I kreft og kjærleik

Page 1


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 1

1


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 3

Ellen Kristvik

I kreft og kjĂŚrleik Ettertankar

Samlaget Oslo


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 2

2


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 5

Innhald

 Nokre ord om teksten  Byrjinga: Eit møte med konsekvensar  Ettertanke ein: Når sanninga skal seiast om det å få ein alvorleg diagnose  På offensiven: Behandlingsstart og giftarmål  Ettertanke to: Om inngripande behandlingskalender og skjørt håp  Arbeidsmobilisering og behandlingsnedtrapping  Ettertanke tre: Om arbeid og identitetshandtering i ei sjukdomstid  Tilstramming og behandlingsavslutning  Ettertanke fire: Om håpet som brest  Det siste stykket: Innspurt og innhenting  Ettertanke fem: Om sjukdom, sorg og skrift  Eit tillegg om sjangeren  Notar  Litteratur


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 6


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 7

Nokre ord om teksten

Ein historikar kom inn i livet mitt våren . Det førte mykje med seg. I fem år var liva våre knytte til kvarandre, tre av dei var prega av alvorleg sjukdom. Dette er mi historie om den tida og den mannen eg sa ja til. Den forteljinga handlar om det å få kreft og bli innskriven i det norske helsevesenet, det å bli forelska og ta konsekvensane av det – og det handlar om alt det som skjer på ein gong. Jostein Nerbøvik, som då var professor i historie ved Høgskulen i Volda, hadde ein omfattande litterær produksjon bak seg då vi møtte kvarandre. Den første utgivinga, som handla om strid om innføringa av parlamentarismen i Noreg, bygde på hovudoppgåva hans og kom ut medan han var tilsett som vitskapleg assistent ved universitetet i Oslo. Sidan følgde han opp med studiar av andre motstandsrørsler og disputerte med ei avhandling om bønder som mobiliserte til kamp om makta i ei krisetid. Mange kjende til Jostein som forfattaren av innføringsboka Norsk historie –. Eit bondesamfunn i oppbrot, som framleis står på pensum for ferske historiestudentar, slik den har gjort i fleire tiår. Men sjølv om eg lenge hadde interessert meg for protestrørsler og opprør av mange slag, hadde eg aldri vore student i historie eller halde på med pensum


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 8

listene der. Lite visste eg om professor Nerbøvik før vegane våre kryssa kvarandre og livet tok ei ny vending for oss begge. Den historia skal eg snart kome attende til. «Nokon skulle skrive om dette,» sa Jostein ei stund etter at diagnosen hadde slått inn i liva våre. Han vurderte å gjere det sjølv. Sjukdommen var ei gjennomgripande og skakande erfaring, og ønsket om å formidle vidare alt han fekk av nye innsikter, låg djupt i han. Han gjorde likevel eit val, og det på eit tidleg tidspunkt. Han var aldri i tvil om at han skulle skrive. Men han hadde så mykje å skrive om. Og sjølv om skrivinga var gledesfylt, var det også hardt og vanskeleg arbeid. Han visste korleis arbeidet med ein tekst ville fylle han, ikkje berre når han aktivt heldt på, men også i tida mellom øktene. Han var nøydd til å prioritere. Og då valde han Volda-soga, ein serie bøker om sentrale tema frå den lokale historia. Det var meining i det valet. To band av bokserien vart ferdige i sjukdomsperioden, og i tillegg vart det gjort grunnarbeid på endå eitt. Sjølv skreiv eg også på anna stoff i denne sjukdomstida. Men innimellom arbeidet med akademiske analysar basert på tidlegare feltarbeid i Nepal, gjorde eg nokre enkle, dagsaktuelle notat. Eit og anna stikkord om korleis eg opplevde dagar og netter. Saman med nedskrivinga av ein og annan replikk. Utan nokon plan ut over ønsket om å hugse noko som kjendest viktig. Arbeidet med denne teksten byrja likevel kort tid etter at Jostein døydde. Vel to månader etterpå sette eg meg ned med spreidde notat, permane med korrespondanse og ørsmå nedteikningar frå almanakkane 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 9

våre. I tillegg til det eg hadde i minnet. Det meste var jo der. Skrivearbeidet eg byrja på våren , var det aller beste eg kunne halde på med då. Der fann eg ly i ei krevjande tid. Ville helst ikkje halde på med noko anna. Men ut på sommaren la eg det likevel til sides. Andre oppgåver trengde seg på, og eg kjende, som Jostein, at det var vanskeleg å avgrense slikt arbeid. Det kom i vegen for det som hadde med plikt, løn og fristar å gjere, og eg måtte tvinge meg til å leggje det ned. For så å ta det opp att, i rykk og napp, når eg syntest eg kunne tillate meg det. Då eg, etter eit langt avbrot, gjekk tilbake til teksten hausten , hadde eg i mellomtida lese det eg kom over av andre sjukdomsforteljingar frå pasientar og pårørande, i tillegg til å ha gjennomført eit antropologisk forskingsprosjekt om behandlinga av alvorleg kreftsjuke i det norske helsevesenet. Tankar om dette har eg knytt saman med refleksjonar over mi eiga erfaring, slik den framstår no i ettertid. Denne boka har to typar tekst: Delar av den kronologiske forteljinga vekslar med eigne bolkar eg har lagt inn som ei rekkje «Ettertankar». Det narrative og det meir essayistiske følgjer kvarandre heile vegen og er meinte å utfylle og kaste lys over kvarandre. Eg håper at desse tankane i ettertid også kan klårgjere motivasjonen min for å skrive den første teksten, forteljinga. Kva var det eg hadde gjennomlevd? Mykje av drivkrafta til skrivearbeidet låg i det spørsmålet, og trongen til å gå tettare innpå det. Det handlar om ei djupt personleg historie. Om ein særmerkt mann og den heilt eigenarta måten han møtte utfordringar i livet på. Og 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 10

det handlar om det som brått kan råke kvar og ein av oss – eller nokon vi står nær. Døden som ventar oss alle, er det vanlegaste som finst. Like fullt høyrer den til det som er ukjent for oss, heilt til vi blir innhenta. Eg trur på det unike i kvart menneske. Og eg trur at vi, når vi slepper lagnaden til den som er råka, inn over oss, har sjansen til å utvide vår eigen horisont og lære noko meir om kven vi er. Behovet for informasjon er mykje vektlagt i helsevesenet. Pasientar har krav på opplysningar om konkrete detaljar om utviklinga av sjukdommen. Det er bra. Mange ønskjer seg dette. Men eg trur behovet for kunnskap om korleis det er å leve med sjukdommen, nært og praktisk, frå dag til dag, er vel så viktig og i stor grad neglisjert. Dette er også ei form for kunnskap det ikkje er lett for helsearbeidarar å gi. Slik kunnskap er erfaringsbasert, og dei som best er i posisjon til å kome med den, er dei som faktisk har slik erfaring: andre pasientar og pårørande. Den framveksten av sjølvopplevd sjukdomslitteratur vi har sett dei siste åra, er slik eg ser det, eit teikn på dette behovet, og eg kjem her med mitt bidrag, for eg trur vi har bruk for eit mangfald av forteljingar.


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 11

Byrjinga: Eit møte med konsekvensar To vegar kryssar kvarandre ved Slottsparken. Opptakt til ei historie «Eg vel meg mars,» sa Jostein. «Det er då det skjer. Det er då vinteren verkeleg må gi etter og sleppe nye krefter til. Det er då lyset bryt fram på ein annan måte og gjer det klårt at kulden ikkje lenger har all makt. Det som skjer i mars, er mindre spektakulært enn det som følgjer etterpå, når lauvet sprett og det blømer i alle bed. Men dei grunnleggjande endringane går føre seg då. Alle siterer Bjørnson og den rungande lovprisinga hans av april. Men kven tenkjer på, eller er i det heile tatt klår over, at det der var eit bestillingsverk tiltenkt ein skarve kalender. Dersom Bjørnstjerne vart stilt fritt, ville han nok seie seg einig: Det er mars som er månaden framfor alle.» Vi fekk nokre få og høgst ulike marsmånader i lag, Jostein og eg. I mars  var vi enno ukjende for kvarandre, men ikkje stort lenger enn det. Mot slutten av april tok eg, utan å ane kva det skulle føre med seg, ein telefon til ein historieprofessor ved Høgskulen i Volda for å spørje om opphavet til eit spesielt gatenamn. Eg sat med innleiinga til ei avhandling om sexarbeidarar på gata i Katmandu og prøvde å nøste opp mi eiga his


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 12

torie og den vegen som førte meg dit. «Kva er det som får ei jente frå Volda til å leggje ut på reise for å snakke med prostituerte kvinner i Nepal?» var eg blitt spurd i eit veninnelag ved juletider. Og det greip på eit vis tak i meg, det spørsmålet. Det sette i gang ein kvervelvind av minne og tankar som på pussig vis hekta seg opp i ei undring kring gatenamnet Tausakjerringsgata, ein smal stubb ned mot hamna. Det låg noko uklårt og nesten løyndomsfullt i det namnet. Då eg var lita, var gatene stort sett utan skilt, men når dei etter kvart vart merkte, kom ikkje tausakjerringnamnet på utstilling. Smiths gate vart det i staden heitande, etter ein mektig huseigar lengst oppi vegen. Det velkjende namnet vart ikkje mindre gåtefullt av den grunn. Kvennavegen, der eg voks opp, låg på ein heilt annan kant av bygda. Den barnlege undringa var den einaste tilknytinga eg hadde til Tausakjerringsgata. Men spørsmålet låg der og vakte, til eg ein dag handla på impuls og retta det til ein lokal historikar. Og han tok det straks på alvor. Svarte som best han kunne, og lova å finne ut meir. For han visste om ei eksamensoppgåve som var skriven om emnet. Og kort tid etter låg der då også ein kopi av den oppgåva i postkassa mi. Den synte, slik Jostein også hadde sagt, at tausakjerringane slett ikkje var gatejenter på same vis som dei kvinnene eg var blitt kjend med i Katmandu. Det hadde eg då heller ikkje trudd. Men dette elevarbeidet stadfesta like fullt ei førestilling om eit samfunn der kvinner på eiga hand låg tynt an, og der utsiktene til respekt så vel som materiell tryggleik var små utan ein stabil allianse med ein mann. Slik sett lèt situasjonen 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 13

seg samanlikne med lagnaden til dei nepalske informantane mine. Det var typisk for den historikaren eg hadde vendt meg til, å svare med alvor og interesse når han fekk slike spørsmål frå sidelinja. For det gjorde han rett som det var. Han kom dei i møte, og det med glede. Han trudde ikkje på noko akademisk elfenbeinstårn. Like fullt stod nok akkurat denne utvekslinga i ei særstilling. Det var ein dirrande streng der alt frå den første telefonsamtalen, som så vart følgd opp per e-post, eller straumsending, som han sa. Mange meldingar var alt gått fram og tilbake mellom Volda og Oslo då vi møttest ved Slottsparken ein strålande kveld først i juni, vel ein månad etter at vi først hadde fått kontakt. Og det møtet var ei stadfesting. Straumsendingane vart ikkje færre etter det. Vi hadde leika ved den same elva. Men ikkje på same tid. Rørslene våre hadde mange gonger gått i heilt ulike retningar. Jostein reiste frå bygda for å studere i Oslo om lag samtidig som eg kom til Volda. Då eg flytta til Oslo, reiste Jostein til Bø i Telemark som ein av pionerane ved distriktshøgskulen der. Og då han vende tilbake til heimbygda, drog eg på mi lengste ferd til India, ei av mange reiser dit. Medan han renoverte barndomsheimen og etablerte seg på historiefaget på høgskulen i Volda, gjorde eg meg kjend med tuberkulosepasientar og sjamanar i fjella i Nepal og sidan med gatejenter i Katmandu. Så kryssa vegane våre kvarandre. Ikkje tilfeldig, men forunderleg like fullt. Og det vart ei oppdagingsferd. Både Josteins og min farfar var innflyttarar til Volda. 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 14

Jostein har skrive om korleis farfaren først kom dit som ambulerande fotograf, med kamera og fotoutstyr på sykkelen, før han etter kvart slo seg ned der for godt. Fotografkunsten hadde han lært seg i Amerika, og som attåtnæringar i heimen i Røysgata praktiserte han også andre ting han hadde fått innsikt i der, som tobakksdyrking og reveoppdrett. Då min farfar kom til bygda vel tjue år seinare, hadde eldstesonen til den eingong ambulerande fotografen tatt over verksemda. Jostein har skrive om min farfar også. Han vart ein markant skikkelse i bygda då han tok over som rektor ved lærarskulen eit tiår før Noreg vart okkupert, og heldt fram der i ei krevjande tid inntil det nye regimet stengde det dei oppfatta som eit «nasevist jøssingbol», og utviste rektor Kristvik frå fylket. Rektorens myndige stil var opphav til endå eit kallenamn på skulen. På folkemunne heitte lærarskulen visstnok «klosteret» på farfars tid. Og munkar og nonner derifrå, saman med dei andre elevane i bygda, stod for ein viktig del av inntektsgrunnlaget til fotografen i Røysgata. Dei kom årvisst for avbilding, i grupper og einskildvis. Det gjorde også klassa mi då eg byrja på realskulen. Då var fotograf Nerbøvik ein aldrande mann. Det var nok forventa at fotografgjerninga også skulle gå i arv til neste generasjon. Jostein voks opp med det som ei soleklår førestilling om framtida. Men det skulle bli annleis. Det var ein lærar som greip tak. Denne guten burde få sjansen til å gå vidare med vitehugen sin til Universitetet i Oslo, meinte han. Men han skjønte også at det i så fall måtte leggjast fram for far hans. Så gymnaslæraren troppa opp i Røysgata, og 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 15

