 lag til dei ulike turneringane, og dette er på nivå med tidlegare år. Fleire lag betyr meir speletid på alle og mykje meir ballkontakt. Både trenarar og spelarar har vore nøgde med dette, men det er utfordrande å melde på passeleg tal lag for dei yngste spelarane. Vi er oppmoda av kretsen til å ha reine jente-og gutelag. Dette har vore vanskeleg med dei yngste jentene. På siste turneringa på Skei klarte vi likevel å stille eit reint jenter 6-årslag, og dette såg ut til å vere ei god og positiv oppleving for alle. Det er ikkje alltid like enkelt å bryne seg mot gutane, sjølv om dei er på same alder. Vi treng framleis fleire trenarar inn mot miniputtane, slik at kvart lag får sin trenar som kan følgje dei både på trening og kamp. Er det foreldre som har lyst til å bidra, er det berre å ta kontakt med fotballgruppa. Det er behov for fleire både på gute- og jentesida. I år deltok 10-åringane i seriespel. Jentene meldte på to lag, medan gutane hadde eit lag i seriesystemet. Alle laga har utvikla seg mykje, og sjølv om dei opplever både sigrar og tap i desse kampane, er det ein god læringsarena for spelarane. Både jen27

Minigutar 9 år

Jenter 10 år tene og gutane synast i alle fall at det er kjekt å få spele mykje fotball. Jenter og gutar 10 fekk og vere med Jenter 11 på trening med Sogndal Fotball. Her var det lagt opp til trening, omvising og mat, og det blei ei stor oppleving for spelarane. Vi vil rette eit stor takk til dei som stod ansvarlege bak denne turen. Spelarane lever nok på denne opplevinga lenge. Gutar 10 hadde og ei samling med gutar 10 på Sandane, med trening, mat og overnatting på Sandane. I tillegg deltok dei på Bendit Cup i Sogndal. Dei hadde og ansvar for å samle inn pengar til miniputtane i Vietnam denne sesongen. Dei laga til og ordna med mat til kiosken og arrangerte aktivitetar som publikum kunne delta på. Gutane samla inn ein god del pengar til tiltaket, pengar som kjem godt med i «barn hjelper barn» prosjektet.


Alle miniputtane fekk diplom og refleks på siste turneringa på Skei, medan dei fekk seg fine drikkeflasker på vår eiga miniputt turnering. Vi avslutta sesongen med merketaking, ei lita matøkt og premieutdeling på kunstgrasbana. Det var ikkje alle spelarane som deltok på avslutninga, så om det er nokon som saknar premien sin, er det berre å ta kontakt med Jannike Felde, så har ho den liggande. Vi rettar ei stor takk til alle som har hjelpt til i sesongen; trenarar, foreldre som har stilt opp som lagleiarar og funksjonærar og andre involverte. Hovudansvaret for miniputtreningane har vore delt på Pål Sandal, Gro Larsen Hjelle, Vidar Sandal, Jon Olav Frøystad, Asle Henning Jordanger, Jon Fossheim, Kåre Hetle og Kjell Paulen. MINIJENTER 10 ÅR Jenter 10 har dette året bestått av 16 flotte jenter. Eit litt spesielt år for oss sidan det er siste året med miniputt. Vi har trena både med miniputtane på måndagar, og på onsdagar når vi ikkje hadde kampar. Vi har delteke både på fire miniputturneringar og seriespel. Vi prøvde oss på seriespel også i fjor. Då fekk vi ein vel tøff start. Dette året har det gått veldig fint. Vi hadde meldt på to lag. Desse laga kom heldigvis ikkje i same serie, så vi slapp noko innbyrdes oppgjer. Det vart nokre tap, men endå fleire sigrar, så dette føler vi at vi har kome godt ut av. Jentene er positive og gir alt uansett korleis det har gått. Årets største happening var utan tvil turen til Sogndal og trening med Sogndal sine Tippeligaspelarar. Det lever vi lenge på! Trenarar: Gro Larsen Hjelle og Vidar Sandal Oppmenn: Anette Støyva og Solgunn Sårheim Brakestad

Ein drøymedag for fotballinteresserte jenter frå Breim i Sogndal

Gutar 10: Spelarar: Andreas Søvde Egge, Joakim Kvellestad, Mathias Aa Sandal, Kristian Kleppe, Johannes Øvreset, Kristian Fossheim Lauritsen, Sivert Gåsemyr, Jonas Myklebust, Jakob Gangeskar. Trenar og oppmann: Pål Sandal

hadde søkt og vunne opphaldet i Sogndal. Det var ”full pakke” med garderobebesøk, innmarsj på stadion, lagbilete, trening og avslutning med diplom og pizza. Alt var filma av TVteam frå Canal Digital og fleire av våre spelarar vart intervjua etter trening. Eit samandrag av filminga vart seinare sendt på storskjerm under tippeligakampen mellom Sogndal og Molde. Takk til Sogndal fotball, med Stine Lilloe Olsen i spissen, for eit flott opplegg for våre unge håpefulle!

MINIGUTAR 10 ÅR Gutane har spelt både serie og delteke på miniputturneringane denne sesongen. Fleire av spelarane har og spelt serie i lag med 11-årslaget, som er litt få spelarar. Det har difor vore ein sesong med gode moglegheiter for å få utfordre seg og ha det moro.

Gutane var og med på Bendit Cup i Sogndal, der det vart ny runde med fotball på Fosshaugane med påfølgjande pizza og premieutdeling. Det vart fire sigrar og ein uavgjort i ei turnering der vi møtte fleire gode lag frå Sogn og Nordfjord. Dagen vart avslutta med eit spennande Tippeligaoppgjer mellom Sogndal og Molde.

Den beste opplevinga var heilt klart turen til Sogndal for å møte og trene med A-laget til Sogndal. Dette gjorde vi i lag med jenter 10 og 11 år, som

Laget har og hatt eit godt samarbeid med gutane til STIL. Her hadde vi blant anna ei felles overnatting i lavo 28

på Sandane før vi møtte til miniputturnering dagen etter på Sandane idrettspark. Laget har hatt fokus på å spele saman, få til gode pasningar og korleis vi oppfører oss på og utanfor bana. Spelet har til tider vore veldig bra og då vert det mange sigrar. Eid og Vikane har vore dei hardaste motstandarane, og Eid er det einaste laget det har blitt tap mot i årets sesong. LILLEJENTER 11 ÅR Trening og Serie Jenter 11 har i år spelt 5-ar fotball. Vi har vore i serie saman med Brodd, Eid, Stryn, Loen og Sandane. Vi har klart oss bra mot alle laga. Det var ein jamn serie, og med siger i ni av 15 kampar er vi godt fornøgde. Vi har hatt trening eller kamp to gonger kvar veke. Det har vore måndag og torsdag/(onsdag etter at handballtreningane starta opp att i haust). Det har vore bra oppmøte på treningane, noko som er svært viktig med så få spelarar. Vi har hatt flinke foreldre som har stilt


Jenter 11 har bestått av desse flinke spelaran .Adriana Unterfrancova, Hedda Berentzen, Marthea Felde; Sunniva Egge Søvde, Kaisa Hole, Margit Seime, Maria Hetle, Tilde Sæthre,

opp på køyring til kamp. Dei har og vore kampvertar på heimekampane våre. Kampvertane har stilt med kaffi og liten matbit eller frukt. Dette har gjestane våre har sett stor pris på. Tusen takk til alle foreldra! BENDIT CUP Som avslutning på sesongen var vi med på Bendit Cup i Sogndal, der jentene var så heldige å få overnatte på Campus. Takk til Kristin Daling Felde og Bente Egge Søvde som stilte opp! Sportsleg fekk vi stadfesta at vi heldt god standard både mot mellom anna Sogndal, Tornado Måløy, Kaupanger, Hornindal og Førde. Sjølv om vi spelte 7-ar fotball vann vi tre kampar, spelte uavgjort mot Kaupanger og fekk eit knipe 0-1 tap mot Sogndal ( ein kamp vi hadde spelet). Jentene imponerte med god innsats, sjølv om bana var mykje større enn vanleg. Dette lovar godt for neste år. Tren med dine heltar I tillegg til seriespel og Bendit Cup, var vi så heldige å få ei trening i lag med Sogndal sitt A- lag. Grunnen til dette var at vi vann ein konkurranse på Canal digital som heitte ”Tren med dine heltar”, dette vart ”Årets store fotballoppleving” for mange av spelarane våre. Vi har vore heldige å fått låne Karoline Hjelle og Sandra Reed frå J10 ved behov. Takk for at de stilte opp, de er flinke! Trenar Jan Arve Søvde Oppmann: Per Inge Seime

Spelarar: Håvard Hetle, Elias Helle Felde, Elias Natås, Sindre Fraas Johnsen, Per Martin Solbakk Flølo, Mathias Andreas Reksten Dale, Vegard Bjørkelo. Lånt frå gutar 10 år: Mathias Aa Sandal, Johannes Øvreseth, Joakim Kvellestad, Andreas Egge Søvde.

LILLEGUTAR 11 ÅR Gutar 11 år spelte 7-ar fotball. Dei spelte seks kampar i vårsesongen og sju kampar i haustsesongen. Vårsesongen enda med tre sigrar og tre tap, og i haustsesongen blei det fire sigrar og tre tap. Treningane føregjekk ilag med gutar 12 år, og trenarar der var Roger Natås og Roy Seime. Det var ei fast trening i veka, og ein kampdag i veka både vår og haust. I og med at gutar 11 år hadde berre seks faste spelarar både vår- og haustsesongen var dei avhengige av at dei fekk låne spelarar frå gutar 10 år. Det gjekk litt på omgang kven som var med på dei ulike kampane. Gutane frå 10-årslaget var verkeleg til god hjelp og fann seg godt til rette ilag med 11-åringane. Alle som deltok på gutar 11 år utvikla seg mykje gjennom sesongen. På hausten fekk ein sjå mange gode og jamne kampar med eit godt lagspel. Det blir spennande å følgje denne gjengen vidare, og vi håpar at alle blir med i 2015 også. Trenar: Roger Natås Oppmann: Gunnhild Helle LILLEGUTAR 12 ÅR Vi starta sesongen tidleg med treningar allereie i januar. Det var godt opp29

Spelarar:Emil Sårheim, Bjørn Erik Fløtre, Kaya Van Hulst, Aron Engelsen, Cristian Torvaldsen, Rolf Arne Seime, Øyvind Fure, Maren Sårheim (alle 12 år) Elias Felde, Håvard Hetle (Begge 11 år).

møte og god innsats frå alle gjennom heile året. Sesongen starta godt med tre strake sigrar og godt spel. Så vart det tre tap før vi igjen vann siste kampen i vårsesongen. Haustsesongen vart det mange jamne kampar, der vi vart betre og betre utover hausten. Første kampen tapte vi 6-1, same laget slo vi 7-1 seinare. Vi ser at trening og repetisjon er viktig for utviklinga til spelarane. Taktikk, teknikk og kondisjonstrening var tre ting som vi har hatt spesielt fokus på. Vi såg ei flott utvikling gjennom sesongen på alle desse tre områda. Gutane var lærevillige, disiplinerte og ein fin gjeng å jobbe med. Trenarar: Roy Seime og Stefan Van Hulst


Jenter 13-14 år

Gutar 13-14

SMÅJENTER 13/14 ÅR Våren 2014 møtte 18 spelarar på trening. 15 breimsjenter og 3 jenter som meldte overgang frå Vikane. Veldig trivelige og flinke jenter som fort vart ein god samansveisa gjeng. Dei jobba godt på trening. Vi gjekk våren positivt i møte. Kampane gjekk bra, vi hadde mange sigrar på våren. Det var mykje godt spel og flotte mål.

åringar. Vi jobba jamt og trutt, og allereie mot slutten av vårsesongen byrja den gode jobbinga å gje resultat. På haustsesongen kom vi i 2. divisjonspulja i Nordfjord. Her var nivået meir på vårt nivå. Det kanskje mest positive var at laget viste veldig god framgang utover hausten. Det resulterte i mange spennande kampar og gode resultat. Siste heimekamp for sesongen vart avslutta med storspel, enorm stemning, både på og utan for bana, og storsiger 6-1 over Skavøypoll. Spesielt artig var det også å slå STIL på bortebane, i det som var kretsen sin Fair Play kamp i september.

Jentene var veldig mange og det vart derfor mykje rotering på laget frå kamp til kamp. Men sånn måtte det bli for att alle skulle få spele. Det takla jentene veldig bra. Kampane vart betre og betre utover sesongen. På hausten tok vi med jentene på blåtur, der fekk dei gjere litt forskjellige ting rundt omkring i Breim, med overnatting på Utviken. Dagen etter vart det ribb-båt i Utvik. Så gjekk turen vidare til Sogndal. Der fekk dei pizza, og Tippeligakamp mellom Sogndal og Molde.

Gutane og jentene viser stor treningsiver. Noko vinterpause var dei ikkje interesserte i, og det kan vere like greitt med tanke på sesongen som kjem. Framover må vi særleg bli flinkare på mottak og pasningsspel. Skal vi bli betre må det trenast jamt.

Det var ei utruleg kjekk helg. Vi vil takke jentene for ein flott sesong både spelemessig og sosialt. Ein super gjeng å jobbe med.

Trenar: Roger Hjelle Oppmann: Bjarte Heggheim

Trenar: May Britt Kvellestad Oppmann: Elin Bergheim

GUTAR 15/16 ÅR Laget har gjennomført ein god sesong sportsleg, alle spelarane har bidrege til at vi scora masse mål og vann mange kampar. 2 plass i vår 7-ar avdeling etter Loen, som vart kretsmeister og vi var det einaste laget som vann over dei i serien. Dessverre var det nokre spelarar som gav seg før årets sesong, det viste godt igjen på treningane at nokre av dei trufaste og treningsvillige var vekke. Takk til Per Simen Reed og Arild Bjørkelo for ei kjekk tid, Nils Reed har vore skada mykje av sesongen, og har difor og vore lite på trening.

SMÅGUTAR 13/14 ÅR Dette var eit spennande år for oss med tanke på overgangen frå 7-ar til 9-ar fotball. Bana blir større og offside-regelen blir praktisert. I den rette aldersgruppa har vi vore ti spelarar, men vi har heldigvis hatt god hjelp frå nokre ivrige og flinke underårige og to gode jenter. Vi starta treningane rett etter nytt år. Første mål var KM innandørs i februar. I forkant av dette trena vi mykje innandørs i Breimshallen. Etter KM trena vi på kunstgrasbana to gongar i veka. På KM viste vi mykje bra spel. Litt nedtur var det at vi berre var ein siger frå å gå vidare til sluttspelet.

Gutar 15-16 år

Neste mål var oppkøyringsturneringa på Reed stadion før sesongstart. Her enda vi til slutt på 2.plass. Mykje bra i denne turneringa og, men sidan dette var ei 7-ar turnering hadde vi ingen peikepinn på korleis vi ville greie oss i ein 9ar kamp. Serien starta med mange tap. Med forholdsvis få 14-åringar på laget vart det tøft mot lag som hadde eit fleirtal av 1530


Herrelaget Vi må ta inn over oss at ein vesentleg grunn til fråfall i fotball er dårleg fordeling av speletid i troppen. Fråfallet resulterer i for få på trening, som igjen gjer det uinteressant for spelarar og trenar å vere på trening. Det er berre å beklage at vi har vore for dårlege på dette i periodar. Konfirmasjonstida er hektisk så det har vore vanskeleg å finne tid til kampar og treningar, og dette har vore ei utfordring for både trenarar og oppmann Kari-Ann. Kristoffer Hjelle, Robert Andre Moldestad, Siri Katrin Sårheim og Håvard Hetle har stilt på for å hjelpe oss når vi har mangla folk.

Geir Vie tok på seg trenaransvaret og la ned ein svært god innsats. Engasjert, alltid godt førebudd og tilstades på alle treningar. Det er i alle fall ikkje trenaren som er årsak til at laget ikkje hevda seg i 5. divisjon. Sesongen starta brukbart, med eit knipe 2-3 tap heime mot eit godt Stryn 2 lag, med fleire spelarar med erfaring frå 3.divisjon. I runde 2 gjekk vi på ein kjempesmell borte mot Florø 3, heile 10-0 «i sekken» var tungt å svelgje. Det er og ei mager trøyst at det var fleire klubbar som fekk bank av eit Florø-lag som roterte spelarar mellom 1.-lag, 2.-lag og 3.lag. Ein svært uheldig praksis med tanke på fotballen si framtid i småklubbane, men ikkje ulovleg.

Leander Seime og Arne Nybø Gangeskar har spelt på herrelaget ,og trent med Stryn sitt 3 div lag. Dei har hatt stor framgang og er våre beste spelarar i år. Leander er fast på kretslag, der han får gode tilbakemeldingar.

Allereie etter den andre kampen merka vi at ein del sentrale spelarar byrja «å melde seg ut» når vi møtte motgang. Dette såg vi igjen både i treningsoppmøte, innsats og prioritering av kampar. Det skal likevel nemnast at det var eit nokre heiderlige unntak som alltid møtte opp og stod på uansett kor mørkt det såg ut. Ingen nemnt, ingen gløymt.

Simen, Andreas og Leander har spelt på Akademi i Stryn og gjort sine saker bra, mellom anna to uavgjorte kampar mot Sogndal og siger mot Florø . Takk til spelarane Bjørn Inge Flølo Kleppe, Nils Reed, Arne Nybø Gangeskar, Jon Åge Strand, Tormund Årdal, Per Simen Reed, Ole Kleveland Førde, Simen Hoem, Brage Seime Øygard, Leander Seime, Arild Bjørkelo, Siri Katrin Sårheim, Sandra Kleppenes Sårheim, Andreas Hetle, Håvard Hetle, Kristoffer Hjelle, Robert Andre Moldestad, Arve Kleppe, Kari-Ann Flølo, Idar Skinlo og andre som har bidrege. Det har vore kjekt å ha med dåkke å gjere, miljøet har vore veldig bra og de er flotte ungdommar med framifrå haldningar.

Sjølv om vi gjekk på eit par stortap til i løpet av sesongen, var det likevel mange kampar der vi spelte jamt med motstandaren i to tredjedelar av kampen. Truleg som eit resultat av at for mange hadde for dårleg grunntrening, tapte vi ofte kampane på slutten. På hausten var det mange spelarar som rett og slett slutta å møte opp. For i det heile teke å fullføre sesongen måtte vi «børste støvet» av Leif Øystein Felde og Stian Kvellestad. I tillegg fekk vi Ole Kristian Evebø og Øyvind Løkke Vie over frå STIL og Brian Landøy frå Atløy. I tillegg til at dette var naudsynt for å ha nok folk, heva og desse spelarane både innsats, haldning og nivået. I tillegg fekk Leander Seime dispensasjon til å spele seniorfotball frå fotballkretsen, dette fordi han etter kvart spelte seg fast inn på kretslaget til G 99.

Håpar at flest mogeleg held fram med fotball og bidreg på BBIL sine dame- og herrelag. Trenarar: Kåre Hetle og Stein Otto Førde Oppmann: Kari-Ann Flølo

Alt var likevel ikkje svart denne sesongen. Vi hadde ei kjerne på sju-åtte spelarar som trena godt og som prioriterte laget framfor seg sjølve. Dei jamne kampane mot dei fleste motstandarane viser og at det eigentleg ikkje er så mykje som skal til for å kunne skape eit brukbart 5. divisjonslag i bygda. Det handlar om treningsvilje, om å sette laget framfor seg sjølv og kanskje eit par nye spelarar.

HERRELAG 5. DIV Herrelaget var klar over at vi stod framfor ei utfordrande oppgåve når vi skulle spele 5. divisjonsfotball. Dette ville krevje ei større spelargruppe, fleire treningar, betre treningsoppmøte og ikkje minst fleire kampar enn det vi var vande med frå 6. divisjon.

Sjølv om det lenge såg ut som vi skulle gå poenglause gjennom sesongen, fekk vi ein siger, borte mot Eid 2 i ein av 31


dei siste kampane. Paradoksalt nok var denne sigeren nok til at vi kunne behalde plassen i 5. div. Dette på grunn av at TMFK 2 trekte seg før sesongen og fordi Jotun i den andre avdelinga bare hadde to poeng. Likevel er det nok ei rett avgjerd av styret at vi ikkje stiller lag i denne divisjonen neste år.

OLD BOYS Det har i mange år vore «Gubbefotball» på tysdagane i vinterhalvåret inne på Byrkjelo skule. Dei siste åra har det vore ein stabil gjeng på sju-åtte spelarar som har vore med, men det er plass til mange fleire gamlekarar. DOMMARAR I Breimsbygda er vi i den heldige situasjonen av vi har mange dommar. Ståle Sandal har dømt på kretsnivå i mange år, og trass i at han bur på Eid dømmer han framleis for oss. Dette er økonomisk svært bra for oss og vi er glade for at Ståle vel å bli verande i vår klubb.

Det må og nemnast at to av dei unge spelarane våre, Arne og Leander, har klart seg bra i si fyrste sesong på seniornivå. Dei har begge fått lov å vise seg fram på trening med lag frå 3.-og 4.divisjon og fått gode tilbakemeldingar derifrå. Det må og nemnast at det er fleire spelarar frå 99-årgangen som her trent med seniorlaget vårt og som vil kunne spele seniorfotball neste år. I det perspektivet er det viktig at vi prøver å få til eit lag også i 2015.

Stein Otto Førde har hatt eit svært aktivt år. Stein Otto har i 2014 dømt imponerande 55 kretskampar totalt. Omlag 40 seniorkampar i serien og resten er cup og kretslaget og akademi. Stein Otto dømde mellom annea damekampen i 2. divisjon mellom Stryn og Verdal med rekordmange 635 tilskodarar. Her var og Øyvind Løkke Vie med som assistentdommar. Stein Otto er dommarkontakt og er flink til å følgje opp dei yngre dommarane i klubben.

Det er og eit paradoks at vi totalt sett har brukt 33 spelarar i år og samstundes har vore heilt på grensa til å ikkje kunne stille lag på enkelte kampar. Igjen kan ein dra noko positivt ut av dette og det er at det er nok folk i bygda til å stille eit seniorlag for herrar, dersom «folket» sjølv vil det. Trenar: Geir Vie Oppmann: Bjarte Gangeskar

Bjarne Bergheim og Øyvind Løkke Vie har og vore med på nokre kretskampar som assistentdommarar. Idar Skinlo og Bjørn Sårheim har dømt 9-ar kampane i eigen klubb. Dei fleste av gutespelarane og nokre jentespelarar har dømt klubbkampar i dei yngste klassane. Her der det mange som kan bli kretsdommarar om nokre år. Dommarane våre har gjort ein kjempeinnsats i 2014 og vi håpar at dei blir med også i 2015. Utan dommarar – ingen fotballkamp!

DAMELAG 3. DIV Damelaget løfta seg ein plass på tabellen frå 2013. Med 17 poeng etter 12 kampar enda laget på 4. plass etter Førde (1.plass), Sogndal og Høyang. Noko variasjon i spelet har det vore, men i enkelte kampar har laget hatt veldig godt samspel som fort kunne ha resultert i fleire mål. Avslutningane kan kanskje ha vore utfordringa til damelaget – og årsaka til at det ikkje har blitt enda fleire sigrar.

TINE FOTBALLSKULE Vi arrangerte Tine Fotballskule for 10. året på rad. I år blei det rekordstor deltaking med heile 86 spelarar frå klubbane Breimsbygda, Vikane og Sandane. Som tidlegare år gjekk arrangementet over tre dagar og inneheldt stasjonstrening, teknikktrening, speløkter, dugleiksmerketrening og fotballturnering. På laurdag hadde vi og ei økt med volleyball, klatring, beachfotball og fri fotballaktivtet. Vi hadde tre timar aktivitet fredag, og fem timar på laurdag og fem timar

Damelaget har vist at dei har potensialet inne med å slå serievinnar Førde i KM sluttspelet. Sogndal vart for sterke i finalen, på ein dag då Breimsbygda/ Sandane ikkje var på sitt beste. Det var uansett ei god erfaring og ei fin oppleving. Samarbeidslaget mellom klubbane Breimsbygda og Sandane har fungert godt og dette er noko vi tenker å bygge vidare på også i komande sesong!

Damelaget

32


Stein Otto som hovuddommar i damekampem mellom Stryn og Værdal. Assistentdo mmar Øyvind Løkke Vie.

på søndag. Vi brukte 25 instruktørar som var herrespelarar, damespelarar og trenarar i klubben. Fotballskulen vart også i år ein suksess. Det var også kjekt at besøkjande frå Sogn og Fjordane Fotballkrets tykte vi var flinke og kåra oss til den beste Tine Fotballskule i fylket i 2014 i konkurranse med 16 andre arrangørar. Mange har bidrege til å gjere fotballskulen til ein suksess år etter år, men særleg kan nemnast Bjarte Gangeskar og Gjertrud Støyva. Desse har vore på plass gjennom heile helga i mange år. Med Gjertrud på kjøkkenet og Bjarte litt overalt har arrangementet gått knirkefritt. Som premie for årets Tine Fotballskule fekk vi 4 minimål og eit diplom.

