
1 minute read
Jón Helgason (1899–1986):
from Gjendiktingar
i tøy V eret
Når sjøen byrjar vaska sleipe skjer og skyaflòtar sigla over land, då spør kvar time: Høyr, kvi er du her, havreken stomn, på slik ei framand strand?
Den lyng som voks av fræ ved jøkulfot og fekk til vener mose, lav og stein, er utan lag og fester ikkje rot hjå aldetre som blømer grein i grein.
No stig ho atter fri den rame saft i stomnar som or fedrejorda skyt, men andre tykkjest vanta voksterkraft om våren endå gjenom lufta flyt. Annaslags regn droplar under raft ukjende vindar der om døra tyt.
Toget skundar, hastar, hastar, ljoset sprengjer veg, når det stansar att og rastar, er du langt frå meg.
Ut du reiser for å vinna framgang vidt om jord; eg snur innatt for å finna ord og atter ord.
Du eig ljos og eld og varme, hug som flyg av stad, alt eg eig er støv av arme gulna utskjersblad.
Del i dette skire, blåe ynskte hugen min, og du dreiv det dauve, gråe tunge or mitt sinn.
Men no skildest eg ifrå deg, ljosa blinkar kaldt; aldri meire skal eg sjå deg; millom oss ligg alt.
Gjenom haust og natt og kulde hugen vide dreg; aldri det du vita skulde at han fylgjer deg.
Aldri veit du nokosinne at i kveld eg har yrkt i glansen av ditt minne stev mi sorg til svar.
Ditt bilete blaknar, slitnar, tida minnet krev, at me to var kjende vitnar berre desse stev.
Røyster læt or glade lundar einsam mullar eg; toget hastar, skundar, skundar, ljoset sprengjer veg.
Når skipet mitt på havet rek, og myrkret stjerneteikna tek, og sjøen ryk og båten lek, då vil eg nå deg, Herre, men straks det stilnar litegrand, og eg får kjenning att av land og ser ei trygg og heimleg strand, då vik eg frå deg, Herre.
Når sjukdom søkjer, streng og sår, og feber brenn i kvar ei år, og anden tungt or bringa går, då vil eg nå deg, Herre. Men kjem så kraft attende, ny, og lettar kvida, tung som bly, og feberverken bort må fly, då vik eg frå deg, Herre.
Når myrkret tetnar i mi rømd, og natta kviskrar: du er dømd, og gledekjelda tykkjest tømd, då vil eg nå deg, Herre, men vert så nattevòka løyst, og ljoset strålar ned til trøyst til tusen morgonfuglars røyst, då vik eg frå deg, Herre.
Mest inkje eg forstår og ser, og minst av allting kvar du er, så korleis kan eg tora her å vilja nå deg, Herre?
Men stormen slit og slær mitt reir, og eg som snart er luft og leir, kor kan eg, vesle, våga meir å vika frå deg, Herre?