detaljane i samrøda kjenner vel ingen, men det enda iallfall med godkjenning av ein ny kurs for den unge Nerbøvik. Eg voks vel opp med forventningar, eg òg, men då om at eg ville følgje i far min sine fotspor, til universitetet. Eg var glad i å lese og undra meg over mykje. Men halvveges på gymnaset slo eg fast at det å studere handla om prestisje og karrierejag, og retta meg inn mot det eg oppfatta som meir meiningsfylt. Så eg også la etter kvart ut på reise. Først til eit økumenisk kloster på kontinentet, og seinare til lokalsamfunnsbasert helsearbeid i Asia. Men etter mange reiser, og fullført sjukepleiarutdanning, hamna eg på universitetet, eg òg. Då var Jostein flytta inn i barndomsheimen og varveitsla der farens verk på sin eigen grundige og trufaste måte. Då vegane våre kryssa kvarandre ved Slottsparken, var han kjend som ein som gjekk djupt og granskande inn i røtene til det norske folkestyret. Sjølv hadde eg vore utsend til Nepal av Landsforeinga for Hjarte- og Lungesjuke, det som byrja som Tuberkuløses Interesseorganisasjon, for å studere eit eventuelt grunnlag for organisering av pasientar kring deira rettar og behov. Ulike vegar som likevel hadde mykje sams, både i opphav og tematikk. Mot slutten av året, eit drygt halvår etter den første, forunderlege telefonsamtalen, vitja eg han i Volda. Eg hadde ikkje vore der lange stunda før han tok meg med til Hovdebygda, ivrig etter å vise meg det som skulle bli Nynorsk kultursentrum, som han hadde vore krum


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 16

tapp og ihuga pådrivar for i ei årrekkje. Aasen-tunet var enno ein byggjeplass. Mellom haugar av snø, jord og grus peika han ut for meg lokaliseringa av ulike komponentar i det som skulle kome: utstillingslokale, bibliotek, festsal, kafé og kontor. Sommaren etter sat vi stivpynta på same staden, som då var blitt til ein nyrigga festplass, med scene og sitjeplassar i amfi oppetter bakken midt mellom den gamle raudmåla stova der Ivar Aasen ein gong budde, og Sverre Fehns djerve nybygg der Aasens signatur står meisla på veggen i lys betong. Den plassen kom til å bli heitande Jostein Nerbøviks plass. Men det namnet kom til seinare. Opninga av Nynorsk kultursentrum, den . juni , var likevel ein stor merkedag. Ein bunadskledd kulturminister tok høgtideleg imot nøklane til det nye bygget. Ti års intenst arbeid, med innsats på mangfaldige frontar og mangslungen motstand både lokalt og sentralt, var no fullført.

Samband over fjella – mot eit skilt liv i lag? Vi feira vår første jul saman i Volda i desember , og Jostein vart med inn til storfamilien i Kvennavegen. Anne Stine, søster mi, reiste seg under julemiddagen og kalla han ein modig mann. Det gløymde han ikkje. Dottera mi, Johanna, som var sju år då, slo seg vrang då vi saman skulle ut og hente juletre i skogen hos Vassbotn. Ho nekta plent å rikke seg forbi sauefjøsen, og Jostein måtte leite fram treet åleine i djupsnøen. Han gløymde ikkje det heller. Etterpå hevda han at Johanna då hadde erklært at ho ikkje trong nokon stefar. Eg veit 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 17

ikkje om eg ikkje høyrde det, eller om det har forsvunne frå minnet mitt. Men pyntinga etterpå gjekk i alle fall Johanna inn i med djupt alvor. Det samarbeidet kan dokumenterast. Opphenging av korger og kuler er festa til filmrullane for alltid. Vi innleidde marsmånaden året etter, , med å ha ei heil veke saman der på Sunnmøre. Saman med Johanna henta vi då ein ny familiemedlem frå Folkestad på den andre sida av fjorden: ein nydeleg, heilsvart, kjælen og krevjande liten pus. Den gjorde seg kjend i Røysgata og vart så med til Åkebergveien i Oslo. Det skulle bli ein reisevand katt. For no reiste vi stadig over fjella, snart den eine, snart den andre, for å kunne vere i lag. Sjeldan så mykje som ei veke i strekk, men langhelgane var mange og hyppige. Innimellom desse besøka gjekk straumsendingane tett, iallfall ein gong for dagen, og gjerne fleire òg. Midt i mars, då Jostein var hos oss i Oslo, vitja vi Eivind Tjensvoll, fars beste kamerat frå barndommen, som reiste over til England under krigen, utdanna seg til pilot og kom tilbake som krigshelt. Det var Jostein som fekk ordna med dette møtet. Eivind fortalde meg då historia om kvifor far ikkje vart med båten til England den gongen, sjølv om han inderleg gjerne ville. Som son av rektor på lærarskulen kjende han seg pålagd å spørje faren om lov og fekk klår melding om at gjorde han det, kunne represaliane råke skulen, og råke hardt. Det kunne han ikkje risikere. Eivind, son til presten, reiste utan å spørje om lov. Men i møtet med meg låg det han på hjartet å fortelje at han var viss på at far min ville ha blitt ein like dyktig flygar og ein like 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 18