Glad deltakar i lag med Robert Endestad (styreleiar i Sogn og Fjordane fotballkrets) sielle bidrag. Og sist men ikkje minst, tusen takk til alle deltakarar for glimrande innsats! HEIDERSTEIKN Sogn og Fjordane fotballkrets delte i år ut sitt heidersteikn «Blå diplom» til Bjarte Gangeskar. Utmerkinga blir tildelt for innsats som trenar, oppmann eller leiar på klubbnivå i minimum åtte år. Bjarte oppfyller naturlegvis desse kriteria, men i tillegg tek han på seg mykje ansvar med blant anna Tine Fotballskule, Byrkjeloleikane, Oppkøyringsturnering og andre arrangement.

BYRKJELOLEIKANE Eit arrangement vi er glade for å kunne arrangere er ”Byrkjeloleikane”. Bjarte Gangeskar er arrangementsansvarleg for Breimsbygda, og får i år som tidlegare veldig gode tilbakemeldingar frå krets og deltakarar. Her er eit utdrag frå kretsen si heimeside etter arrangementet: Laurdag 6.september var det igjen klart for "Byrkjeloleikane" - ein aktivitetsdag for deltakarar med utviklingshemming frå heile fylket. Det er tredje året på rad at arrangementet blir gjennomført og påmeldinga syner at dette har blitt eit attraktivt tilbod. Til neste år skal vi sjå på muligheitene for å utvide tilbodet i endå større grad. "Byrkjeloleikane" vart arrangert i samarbeid med SFFK, Friidrettskrinsen, Sogndal United og Breimsbygda IL, og deltakarane fekk høve til å prøve seg i ulike friidrettsøvingar som 60 m, lengde, liten ball og 200 m. I tillegg var det oløp, hesteskokasting, boccia, før det heile vart avslutta med ein spennande "finale-kamp" i fotball samt eit vel fortent måltid og naturlegvis premieutdeling.

Bjarte Gangeskar heidra med Blå diplom. Tidlegare mottakarar av «Blå Diplom» i Breim er Bjarne Bø, Nils Jordanger, Reidar Skrøppa og Kristen Kleppe.

ANLEGG Etter fleire år med elendige anleggsfasilitetar fekk vi ein heilt ny kvardag då vi fekk kunstgrasbana på Reed hausten 2011. Med kunstgraset har vi fått ei av dei beste banene i fylket, og bana blir brukt om lag kvar dag i sommarhalvåret. Medan andre baner etter få år blir harde og ubrukelege, er bana på Reed like god som når den var ny. Her må vi rette ei stor takk til dei som slåddar og steller bana fleire gongar i veka. Nils Jordanger og Terje Loen har tatt seg av dette arbeidet. Odd Stian Reed har og vore med på vedlikehaldet i haust.

Det vart i det store og heile ein opplevelsesrik dag med ein flott ramme som vi blant anna må takke ordførar i Gloppen kommune, Anders Ryssdal, som starta arrangementet med ein flott tale. Takk og til Skulekorpset for flott musikk ved innmarsjen, og Rune Bolseth frå Sogndal som var med som instruktør, han viste deltakarane ulike øvingar og sa noko om korleis fair-play skal spegle fotballen. SFFK ønskjer å rette ein stor takk til Breimsbygda IL som velvillig har stilt opp med ein stor og dyktig arrangørstab. Iren Nordheim, vår kjære eldsjel som vi er stolte av å ha med på laget, har gjort ein kjempejobb som koordinator for prosjektet, og i tillegg rettar vi ein takk til våre gode samarbeidspartnarar Sparebanken Sogn og Fjordane og SFE for verdifulle finan-

På Byrkjelo var bana i dårleg forfatning i mange år, og var til tider ubrukeleg. Etter at Magnar Hole tok over ansvaret for bana, har den kome tilbake til god gamal standard. No er grasbana blitt kjempegod og bør nok brukast meir. Særleg dei kveldane det er mange lag i aktivitet samstundes bør Byrkjelo bli brukt flittigare. 33


Gjertrud stiller alltid opp.

