Katalog våren 2018

Page 1

VÅRENS BØKER 2018

1


2


VÅRENS BØKER 2018

3


vårens bøker 2018 ©2018 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Mariboes gate 13, 0183 Oslo postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar. konsept, omslag og formgiving: Trine + Kim designstudio

4


INNHALD SKJØNNLITTERATUR 8 FAKTA OG DOKUMENTAR

32

BARNE- OG UNGDOMSBØKER

50

HØGARE UTDANNING

68

Syn og Segn

78

Kontakt oss

81

5


6


SKJØNNLITTERATUR

7


skjønnlitteratur

MARIT EIKEMO

GRATIS OG UFORPLIKTANDE VERDIVURDERING Hanne er lei av å sjå dei vellykka vennene frå studietida bu i villa med hage og ha hytte på fjellet. Sjølv held ho på å gå på veggane i den same leilegheita, med mann og to små ungar. Men no har draumehuset dukka opp. Vi følgjer Hanne og Andreas dei siste dagane før bodrunden, i ubehagelege møte med rådgivaren i banken, spaningsrundar i den nye gata og nervøse samtalar dei imellom. Medan dei ser over prospektet og går gjennom rom etter rom, blir det samstundes ei vurdering av deira eige forhold og livet dei lever.

roman | ISBN: 9788252193589 PRIS KR 379,– | UTG. APRIL

e-bok | ISBN: 9788252193596 PRIS KR 299,– | UTG. APRIL

marit eikemo (f. 1971) har tidlegare vore tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda og forlagsredaktør og er no dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen. Eikemo har skrive både romanar og essay. I 2018 er ho festspeldiktar på Dei nynorske festspela.

8


skjønnlitteratur

VERONIKA ERSTAD

AV MEG ER DET MANGE Ein organist flyttar til ein ny stad og får eit lite husvære bak kyrkjegarden. Der møter ho ein mann som speler trombone ved ei grav. Dei innleier eit forhold, men etter kvart må mannen reise. Det blir lettare for henne å forstå relasjonen etter at han har reist. I tekstane til Erstad er hendingar frå både barndom og draum likestilte med det som skjer no. Av meg er det mange er ein poetisk prosa, der minna er ein sentral del av kvardagen, og der einsemda alltid er ein del av fellesskapen. Det handlar om å møte, miste, lengte og drøyme.

prosa | ISBN: 9788252190564 PRIS KR 299,– | UTG. JANUAR

e-bok | ISBN: 9788252190571 PRIS KR 249,– | UTG. JANUAR

veronika erstad (f. 1979) har gått på forfattarstudiet i Bø og forfattarstudiet i Tromsø. Ho debuterte med diktsamlinga Eg er så nær morgonen eg kan komme i 2015.

9


skjønnlitteratur

JON FOSSE

HUNDEMANUSKRIPTA Nei å nei, Du å du og Fy å fy samla i ei bok I 1995, 1996 og 1997 gav Jon Fosse ut dei tre Hundemanuskripta. Tekstane er umiskjenneleg Fosse, men med ein lett, humoristisk og underfundig tone. Bøkene har lenge vore utselde, men endeleg er hundehistoriene no å få tak i – alle tre samla i éi bok. Hundemanuskripta 1 er ein fabel om hunden Websterr. Han lever eit roleg og sutlaust liv saman med gamle Oline, men har alltid ønskt å roman | ISBN: 9788252196467

vere den einsame hunden Websterr som streifar

PRIS KR 349,– | UTG. MARS

omkring i skog og mark, og hjelper ei lita hunde-

e-bok | ISBN: 9788252196474

mor i naud! Hunden Websterr ser sitt snitt til å

PRIS KR 269,– | UTG. MARS

stikke av ein føremiddag. Verda ligg open. I Hundemanuskripta 2 er vi ved fjorden, i eit naust. Der bur den aldrande hunden Olav åleine. Han har ein venn, ungkar som han sjølv, som bur oppover mot fjellet. Ein dag då Olav skal besøke kameraten, møter han den finaste byhundedame han nokon gong har sett. Alt blir forandra.

jon fosse (f. 1959) er rekna som ein av dei

I det tredje Hundemanuskriptet er vi på ei

viktigaste forfattarane i vår tid og har motteke

fraktskute. Om bord er skipper Moreld og

ei rekkje prestisjetunge prisar i både inn- og

skipshunden Haktor og dessutan labanen

utland. Fosse er særleg kjend som dramatikar, og

Einar, som aldri har likt skipshunden, men

dramatikken hans er omsett til over 40 språk. Fosse

nett det har skipshunden lært seg å leve med.

debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart

Då derimot skipper Moreld ein dag kjem

i 1983 og har i tillegg til dramatikk og romanar også

og snakkar om at dei skal få seg endå ein

skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Fosse

skipshund om bord, tenkjer skipshunden

kjem frå Strandebarm, men er busett i Grotten i

Haktor at dette kan ikkje skipper Moreld

Oslo.

meine. Det er noko av det verste han har høyrt.

10


skjønnlitteratur

TORE KVÆVEN

NÅR LANDET MØRKNAR Storslått historisk roman Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt. Blikket hennar er trassig, og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir. I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne

roman | ISBN: 9788252193923

farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er

PRIS KR 379,– | UTG. MARS

dette dei siste tider?

e-bok | ISBN: 9788252193930 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

Arnar drøymer om ein dag å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir. I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og lovene i landet. tore kvæven debuterte med Hard er mitt lands lov (2010) om eit vikingtokt til det indre av Afrika, som kritikarar kalla eit ”imponerande epos”. Når landet mørknar er ei lagnadstung og dramatisk historie, overtydande i skildringa av menneska og av naturen. Med eit målande og mektig språk tek han lesaren med til ei fascinerande tid på Grønland.

11


skjønnlitteratur

GJERTRUD LANGVA

VI SPRING IKKJE SLIK VI SPRANG To søsken må klare seg åleine i eit hus i skogen Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Foreldra er borte, men kanskje er dei ikkje heilt åleine likevel. Langva har skapt eit særeige univers, roman | ISBN: 9788252193176 PRIS KR 329,– | UTG. FEBRUAR

e-bok | ISBN: 9788252193183 PRIS KR 249,– | UTG. FEBRUAR

Debutant

gjertrud langva er fødd i 1989. Vi spring ikkje slik vi sprang er den første boka hennar.

12

som har i seg ekko av eventyr og fablar.


skjønnlitteratur

MADS RAGE

OG SKIPET SIGLAR VIDARE Eit skip siglar på fjorden, ein dokter lagar medisin som skal halda mannskapet friske. Døyr nokon, vert dei sveipte i fiskeskinn og gravlagde i vatnet med ei bok liggande på brystet. Etter sistemann som fór den vegen har Poll overteke vaskejobben på skipet. Under vaskinga av kapteinens kahytt finn han ein nøkkel som passar i kista under køya. Der ligg bøkene. Poll har aldri rørt ved ei bok før, men brått lokkar dei så underleg på han. Handlinga er lagt til eit skip i ei postapokalyptisk tid. Mannskapet blir fødde på skipet, veks til og døyr der. Dei har ingen tankar om at det finst andre menneske eller stadar i verda. Mads Rage skildrar dette universet med stor overtyding og språkleg

roman | ISBN: 9788252194296

overskot. Og skipet siglar vidare er ein roman

PRIS KR 369,– | UTG. FEBRUAR

om søken etter meining i livet.

e-bok | ISBN: 9788252195026 PRIS KR 299,– | UTG. FEBRUAR

Debutant

mads rage (f. 1982) er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT-tenester. Og skipet siglar vidare er den første boka hans.

13


skjønnlitteratur

TORA SELJEBØ

HUSET PÅ PRÆRIEN Om unge jenter og vaksne menn To søstrer bur med mor si i eit hus på prærien. Ein dag flyttar hestetemmaren inn, og romanen skildrar korleis jentene nærmar seg han. Lengselen etter å bli sett er stor og katastrofal. Huset på prærien er ein roman om unge jenter og vaksne menn, om bilturar om natta, om sandstormar, hestar, om grenseovergangar og reglar som blir viska ut.

roman | ISBN: 9788252190892 PRIS KR 329,– | UTG. FEBRUAR

e-bok | ISBN: 9788252190908 PRIS KR 249,– | UTG. FEBRUAR

tora seljebø (f. 1973) debuterte i 2014 med diktboka Om kvelden blir namna ropa heim. Huset på prærien er den andre boka hennar.

14


skjønnlitteratur

SOLFRID SIVERTSEN

HO SYKLA BORT OG ANDRE NOVELLER Dramatikken i kvardagen Solfrid Sivertsens noveller er sterke og lågmælte, med ein dramatikk som syd under overflata. Nokre av dei har synsvinkelen til barn: ein busstur vekk frå ein alkoholisert far, eit sakn etter ein stefar som er forsvunnen, ei veslesøster som har drukna, ei linje frå ei historie som har sett seg fast i hovudet. Andre noveller krinsar rundt minne som dannar utgangspunkt for historier om eit heilt livsløp: Felles for alle novellene er at dei har ein kvardagsleg og nedtona dramatikk og ei sårheit som skin gjennom hos hovudpersonane.

noveller | ISBN: 9788252195323 PRIS KR 329,– | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252195330 PRIS KR 249,– | UTG. MAI

solfrid sivertsen (f. 1947) debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Ho har også skrive romanar, dikt og bøker for barn.

15


skjønnlitteratur | omsett skjønnlitteratur

ELENA FERRANTE

KVELANDE KJÆRLEIK Rå familiesaga frå Napoli Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser tilbake til heimbyen Napoli i gravferda. Her mottek ho ei rekkje anonyme telefonoppringingar, som saman med mystiske hendingar fører til at ho må rekonstruere dei siste dagane mora levde. For kvar nye oppdaging må Delia ta innover seg at mora ikkje var den personen ho har trudd. Elena Ferrante er av The New York Times omtalt som «ein av dei største romanforfattarane i vår tid». Dei kraftfulle roman | ISBN: 9788252193374

romanane har gripe lesarar over heile verda.

PRIS KR 349,– | UTG. FEBRUAR

Kvelande kjærleik er Ferrantes første roman,

e-bok | ISBN: 9788252193381

og allereie her tematiserer ho forholdet

PRIS KR 149,– | UTG. FEBRUAR

mellom mor og dotter, slik vi kjenner det frå Napoli-kvartetten. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

elena ferrante har sidan 1992 gitt ut fleire

Stadfestar Ferrantes renommé som ein av

kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt

Italias beste nolevande romanforfattarar.

Ferrante internasjonalt gjennombrot. Elena Ferrante

THE SEATTLE TIMES

er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.

For dei som liker familiesagaene rå og ròtne, leverer Ferrante sanneleg varene. THE COMPLETE REVIEW

16


skjønnlitteratur | omsett skjønnlitteratur

ANDRZEJ TICHÝ

KAIROS Eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst «Eg skriv til dykk frå ei anna verd.» Med desse orda opnar Andrzej Tichý sin mest ambisiøse roman hittil. Omgrepet kairos er, i antikkens tidsoppfatning, ein kriseaugneblink, eit kritisk punkt mellom to hendingar, i motsetnad til kronos, den lineære tida. Tichý utforskar kritiske punkt i historia til det 20. og 21. hundreåret. Romanen er ein kollasj av skjebnar, stemmer og bilete som går på tvers av den lineære tida; gjennom sitatmosaikk og skiftande forteljarspor undersøkjer han krisa og valden, opprøret og avmakta, håpet og fortvilinga, utopien og dystopien. I Kairos´ vev av stemmer og bilete gnissar både 1900talet, samtida og framtida mot kvarandre: 30-talsdepresjonen, Peter Weiss´ møte med Karin Boye, Bernward Vesper og 68-rørsla, den arabiske våren og ein Jeanne d’Arcskikkelse som rører seg mellom ulike stader.

roman | ISBN: 9788252193602 PRIS KR 379,– | UTG. APRIL

e-bok | ISBN: 9788252193619 PRIS KR 299,– | UTG. APRIL

Kairos er ein treffande sivilisasjonskritikk som verkar eksplosiv og utfordrande. Omsett av Gunstein Bakke.

andrzej tichý blei fødd i Praha i 1978 og bur i Skåne, Sverige. Han debuterte med Sex liter luft i 2005 og blei tildelt Borås Tidnings debutantpris. Hans andre roman, Fält (2008), blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han mottok Aftonbladets litteraturpris 2013 for Kairos og Omsorgen, som begge kom ut i 2013. I samband med nominasjonen av Kairos til Nordisk råds litteraturpris 2014 skreiv priskomiteen om Tichý at: «med si fjerde bok framstår han som ein av dei mest originale og talentfulle forfattarane i den unge svenske litteraturen».

17


skjønnlitteratur | lyrikk, drama og essay

ÅSMUND BJØRNSTAD

ÅKEREN PÅ MANHATTAN Odar om natur og menneske Våren 1982 sådde kunstnaren Agnes Denes installasjonen «Wheatfield – ei motseiing» lyrikk | ISBN: 9788252195361

på ein fyllplass rett ved World Trade

PRIS KR 259,– | UTG. MAI

Center på Manhattan. Åtte mål kveite i fire

e-bok | ISBN: 9788252195378

månader på den dyraste tomta i verda, og ei

PRIS KR 199,– | UTG. MAI

avling delt ut gratis verda over. I 2018 diktar Åsmund Bjørnstad om dette og skriv odar til mellom anna DNA-molekylet, til havren, til steinkolet, kvaloljen og brunsnigelen.

åsmund bjørnstad (f. 1951) er professor i genetikk og planteforedling, forfattar og lyrikar, busett på Ås.

18


skjønnlitteratur | lyrikk, drama og essay

OLAV H. HAUGE

SELJEFLØYTA Redigert av Bodil Cappelen Hauges tidlege og etterlatne dikt samla for første gong I Dagboka til Olav H. Hauge kan vi lese at han på slutten av 30-talet sende inn diktmanuset «Seljefløyta» til Norli forlag. Manuset blei refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publiserte i diverse tidsskrift og aviser. Denne nye seljefløyta består av dikt frå dette manuset, men også av einskilde dikt frå 1940–1980: Dei er kvasse og humoristiske kommentarar over livet og kvardagen. For første gong blir dette materialet samla i bokform, og boka gir oss eit utfyllande bilete av lyrikaren Olav H. Hauge. Utvalet er redigert av Bodil Cappelen.

lyrikk | ISBN: 9788252195910 PRIS KR 299,– | UTG. FEBRUAR

e-bok | ISBN: 9788252195927 PRIS KR 249,– | UTG. FEBRUAR

olav h. hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar.

19


skjønnlitteratur | lyrikk, drama og essay

HILDE MYKLEBUST

KVAR EIN FUGL Dikt med djupe røter Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker, i namn og spor, gamle tre og i fuglane som flyg over tunet. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, og slik blir også det forgjengelege eit bakteppe for alt som hender.

lyrikk | ISBN: 9788252195439 PRIS KR 269,– | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252195453 PRIS KR 199,– | MAI

hilde myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Felles for dikta til Myklebust er at naturen og alt det som lever der, alltid er nærverande. Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

20


skjønnlitteratur | gjendiktingar

RUNE F. HJEMÅS OG MATHIAS R. SAMUELSEN (RED.)

AMERIKANSK SAMTIDSPOESI Åtte amerikanske samtidspoetar for første gong utgitt på norsk Denne boka presenterer åtte unge, tonegivande samtidspoetar som har vakse opp i dagens USA etter 11. september 2001. Denne generasjonen lèt seg ikkje så lett setje i bås. Dei speglar alle tida dei lever i, men tek opp i seg element frå ulike tradisjonar og stilretningar, frå hiphop og slam til meir akademisk og essayistisk orientert poesi. Det handlar om både kjønn, rase og identitet, på måtar som tilfører dikta ein politisk brodd. Dikta i utvalet spenner frå 2011 til 2016, med ei klar hovudvekt på dei siste par åra.

lyrikk | ISBN: 9788252195309

Dei som bidreg i antologien, er: Brandon

e-bok | ISBN: 9788252195316

Brown, gjendikta av Frode Grytten, Kate

PRIS KR 149,– | UTG. MAI

PRIS KR 299,– | UTG. MAI

Colby, gjendikta av Rune F. Hjemås, Corina Copp, gjendikta av Hilde Susan Jægtnes og Joanna Rzadkowska, Paul Legault, gjendikta

mathias r. samuelsen (f. 1985) er poet, gjen-

av Leif Høghaug, Monica McClure, gjendikta

diktar og forlagsredaktør i Bejing Trondheim. Han

av Linn Strømsborg, Danez Smith, gjendikta

har skrive diktbøkene Utredning om trengsel (2009),

av Kristin Fridtun, Ocean Vuong, gjendikta

Forstillingsværket (2014) og Ære. Være 1−36 (2017).

av Mathias R. Samuelsen og Sara Wintz,

Han har mellom anna gjendikta Gary Snyders tidlege

gjendikta av Kristina Leganger Iversen.

poesi og fleire amerikanske samtidspoetar.

Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie

rune f. hjemås (f. 1982) er forfattar og forlags-

av ny poesi.

redaktør i Bejing Trondheim. Han har skrive bøkene Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd (2008), Indianarar (2009), Det er ikke vår, det er global oppvarming (2012) og Et lite skritt for mennesket. Fotografier (1985–2018) (2016), og har også bidrege til fleire antologiar.

21


skjønnlitteratur | gjendiktingar

NATHANIEL FARRELL

NYKOMMAR Ein slåande militærpastoral Nykommar er den namnlause soldatens vitnesbyrd frå eit omskifteleg, framandt landskap. Boka viser oss korleis ein ung manns opplevingar i krig lèt seg overstyre av tankar og minne om heimplassen, familien og kjærasten. I eit fragmentarisk langdikt som er delvis historisk fiksjon og delvis eit naturdikt, trekkjer Farrell inn impulsar frå klassisk Americana og Southern Gothic. Det er USAs historie om seg sjølv som dannar bakteppet for denne følsame utforskinga av kva det vil seie å vere ein ung mann, langt heimanfrå, med ei usikker framtid. lyrikk | ISBN: 9788252193541 PRIS KR 259,– | UTG. FEBRUAR

e-bok | ISBN: 9788252193558 PRIS KR 199,– | UTG. FEBRUAR

nathaniel farrell er lærar og poet, blei fødd og voks opp i Western Pennsylvania. Han har doktorgrad i engelsk litteratur frå Columbia University i New York. Nykommar er den første boka hans.

22

Gjendikta av Martin Ingebrigtsen. Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi.


skjønnlitteratur | gjendiktingar

JULIAN TALAMANTEZ BROLASKI

RÅD TIL DEI ELSKANDE Råd til dei elskande er inspirert av Ovids lærebok Ars Amatoria og har i seg overtonar av renessansens sonettkransar. Det er ei oppfinnsam og velforma diktsamling, formmessig intrikat, men moderne og direkte i uttrykket. Råd til dei elskande er eit nyskapande erotisk verk for det 21. hundreåret. Gjendikta av Leif Høghaug. Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi.

lyrikk | ISBN: 9788252193527 PRIS KR 269,– | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252193534 PRIS KR 199,– | UTG. MAI

julian talamantez brolaski (f. 1978) er poet, litteraturvitar og countryartist.

23


skjønnlitteratur | drama

ELFRIEDE JELINEK

VINTERREISE Første teatertekst på norsk av nobelprisvinnaren Elfriede Jelinek Elfriede Jelineks mest kjende og personlege tekst for teater, Vinterreise (2011), kjem no endeleg på norsk. Det skapte både forundring, forarging og fryd då Jelinek i 2004 blei tildelt Nobelprisen i litteratur for sin «musikalske straum av røyster og motrøyster (...) som avslører dei absurde klisjéane i samfunnet». Hos Jelinek er det liksom språket sjølv som taler, i dei seinare stykka hennar i eit slags redigert monologisk stream of consiousness. I så måte skil dramatikken hennar seg markert frå den tradisjonelle dramatiske diktinga, og drama | ISBN: 9788252193398

kvar einskild instruktør må så å seie skape

PRIS KR 329,– | UTG. FEBRUAR

sitt eige stykke på grunnlag av Jelineks

e-bok | ISBN: 9788252197037

språkflaum.

PRIS KR 149,– | FEBRUAR

Gjendikta av Oskar Vistdal.

elfriede jelinek (f. 1946) er austerriksk forfattar og dramatikar. Ho har skrive ei lang rekkje romanar og teaterstykke.

24


skjønnlitteratur | drama

JON FOSSE

NOKON KJEM TIL Å KOME Jon Fosses aller første teaterstykke Nokon kjem til å kome er det aller første teaterstykket Jon Fosse skreiv. Det handlar om Han og Ho som flyttar til eit gammalt hus ved havet for å vera einsame aleine saman. Dei nærast flyktar frå menneskeverda, men angsten for at nokon skal øydeleggja einsemda rir dei begge. Og nokon kjem. Jon Fosse er i dag kjend over heile verda som dramatikar og er eit sjølvsagt namn i samband med Nobelprisen i litteratur. Den dramatiske raptusen byrja i 1993 med Nokon kjem til å kome. Jon Fosse skreiv for første gong replikkar og opplevde det som ei openberring. Stykket vart spelt første gong på Det Norske

dramatikk | ISBN: 9788252196597

Teatret i 1996, og Fosse markerte seg som

PRIS KR 149,– | UTG. MARS

noko heilt nytt i samtidsdramatikken. Seinare har stykket nærast reist verda rundt og blitt

e-bok | ISBN: 9788252197129 PRIS KR 149,– | MARS

eit av dei mest kjende og mest spelte Fossestykka. Stykket vart blant anna sett opp i Paris i 1999. Då skreiv avisa Le Figaro: «Eit nytt kapittel i teaterhistoria.» «Jon Fosses dramatik är en av Europas interessantaste.» DAGENS NYHETER

«Jon Fosse has been compared to Ibsen and to Beckett, and it is easy to see his work as Ibsen stripped down to its emotional essentials. But it is much more.» THE NEW YORK TIMES

Jon Fosse (f.1959) er fødd i Strandebarm og busett i Grotten i Oslo. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart og har seinare skrive over 30 skodespel, mellom anna Nokon kjem til å kome, Draum om hausten og Eg er vinden. Forutan romanar og dramatikk har Fosse skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Han har motteke ei rekkje prestisjetunge prisar og blir rekna som ein av våre viktigaste samtidsforfattarar.

25


skjønnlitteratur | pocket

ELENA FERRANTE

SVIKNE DAGAR 38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på livet sitt. Ho dreg dei to ungane og den snille schæferhunden Otto med seg i fallet. Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og samlivsbrot. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

pocket | ISBN: 9788252195262 PRIS KR 169,– | UTG. FEBRUAR

elena ferrante har sidan 1992 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Med Napoli-kvartetten fekk Ferrante eit stort internasjonalt gjennombrot. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.

26


skjønnlitteratur | pocket

ELENA FERRANTE

DEN DUNKLE DOTTERA Leda er ei 47 år gammal veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie åleine til sørkysten av Italia. På stranda er ho kvar dag omgitt av ein støyande napolitansk storfamilie. Ho blir meir og meir oppteken av ei ung jente og dottera hennar. Ho vekslar mellom å beundre og å vere sjalu på den unge kvinna og barnet, men avskyr familieklanen som omgir dei. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane dei fekk for henne og familien. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

pocket | ISBN: 9788252195279 PRIS KR 169,– | UTG. MAI

elena ferrante har sidan 1992 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Med Napoli-kvartetten fekk Ferrante eit stort internasjonalt gjennombrot. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.

27


skjønnlitteratur | pocket

TORE KVÆVEN

HARD ER MITT LANDS LOV Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen på skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter strid står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemne hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fange av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven.

pocket | ISBN: 9788252196085 PRIS KR 169,– | UTG. FEBRUAR

Med det startar ei skjebnesvanger reise. Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Tore Kvæven (f. 1969) bruker si eiga erfaring frå reiser i Afrika, og inspirert av islendingesogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.

«Som actioneventyr er historien underholdende og medrivende. Som tore kvæven debuterte med Hard er mitt lands lov (2010) om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Når landet mørknar er ei lagnadstung og dramatisk historie, overtydande i skildringa av menneska og av naturen. Med eit målande og mektig språk tek han lesaren med til ei fascinerande tid på Grønland.

28

skjønnlitteratur tegner den et kunnskapsrikt bilde av livet i viking.» TOM EGELAND, VG

«Glimrende idé og like glimrende gjennomført om vikingtokt til det indre av Kongo» CATHRINE KRØGER, DAGBLADET



30


FAKTA OG DOKUMENTAR

31


fakta og dokumentar

ODD E. NERBØ

FOLK I VEST.

ALLE HAR EI HISTORIE Ei kjærleikserklæring til Vestlandet. Dei siste par åra har Odd Nerbø gått rundt i Bergen med kamera og notisblokk og snakka med folk han synest ser interessante ut. I denne boka møter vi 150 av dei. Asa Shimada, som fortel om den første gongen ho fekk ein klem frå mor si. Anton Johannes, som saknar kona si Anne Ma og ønskjer seg ei venninne dokumentar | ISBN: 9788252196481

å gå tur med. Tvillingane Roy og Remy (22),

PRIS KR 399,– | UTG. MARS

som grudde seg til kvar dag på skulen. Marit, som søv ute heile året. Og mange fleire personlege, rørande og skilsetjande historier frå liva til menneska rundt oss i Noreg i dag.

odd e. nerbø (f. 1955) har arbeidd som fotograf, bildesjef og bilderedigerar i Bergens Tidende sidan 1977. Han har alltid fotografert kvardagen på Vestlandet og folk som bur der.

32


fakta og dokumentar

SIGRUN SLAPGARD

EG HAR SETT JAGUAREN.

LATINAMERIKANSKE HISTORIER Tett på Latin-Amerikas valdelege historie Frå 1960-talet og fram til i dag har ordet forsvinne skapt politiske avgrunnar og personlege tragediar på det latinamerikanske kontinentet. Som NRK-journalist har Sigrun Slapgard fortalt om menneske i sentrum av dramatiske hendingar. Menneske som står opp mot overmakta, som risikerer livet for å få til endring. Sigrun Slapgard tek oss med på reisene sine: til El Salvador, der kodar og forkledning er kvardagen, men også døden, inn i den colombianske jungelen for å møte FARC-

dokumentar | ISBN: 9788252187519

geriljaen i den nye, skjøre fredstida, og til

PRIS KR 379,– | UTG. MARS

Buenos Aires, der bestemødrer no opplever

e-bok | ISBN: 9788252195897

underet med at bortførte barnebarn kan dukke

PRIS KR 299,– | UTG. MARS

opp igjen tretti år etter militærdiktaturet. Dette er historier som aldri har sleppt tak i Slapgard, og som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke.

sigrun slapgard er forfattar og journalist. Ho har lang fartstid som utanriksreporter og har dekt Latin-Amerika sidan 1980-talet.

33


fakta og dokumentar

JAN INGE SØRBØ

NYNORSK LITTERATURHISTORIE Eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur – frå Ivar Aasens tid til i dag. I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i – og opponert mot dei. Aasen litteraturhistorie | ISBN: 9788252188967

protesterte mot nasjonalromantikken, og

PRIS KR 449,– | UTG. MARS

Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på. Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg,

jan inge sørbø (f. 1954) er litteraturvitar,

Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og

forfattar og journalist. Han er professor ved

Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som

Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda og er

fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur

kommentator i Dag og Tid. Sørbø har skrive fleire

Bygd.

skjønnlitterære bøker, og boka Til trøyst, om psykisk sjukdom i skjønnlitteraturen. Han har også skrive

Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det

bøker om Hans Skjervheim, Olav Aukrust, Arnold

Norske Samlaget i 2018.

Eidslott, Alfred Hauge, Ronald Fangen, Alexander Kielland og Arne Garborg.

34


fakta og dokumentar | norsk røyndom

KRISTIN FRIDTUN

KVEN ER HOMOVENLEGAST I LANDET HER?

STEMNINGSRAPPORT Kor homovennleg er det norske samfunnet, sånn eigentleg? Kristin Fridtun er homo og transperson og er kjend for å skrive om skeive emne. No granskar ho den norske homotoleransen med utgangspunkt i eiga historie. For ikkje så mange tiår sidan var seksuelt samkvem mellom menn rekna som kriminelt, og homoseksuelle personar blei innlagde på sinnssjukehus og utsette for tvilsame behandlingsmåtar. I dag er stoda ei anna: Noreg tevlar med andre vestlege statar om å vere det mest homotolerante landet i verda. Men kva går denne homotoleransen ut på? Det er eit faktum at vi i Noreg er komne langt i å betre levekåra for skeive personar. Men i takt med at gamle problem har blitt rydda av vegen, har nye flokar dukka opp. Tidt og ofte høyrer vi

norsk røyndom | ISBN: 9788252196146 PRIS KR 149,– | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252196153 PRIS KR 99,– | UTG. MAI

at Noreg tek godt vare på seksuelle minoritetar, og dette omkvedet verkar inn på sjølvforståinga vår. No er det typisk norsk å vera homovenleg! Negative haldningar i det norske samfunnet blir tona ned, medan homofiendslege trekk ved andre kulturar får mykje merksemd. Dermed lagar det seg ei kløft mellom «oss» (som er snille med homoane) og «dei» (som er slemme).

kristin fridtun (f. 1987) har mastergrad i norrøn filologi. Ho er fast spaltist i Dag og Tid,

Men den største kløfta er den som skil hetero

og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og

frå ikkje-hetero. Kvifor eksisterer dette skiljet

bøker. Fridtun kjem frå Elverum, men er busett

framleis? Kan det tenkjast at homotoleransen er

på Lillehammer. Ho har gitt ut bøkene Norsk

ein del av problemet?

etymologisk oppkok (2012), Nynorsk for dumskallar (2013) og Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay

Boka er ein del av serien Norsk røyndom.

(2015). I 2016 fekk ho Bokhandlernes sakprosapris for Kjønn og ukjønn.

35


fakta og dokumentar | norsk røyndom

CAMARA LUNDESTAD JOOF

UNDER HUDA Korleis navigerer eigentleg ei brun, skeiv kvinne i Noreg? «Det hender eg møter vaksne menneske som seier dei er fargeblinde. At dei faktisk ikkje legg merke til hudfarga, dei ser berre menneska. Som meg voks dei opp med teiknestiften som heitte ’hudfarge’, og så står dei der og seier at det ikkje har påverka synet deira på verda – ikkje i det heile tatt. Dei har klart å halde seg nøytrale. Og dei trur at når dei seier det til meg, så ser eg på dei som gode menneske. Eigentleg har eg lyst til å skalle dei ned. Men eg gjer jo ikkje det. Eg trekker pusten, klistrar på eit smil og begynner å forklare.» norsk røyndom | ISBN: 9788252195866

Joof blei fødd i Bodø og voks opp i Sandefjord,

PRIS KR 149,– | UTG. MAI

med ei mor frå Mosjøen og ein far frå Banjul

e-bok | ISBN: 9788252195873

i Gambia. Ho skriv om korleis det var å vekse

PRIS KR 99,– | UTG. MAI

opp som eit brunt barn i ein kvit familie. Og attpåtil innsåg ho etter kvart at ho var bifil, ein minoritet i minoriteten. I Under huda spør ho kor stor påverknad hudfargen hennar har hatt på kven ho er i dag. Vennskap, arbeid og sexliv, finst det noko som er urørt? Og kva betyr eigentleg ein farge?

camara christina lundestad joof

Om melaninet forsvann i morgon, ville ho

(f. 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar,

framleis vore svart?

dramatikar og musikar. Det kunstnariske og politiske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og tek for seg interseksjonalitet, unge og likestilling. Joof har opptredd over 200 gonger i Skandinavia med den sjølvbiografiske soloframsyninga Pavlovs tispe. Sidan 2008 har ho, saman med Liv Hege Skagestad, bygd opp og leia barne- og ungdomsteateret Den mangfaldige scenen.

36

Boka er ein del av serien Norsk røyndom.


fakta og dokumentar | norsk røyndom

NILS HENRIK SMITH

NORSK SOKKEL «I midten av august 1980, medan mor mi sat høggravid i ein campingstol i hagen og freista å halde ut seinsommarvarmen, vart Alexander Kielland-plattforma slept inn fjorden til Stavanger. 123 menneske mista livet i ulykka 27. mars 1980. Då eg omsider kom til verda på Stavanger sjukehus den 17. august, låg plattformen med buken i vêret i Gandsfjorden. Jaget etter velstand hadde fått uoverskodelege konsekvensar. Alt heng saman med alt.» Kva slags sjølvbilete har Noreg som nasjon? Vi liker å tenkje på oss sjølve som forkjemparar for klima og natur. Samstundes lever vi av olja, som vi veit er med på å øydeleggje klimaet. Ein dag, kanskje i vår levetid, vil oljeutvinninga ta slutt, og kva skjer då? Nils Henrik Smith har snakka med familiar som

norsk røyndom | ISBN: 9788252196016

i fleire generasjonar har arbeidd i oljenæringa,

PRIS KR 149,– | UTG. MAI

og som er stolte av det arbeidet dei gjer –

e-bok | ISBN: 9788252196023

og med folk som meiner at vi skal bremse

PRIS KR 99,– | UTG. MAI

utvinningstempoet. Oljas gullalder er allereie forbi. Framtida slit vi med å sjå for oss. Men diskusjonen om kven vi er med og utan olja, må komme no. Boka er ein del av serien Norsk røyndom.

nils henrik smith (f. 1980) fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Manhattan Skyline i 2007 og følgde opp med dei kritikarroste romanane Austerrike i 2009 og Se ilden lyse over jord (2014). Smith har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert engelsk og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

37


fakta og dokumentar | norsk røyndom

SUMAYA JIRDE ALI

IKKJE VER REDD FOR SÅNNE SOM MEG Korleis er det å bli behandla som ein annan i ditt eige land? «For framtiden så ønsker jeg at ingen i Norge er redd for meg», skreiv Suha Alhajeed i ein kronikk på NRK våren 2017. Ho kom som syrisk flyktning, med eit ønske om eit liv utan krig, og opplevde mistru og frykt. Sumaya Jirde Ali tok kontakt med den unge kvinna, og sidan har dei to snakka saman: om korleis det er å kome til Noreg, å kjenne seg norsk, men bli behandla som ein annan. Veit du korleis det er å stadig måtte forsvare kvifor ein bur her? Å måtte forsvare at ein er samtid | ISBN: 9788252196849 PRIS KR 149,– | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252196856 PRIS KR 99,– | UTG. MAI

eit menneske som alle andre? Jirde Ali blir stadig bedt om å ta avstand frå terroråtak og sjølvmordsbombarar. Meiningsmotstandarar ber henne vere takknemleg for at ho får vere her. Ho kan bli stoppa på gata og spurd om ho ikkje føler tilhøyrigheit til Noreg, ho som går med hijab og «ikkje følgjer den norske klesstilen». Vi får også høyre hennar strategiar for å motverke hat, halde oppe motet og stå for det ho meiner.

sumaya jirde ali (f. 1997) er aktiv samfunnsdebattant, spaltist i Klassekampen, redaksjonsmedlem i tidsskriftet VOKS, aktivist og poet. I 2017 gav ho ut diktsamlinga Kvinner som hater menn.

38

Boka er ein del av serien Norsk røyndom.


fakta og dokumentar | biografi og portrett

JAN OLAV GATLAND

EIN DRIFTIG DJEVEL I BERGEN HISTORIA OM MONS LITLERÉ

Mons Litleré (1867−1895) var forleggjar, bokhandlar og avisredaktør. Sunnfjordingen er den eigentlege grunnleggjaren av nynorsk forlagsverksemd, sjølve pioneren i produksjon og spreiing av bøker på landsmål på slutten av 1800-talet. Han samarbeidde med dei kjende forfattarane i si tid, blant andre Arne og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Per Sivle, Jens Tvedt, Rasmus Løland, Vetle Vislie, Anders Hovden og Hans Seland. Det var Knut Hamsun som i eit brev skrytte av den unge forleggjaren og kalla Litleré «ein driftig djevel». Dette er den første fullstendige framstillinga av kva Mons Litleré fekk til i Bergen på sine knappe ti år som forleggjar og avisredaktør. Mons Litleré hadde bokhandel i Strandgaten i Bergen og var redaktør for Firda. Den unge

biografi | ISBN: 9788252195552 PRIS KR 399,– | UTG. MARS

e-bok | ISBN: 9788252195569 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

landsmålsformidlaren døydde berre 28 år gammal. I det korte livet sitt rakk Litleré å gi ut kring 115 bøker, av dei var 80 på nynorsk. Pionerarbeidet hans har vorte ståande som eit føredøme for seinare nynorsk bokproduksjon. Litleré døydde av leverkreft. Same året døydde også kona hans, og paret etterlét seg tre små barn. jan olav gatland (f. 1949) er pensjonert førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han er sakprosaforfattar og har arbeidd som kritikar, omsetjar og tidsskriftredaktør. Gatland har skrive fleire bøker, som Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur (2016), Olav Dalgard. Ein biografi (2013), Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes (2010) og Torvald Tu. Eit diktarliv (2008).

39


fakta og dokumentar | essay

PATTI SMITH

OM Å SKRIVE Ei lita perle om skriving og kreativitet I denne boka fortel Patti Smith om sin eigen kreative prosess og om kva som inspirerer henne. Vi får lese ei vakker forteljing, og vi blir tekne med på fleire reiser, mellom anna til Sør-Frankrike og Camus sin heim, og til forleggjaren Gallimard sin hage der vi møter gjenferda til Mishima, Nabokov og Genet. Smith oppsøkjer også Simone Weils grav på ein einsam kyrkjegard og tek oss med gjennom dei namnlause Paris-gatene i Patrick Modianos romanar. Ho deler generøst med lesaren frå dei notata ho tek på kafeen eller på toget, og lèt oss få eit unikt innblikk i kunsten essay | ISBN: 9788252195934 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

e-bok | ISBN: 9788252195941 PRIS KR 249,– | UTG. MARS

patti smith (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrockrørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975.

40

sin og skapinga si. Omsett av Siw-Anita Kirketeig.


fakta og dokumentar | humor

JON HJØRNEVIK

IKKJE ALLE GJORDE MOTSTAND UNDER KRIGEN Krig opp, krig ned og krig i mente Krig. Store krigar. Små krigar. Krig mellom land og folk. Krig mellom slektningar, ektefellar eller naboar. Personlege krigar, indre krig. Din krig og min krig. Krig opp, krig ned og krig i mente. Diktaren og komikaren Jon Hjørnevik vil ta for seg krigen – berre mykje, mykje kortare enn all annan krigslitteratur. I si sjuande diktsamling er temaet det folk rundt han har måtta slite med og krige om. Han tek også for

humor | ISBN: 9788252194463 PRIS KR 249,– | UTG. APRIL

seg dei som gir f... og ikkje går i krigen. Vel 50 dikt fordelte på vel 100 sider burde vere meir enn nok.

jon hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001. Han er også mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Karakteristisk for dikta er humoren, ofte med ein overraskande tvist. Hjørnevik er også ein høgt skatta opplesar av sine eigne dikt.

41


Livet og korleis leve det Ei handbok for vaksne

ANNE GUNN HALVORSEN

LIVET, OG KORLEIS LEVE DET FOTO: PERNILLE BLÅFJELL WALVIK

hilde østby, aftenposten

Anne Gunn Halvorsen

Ei handbok for vaksne

valt kild, bu, aren rtar, jere

«Den eneste selvhjelpsboka du virkelig trenger»

cathrine krøger, dagbladet

Livet og korleis leve det

eld, opp r og

«Noe så sjeldent som en velskrevet, lærerik og intelligent selvhjelpsbok»

Anne Gunn Halvorsen

lar, ekk netg ut or-

fakta og dokumentar | pocket

Ein klok og humoristisk ANNE GUNN HALVORSEN introduksjon (født 1984) er journalist,til vaksenlivet kommentator og meldar. Ho er frilansar, og har tidlegare jobba i Dagbladet og Dagens Næringsliv.

«Eg har søkt på så mykje på nettet i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet.»

-2

På kort tid har Anne Gunn Halvorsen pådrege seg to barn, gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Plutseleg går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og pocket | ISBN: 9788252196702

trenings-tights enn sjølve livet.

PRIS KR 169,– | UTG. FEBRUAR

Forfattaren har brukt eit år på å finne ut korleis andre har valt å leve liva sine. For korleis skal du som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend «en velskrevet, morsom og mangfoldig bok om

og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du

hvordan livene våre faktisk bør leves.»

bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy?

CATHRINE KRØGER, DAGBLADET

Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare – og få deg til å senke skuldrene, litt.

anne gunn halvorsen (f. 1984) har arbeidd som journalist i 13 år, og kjem frå Vikedal i Rogaland.

42

«Den eneste selvhjelpsboka du virkelig trenger.» HILDE ØSTBY, AFTENPOSTEN


fakta og dokumentar | pocket

AGNES RAVATN

VERDA ER EIN SKANDALE.

EI BOK OM LIVET PÅ LANDET Om livet, lykka og eit tilvære på bygda Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tek Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned i permisjonstida. I eit forfalle småbruk utan Internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland. Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev

pocket | ISBN: 9788252195286 PRIS KR 169,– | UTG. MAI

frå eit halvår på bygda. Det handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.

«Lekende lett om lykken på landet.» MARIUS WULFSBERG, DAGBLADET

«Det er lite som slår destillert Ravatn, med sine sylkvasse observasjonar pakka inn i vestlandsk sarkasme.» HANNA MARIA VAN ZJIP, KLASSEKAMPEN

agnes ravatns (f. 1983) andre roman Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen 2013. Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

43


fakta og dokumentar | pocket

ALF KJETIL WALGERMO

RØFF GUIDE TIL BIBELEN

Et imponerende arbeid som dykker ned i litteraturen, historien, religionen, språket som finnes i Bibelens tekster - og han gjør det med en fortellerglede og kunnskap som gjør både bibel og den røffe guiden til en sann fryd. tarald aano, stavanger aftenblad

amp mot Goliat?

Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel.

l Alf Kjeti o Walgerm

sulamitten»?

send i løvehola

Med denne guiden som reisefølge, blir en fottur inn i Bibelens vidstrakte ørkenlandskap som en tur ut i hagen. ... Til like er teksten krydret med forfatterens lakoniske kommentarer, noe som gjør et i utgangspunktet tungt stoff til en lesefest. Hvem skulle tro at det var mulig?

amp?

fartein horgar, adresseavisen

den mest utbreidde

r over to milliardar

Det er vågalt å behandle «den mest utbreidde boka på jordkloden», men det er blitt en imponerende og fremfor alt lettlest gjennomgang. … Dette er en pålitelig innføring for begynnere og den vil kunne berike viderekomnes tro.

sjonen. Også her i

Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot

ultur og samfunnsliv. han?

Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile

karl gervin, vårt land

r i Vårt Land, har

sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som

til Bibelen. Med stor

Det er ei bragd å skriva ei boka som denne, og Alf Kjetil Walgermo skal ha all ære for arbeidet han har gjort.

først bad oss om å ikkje kaste perler for svin?

eg lesaren inn i Det

m Bibelen etter å ha

bård hauge, dagen

eir enn dei fleste. ... en ypperlig innføring i kristendommen for dem som ikke vet hvor de skal begynne … Det er kanskje å kaste perler for svina på den brede vei å si dette, men hvis du virkelig bare vil lese én bok om Bibelen og kristendommen, kommer du langt med denne. Du vil også få en bedre forståelse av kunsthistorien, språket vårt, Martin Luther Kings taler, og broderiet på veggen til bestemor.

Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf – utgangspunktet for to verdsreligionar og ein

bjørn stærk, morgenbladet

N 978-82-521-9678-8

788252

grunnstein for den vestlege litteraturen og

Ein perfekt guide for «kulturkristne».

196788

sivilisasjonen. Kan vi eigentleg forstå historia

arild pedersen, dag og tid

www.samlaget.no

tarald aano, stavanger aftenblad

jon selås, vg

fartein horgar, adresseavisen

vår, språket og kulturen om vi ikkje veit kva som står i Bibelen?

pocket | ISBN: 9788252196788 PRIS KR 199,– | UTG. MAI

For mange er dette den viktigaste boka som er skriven, medan mange har eit eksemplar av Bibelen ståande i bokhylla, utan at dei nokon gong opnar han. Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane

alf kjetil walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire

sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig.

kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære

«Gudskjelov for denne boka!» JON SELÅS, VG

søster kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. Til dagleg jobbar Walgermo som kulturredaktør i Vårt Land.

«Et imponerende arbeid ...» TARALD AANO, STAVANGER AFTENBLAD

44


fakta og dokumentar | pocket

RAGNAR ULSTEIN

JØDAR PÅ FLUKT Det er en historie fra okkupasjonen med monumentale dimensjoner. ARNE SKOUEN, DAGBLADET

I krigsåra 1940-45 vart 736 norske jødar deporterte og drepne i tyske konsentrasjonsleirar. Dette er eit svart kapittel i norsk historie, og litteraturen om deportasjonane og dødsleirane er omfattande. Mindre kjent er historia om alle dei som vart berga – dei som vart varsla, sendt i dekning og smugla ut av landet. I alt 1100 slapp unna arrestasjon og deportasjon på denne måten. Dei som hjelpte jødane var motstandsfolk og andre frivillige – sivile menn og kvinner som sjølv risikerte livet. I denne boka møter vi mange av dei som var involverte i redningsaksjonane, både jødar som vart redda ut og hjelperane deira. Ragnar

dokumentar | ISBN: 9788252196719

Ulstein fortel historia gjennom lagnaden

PRIS KR 169,– | UTG. APRIL

til einskildpersonar og familiar, og går tett inn på korleis jødane opplevde tiltakande trakassering og forfølgjing. Dramatikk, angst og spenning møter lesaren i dei mange redningshistoriene, men også heltemot, hjartevarme og medmenneskeleg handlekraft. «ei bok om medkjensle og respekten for menneskeverdet som også vår tid treng å ha i bagasjen.»

ragnar ulstein (f. 1920) var motstandsmann HARALD KJØLÅS, SUNNMØRSPOSTEN

under den andre verdskrigen. Etter krigen bytta han ut våpen med penn som journalist, forfattar

«Mot, oppofrelse, hjertevarme og medmen-

og historikar. Han har skrive mange bøker om

neskelig handlekraft står å lese mellom linjene.»

rednings- og etterretningsarbeid i Noreg under

ROLF KJÆRNSLI,

krigen.

GUDBRANDSDØLEN LILLEHAMMER TILSKUER

45


fakta og dokumentar | pocket

AASMUND OLAVSSON VINJE

FERDAMINNE FRÅ SUMAREN 1860 Klassikar i norsk litteratur Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Ferdaminne frå sumaren 1860 er rekna som Vinjes viktigaste verk. Boka er forma som eit reisebrev frå den store noregsreisa Vinje gjorde i 1860. Ho er halden i kåserende form, med lyriske innslag, og inneber eit brot med det romantiske synet på bonden. Her finn lesarane underhaldande skildringar, dikt og agronomiske utgreiingar pocket | ISBN: 9788252196795

om kvarandre. Dette pionerverket i norsk

PRIS KR 169,– | UTG. FEBRUAR

journalistikk inneheld òg den lyriske perla

e-bok | ISBN: 9788252185942

«Ved Rondane».

PRIS KR 99,– | UTG. FEBRUAR

aasmund olavsson vinje (1818–1870) var forfattar, avisredaktør og jurist. Han er rekna som ein av landets mest nyskapande journalistar og folkekjære lyrikarar. I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd.

46


fakta og dokumentar | pocket

AASMUND OLAVSSON VINJE

STOREGUT Illustrert meisterverk frå A.O. Vinje Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Diktverket Storegut kom ut i 1866 og er eit klassisk verk i den norske bokheimen. Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå «Det syng fyr Storegut»: Den dag kjem aldri at eg deg gløymer; for um eg søver, eg um deg drøymer. Um natt og dag er du like nær, og best eg ser deg når myrkt det er. pocket | ISBN: 9788252197051

Storegut var ein historisk person som levde

PRIS KR 169,– | UTG. FEBRUAR

i Telemark på slutten av 1700-talet, og har

e-bok | ISBN: 9788252197068

levd på folkemunne heilt sidan den gong.

PRIS KR 99,– | UTG. FEBRUAR

Mange kunstnarar har late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen.

aasmund olavsson vinje (1818–1870) var forfattar, avisredaktør og jurist. Han er rekna som ein av landets mest nyskapande journalistar og folkekjære lyrikarar. I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd.

47


48


BARNE- OG UNGDOMSBØKER

49


barne- og ungdomsbøker | leseland

HÅKON FORFOD SØNNELAND OG LINE HALSNES

HUNDRELAPPEN Kven stal hundrelappen? Ein hundrelapp har forsvunne heime hos Odin og pappa. Pappa meiner Odin har teke pengane. Men Odin er ikkje ein tjuv! For å bevise at han er uskuldig, må Odin finne hundrelappen – og den eigentlege tjuven. Hundrelappen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

lettlesbok | ISBN: 9788252194388 PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR

håkon forfod sønneland (f. 1972) er journalist, kunstnar og barnebokforfattar. line halsnes (f. 1981) er illustratør og barnebokforfattar.

leseland nivå 1 50


barne- og ungdomsbøker | leseland

RAGNFRID TROHAUG OG EIVIND GULLIKSEN

DET SPØKER! Skumle lydar og søt hemn Henrik er på besøk hos Jon. Plutseleg høyrer dei ein lyd! Ein lyd som høyrest farleg og spøkelsesaktig ut. «Det finst ikkje spøkelse», seier Jon. «Det finst ikkje spøkelse før ein møter eit», svarer Henrik. Det spøker! er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

lettlesbok | ISBN: 9788252194661 PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR

ragnfrid trohaug (f. 1975) er forfattar og har i fleire år arbeidd som forlagsredaktør. evind gulliksen (f. 1973) er illustratør og har illustrert ei rekkje bøker for barn.

leseland nivå 1 51


barne- og ungdomsbøker | leseland

ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT …? KU Visste du at kua kan sleikje seg sjølv i nasen? Visste du at ei ku kan lage 20 liter mjølk om dagen? Og at det finst robotar som mjølkar kyr? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om kua. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske. MØ! Visste du at …? KU er ein del av Samlagets lettlesbok | ISBN: 9788252194944

Leseland for barn som lærer å lese. Dette er

PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR

gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les også: Visste du at …? GRIS Visste du at …? HEST Visste du at …? HUND Visste du at …? KATT Visste du at …? SAU

anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.

leseland fakta nivå 1 52


barne- og ungdomsbøker | leseland

ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT …? SAU Visste du at dei fleste sauer får tvillingar? Visste du at sauene kan vere åleine på fjellet om sommaren? Og at gjetarhunden kan flytte sauene frå beite til beite? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om sauen. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske. BÆ! Visste du at …? SAU er ein del av Samlagets

lettlesbok | ISBN: 9788252194982

Leseland for barn som lærer å lese. Dette er

PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR

gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les også: Visste du at …? GRIS Visste du at …? HEST Visste du at …? HUND Visste du at …? KATT Visste du at …? KU anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.

leseland fakta nivå 1 53


barne- og ungdomsbøker | leseland

ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT …? GRIS Visste du at grisen ikkje kan sjå oppover? Visste du at grisen rullar seg i søla for å kjøle seg ned? Og at søla beskyttar grisen mot sol og insekt? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om grisen. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske. NØFF! Visste du at …? GRIS er ein del av Samlagets lettlesbok | ISBN: 9788252194968

Leseland for barn som lærer å lese. Dette er

PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR

gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les også: Visste du at …? HEST Visste du at …? HUND Visste du at …? KATT Visste du at …? KU Visste du at …? SAU

anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.

leseland fakta nivå 1 54


barne- og ungdomsbøker | leseland

ANNA R. FOLKESTAD

STUPE-STIG Luftig svev med Knut – og ein litt for ivrig onkel Knut vil fly med drake! Men onkel Stig vil vere med i ein stupekonkurranse. For då kan han vinne pokal. Men stupinga går ikkje heilt som planlagt. Stupe-Stig er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

lettlesbok | ISBN: 9788252194685 PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR

anna r. folkestad (f. 1983) er forfattar og illustratør og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Unni og Gunni og Leselandbøkene om Besta og Bo. I 2012 fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris for Unni og Gunni reiser.

leseland nivå 2 55


barne- og ungdomsbøker | leseland

BENTE BRATLUND OG ODD HENNING SKYLLINGSTAD

KIDNAPPA Tredje bok om Bea! – Eg blei kidnappa, kviskrar ho. – Kidnappa? spør eg. Oda nikkar. – Da eg var lita. Eg hugsar det ikkje. Men eg veit det no. Oda fortel at ho blei kidnappa då ho var lita. Det er derfor ho ikkje liknar foreldra sine. Bea lover å halde på løyndommen, men ho er også nysgjerrig. For kven er dei eigentlege foreldra til Oda? Og kor er dei?

lettlesbok | ISBN: 9788252194579 PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR

Kidnappa er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les også: Prompebroren Feriefiasko

bente bratlund (f. 1952) er utdanna lærar, men sidan 1992 har ho vore forfattar på heiltid. Ho har skrive mange bøker for både barn, ungdom og vaksne. odd henning skyllingstad (f. 1978) er illustratør, teikneserieskapar og animatør. I tillegg arbeider han som bibliotekar ved Serieteket.

leseland nivå 4 56


barne- og ungdomsbøker | leseland

INGUNN RØYSET OG LINE HALSNES

FISKELYKKE Vennskap, fisking – og ein irriterande katt I dag skal Jonas vere med Anna på moloen og fiske. Men Kvitpus vil ikkje la Jonas vere i fred. Det er umogleg å gjere stonga klar til fisketur når Kvitpus trakkar fram og tilbake akkurat der Jonas sit! Anna fortel at om ein katt må til dyrlegen, kjem han som regel ikkje heim. Kanskje Kvitpus ikkje er så irriterande likevel? Fiskelykke er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

lettlesbok | ISBN: 9788252194029 PRIS KR 169,– | UTG. JANUAR

ingunn røyset (f. 1965) er journalist og forfattar. Ho har skrive både skjønnlitterære bøker og sakprosa for barn og unge. Line Halsnes (f. 1981) er illustratør og barnebokforfattar.

leseland fakta nivå 4 57


barne- og ungdomsbøker | teikneserie

IDA EVA NEVERDAHL

JOJO Morosam teikneserie for barn! Korleis er det å ha ei ninjamamma? Kva gjer agent bønne og agent mais når dei finn ut at Jojo ikkje liker taco? Og kvifor er det kult å vere katt? Med Jojo har Neverdahl skapt eit originalt, fargerikt og moderne univers – perfekt for teikneseriesvoltne barn og unge. Teikneseriestripene om Jojo er publiserte i Norsk Barneblad. No er fleire av dei morosame forteljingane frå Jojo sitt liv samla i ei bok, til glede for både gamle og nye lesarar. teikneserie for barn | ISBN: 9788252195118 PRIS KR 179,– | UTG. JANUAR

Til denne boka har Ida Eva Neverdahl skrive og teikna ei heilt ny rammeforteljing, der vi mellom anna får vite kvifor livet til Jojo er så magisk og absurd.

ida eva neverdahl (f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper for fleire aviser og gitt ut tre bøker.

leseland 9–12 år 58


barne- og ungdomsbøker | ungdom

LARS MÆHLE

DØD ELLER LEVANDE Tvillingar med uvanlege evner Eg kan sjå ting andre ikkje ser. Eg kan høyre lydar andre aldri høyrer. Eg kan sanse skuggane som glir i bakgrunnen. Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom – og inn i Bekkedalen. Boka er del av GRØSS OG GRU – ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.

ungdom | ISBN: 9788252195002 PRIS KR 249,– | UTG. MARS

e-bok | ISBN: 9788252995019 PRIS KR 149,– | UTG. MARS

lars mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Fantasyromanen Landet under isen blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og var nominert til Brageprisen.

59


barne- og ungdomsbøker | ungdom

TOR ARVE RØSSLAND

DEN TOLVTE SPELAREN Grøss i ei tåkelagd bygd Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg. Kven er den tolvte spelaren? Boka er del av GRØSS OG GRU – ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.

ungdom | ISBN: 9788252192445 PRIS KR 249,– | UTG. MARS

e-bok | ISBN: 9788252192452 PRIS KR 149,– | UTG. MARS

tor arve røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge og er kanskje mest kjend for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

60


barne- og ungdomsbøker | ungdom

TERJE TORKILDSEN

STAVANGER STORIES 2 Dobbelt Upris-vinnar med nye sterke forteljingar Ei ulukke har aldri ei enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke på at dei kan få tragiske konsekvensar. Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død – og alt innimellom, fortalde med både humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann – og også andre folk som er rundt dei. Betty er usikker på om ho kan stole på

ungdom | ISBN: 9788252194548

kjærasten sin. Broremann gjer det han kan for

PRIS KR 269,– | FEBRUAR

å imponere storebroren sin. Halvard kjøper

e-bok | ISBN: 9788252194555

luftpistol. Og Eric må snike seg ut då han

PRIS KR 149,– | FEBRUAR

vaknar opp heime hos ei dame som har ein mann i Nordsjøen. Alle driv dei med sitt, utan å vere klare over korleis handlingane deira påverkar personane rundt dei.

terje torkildsen (f. 1971) er forfattar og komikar frå Stavanger og dobbeltvinnar av ungdommens eigen nasjonale litteraturpris, Uprisen.

61


barne- og ungdomsbøker | pocket

MARIA PARR

VAFFELHJARTE Dei som ikkje alt har lese denne hjartevarmaren av ein roman, bør snarast gjere det. Klassikar, rett og slett! Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år 6–9 år | ISBN: 9788252196801 PRIS KR 149,– | UTG. FEBRUAR

lydbok | ISBN: 9788252176087 PRIS KR 199,– | I SAL

En hyldest til vennskap og fantasi. HILDE BJØRHOVDE, AFTENPOSTEN

gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i. Vaffelhjarte blei nominert til Brageprisen 2005 og er også boka bak tv-serien på NRK. Illustrert av Bo Gaustad. Maria Parr er som ei kraftig plante skoten opp av ei frodig, vestlandsk li. Det er noko livat og energisk over måten ho skriv på, som grip tak i oss. MARIANNE LYSTRUP, VÅRT LAND

Kjærligheten til barndom og oppvekstmiljø gir maria parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og fekk det store gjennombrotet med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og er utdanna lærar.

62

boken en helt egen varme. GURI FJELDBERG, BERGENS TIDENDE

Noen bøker går bare rett hjem. Søker seg frem til hjertet og lattermusklene og blir der. […] Maria har skrevet historier om vidunderlig viltre og initiativrike barn som finner på det utroligste. LENA STORVAND, VG


barne- og ungdomsbøker | pocket

MARIA PARR

TONJE GLIMMERDAL Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009! Tonje Glimmerdal er einaste barnet i Glimmerdalen og den tøffaste jentungen dalen har sett på lenge. Bestevennen til Tonje er biske Gunnvald på 74 år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei eigentleg det? Ein dag finn Tonje ut at Gunnvald har halde noko stort hemmeleg. Medan våren kjempar med snøen og får fjella til å glitre og elva til å buldre, kjempar Glimmerdalens vesle dunder for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet fart

6–9 år | ISBN: 9788252196818 PRIS KR 149,– | UTG. FEBRUAR

lydbok | ISBN: 9788252176094 PRIS KR 199,– | I SAL

og sjølvtillit! Dette er en kjempefin bok! Illustrert av Åshild Irgens.