stor helt som han sjølv hadde vore. Jostein kjende nok til den historia, om han enn ikkje heilt ville vedgå det overfor meg. Han ville eg skulle få høyre den direkte frå Eivind. Dette var historikaren i praksis. Ein fagmann som ville bruke kunnskapen sin til å gi folk ein sjanse til større innsikt i kvar dei kom ifrå, og den større renninga liva deira var voven inn i. Denne omtanken, og den vekta dei to mennene la på å få formidla denne historia, rørte meg. På vegen tilbake var vi så oppslukte av samtalen oss imellom at vi ikkje ensa at toget suste forbi Oslo S, og Jostein og eg vart sitjande på den aude stasjonen Alnabru i det vide og det breie medan vi venta på eit tog tilbake. Det året feira vi jul og nyttår i lag for andre gong, denne gongen i Åkebergveien. Veslejulaftan fekk vi oss då ein alvorleg støkk. Jostein hadde tatt med seg Johanna på skøytetur til Spikersuppa, slik at eg skulle få ei økt for meg sjølv heime. Men den økta vart kortare enn først tenkt. Jostein gjekk baklengs i bakken, slo hovudet i isen og var omtåka og desorientert då han vakna. Johanna vart skremd og ville heim fortast råd. Familieframsyninga på Nationaltheatret om kvelden måtte Jostein stå over. Julegudstenesta i Tøyen-kyrkja like eins. Han ville heller passe potetene, sa han. Slik ho har trådd til så mange gonger før, kombinerte Hilde, som både er ein dyktig allmennpraktikar og nær ven, avlevering og henting av julepresangar med ein legesjekk. Hilde meinte stoda såg rimeleg bra ut, men gjorde oss merksame på den latente faren. Det som i verste fall kunne skje, var ei indre hjernebløding i etterkant av fallet, noko som kunne kome til å vise seg 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 19

seinare, kanskje ei god stund etterpå. Eventuelle varselteikn skulle vi derfor ta på alvor. Denne skøyteturen, som vart Josteins siste, vart ei påminning om kor skjørt livet er. Vi var med eitt komne opp i ein situasjon som kunne bli heilt fatal. Ein augneblinks balansetap, anten fordi kroppen brått kom ut av likevekt, eller fordi, som Jostein sjølv var overtydd om, nokon dytta direkte til han, kunne truge liv og helse. Då hjelpte det lite at kroppen var aldri så veltrena, aldri så driven i skøytesport. Men varselteikna melde seg ikkje. Vi var årvakne på det legen hadde sagt, men pusta etter kvart letta ut. Så urimeleg var no livet likevel ikkje. Vi var jo i startgropa til eit liv i lag. På nyårskvelden fridde han. Han visste nok kva svaret ville bli. På eit vis hadde han jo gjort det før, men då litt meir kryptisk. Det var ein søndag på seinsommaren at han, per e-post frå kontoret, fortalde om opplevinga han hadde hatt tidlegare på dagen: I føremiddagskonserten på radioen spelte dei Mozarts klaverkonsert i c-moll, Köchel , medan han såg ut på den blømande djupblå klematisen, den som kvart år skyt opp frå bakkenivå og strekkjer seg viltert og pågåande opp mot taket på tilbygget i Røysgata. Det er noko sterkt pågåande i c-mollkonserten også, som er blitt rekna for å vere meir eksistensiell og alvorsprega enn det som elles er typisk for Mozarts komposisjonar, lyse og lette som dei ofte er. Eit enkelt tema som melder seg tidleg, tydeleg og offensivt, kjem stadig attende – og stadig meir opnande, fyldig, og kraftfullt. Andresatsen er varare og meir stillferdig, tett opptil det såre. Men heile vegen er det ei stigande rørsle der – musikken løf


