__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


BV


aina basso

Heksejakt I og I

heksebrenning i europa

Samlaget Oslo


innhaldsliste

9 Pretum, Pratum, Nestrum, Nostrum! 13 Kapittel 1

Heksekunst 16 Heksa 18 Jeanne d’Arc 21 Prosessane

24 Reformasjonen 28 «Ei trollkvinne skal du ikkje la leve» 31 Europa 32 Gravid med djevelens barn 34 Den nye verda 35 Heksene i Salem 39 Kven var heksene? 40 Korfor skjedde det? 42 Kva trudde «heksene»?

45 KAPITTEL 2

Ei magisk verd 50 Heksehammaren 53 Demonboka til Bodin 54 Kong Jakob og dei skotske heksene 57 «Dæmonologie» 60 Svartebøker


67 KAPITTEL 3

Heksa 71 Dra til Bloksberg! 75 Ekkel, stygg og stinkande! 76 Bråkete som ein bjeffande hund 77 «Mannen skal herske over kvinna» 80 Sva-Maska 82 Maleficium 83 Diabolisme 84 Danse motsols rundt kyrkja 88 Barbro Bjelland frå Sokndal 91 Signeri 93 Lisbet Nypan 96 Trollkatten 98 Trollmannen 100 Presten i Kirkjuból 102 Eit helvete på jord 103 Lucifer, Satan, Gammal-Erik, Beelsebub 105 Himmel og helvete


107 KAPITTEL 4

Den norske heksejakta

110 Noreg 111 Bergen og Stavanger 114 Anna Pedersdotter Absalons 117 Finnmark 122 Trollungane 125 Dei to søstrene frå Vadsø 128 Noaidi 130 Den siste 133 KAPITTEL 5

Slutten? 138 Dei vanskelege spørsmåla 141 Kjelder – og mangelen på dei 147 Heksehyl! 148 Den moderne heksa 150 Brann båla ut? 155 ORDLISTE 160 MEIR Å LESE 163 KJELDER OG LITTERATUR


BV


pretum, pratum, nestrum, nostrum! Vinteren 1654 blei Marit Rasmusdotter frå Kiberg i Finnmark skulda for å vere heks. Det var Karen Jonsdotter som fortalde om henne. Karen var sjølv stilt for retten, mistenkt for å drive med trolldom. Under avhøyra fortalde Karen at ho hadde lært trolldomskunsten av stemora si, som alt var blitt brend som heks. Saman hadde dei ridd på sopelime til Dovrefjell og spelt kort med djevelen. Karen fortalde at ho og Marit hadde fått ein båt til å forlise: Dei hadde tatt eit stykke knusk – ein tørka sopp som ein brukte til å tenne opp med – og brukt ein tråd til å binde knusken saman med ein stein. Dette kasta dei ut i sjøen. Då sjøen flødde, flaut knusken ut i vågen. Knusken hadde dei nok forheksa, for båten med Johannes spelemann og tre andre om bord gjekk under. Grunnen til at dei gjorde dette, var at Karen ville hemne seg på ein av mennene i båten fordi både han og kona hans hadde slått henne.


Karen og Marit kasta også trolldom over skipet til skipper Lars Olsen frå Bergen. Om bord i båten var Søren Jensen. Han var Marit ute etter å ta. Karen skapte seg om til ein kobbe – ein slags sel – så ingen skulle oppdage henne. Og Marit skapte seg om til ein fugl. Skjult i dyrehamane forsøkte dei med trolldom å få skipet til å søkke. Men fordi mannskapet hadde Gud i tankane, fekk dei ikkje trolldomen til å verke. Då Marit blei stilt for retten, tilstod ho at det var Sigri på Steinsland som hadde gitt henne trolldomen. Ho hadde fått han i eit smørbrød ein gong ho låg på senga. Då ho åt, blei ho så forvirra at ho trudde ho var i helvete. Ho vende seg då frå Gud til djevelen. Og lova å tene apostelen sin, Leur. Han var alltid hos henne, omskapt til ein hund. Når Marit ville bruke magi, måtte ho seie desse trolldomsorda: «Pretum, Pratum, Nestrum, Nostrum.» Ein gong skulle ho ri på Leur til Hekkelfjell med Sigri, men Marit blei svimmel av å ri så høgt oppe i lufta, så ho datt av på Dovre. Der blei ho liggande heilt til Sigri henta henne på vegen heim.