ANNE CATHRINE STRAUME, NRK

Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit. […] Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen! GERD ELIN STAVA SANDVE, DAGSAVISEN

Boka har noko tidlaust og nostalgisk over seg, og står fram som ein klassikar allereie i si eiga

maria parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs

samtid. Parr er ein drivande god forteljar.

superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i

KRISTINE ISAKSEN, BERGENS TIDENDE

2005 og fekk det store gjennombrotet med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen,

Rørende og klogt fortalt. […] ’Tonje Glimmerdal’

Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene

er en klassisk, godhjertet børnebog. Man bliver

til Parr er omsette til mange språk, og ho har også

glad og klog af at læse den.

vunne ei rekkje internasjonale prisar. Parr er frå Fiskå

STEFFEN LARSEN, POLITIKEN

i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og er utdanna lærar.

63


barne- og ungdomsbøker | pocket

MARIA PARR

KEEPEREN OG HAVET Nominert til Brageprisen, ARKs barnebokpris og Bokhandlerprisen 2017! Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han skal gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, utan å bry seg om at han begynner å bli gammal. Dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene dette året, Lena, Trille og 9–12 år | ISBN: 9788252196825

farfar. For kva skal ein gjere når alt er motvind

PRIS KR 149,– | UTG. MAI

og ingen bryr seg om det ein verkeleg kan?

lydbok | ISBN: 9788252196498 PRIS KR 249,– | I SAL

Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det. Som Lena

lydfil | ISBN: 9788252195101

Lid seier i pressa situasjonar: No må de søren

PRIS KR 199,– | I SAL

kverke meg vakne der framme!

e-bok | ISBN: 9788252188875 PRIS KR 149,– | I SAL

En bok som er både hjertevarm, spennende, poetisk og glitrende komponert. MARIE KLEVE, DAGBLADET

Slukelesing! […] Maria Parr skriver levende og humørfylt og skaper et trygt univers det er godt maria parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i

å være i. KRISTINE ISAKSEN, VG

2005 og fekk det store gjennombrotet med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen,

Knallsterkt gjensyn med vennene fra Vaffel-

Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene

hjarte. […] Det er klokt, vakkert og gripende.

til Parr er omsette til mange språk, og ho har også

MORTEN OLSEN HAUGEN, AFTENPOSTEN

vunne ei rekkje internasjonale prisar. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og er utdanna lærar.

64

Nok en klassiker fra Maria Parr. ANNE CATHRINE STRAUME, NRK


barne- og ungdomsbøker | pocket

INGUNN THON

OLLIS Nominert til Bokslukerprisen og ARKs barnebokpris 2017! Heime hos Ollis og mamma er ting snudde på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefrik-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var. Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og då dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet som Gro ikkje veit? Ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot.

6–9 år | ISBN: 9788252196818 PRIS KR 149,– | UTG. FEBRUAR

lydfil | ISBN: 9788252195101 PRIS KR 199,– | I SAL

«Ollis» var et morsomt bekjentskap. Ingunn Thons fortellerglede smitter av. ANNE CATHRINE STRAUME, NRK

NRK Super-programleder Ingunn Thon debuterer med en barneroman som både barn og voksne vil elske. […] Ollis trer fram fra boksidene med en selvfølgelighet som kjennetegner alle høyt elskede barnebokhelter. MARIE KLEVE, DAGBLADET

Ollis’ identitetsreise er så gripende at leserhjertet må være av stein om det ikke blør litt. MARIA BRANDT, BARNEBOKKRITIKK.NO

ingunn thon (f. 1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og

Bokdebutant Ingunn Thon skriv godt og

frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk

hjartevarmt om modige Ollis sin leit etter sin

mediesenter.

plass i familien. […] Sjeldan har eg blitt så rørt av ei bok. SVEIN OLAV B. LANGÅKER, FRAMTIDA.NO

nora brech (f. 1988) er illustratør. Ho bur i Oslo og er utdanna ved Westerdals.

65


66


HØGARE UTDANNING

67


høgare utdanning

TONE BIRKELAND, GUNVOR RISA OG KARIN BEATE VOLD

NORSK BARNELITTERATURHISTORIE, 3. UTGÅVE

Norsk barnelitteraturhistorie er standardverket for alle som er interessert i norsk barneog ungdomslitteratur.Verket gir ei samla framstilling av den norske litteraturen for barn og unge gjennom meir enn 200 år, og omfattar skjønnlitteratur, både den kritikarroste og den populære, og faglitteratur. Verket drøftar og utviklinga av den barnelitterære institusjonen – i bokbransjen, bibliotek, skole og forsking høgare utdanning | ISBN: 9788252188578

– og korleis andre media har gjort bruk av og

PRIS KR 499,– | I SAL

påverka barnelitteraturen. Den nye utgåva av verket er revidert for tida

tone birkeland er tidlegare førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen. Ho har vore medforfattar av Den norske biletboka (1993), Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar (2000/2006/2012) og det prislønte norskverket Soria Moria. gunvor risa er tidlegare førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Ho har skrive fleire artiklar om barnelitteratur, m.a. i Norsk kvinnelitteraturhistorie (1988). Medforfattar av Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar (2000/2006). karin beate vold er cand.philol. og tidlegare direktør for Norsk barnebokinstitutt (1985–2008). Ho har arbeidd som kritikar og forlagsredaktør, skrive artiklar og redigert antologiar om barnelitteratur og vore medredaktør for Årboka Litteratur for barn og unge (1998–2010).

68

etter 1970 og er utvida med litteraturen frå 2005-2015 med nye forfattarskap, teksttypar, tema og skrivemåtar, og med nye illustratørar og visuelle uttrykksformer. Revisjonen omfattar heile tidsrommet 1970-2015. Norsk barnelitteraturhistorie legg vekt på samspelet mellom barnelitteraturen og skiftande litteratursyn i samfunnet, og viser korleis litteraturen utviklar seg mellom kunst og pedagogikk. Verket er gjennomillustrert. Ein komplett digital bibliografi over alle omtalte forfattarskap, utarbeidd av Anne Kristin Lande, forskingsbibliotekar, er tilgjengeleg for nedlasting på forlagets nettside.


høgare utdanning

ANDERS M. GULLESTAD, CHRISTINE HAMM, JØRGEN SEJERSTED, EIVIND TJØNNELAND OG EIRIK VASSENDEN

DEI LITTERÆRE SJANGRANE. EI INNFØRING

Innføring i sjangerlære er ei grunnbok for bachelorstudentar i nordisk og litteraturvitskap og for dei som tek norsk som ein del av lærarutdanninga. Dei fem kapitla i boka tek føre seg dei tradisjonelle sjangrane epikk, drama og lyrikk, i tillegg til eit innleiingskapittel som drøftar sjangeromgepet, og eit kapittel om sakprosa. Kvart kapittel gir ei grunnleggjande innføring i sjangerens historie, kjenneteikn og analytiske omgrep. Dei litterære omgrepa og

høgare utdanning | ISBN: 9788252193305 PRIS CA. KR 425,– | I SAL

det litterære fagspråket blir grundig handsama og er illustrerte med tekstdøme. Her er også modelltekstar som viser korleis ein kan analysere tekstar i dei ulike sjangrane. Denne boka tilbyr grundig innføring i epikk, lyrikk, drama og sakprosa i éi bok. anders m. gullestad er førsteamanuensis i skandinaviske områdestudium ved Universitetet i Bergen. christine hamm er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. jørgen sejersted er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. eivind tjønneland er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. eirik vassenden er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

69


høgare utdanning

KJERSTI MARIA RONGEN BREIVEGA OG MAGNHILD SELÅS (RED.)

SKRIVEBOKA.

INNFØRING I SKRIVEOPPLÆRING Korleis kan vi støtte elevar i å bli gode skrivarar? Kva tekstkompetanse treng elevar i grunnskulen i vår tid? Korleis kan vi arbeide med lesing, munnleg og skriving i samanheng? Korleis setje i gang skrivinga, korleis utvikle tekstar vidare i samspel med andre og arbeide med respons og vurdering? Kva verktøy kan ein bruke på ulike steg i skrivinga? Kva tilbakemeldingar fungerer? Korleis kan grammatikkundervisning integrerast i skriveopplæringa? Kva grep kan stimulere andrespråkseleven si skriving? I Skriveboka tek forfattarane for seg kva former høgare utdanning | ISBN: 9788252195675 PRIS KR 399,– | UTG. JUNI

for skriving skulen har lagt vekt på, og kva former for skriving gjeldande læreplan fremjar. Dei ser på skriving som både prosess og produkt, på eit mangfald av tekstlege uttrykk, elevgrupper og didaktiske grep med talrike elevtekstar frå alle steg i grunnskulen som illustrasjonsmateriale. Skriving er i sin natur dialogisk og dannande. I ei verd i konstant endring, der kritisk demokratisk danning er prekært, er det å arbeide med skriving noko av det viktigaste norskfaget kan bidra med.

kjersti maria rongen breivega er førsteamanuensis i norsk ved lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. magnhild selås er førsteamanuensis i norsk ved lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen.

70

Målgruppa for boka er lærarstudentar og lærarar som underviser i norsk i grunnskulen.


høgare utdanning

NILS GILJE

HERMENEUTIKK. MEINING OG FORSTÅING I VITSKAPANE OM MENNESKET

Hermeneutikk er læra om korleis ein skal tolke menneskelege uttrykk som tekstar, ritual og handlingar. I denne boka gir Nils Gilje ein introduksjon til denne metodelæra og arbeidsmåten, som er grunnleggjande i alle vitskapar om mennesket. I første del av boka får vi ei oversikt over korleis dei hermeneutiske metodereglane blei utvikla frå Spinoza på 1600-talet til Wilhelm Diltheys moderne skilje mellom naturvitskap og dei humanistiske vitskapane. Her blir det

høgare utdanning | ISBN: 9788252193657

også drøfta kva rolle aktøren sine intensjonar

PRIS KR 299,– | UTG. APRIL

kan ha i tolkinga av tekstar og handlingar, og hermeneutisk holisme og den «hermeneutiske sirkelen» får ein sentral plass. Andre del av boka tek for seg nyare bidrag til hermeneutikken. Her blir den filosofiske hermeneutikken til Hans-Georg Gadamer presentert, i tillegg til introduksjonar til tema som dobbel hermeneutikk, mistankens hermeneutikk og barmhjertige tolkingar.

nils gilje (f. 1947) er professor i filosofi og vitskapsteori ved Institutt for kulturstudium og kunsthistorie, Universitetet i Bergen.

71


høgare utdanning

ANNE KARI TOLO HEGGESTAD

ETIKK I KLINISK SJUKEPLEIE Praksisnær innføringsbok i etikk for sjukepleiarar. Gjennom ei veksling mellom praktiske casar og gjennomgang av teoretisk stoff viser forfattaren korleis etikken kan hjelpe oss når vi står overfor vanskelege etiske situasjonar. Etter eit kort innføringskapittel om kva etikk er, og kvifor ein treng det i sjukepleiefaget, tek forfattaren for seg eit knippe typiske etiske utfordringar ein kan møte som sjukepleiar. Gjennom dette grepet blir studentane inviterte til etisk refleksjon, men får også erfare at det er behov for meir teoretisk kunnskap for å kunne handtere etiske problem.

høgare utdanning | ISBN: 9788252193312 PRIS KR 299,– | UTG. APRIL

Denne teoretiske kunnskapen blir så presentert i eit eige kapittel som ikkje berre tek for seg dei etiske teoriane, men også dei medisinsk-etiske prinsippa. Forfattaren viser deretter korleis ein kan bruke denne kunnskapen i systematisk etisk refleksjonsarbeid. Etiske refleksjonsmodellar blir gjennomgått, og forfattaren viser korleis dei kan hjelpe oss å sortere argument når vi står overfor vanskelege etiske problem. Det blir også gjort greie for korleis kliniske etikk-komitear og etikkråd arbeider, og til slutt i boka blir yrkesetiske retningslinjer, teieplikta og opplysningsplikta

anne kari tolo heggestad (f. 1975) er førsteamanuensis ved sjukepleieutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus og er for tida forskar og postdoktor ved Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo.

72

presenterte og drøfta.


høgare utdanning

HANNE MARIE JOHANSEN

SKEIV HISTORIE Skeiv eller LHBTI er relativt nye omgrep sett i eit lengre tidsperspektiv. Det omfattar seksualitetar, kjønnsuttrykk og samliv som bryt med etablerte normer, og som utfordrar majoritetskulturen og tradisjonelt familieliv. Den store linja i skeiv historie er ei utvikling frå usynleggjering og straffeforfølging til psykiatrisk behandling, og vidare til likestilling og lover mot diskriminering i vår tid. Slik kan skeiv historie ved første augekast verke som ei stor forteljing om frigjering, men er dette heile historia? Denne boka gir ei samla oppsummering av forskinga på skeives historie i Noreg. Forfattaren ser på korleis skeive har blitt oppfatta og behandla til ulike tider, og kva årsaksforklaringar som har vore knytte til det å vere skeiv. I eldre kjeldemateriale finn vi få

høgare utdanning | ISBN: 9788252194814 PRIS KR 249,– | UTG. SEPTEMBER

spor etter skeive, korleis skal det tolkast? Og på kva måte har nyare likestillingspolitikk påverka skeives rettar og levekår?

hanne marie johansen (f. 1956) er førsteamanuensis ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, Universitetet i Bergen.

73


høgare utdanning

OLA SVEIN STUGU

NORSK HISTORIE ETTER 1905. VEGEN MOT VELSTANDSLANDET (2. UTGÅVE)

Det fjerde bandet i Samlagets historieverk dekkjer tida etter unionsoppløysinga i 1905. I denne perioden har Noreg hatt ein sterk velstandsvekst. Ein viktig tråd i framstillinga er å vise korleis dette har gått til, ikkje minst korleis internasjonale tilhøve har lagt rammer og føringar for den norske utviklinga. Næringar retta mot sjøen har vore sentrale gjennom heile perioden, og utanrikspolitikken har heller søkt tilknyting vestover enn sørover mot kontinentet. høgare utdanning | ISBN: 9788252196276

Noreg har også utvikla ein høg grad av sosial

PRIS KR 429,– | UTG. MAI

tryggleik og eit lågt spenningsnivå jamført med andre land. Drøftinga av dei politiske, sosiale og kulturelle tilhøva som har gjort dette mogleg, får brei plass i framstillinga. I den nye utgåva er det lagt vekt på dei store utviklingstrekka i perioden, og framstillinga er ført heilt fram til 2015.

ola svein stugu (f. 1947) er professor i historie ved Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU.

74


høgare utdanning

KRISTIN ØRJASÆTER

BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR Dagens barne- og ungdomslitteratur finst på fleire plattformer som nyttar ulike verkemiddel, og dette påverkar utforminga av innhaldet og lesarrolla. Perspektivet i denne boka er påverka av leikteori, performativ estetikk og multimodal medieteori, og studentane får ei oppdatert forståing av kva barne- og ungdomslitteratur er, og korleis han fungerer. Ørjasæter syner korleis lesaren blir inkludert i forteljinga, anten mediet er bildebok, teikneserie, tekstbok, lydbok eller app. Vidare ser forfattaren på samanhengen mellom den litteraturen vaksne skriv for barn og unge, og den litteraturen dei unge skaper sjølve, som fan-fiction, eller på YouTube, Wattpad og andre plattformer. Boka er skriven

høgare utdanning | ISBN: 9788252195608 PRIS KR 449,– | UTG. JUNI

for studentar på barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og bibliotekarutdanninga.

kristin ørjasæter (f. 1959) har vore direktør for Norsk barnebokinstitutt frå 2008. Ho har doktorgrad i litteraturvitskap og har tidlegare arbeidd som barnebokredaktør i N.W. Damm & Søn og på nettstaden barnebokkritikk.no. Ho har gitt ut boka Camilla. Norges første feminist, og har arbeidd ved Aarhus Universitet og ved Universitetet i Oslo. Ho har også sete i juryen for Norsk kritikerlag og Brageprisen.

75


høgare utdanning | profesjonsetikk

TONE DAHL-MICHELSEN, KAREN-SYNNE GROVEN OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK I ERGOTERAPI OG FYSIOTERAPI høgare utdanning | ISBN: 9788252194777 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

ARNE BACKER GRØNNINGSÆTER, JORUNN VINDEGG OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK FOR BARNEVERN-PEDAGOGAR, SOSIONOMAR OG VERNEPLEIARAR høgare utdanning | ISBN: 9788252194760 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

GEIR HEIVOLL OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK FOR POLITIET høgare utdanning | ISBN: 9788252195064 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

Profesjonsretta innføringsbøker i etikk. Bøkene tek utgangspunkt i allmennetikken og viser korleis profesjonsetikken er ei forlenging av den, basert på det samfunnsmandatet profesjonane har. Bøkene har to delar. Del 1 er skriven av Einar Aadland og gir ei generell innføring i etikk. Her blir det gjort greie for sentrale omgrep i etikken, og dei etiske teoriane blir gjennomgått. Aadland gjer også greie for etiske refleksjonsmodellar og korleis systematisk etisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege valsituasjonar.

76


høgare utdanning

NINA DALEN OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK FOR PSYKOLOGAR høgare utdanning | ISBN: 9788252194791 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

TURID AARHUS BRASETH, ANNE SYNNØVE RØSVIK, MILKA SATINOVIC OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK FOR BIOINGENIØRAR OG RADIOGRAFAR høgare utdanning | ISBN: 9788252194784 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

HERDIS ALVSVÅG OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK I SJUKEPLEIE høgare utdanning | ISBN: 9788252194753 PRIS KR 299,– | UTG. MARS

Del 2 går inn i meir spesifikke problemstillingar knytte til profesjonane. Lovverk og yrkesetiske retningslinjer blir gjennomgått, og etiske utfordringar i møte med dei ein skal hjelpe, blir grundig behandla. Her blir klassiske tema som teieplikt, gåver og tvang tekne opp, men også nyare problemstillingar knytte til teknologi, sosiale medium og det multikulturelle. I alle bøkene blir lesaren invitert til kritisk refleksjon gjennom gjenkjennelege eksempel. Målet er å gi studentane eit kunnskapsgrunnlag for å identifisere, reflektere over og handtere etiske utfordringar ein kan møte som profesjonsutøvar.

77


Les

syn og segn – bli lukkeleg!

Bli abonnent, bli det no: synogsegn.no facebook.no/synogsegn post@synogsegn.no | 907 68 797

SYN78OG SEGN – TidsskrifT for kulTur, samfunn og poliTikk


NYE TANKAR SKARPE PENNAR MEIR Å LESE Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1984. Syn og Segn er eit av få tidsskrift på nynorsk, og ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet. Tidsskriftet er både eit korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium. Det gjer Syn og Segn til eit av dei viktigaste tidsskrifta i Noreg. Syn og Segn vart kåra til Årets tidsskrift i 2010, og Årets nordiske tidsskrift same året. I 2016 fekk Syn og Segn pris for beste design under utdelinga av Årets tidsskrift. Velkommen som ny lesar! Knut Aastad Bråten redaktør

foTo: anne-marTe før

Bli abonnent her: synogsegn/abonnement

- SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET - 400 SIDER SAKPROSA KVART ÅR - BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR


FØLG OSS PÅ: twitter.com/samlaget facebook.com/samlaget instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på samlaget.no


KONTAKT OSS Ann Mari Volden Sals- og marknadssjef Mobil: 951 12 358 a.volden@samlaget.no Maren Ingeborg Hvamstad Marknadskoordinator Mobil: 412 26 449 m.hvamstad@samlaget.no Karin Helgøy Informasjonssjef Mobil: 970 19 865 k.helgoy@samlaget.no Mari Reinholt Aas Marknadskonsulent barn og ungdom Mobil: 920 81 156 m.aas@samlaget.no

81


82


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.