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 20

tar seg, og løftar den som lyttar. Og oppmodinga steig opp i han då, skreiv Jostein etterpå til meg: «Grow old with me!» På engelsk til og med. Men med referanse til Olav H. Hauge. Ja, skreiv eg. Det vil eg. Slik vart det ståande, forvara i brevpermane. Det vart ikkje umiddelbart følgt opp, korkje i e-post eller per telefon. Men gløymt vart det ikkje, og opplevinga av Mozarts c-mollkonsert og djupblå klematis vart prega for alltid. No kom spørsmålet i klårtekst og fekk klårt svar igjen. Men vi tenkte ikkje å forhaste oss. Eg skulle snart ut på langtur; den siste feltreisa i samband med doktorarbeidet om sexarbeidarane i Nepal. Og så skulle eg gjere ferdig avhandlinga og disputere. Etter det kunne vi etter kvart byrje med bryllaupsplanlegging. Det var ikkje dermed sagt at vi kom til å bli jamt sambuande. Vi var på ulike måtar festa til kvart vårt reir, og ingen av oss var særleg innstilt på oppbrot frå det. Men vi hadde jo røynsle for at kjærleiken kunne haldast ved like og utviklast likevel. Mellom dei direkte treffpunkta hadde vi visst å bruke dei kommunikasjonsmåtane vi hadde til rådvelde: først og fremst dei daglege e-postane, i tillegg til telefonsamtalar, oftast heilt på slutten av dagen, så vi fekk ønskt kvarandre god natt. Dessutan gjekk jo flya i direkte rute mellom Hovden og Gardermoen fleire gonger om dagen, og vi var høgst mobile og skulle ha alle føresetnader for å få til ein god og enkel rytme av samvær både i Røysgata og i Åkebergveien. Dette var jo bra utprøvd no. I eit femtiårslag våren før hadde vi jo til og med sete til bords med ein samfunnsvitar som var ekspert på denne livsforma, og som hadde lært oss det internasjo


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 21

nale omgrepet for dette som vi kallar særbu på norsk. LAT, heiter det altså: Living Apart Together. Det vi såg for oss, var eit framhald av det vi hadde tatt til på. Men med ei markering for kvarandre, og for alle, av at vi meinte alvor og kjende oss forplikta i det forholdet vi hadde gått inn i. «Med ei slik ramme rundt det blir det heilt annleis å ta desse Oslo-turane mine,» sa Jostein. Han stod i ein sosial samanheng der det å ha orden på slike saker var viktig på andre måtar enn det var for meg. Og det var heilt i orden.

På kvart vårt kontinent Marsmånaden i år  hadde vi på kvar vår kant. Midt i februar reiste eg på seks vekers feltarbeid i nærleiken av Bengalbukta, mykje for å kunne vere med på eit stemne med eit tusental sexarbeidarar, medan Jostein sorterte eit tusental negativ av det han kalla henfarne voldingar på Sunnmøre. Eg lova lite med omsyn til livsteikn før eg drog. Visste ikkje så mykje om tilgangen til pc og e-post dit eg kom, og var alltid redd for å skape større forventningar enn det eg kunne leve opp til. Jostein stilte ingen krav. Han hadde støtta planen om denne reisa frå den første gongen eg tok det opp med han. Det var på ein tur til Austefjorden ein strålande haustdag i oktober. Vêret var forunderleg varmt den dagen, endå så langt på året det leid, og Jostein bada i fjorden. Endå så glad eg er i å bade, stod eg over då og venta på han på svaberget med plommer frå hagen og desse tankane eg bar på om ein tur langt austover. «Ja,» sa Jostein. 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 22

«Dersom det tener arbeidet ditt, går eg inn for det. Det blir hardt å ha deg så langt unna, men kjærleiken toler dette.» Eg var letta og glad. Merka eg hadde kvidd meg for å ta det opp. Jostein verka nærmast litt triumferande: «Visste du ikkje kva slags mann du hadde satsa på, eller!» «Ta deg berre god tid når du kjem fram til Katmandu,» sa Jostein, «kvil deg ut og kom på plass. Så etter kvart finn du kanskje ein pc einkvan stad.» Men eg hadde ikkje før fått sett frå meg bagasjen på Lhasa Guest House, før eg gjekk ut på leit etter nettsamband. Og det viste seg å vere lett å finne. Mellom alle endringane som hadde skjedd sidan sist eg var i byen, var oppveksten av e-mailsjapper noko av det som var mest påfallande i strøket rundt det gamle gjestehuset mitt. Den første meldinga fekk eg sendt frå eit ørlite rom med ei einskild datamaskin inst inne i eit av nabohusa. Sidan oppdaga eg ei rekkje andre sjansar til elektronisk postsending: Pc-ane stod på rad og rekkje på turistkontor, i bokhandlar og i eigne sjapper med eller utan te- eller ølservering. Jostein og eg var visst like forundra då det viste seg at vi, så lenge eg var i Nepal, for det aller meste fekk følgt opp den etablerte rytmen med dagleg e-postkontakt. Og Jostein var overvelda: «Tenk at nynorsken rekk ende ned til ein tibetansk internettkafé!» Og då nettilgangen vart vanskelegare, vart kontakten stadfesta på andre måtar. På reisedagen min mellom Katmandu og India skreiv Jostein om ei einsleg svane som brått flaug beint over hovudet på han – «som ein karavell og ei helsing frå deg». Han hadde sett slike før, skreiv han, men då i flokk. Denne var einsleg. 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 23

Og vart mottatt som eit teikn på eit sterkt og forunderleg samband trass i alle kilometrane som skilde oss. Frå India fekk eg sendt eit meir eksplisitt nærværsteikn: eit bilde av meg sjølv som «leading intellectual» med solskjerm og salwar chamise på Salt Lake stadion, nedlasta frå nettutgåva av The Guardian Weekly. Eg var for andre gong med på sexarbeidaranes stormønstring i Kolkata. Sjølv om tusentals engasjerte og engasjerande kvinner fylte arenaen der, var det likevel uråd for ein nordisk gjest å unngå å bli fokus for lokale journalistar. Jostein kommenterte utklippet ned til minste detalj: Klokka di er på plass, hugs å stille henne fram til sommartid heime! Eg har jo bilde med i bagasjen også, grovkorna minne frå ein tur til Nøklevann sommaren før. Det var då Jostein og Johanna døypte den store babydokka i vasskanten, og vi klarte å svi ein heil pakke pølser på eingongsgrillen på null komma null. Og det var då Johanna var skikkeleg fortørna på meg fordi eg sumde frå Jostein. I vertsfamilien min i Kolkata blar dei gjennom bunken igjen og igjen, og husbonden kommenterer at kjærasten min tydelegvis er ein «great lover of nature». Jostein frydar seg over dette: Berre hald fram med å marknadsføre meg der nede, du! Bilda viser ikkje etterverknadene av turen til Nøklevann. Jostein fekk eit hissig utslett i ansiktet, vart hoven og raud. Det gjekk sterkt innpå han, dette. Han kjende ikkje seg sjølv att i spegelen og kvidde seg for å gå ut. Vi fann aldri heilt ut av årsaka, anten det handla om noko i vatnet eller var ein reaksjon på den hudkremen eg kom med etterpå. Ingenting av dette er festa til film


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 24

rullane. Den store fortvilinga hans over det han opplevde som ei drastisk kroppsleg endring, er der berre i minnet mitt. Men medan eg bladde opp bildebunkane mine i India, stod Jostein sjølv med eit svært bildemateriale mellom hendene. Ti tusen negativ frå faren, til dels også farfaren, heldt han eitt for eitt opp mot lyset og granska dei med tanke på det føreståande bandet av Volda-soga, det som vart heitande Løyndom og røyndom. Av og til skreiv han om det han fann. Som portrettet av ein førsteklassing frå realskulen – han kjende meg att trass i gullbriller og glattpermanent. Og Jostein fann meir: I papira etter faren låg ein bunke utvalde brev. Der fann han ein førespurnad frå ein norsk student på Børneakademiet i Danmark. Kunne ho få tilsendt ein kopi av bildet som fotografen hadde tatt sommaren før? Også dette bildet kjende eg godt. Det stod på fars skrivebord i stova heime. Trulovingsbildet. Av studenten frå Volda saman med byjenta han har kome heim med. Så unge dei ser ut. Så uvitande om det dei har framfor seg. Slik vi alle er, og slik eg også er, der eg sit framfor skjermen i utkanten av den indiske storbyen. I Volda er det råkaldt i februar. Gnallefrost, konstaterer Jostein, som søkjer ly på kontoret for å varme seg under kveldsturen og nemner at høgrefoten murrar: Han liker ikkje slike forhold. Men Jostein arbeider på harde livet. I gratulasjonshelsinga på kvinnedagen . mars fortel han om den etterlengta sola, som han no har sett klive Rotsethornet heimanfrå. Snøklokker under hekken har han også sett, så vidt det er. Men 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 25

elles er meldinga uvanleg kort og temmeleg kryptisk. Dagen har av ein eller annan grunn vore litt dramatisk, skriv han berre. Utan å utdjupe dette noko meir der og då. Han vil gå heim og roe seg. «Vonar det er forbigåande saker og ikkje altfor urovekkjande,» skriv eg litt forvirra tilbake. Tre dagar etter kjem utdjupinga. Den korte meldinga var skriven i feberørske, på veg mellom legen og Røysgata. Temperaturen var over førti, høgrefoten var raud og hoven og herja av ein kraftig infeksjon. Han var med eitt kjempesjuk. Og han var åleine. «Kjærasten min er i Kolkata, for sikkerheits skuld, men mor hennar er her, og så har eg gode kollegaer og andre som har omtanke for meg,» hadde han sagt til legen. Før han gjekk heim og sov i eit døgn i strekk. Etterpå ringde han sine nære kollegaer i tur og orden, som han sa, men det spørst kor mykje dei fekk vite om stoda. Det han refererte frå samtalane med dei, handla om tilbakemelding på arbeid og manusutkast. Når det galdt han sjølv, visste dei at han hadde vore ute ei stormnatt før, skreiv han så greitt i e-posten til meg. Han riggar seg til i den store dobbeltsenga som han no må fylle på eiga hand. På den andre halvdelen, den han skriv om som min, legg han bunkar av lesestoff, mellom anna alle dei manus han har fått frå meg. Den gamle CMI-rapporten, hovudoppgåva og doktoravhandlingsutkast. Så tar han i bruk dyna mi, fordi hans eiga er gjennomvåt av sveitte. Etter å ha sove seg gjennom det aller meste av dei første døgna blir han liggjande vaken i timevis og lese og tenkje på nattetid og har det etter eiga utsegn då fortreffeleg, «endå gla