Sigri lærte Marit korleis ho skulle kaste trolldom over folk til sjøs. Ho skulle setje to eggeskal i ein stamp med vatn. Når eggeskala velta og sokk, ville båten forlise. I fengselet på Vardøhus festning kom to kattar til Marit. Dei sa ho skulle få betale for at ho hadde røpt dei. Ho var sikker på at den eine katten var Sigri på Steinsland. I rettsreferata står det at Karen og Marit innrømte alt frivillig. Men begge blei heilt sikkert utsette for tortur før dei tilstod at dei var hekser. Våren og sommaren 1654 blei dei to kvinnene dømde til døden for trolldom. Dei blei dømde til «eld og bål» og brende levande som hekser. Truleg blei dei bundne til ein stige og velta inn i bålet då det stod i full fyr. Eg skriv at dei blei brende som «hekser». Men dei var jo ikkje hekser. Dei var uskuldige. Slik som titusen av andre kvinner og menn, som også var uskuldige offer for heksejakta på 1500- og 1600-talet i Europa.


BV


BV

ka

I

pittel

1

I

Heksekunst


BV


Har du ei heks i familien? Nei, svarer du sikkert. Så klart ikkje! Det finst jo ikkje hekser! Du har sjølvsagt rett. Det finst ikkje hekser i verkelegheita. Ikkje trolldom heller. Men om du hadde leitt langt bakover i slekta di, kan det hende du hadde funne ei heks likevel. Kanskje blei ho brend på bålet i Noreg for fire hundr­e år sidan. Eg skriv «ho», sjølv om også menn var hekser – eller trollmenn. For mest truleg var heksa ei kvinne. Og mest truleg var ho heilt uskuldig. Korleis noko slikt kunne skje, skal vi prøve å finne ut i denne boka.

Heksekunst 15


Heksa Heks av tysk «hexe» Kvinne som står i samband med over­naturlege krefter, demonar eller djevelen. Heksa kan kaste vondt over folk og fe. I Norden blei ho kalla trollkvinne.

Når du tenker på ei heks, ser du kanskje for deg ei stygg, gammal kjerring. Ei med lang nase og vorter i fjeset, som har på seg spiss, svart hatt og rir på eit kosteskaft. Heksa er eit vesen vi kjenner godt til, både frå eventyra og frå bøker og filmar. Den slemme heksa med kosteskaftet. Ho som er ute etter å skade andre. Særleg dei gode, som ho er misunne­ leg på. Ho som ler ein stygg, kaklande latter når ho gjer nokon vondt. Vi kjenner ho som står og rører i den boblande heksegryta. Oppi gryta slepper ho rottehalar og paddeslim. Og noko brunt, som renn seigt frå ei lita flaske. Ho held dei knoklete hendene sine over gryta og seier trylleformelen, som skal gjere brygget magisk: «Simsalabim!» seier ho. «Hokus pokus filiokus!»

Heksekunst 16


Heksebåla blir gjort klare.

Vi kjenner også heksa frå bøker og filmar, som dei om Harry Potter og venene hans. Harry, Hermine, Ronny, Nilus og Lulla er gode hekser. Men Draco Malfang og gjengen ser ut til å vere på den vonde sida. Der den aller verste av dei verste er sjef: Fyrst Voldemort. Voldemort vil aldri noko godt med trolldomen sin. Han skyr ingenting for å få det han vil ha. Og det han vil ha, er makt! All makt i verda! Men visste du at folk i Noreg og Europa faktisk trudde at hekser fanst? For berre nokre hundre år sidan? Og at folk faktisk blei skulda for å vere hekser? At dei blei stilte for retten for å ha utført trolldom? Og at mange av dei blei brende på bålet? Og visste du at nokre stader i verda skjer dette framleis den dag i dag?

Heksekunst 17


Jeanne d’Arc Franske Jeanne d’Arc er nok verdas mest berømte «heks». Jeanne var berre 19 år då ho blei brend på bålet. Ho blei ikkje berre brend fordi dei meinte ho var heks, men også fordi ho kledde seg i mannsklede. Og fordi ho var kjettar. Ein kjettar er ein person som er vantru, altså ein som anten ikkje er kristen eller er kristen på feil måte. Før Jeanne blei brend, var ho hærførar, i hundreårskrigen mellom England og Frankrike. Heilt frå ho var 13 år, høyrde ho røyster frå himmelen og fekk openberringar. Alle handla om å hjelpe kongen i Frankrike mot fiendane hans, som ville erobre den franske trona. Jeanne leidde troppen sin fram til store sigrar. I mai 1429 frigjorde ho byen Orléans, og ho sigra over englendarane ved Patay i juni same året. Deretter førte ho kronprinsen til Reims, der han blei krona­til konge og fekk namnet Karl 7. Jeanne ville fortsetje å kjempe, men kongen ville heller inngå våpenkvile.

18


Jeanne fortsette likevel. Men hellet byrja å svikte henne, og brått blei ho tatt til fange. Kongen kunne ha redda henne. Men han gjorde ingen­ting. Han var lei av krig og brydde seg ikkje meir om bonde­jenta Jeanne. Og familien hennar hadde ikkje pengar til å kjøpe henne fri. Jeanne hamna i klørne på englendarane. Englendarane skulda Jeanne for både trolldom og kjetteri. Retten påstod at ho laug om stemmene frå himmelen. Ho prøvde å nekte og forsvare seg, men til inga nytte. Den 30. mai 1431 blei ho brend på torget i Rouen. Folk meinte dødsdommen var feil, og at Jeanne var ein helgen. Og i 1456 blei paven einig og sa at Jeanne var blitt uskuldig dømd. Ho blei kanonisert som helgen i 1920. Jeanne d’Arc er også kjend under namnet Jomfrua frå Orléans. For franskmennene er ho sjølve symbolet på kjærleik til fedrelandet. Det er skrive mange bøker om Jeanne d’Arc. Det er laga mykje musikk og mange filmar om henne også.

19


I dag er dei fleste i vår del av verda einige om at hekser ­ikkje finst. Men før i tida var trolldom ei svært alvorleg sak. Om du dreiv med trolldom, var du heks. Det gjaldt anten trolldomen var svart og vond eller kvit og god. Diabolismen – der heksa hadde inngått ei pakt med djevelen – var aller verst. Hekseri blei sett på som eit stort komplott mot heile den kristne verda. Og Satan var den som stod bak. Men hekser kunne også bli skulda for å ha brukt svart magi for å skade menneske eller dyr. Det blei kalla maleficium eller forgjering. Eller ho kunne bli skulda for å ha brukt kvit eller god magi, som blei kalla signeri. Det var nemleg også forbode. Straffa for trolldom kunne vere døden. I Noreg blei heksene oftast kalla trollfolk – trollmenn og trollkvinner. Men sidan ordet heks er meir kjent, bruker vi det i denne boka. Bak i boka finn du ei liste over vanskelege ord, som du kan slå opp i viss du lurer på noko.

Heksekunst 20

Profile for Det Norske Samlaget

Heksejakt  

og heksebrenning i Europa. Av Aina Basso.

Heksejakt  

og heksebrenning i Europa. Av Aina Basso.