Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 3
Sigrun Slapgard
Paradishagen Roman
Samlaget Oslo 2011
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 4
Š 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Jesper Egemar førtrykk: Samlaget skrift: Minion 11/13,5 papir: 90 g Munken Print Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7580-6
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 5
Und die einen stehn im Dunkeln und die andern stehn im Licht. Und man sieht nur die im Lichte, die im Dunkeln sieht man nicht. Fr책 Bertolt Brecht: Tolvskillingsoperaen
Paradishagen ferdig.qxd:A
Til Svein
20-09-11
09:53
Side 6
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 7
Del 1 Men det er ikke mulig ĂĽ skrive sannheten om seg selv. Man skriver og skjuler seg. Man kler seg i sprĂĽk. (Tomas Espedal: GĂ…)
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 9
Frå landgangen ser ho klosteret skine som ei gullkrone på åskammen. Sola gjer det veldige bygget enda større. Praktverket med barokke kyrkjekuplar reiser seg over festningsmurane på klippa. Et monstrum av et kloster hadde ein nordmann kalla det. Ho er førstemann ut på elvebrygga og går raskt forbi kafeen. Tårn og murar blir snart borte i trekronene da ho kryssar over til ein snarveg. Angen av vår stig opp frå elvebanken, kvitveisen tøyer seg mot lyset der oppe. Julie langar ut på den mjuke skogsstien, ho kjem bort til trebrua og må bøye nakken bakover igjen. Melk kloster ragar mot himmelen. Ein stad for tausheit og forteljing. Om Gud har regien, har han vore heldig med dei to svanene i den vesle sideelva. I kveldssol ville det bli perfekt for ei kameralinse. Trinna i steintrappa opp til klosteret og festningsverket er så runde og nedslitne at dei kjennest mjuke. I kantane og langs steingjerdet er det ein siste rest av valmuar, i solskråninga er tulipanar og påskeliljer på hell. Ei krydderlukt blandar seg med varmen frå sola, ho gjettar på melisse før ho ser den raudfiolette matta med sitrontimian. Flyktningar frå urtehagen, frå den gongen det blei laga likør her. Oppe på ryggen av klippa tar ho ein pust og ser ut over den tette småbyen ved klippefoten, Donau og elvebåten som ennå ligg der ved stoppestaden. Snart vil gjengen av
9
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 10
sykkelturistar og pilegrimar nå henne igjen, ho ser ein mann i svarte sykkeltights smette forbi to nonner i steintrappa. Julie snur seg og skrår over singelen bort til klostermurane, dei tunge eikeportane står opne, og ho veit at ho kan gå inn til messe utan å betale for omvising. Ho er verken turist eller pilegrim, ho har sitt eige ærend. Det er ei historie ho må oppklare, ei forteljing som manglar ein slutt. Ho går etter lyden og stiller seg bak ei søyle for å høyre på messesongen. Ei rad svartkledde munkar står og syng der framme, presten med ryggen til henne. Han avsluttar messa med å velsigne etter sitt faste ritual. Organisten slår til med eit kraftfullt postludium som får henne til å tenke på ein miks av toccata og variasjonar over ein norsk salmetone. Da orgelmusikken tonar ut, går ho fram over steingolvet med lyden av sine eigne steg og bankande puls i øret. Presten snur seg mot henne, han ser ung ut. Julie rekker fram ei hand, han ser forundra på henne, men tar tak. – Pater Alfred. – Julie Dalgård. Eg kjem frå Norge. – Ja? – Eg hadde ein venn her. – Ja vel. – Kanskje De kjente han, han heitte Kurt Leonard? – Kurt Leonard, Kurt Leonard …, han smaker på namnet, lyser til slutt opp. – Der Norweger! Ja visst, i biblioteket! – Nettopp. – Han var den siste bibliotekaren, etter Kurt Leonard blei det museum. Men, men … Pater Alfred stoppar opp, granskar henne, han kremtar. – De er vel klar over at han for lengst er død?
10
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 11
Han var den siste bibliotekaren. Setninga får henne til å sjå han for seg, mannen som har gripe inn i livet hennar. Bøygd over kalligrafipennen og sine skrifter, den tørre latteren når han leita seg fram til den rette boka. Han kunne kome skliande på altfor glatte sko over snøen eller vere ivrig etter å finne ei ny plante til herbariet. Eller han kunne bli sittande i timar på yndlingsplassen i hagen. I tankar om det han måtte vere taus om, kanskje. Pussig nok ser ho best for seg det unge ansiktet på eit ungdomsfoto han hadde sendt henne, ikkje den gamle mannen med den lute ryggen ho møtte her sist. Pater Alfred ber henne bli med innanfor, til klausurdelen bak kyrkja. Han inviterer med ein gest til å sitte ned på ein benk i patioen innanfor dei høge steinveggane. Ho kjenner denne staden. Her lever munkane sitt liv under mottoet Ora et labora et lege. Be, arbeide og lese. Skjult for turistane, bak indre murar ligg inngangen til kvardagsbiblioteket. – Blir dei gamle bøkene framleis kopierte for hand? spør ho. Presten ristar på hovudet. – Vi er nok for travle, det er ikkje mange munkar igjen her. – Da eg var småjente, kalla eg Kurt Leonard for Munken. – Han var ikkje eigentleg munk. – Eg veit det, men for meg var han Munken. – Han var visst mye i Norge, han snakka norsk? – Han var ein venn av familien, han kom på besøk. – Her var Kurt Leonard ein sky person, han likte best å sitte i fred med skriftene sine. – Kan eg få sjå den gamle klostercella hans?
11
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 12
I den nyoppussa delen av klosteret styrer fotoceller glasdører som går opp framfor dei, i gangane står krukker med agaphantusliljer på vent, snart skal dei ut til patioen og lyse blått. Det er i den eldste delen av klosterbygget Kurt Leonard hadde rommet sitt, dei går forbi stablar med plankar og stillas. Innanfor dei gamle murane er det støv i lufta og ein snev av rå sement. Vinterkulda her treng meir enn ei vårsol. Presten låser henne inn, unnskylder kaoset i korridorane og at klappstolar fyller opp Kurt Leonards gamle rom. Utstyr til sommarkonsertar, dei må skaffe inntekt. Han vinkar henne inn mens han blir ståande igjen i korridoren. Det er høgt under taket, borte ved dei to vindauga hadde han ein enkel skrivepult. Her satt han med pergamentskriftene og sine pennesplittar på fritida, bøygd over kopiering når lyset tillét det. Og sine eigne minne og dagbøker. Breva frå henne, breva han skreiv tilbake. Og ei siste forteljing før han døydde, ei historie som har rykt henne ut av det vante filmlivet. Ho lar fingrane gli over dei kvitkalka veggane, kalde og grove. At ytterveggen er metertjukk, avslører seg i vindaugskarmen, glasa ligg som innsokne auge. Der nede under klippa buktar Donau seg i eit glitrande band. Før ho går ut igjen, må ho sjekke om den vesle spegelen heng på plassen sin på innsida av døra. Den grøne ramma med den ujamne glasflata er der, det einaste sporet etter Kurt Leonard. Ho ser den eldre mannen nå, ser han klappe raskt over håret når han skal ut og opp trappa til biblioteket. Så møter ho sitt eige blikk i spegelen. Auga ser litt oppsperra ut, det har dei alltid gjort, dei er for runde. Ho ser forundring og gransking i eit omriss av kohlstrekar,
12
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 13
blondt hår i ei sky kring eit ansikt som var bollerundt første gongen Kurt Leonard såg henne. Ho må ha vore fem eller seks og med ei sterkt hata silkesløyfe på toppen. Julie kjenner moras fingrar som held håret altfor stramt bakover, seier pitt tille fordi ho har sløyfa i munnen mens ho vasskjemmer dei uregjerlege lokkane bakover. Kurt Leonard har forandra forteljinga om hennar eigen barndom. Ute i korridoren står pater Alfred og ringlar med nøkkelknippet. – Er De ferdig? spør han og ser undrande på henne. – Han har sendt meg forteljinga om livet sitt, seier ho. Julie ser presten bli enda meir forundra, og held raskt fram. – Eg er her for å lage film. * Ho kunne ha sagt meir om ei fortid ho hadde vore uvitande om, og henta fram den handskrivne, men ufullførte boka ho har med seg i sekken. Kurt Leonards personlege forteljing til henne hadde slått inn som ein kastevind. Han kjente familien hennar, ho har ikkje kjent hans. Ho har ikkje eingong kjent si eiga familiehistorie slik han framstiller den. Orda var nedteikna i ei sirleg, lett skjelvande skrift og fortalte uønskte sanningar. Ho kunne sagt at ho har sine tvil om den menneskelege hugsen og om sanninga i desse orda, men pater Alfred vil gjerne høyre om filmen. – Vi har akkurat hatt Deutsche Rundfunk her, dei brukte dobbelt så lang tid som planlagt, fortel han da dei går tilbake til patioen.
13
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 14
– Ja vel? avventar ho høfleg. – Ja, filmstjerne blir eg neppe, nokså vanskeleg å spele naturleg, knirkeler han. Pater Alfred ser så keitete ut i prestekjolen sin at ho må smile med. Dei sett seg ned på benken igjen, og ho gir han visittkortet sitt. – Director, les han. – Kva kan eg hjelpe med? De vil vel neppe at eg skal stå og peike på barokke meisterverk i biblioteket? – Eg treng å finne ut kva han gjorde her, om han etterlét seg andre skrifter. Gjere meg kjent i biblioteket … research først, så filme. – Og kva skal filmen handle om? – Hans liv. – Så vidt eg veit, var han berre her. Bortsett frå turane til Norge. Eg trur ikkje det er mange spor etter han, men eg hjelper gjerne. Som sagt var han ein anonym mann. Eg trur han tok dei fleste måltid på rommet eller i biblioteket. Pater Alfred slår ut med hendene, reiser seg, sjølv må han til Mittagessen med dei andre munkane. – Velkomen tilbake, meld deg i porten, skal vi seie i morgon klokka ni? Julie helsar på gjensyn og er fornøgd med at ho verken har vist fram boka eller brukt ord som løynd fortid. Ho synest ho har sett ei nøling, kanskje kjenner presten til meir enn han vil ut med. Kan hende snakkar han om Kurt Leonard med munkane rundt lunsjbordet, blir einige om kva dei kan dele med ein framand. Eller kanskje er alle i eit kloster meistrar til å teie om fortid. Som ei øving i felles lagånd. Ei øving Kurt Leonard til slutt braut ut av da
14
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 15
han skreiv til henne. Ho har hatt dårleg samvit fordi ho ikkje heldt kontakt. Tanken på å skrive eit brev hadde slått henne i ny og ne, men livet hadde tatt andre svingar. Eit hektisk regissørliv etter mottoet framover, alltid framover. Det er forteljinga hans i eit mjukt omslag av skinn som igjen har fått henne til å ta båten opp frå Wien. Ho har blitt tvinga til å tenke nye tankar. Julie visste kor den gamle cella hans var og tilfluktsstaden i biblioteket, men ho har ikkje kjent den verkelege historia hans. Ho går vegen gjennom festsalane tilbake, går i takt med seg sjølv og spegelglasveggen. Dei lyse krøllane er styla uvørdent, i stil med skinnjakka ho har på. Trettini heile livet, det er hennar generasjon. Ein karriere og eit halvt liv ligg mellom den ungjenta som sist møtte Kurt Leonard, og det vaksne blikket som ser tilbake på henne. Julie Dalgård, fremadstormende regissør, en av ti mest toneangivende, hadde det stått i det siste Aftenposten-oppslaget om henne. Så langt best kjent frå evigvarande tvseriar og dokudrama. Tett opp til virkeligheten. Det var varemerket hennar. Ho har hevda seg i tetsjiktet i både Sverige og Norge. Nå vandrar føtene hennar som heimekjente over nedslitne steinheller og flislagte golv. Turistane forstyrrar henne, men ho lar seg drive med. Så mye er forandra og lagt til rette med glasmontrar og pedagogisk framstilling av slottshistoria, ei turistmaskin som lokkar forbifarande opp frå Donau-båtane. Ho høyrer guiden forklare at nesten ingenting er igjen av det opphavlege benediktinarklosteret frå år 1089, alt blei omgjort til eit barokt meisterverk på slutten av 1700-talet. For sitt indre øre kan ho høyre Kurt Leonards tørrvittige kommentar: Vi måtte selje Gutenberg-bibelen for å få råd til toalett.
15
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 16
Det overdådig dekorerte biblioteket er omgjort til museum, men alle hyller er framleis fulle av bøker, ei av Europas største boksamlingar. Alle bøkene i første etasje av biblioteket er innbundne i brunt svinelêr og med gullprega skrift på ryggen, i høgda over har estetikken måtta vike for eit mangfald av bokbindarkunst. I taket er det freskar i pastell av barokke englar. Dei får henne til å tenke på den greske skildringa av Eros som ein evig baby, lyseraud og trinn, med flortynne venger, skøyaraktig fjes og smilehol. Ho veit det er meir her enn det som blir vist fram. Ei vindeltrapp går opp til ei stengt dør. Det er dit, bak den stengte døra oppe på loftet, ho må. Der Kurt Leonard satt for seg sjølv med bibliotekarbeidet sitt. Julie følgjer turistflokken og kjenner som før at det er for mye av det gode. Ein overdose bladgull og pastell. Kurt Leonard forklarte henne at poenget var ei herleggjering av himmel og jord, men hadde raskt oppdaga at kranium fascinerte henne meir enn marmor og gull. Ved dei utstilte daudingskallane la han ut om det barokke leiemotivet: Hugs du skal dø. Memento mori. Døden pynta i silke og gull skulle smile mot menneska og minne dei om sanninga i livet. Han hadde fortalt om Marie Antoinette som stoppa her på veg til lagnaden. Ho hadde svinga seg på marmorflisene, måltida hadde kravd nesten eit halvt tonn kjøt. Av opplysningar Kurt Leonard hadde tatt vare på, var ei gammal rekneskapsside datert 1770 og eit notat om at Napoleon syntest Melk-vinen var sur da han tok inn her få år seinare. Som bibliotekar hadde han elska og dyrka klosterhistoriene. Men til sist fortalte han om seg sjølv og gav den vesle boka si eit gammaldags skinnomslag. Som ei pil hadde han kasta bokstavane til henne, han visste dei ville
16
Paradishagen ferdig.qxd:A
20-09-11
09:53
Side 17
treffe. På pakka stod det Send etter min død og hennar gamle adresse, frå den tida dei ennå brevveksla, før alle åra hennar i utlandet. Men den medtatte bokpakka hadde til slutt nådd henne og gripe inn i livet hennar. Orda hadde fått henne til å bryte opp. Først hadde ho reist til Hammerfest og Kirkenes, nå var ho komen hit til Melk. Eg har skrive det eg rakk, nå skjelv handa mi for mye, du vil finne resten av historia i klosterbiblioteket, hadde Kurt Leonard skrive. Få dagar seinare var han død.