4 minute read

UNNI OG GUNNI

Next Article
SØSTERANARKISTANE

SØSTERANARKISTANE

Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter undervegs. Lærerikt og humoristisk for både ungar og vaksne.

MALAR

9788252180497 | 149,-

GJER DET FINT

9788252181623 | 149,-

Ulla

Ulla og flokken leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne. Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem.

Kjem Ulla til å finne flokken sin? Ulla er ei hjartevarm og humoristisk forteljing om flokk og fellesskap.

9788252197143 | 329,-

Tankespinn

Med fantasien tek Ada både seg sjølv og bestevennen Rolf lett opp i verdsrommet. Rolf blir alltid med Ada på det flygande teppet hennar og i kastanjeraketten. Men då den nye jenta kjem inn i gata med ein trampoline, vil heller Rolf ned og få fart og spenning på ekte. Tankane til Ada slår knute og blir tunge som store steinar. Med Tankespinn har Kari Stai skrive og illustrert ei forteljing om alle dei tankane som kan krølle seg som spagetti inni eit lite hovud, og kva som kan skje når ein tenkjer utan å dele tankane sine med nokon.

9788252194326 | 329,-

Boka Om Benny

To herlege bøker om veslegrisen Benny samla i éi! Benny er ein av dei tøffaste og mest elska grisene i barnebokverda.

I Neimen, Benny må Benny rømme heimanfrå når mor hans vil putte Veslenøff i vaskemaskina. Men kvar skal han bu då? Benny får ein veslebror i Jamen, Benny. Han ønskte seg det, men så går han fort lei. Heile dagen syg veslebroren på s mokken sin, og Benny får ikkje smake. Men storebrør kan vel òg bruke smokk?

9788252163919 | 329,-

Kulturdepartementets

barnebokpris for beste biletbok!

Prinsesser Og Drakar

I denne morosame og sjarmerande boka finn du sju prinsesse-historier, eit lite eventyr for kvar dag i veka. Perfekt for ei lesestund kvar kveld! Prinsesser og drakar har alltid høyrt eventyra til. Men no er det nye tider på slotta! Prinsessene er tilkopla internett, har eigne heimesider, elektriske støvsugarar i dokkehuset og sparkesyklar. Dei klarer seg utmerka godt på eiga hand og reddar seg sjølve frå drakane, om dei då ikkje like gjerne blir venner med dei, eller overtek jobben deira.

9788252180466 | 329,-

Barna i Revehiet barnehage er som regel venner. Men ein sein ettermiddag når alle er slitne, blir det krangling. Somme av barna slåst og skrik og græt. Korleis skal det gå? Ei gjenkjenneleg, varm og spennande bok om kvardagsdramatikken i barnehagen ein heilt vanleg ettermiddag.

9788252174670 | 329,-

Historia Om

Korleis

Hunden Fekk V T Snute

Når vatnet flaumar over landet, bygger gamle Noah ei svær ark og tek om bord småkryp, husdyr og ville dyr av alle slag. Medan dei driv ute på havet skjer det forferdelege, båten spring lekk! Kva i all verda gjer ein då? Noah veit råd. Denne biletboka er i tekst og bilete ei livleg gjenforteljing av den gamle fabelen om korleis hunden fekk våt snute. Med fantastiske illustrasjonar av Øyvind Torseter.

9788252180459 | 329,-

Biff P Caf Olala

Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur med ein merkeleg diett. Han et berre svart mat! Men ein dag får han nok. Det må då vere meir i livet enn dette? For første gong i livet går Bronto på restaurant og tingar alt på menyen.

9788252180312 | 329,-

Papelina og familien må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier det er eit topphemmeleg eventyr! Det einaste Papelina får vite, er at dei skal til eit nydeleg fugleslott. Men reisa blir lang og slitsam. Og kvifor kan ikkje Papa Gøye slutte å tulle og fjase?

Papelina er ei historie om flukt, familie og vennskap. Og om kva det vil seie å vere heime.

9788252194043 | 329,-

Den første dagen Iben er på sjukehuset, møter ho SkallaMalla. Ho vil vise Iben rundt, og saman dreg dei til hemmelege og magiske rom. Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?

Skalla er ei bok om godteriblomstrar, diskodans og magien som kan oppstå i nye vennskap.

9788252195200 | 329,-

Eg Sette Brillene P Min Katt

Vakker biletbok for førskuleog småskuleungar med enkle, barnenære dikt av diktarparet Vesaas. Dei fleste av dikta vart opphavleg skrivne som tingingsdikt til bruk i lesebøker, medan ein del av dikta er tekne frå Tarjei Vesaas sine diktsamlingar for vaksne.

9788252171167 | 329,-

M Rkt

Dag er redd for å bli borte i mørkeret, han held seg vaken så lenge han kan. Men denne kvelden byrjar mørkeret å bråke. Det kjem nærare og nærare, og brått er Dag midt inne i ein bekmørk tornado. I mørkeret møter han Natalia, og motet.

I Mørkt tematiserer den prisvinnande duoen Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby redsla på ein høgst original måte.

9788252196283 | 329,-

HAUK

Å vakne opp aleine.

Hauk vaknar opp aleine i ei stor seng. Før sov pappa òg i senga, men no er han borte. Kva har skjedd med pappa? Kor er han? Og når kjem han tilbake?

Hauk handlar om sakn og lengsel. Om å ikkje forstå kvifor vaksne ikkje alltid kan vere der. Om å vere liten og prøve å finne ut korleis verda heng saman.

9788252198348 | 329,-

Eg Kan Ikkje Sove No

Guten i denne vinternattforteljinga får ikkje sove; då er det godt at pappa er der og kan svare på alle spørsmål. For søv dei raude fuglane? Et reven maten deira? Og viktigast av alt: Søv mamma? Boka er heidra med ein høgthengande tysk illustrasjonspris og Kulturdepartementets biletbokpris 2008.

9788252169539 | 329,-

Natt P Stranda

Celina er favorittdokka til Mati. Ein dag dei leiker på stranda, får Mati ein kattunge av faren. Ho blir så oppslukt av den at ho gløymer å ta Celina med heim. Celina blir etterlaten på stranda om natta, i selskap med trugande vesen som Bademeister Grusom og Store Rive med dei skumle tennene av jern. Natt på stranda er ei illustrert historie fortald av dokka Celina. Ei bok for Ferrante-fans i alle aldrar. Illustrert av Mara Cerri. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

9788252193947 | 329,-

Kvitebj Rnen

Dette er historia om Kolbein, Andres, Pål og Gunnar som byggjer ein kvitebjørn i snøen og kryp inn i bjørnekroppen. Der inne fortel dei eldste gutane om alle eventyra som kvitebjørnen har vore med på. Det er mest så ein kjenner at heile bjørnen rører på seg …

9788252170481 | 329,-

FARVEL, RUNE

Ein klassikar blant nyare norske biletbøker, ei bok som aldri blir uaktuell og alltid er etterspurd. Sara leikar ved dammen saman med jamaldringen Rune. Rune druknar, og hovudtemaet i boka er det Sara opplever kring dette, sorga hennar, spørsmåla ho stiller om døden, og korleis ho klarar å leve vidare.

9788252126860 | 329,-

Sm Sporven

Ei vakker biletbok som let dei små bli kjent med ein av våre verkeleg store kulturskattar. Dette er ei bok som kan følgje ungane gjennom heile barndommen.

9788252156638 | 329,-

Deutscher Jugendliteraturpreis

This article is from: