2 minute read

GÅVEBØKER

Barnebibelen

I denne barnebibelen får du høyre om Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken, men òg mindre kjende historier om sterke kvinnelege leiarar og sentrale augevitne som Maria Magdalena. Alle historiene er gjenfortalt av Alf Kjetil Walgermo i moderne og tilgjengeleg språk, og Anna Fiske bidrar med eit friskt og nytt inntrykk. Boka passer godt både til høgtlesing for små barn og som ei innføring i Bibelen for barn som sjølve har lært å lese.

9788234006630 | 399,-

JULA ER HER!

I denne praktboka finn du nye juleforteljingar skrivne og illustrerte av Noregs fremste forfattarar og illustratørar for barn og unge. Førjulstida er den store ventetida, der barn over heile landet tel ned dagane til julaftan. Med «Jula er her!» kan barnefamiliar fylle ventetida med framtidas juleklassikarar. «Jula er her!» inneheld 24 vakre, morosame, spanande, mystiske og undrande historier for barn.

9788234009648 | 399,-

JUL

Hotell

God jul, pirripam! Det er første desember. Fredrik og foreldra sjekkar inn på Bukken hotell. Men det er noko som ikkje stemmer. Fredrik høyrer lydar som ingen andre høyrer. I tillegg går ein geitebukk laus på hotellet, og høgt under taket flyg fuglar rundt med nisselue og skjegg. Men så treffer Fredrik nissejenta Fryd. Og frå den dagen endrar alt seg. Dei oppdagar at Krampus, ein fråfallen nissen, har kidnappa Erkenissen. No står jula i fare! Kan Fredrik og Fryd hindre at nissane endar i Den evige kvile? Vil kjærleiken og håper overvinne mørket? 9788231000331

Barnas Store Eventyrbok

I Barnas store eventyrbok finn du åtte av våre mest kjente og skatta eventyr. Her er kloke dyr, dumme troll, handlekraftige gutar og modige jenter, klar til å bergta nye generasjonar eventyrlesarar. Samlinga inneheld eventyra om dei tre Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen, Tornerose og

Bymusikantane frå Bremen. Eventyra er henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen og Grimm-brørne.

9788252187533 | 399,-

Den Store Boka

Om Den Ville Ungen

Barbro Lindgrens sprelske tekst på rim og Eva Erikssons skildringar av ungen i dei villaste situasjonar, er no for klassikarar å rekne. Det er på høg tid at ein ny generasjon barn, foreldre og besteforeldre får del i desse bokgledene! Boka inneheld tre historier om den utruleg ville ungen til den gode og milde mammaen.

9788252163001 | 329,-

Eva Eriksson Boka Om Meg

Her er plass til å skrive alt som ein gjerne vil hugse frå barnets første år, som lengd og vekt, det første smilet og dei første tennene. Dessutan litt meir spesielle fenomen som «Beundrarane mine», «Min kjæraste eigedom», «Yndlingsmusikken min» og «Dyr eg liker».

Den populære svenske teiknaren Eva Eriksson har strødd om seg med uimotståelege bilete av vesle Pål, ein kjend baby frå ei rekkje små bøker som alt finst i mange norske heimar. Ei uvanleg vakker gåvebok!

9788252158106 | 249,-

Dei beste historiene om tigeren og bjørnen er for første gong samla mellom to permar!

Den trufaste, godhjarta bjørnen og den meir sjølvopptekne, krevjande tigeren har for alltid eit rom i hjartet til små og store barn som har møtt dei, og no har nye lesarar sjansen til å få nokre nye venner for livet.

9788252164879 | 299,-

Songbok!

ODD NORDSTOGA (RED.), HILDE HODNEFJELD

OG INGER LISE BELSVIK (ILL)

130 songar for førskule og barneskule på nynorsk og dialekt

Her er dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, og songar til skjemt og høgtid – ein heil songskatt! Boka er redigert av Odd Nordstoga, ein populær musikar, artist, låtskrivar og komponist. Han har gjort eit breitt og mangfaldig utval som alle songglade vil ha glede av.

9788252158281 | 349,-

Boka inneheld eit utval av Snorres kongesoger frå siste halvdel av 1100-talet. Sogene har hatt mykje å seie for vår historie, kunst og kultur, og blir av mange rekna som vårt fremste nasjonalverk. Utgjevinga inneheld kart, ordforklaringar ein del av dei klassiske teikningane.

9788252144468 | 349,-

This article is from: