1 minute read

UØNSKA ÅTFERD

Kor alvorleg er eit overgrep når over griparen er psykisk utviklingshemma?

Katrines psykisk utviklingshemma son, Jostein, kjem i puberteten, og ein allereie krevjande familiekvardag blir vesentleg vanskelegare. Mora balar med den pågåande merksemda frå 16-åringen, og dottera, Janne, vil ikkje lenger vere åleine heime med storebroren. Far Gunnar, meiner Jostein bør flyttast på bufelleskap, at guten har ei åtferd som ikkje går saman med familielivet.

Familien blir riven i to. Mor og son flyttar, far og dotter blir buande.

I tilbakeblikk blir vi kjende med korleis foreldra har hatt kvar sine tilnærmingar, både til dottera Janne og til livet med Jostein. Janne har kjent seg utsett og oversett, men ønskjer mest av alt å få mora tilbake i livet sitt.

Tek Katrine innover seg kor tøft det har vore for Janne å vekse opp saman med broren? Forstår ho kor viktig det er for dottera å finne tilbake til eit normalt familieliv?

I Uønska åtferd spring dei eksistensielle krisene og humoren side om side.

Romanen er ei forlenging av tematikken i Tung tids tale (2017) og Yt etter evne, få etter behov (2021): Kor mykje skal det eigentleg koste å halde ein familie samla? Og kva skal vi eigentleg gjere med dei som, utan å vilje det, gjer livet så vanskeleg for sine pårørande?