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 26

dare i både livet og deg og snøklokkene og alt saman». I kva grad det passerte er forbigåande saker og ikkje altfor urovekkjande, ja, det gjenstår å sjå, skriv han så. Men erklærer seg deretter som «optimist, som alltid. Du ser jo at eg skriv att, for svingande!». Det ser eg, og får følgje med i korleis han hiv seg ut i mangslungne oppgåver att. Først og fremst det svære arbeidet med gjennomgangen av alle negativa, tretten tusen er det blitt til no. Som likevel ikkje held han frå å seie ja til å halde både eit foredrag og eit opningsinnlegg om Garborg rett etter påske, som han, slik han alltid plar, byrjar på i god tid «midt oppi nokså mykje». Avhandlingsutkastet mitt ser han også på, med blyant i hand. Han kallar seg temmeleg bra restituert: som eit murmeldyr om nettene, og på dagtid godt vaken, men litt groggy. . mars tar han middagsmaten på terrassen for første gong det året: Sjølvtørka boknasild, som han tidlegare har hekta på bambustrode i vedskjulet, etter å ha dyppa dei i sjøvatn frå Vikane. Eit par dagar seinare har han årets første skitur, inviterer med seg gode vener og ordnar med alt: smurning, kvikklunsj, kjeks, laksesmørbrød og brus. Dagen etter skriv han om gulsoleia han ser bløme når han går på tur, denne gongen til beins. Det var frå gammalt av eit klarsignal til å ta ut kyrkjebåten, fortel han meg. No er det stadig vekk boknasildfest på terrassen. Det spørst om det blir noko att til du kjem! seier han. Det er mars på sitt aller beste. Han hadde vore så langt nede. No var han opprømt og ikkje så reint lite stolt over måten han hadde kome seg på fote att. No kjende han på seg at det gjekk vegen. På heimturen mellomlandar eg i Karachi, der eg 


I kreft og kjaerleik ferdig_A 24.06.14 08.37 Side 27

skriv som ein galen innimellom avstikkarane til matsalen og symjebassenget. Jostein kjem på innsteg kort tid etter heimkomsten til Åkebergveien. Han har oppdrag i Oslo i både før- og etterkant av påskeferien. Like etter påske er han invitert til å snakke om Garborg, den farlege Garborg, både på Blindern og i Tostrupkjellaren. Dette har han skrive om i langdistansekorrespondansen. «Du ser eg driv og ordnar meg Oslo-turar.» Her kan det altså kombinerast med å få snakke om ei hjartesak: denne samansette anarkisten som omsette Ramayana til nynorsk. Og som også truleg var litt av ein hustyrann, men ein kan ikkje snakke om alt på ein gong. Johanna skal vere halve påska hos far sin på Nesodden. Det blir ein innfløkt kabal ut av dette, med mange ulike løysingar med omsyn til reisedagar, reisefølgje og reisemåtar. I brev etter brev har Jostein lagt fram lister over alternative måtar å leggje eit Volda-opphald inn i alt dette på, etter som han har pønska dei ut. Mykje har blitt uttenkt på nattetid. Og framfor skjermen på den andre sida har eg prøvd å svare så godt eg har kunna. Men etter at eg har lagt fram ønsket om tre eller fire arbeidsdagar før ferien, foreslår han brått ei radikal forenkling: Eg blir rett og slett verande i Oslo i påska. Han har skjønt at det for meg har blitt reising nok for ei stund. Han kjem ein liten tur kort tid etter at eg har landa, vender så tilbake til Volda i palmehelga og kjem til Oslo att til påskedagane. Oslo kan då vere heilt framifrå rundt påsketider! Det er ei stor kjærleikserklæring. Eg såg det då, og eg ser det endå klårare i ettertid. Han utdjupa aldri draumane han hadde hatt om påske i Volda. Dei vart utsensurerte. Dette må eg bere. 


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.