2 minute read

FULL BAJAS

Korleis er ein perfekt uperfekt?

Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor kontoret til rektor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han spelar fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon!

Men på konsertdagen vaknar Orion og er blitt heilt bajas. Når han skal seia pent god morgon til foreldra, brølar han i staden. Han skriv TISS som svar på matteoppgåva. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Og han spelar ikkje ein einaste riktig tone på fløyta.

Kva er det som går av han? Og går det an å fikse det i tide til den viktige konserten?

Illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen

Om Ollis (2017): anne cathrine straume, nrk anne cathrine straume, nrk

Ingunn Thons fortellerglede smitter av.

INGUNN THON (f. 1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Arks barnebokpris. Ho er journalist og tekstforfattar og har mellom anna arbeidd i NRK Super.

Om Ser du dette? (2020): Gjennom nennsomt litterært arbeid viser Sigrid Agnethe Hansen at det fins en vei videre ut av et komplisert indre landskap.

Sigrid Agnethe Hansen Du Veit Ingenting

Den vanskelege søskenkjærleiken

Tina er 16 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ei veslesøster, Erika, som ikkje er som andre småsøsken. Ho kan plutseleg gå i vranglås og krev mykje av tida og kreftene til foreldra.

Tina skulle ønske ho hadde ei søster som ikkje laga scenar for den minste ting. Men når nokon ein dag seier noko stygt om Erika, svartnar det for Tina. For om ikkje ho forsvarar Erika, kven skal gjere det då?

Dessutan har Tina eit anna problem. Medan alle rundt ho begynner å forelske seg, kjenner ikkje Tina noko, verken for gutar eller jenter. Når bestevenninna Anna plutseleg forelskar seg hovudstups i ein gut, blir Tina ståande heilt einsam att.

Du veit ingenting er ein lausleg oppfølgjar til den kritikarroste ungdomsboka Ser du dette? frå 2020 og er ei sår, humor istisk og original forteljing om å ikkje passe heilt inn, om vennskap, om mot og om søskenkjærleik.

SIGRID AGNETHE HANSEN (f. 1989) er innhaldsprodusent og tidlegare journalist. Hansen debuterte med Ser du dette? i 2020. Du veit ingenting er hennar andre ungdomsbok.

Marta S Derberg

Det Verste Har Allereie Skjedd

Psykologisk drama om skuld, sorg og eit brutalt drap

Sommaren har nettopp starta, og Bianca har fått jobb i eit reingjeringsfirma. Adoptivforeldra synest ikkje det er ein passande jobb for dottera, men Bianca har ikkje noko imot det, tvert om. Etter at det verste hende, bryr ho seg ikkje om noko lenger, ho plukkar gjerne sigarettsneipar dagen lang.

Ein dag får ho og ein kollega i oppdrag å rydde ut av ei leilegheit som har vore åstad for eit drap. Bianca grev seg djupt ned i trekantdramaet som førte til mordet, men det einaste ho finn, er si eiga sorg.

I Det verste har allereie skjedd utforskar

Marta Söderberg skuld, tap og det å vere adoptert. Romanen er skriven med nerve og intensitet, og kvar side landar som ein stein i lesaren.

Omsett til norsk av Runa Kvalsund

MARTA SÖDERBERG (f. 1980) har studert jus og psykologi ved universitetet i Göteborg. Det verste har allereie skjedd er den femte ungdomsboka hennar.