Banemanns kapa Nils Jordanger og Terje Loen har mykje av æra for at Reed stadion er i så god stand. KIOSK/GJERTRUDBUA Mange legg ned mange timar i året for å legge til rette for fotballaktivitet i bygda. Ei av dei som bidreg mest i så måte er Gjertrud Støyva. Medan andre gjerne stiller opp eit par gongar i året, er Gjertrud på plass nesten kvar gong det er kiosk på arrangement. Om det er herrekamp, damekamp eller ei heil helg med Tine Fotballskule, så stiller ho opp med vaflar og kioskvarer. Fotballgruppa er heldige som har ein så stabil bidragsytar til inntekt.

INTERNETT Nettsida til fotballgruppa er mykje besøkt og i kampsesongen er det mange som er innom. I 2014 var det 97400 inne på nettsida vår, noko som gjev eit snitt på over 8000 besøk kvar månad. Dette viser at nettsida vår er ein viktig informasjonskanal som er mykje brukt. Fotballgruppa si nettside er den mest populære av idrettslaget sine sider og har til dømes omlag 17000 fleire besøk enn hovudlaget si side.

SPELARAR PÅ AKADEMI- SONE OG KRETSLAG Kretslag: Leander Seime, June Kleppenes Sårheim og Sandra Kleppenes Sårheim.

ØKONOMI Dette vert handsama av hovudlaget og ikkje av dei enkelte gruppene. Rekneskapen for fotballgruppa vil kome som del av hovudlaget sitt rekneskap.

Sonelag: Kristoffer Hjelle, Tommy Flølo, June Kleppenes Sårheim, Sandra Kleppenes Sårheim og Benedikte Kvellestad

Generelle kommentarar for 2014 er:

ANNA DELTAKING

• Noko meirforbruk på seniorlaga grunna meir reising • Liten svikt i inntektene på lotteriet • Meir inntekt på Tine fotballskule enn tidlegare – stor deltaking! • Litt høgare utgifter til materiell, til dømes drakter. • Vi har god budsjettdisiplin. Vi endar opp med eit underforbruk.

Proffveka i Stryn: Arne Gangeskar, Leander Seime, Sandra Kleppenes Sårheim og Julie Helle Felde.

Styret kjem ikkje til å be om spesielle justeringar i budsjettet for 2015.

Terje Skjeldestad keeperskule: Håvard Hetle.

Styret i Breimsbygda fotball 2014

Frode Grodås keepersamling: Arne Gangeskar og Håvard Hetle

Leiar Pål Sandal (på val) Nestleiar Leif Øystein Felde Kasserar Roger Hjelle (på val) Sekretær Inghild Røyseth (på val) Styremedlem Stefan Van Hulst Styremedlem Jannice Egge

Akademi lag: Leander Seime, Simen Grov Hoem, Andreas Hetle, Sandra Kleppenes Sårheim og Robert Andre Moldestad.

Liverpool fotballskule: Mathias Aa Sandal og Håvard Hetle

Styret

34


Sponsorar til Breimsbygda IL

Aut. maskinentreprenør Tlf. 57 86 73 37

Sandane

Takk til vĂĽre sponsorar for godt samarbeid i 2014

Gje tippekronene til Breimsbygda IL 35


Våre bedrifter er støttemedlemmer til Breimsbygda Idrettslag Nyland Maskin

Breimslia Hyttefelt

Viking 900 86 595

Solrike utsiktstomter på Utvikfjellet til salgs. Veg, vatn og straum i feltet. Tlf. 57 86 61 99/99 52 42 42

NAF 957 06 000 Sunoco olje

Byrkjelo Miljø- og Containerservice

LIDENSKAP BYRKJELO BYGG- og FOR TALL SNIKKARVERKSTAD

Jon Bjørn Fløtre - 6826 Byrkjelo Telefon 57 86 60 00/97 03 27 60

Tlf. 57 86 73 49 Vår lidenskap for tall vil gi deg bedre resultater Vis oss din lidenskap - få enda bedre resultater!

Sørstrandsvegen 6, tlf; 57 86 86 00 6823 Sandane Accountor.no

6826 Byrkjelo - Tlf. 57 86 72 00

Byrkjelo Camping

PÅ BYRKJELO Tlf. 57 86 73 46

Takk til våre sponsorar for godt samarbeid i 2014 36

Solglimt Trykkeri A.s. - Sandane

6826 Byrkjelo Telefon 57 86 74 30

Årsmelding BBIL 2014  

Årsmelding for Breimsbygda idrettslag 2014

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you