1 minute read

SKJØNNLITTERATUR

OLAUG NILSSEN (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Sidan har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt (2013) tematiserte ho for første gong det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre. Og med Tung tids tale (2017), som ho vann Brageprisen for, braut ho igjen tabu, med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.

I 2021 fekk Nilssen Fritt Ords Pris saman med forfattarane Jan Grue og Bjørn Hatterud for sitt sterke og kritiske bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.

Olaug Nilssen