– S O M M E R I DA L A N E
BILLETTPRIS: Ingen upris for å besøkja gardsmuseet.
I
nst inne i Austrumdalen, i enden av vatnet, med Rambjørheia sin breie rygg kvilande mot vest og Stavtjørn mot aust, der ligg Austrumdal gard. Fylkesveg 117 langs Austrumdalsvatnet er som ein sveitsarost; ut og inn av tunellar. Når du har sett lyset for tredje gong og er ute av den siste tunellen, blir blikket fanga av det staselege kvite huset til Torfinn Liestøl, omgitt av små og store uthus av alle tenkjelege slag. Alt er ryddig, velstelt og innbydande. Det er freistande å stoppa, og me gjer det.
Trødde barneskoa i Austrumdal Garden ligg bada i kald sol; nordavinden jagar effektivt vekk alt som minner om sommarvarme akkurat denne dagen. Men vinden bit tydelegvis ikkje på den grovbarka, solbrune mannen som kjem ut i bar overkropp for å møta oss i tunet. I 38 år har Torfinn Liestøl budd i Austrumdal. Men han har vore husvarm på garden lenger enn som så. Her har han trødd barneskoa, i hælane på morfar. – Eg overtok i 1974. Kona og eg kom då flyttande opp frå Ålgård. Men heilt frå eg var seks til eg blei konfirmert, var eg her kvar einaste sommar. Det var bestefar, bestemor og onkel Arnfinn som budde her då. Onkel Arnfinn hadde ein vond fot etter å ha hatt poliomyelitt som unge, fortel Torfinn Liestøl idet han slengjer på seg skjorta – ikkje fordi han frys, men fordi me har kamera rundt halsen. Røtene hans, austrumdalsslekta, kan førast fleire hundre år tilbake. – Slekta kom frå Hompland i Sirdal. Slektslinja er spora tilbake til 1600-talet, men me veit at husa her blei haldne ved like også under Svartedauden. Arkeologane har òg funne pilspissar og anna slags flint frå Vikingtida nede ved vatnet, seier Torfinn Liestøl. Han er oppteken av både slekt og historie. Interessa er i seg sjølv ein arv. Bestefaren skreiv slektsbok. Huset til Torfinn og Eli Liestøl er frå 1925. – Eg har bortimot totalrestaurert det, men kledninga på andreetasjen er original. Så gode materialar får du ikkje tak i i dag, veit Torfinn Liestøl.
Standsmessig hundehus Bygningsmassen på garden er stor, iallfall om ein reknar bygningar og ikkje kvadratmeter. Eigaren har ikkje full oversikt sjølv. – La meg sjå; hus, fjos, verkstad, to båthus… Medrekna stølen inn av Stavtjørn og hundehuset blir det ni, kjem han til. Hundehuset, ja, dét er ikkje for katten! Bamse fortener å bu standsmessig, synest matfar. – Det finst neppe mange hundehus med innlagt lys og termopanvindauge. Men han skrur ikkje lyset av og på sjølv. Det var kona
32 – S O M M E R M AG A S I N 2 0 1 2
VELSTELT: Nøyaktig 52 minutt bruker Torfinn Liestøl på å slå den eitt mål store plenen. som tok seg av papirarbeidet og rekneskapen då me fiksa opp. Ho lurte fælt på kva det var for eit lite og dyrt vindauge eg hadde kjøpt; kor i huset det skulle vera, ler Torfinn Liestøl. Men hundehuset kunne jo ikkje stå tilbake for resten av bygningane og innretningane på garden. Og dei er det stil over. I tillegg til hundehuset har også bilgarasjen og dei to båthusa torvtak. Fjoset ligg vegg i vegg med garasjen for hjullastaren han bruker som entreprenør for Vegvesenet. Det praktiske kombibygget er det nyaste på garden, reist i 2007. Her har dei 50 sauene, eller beitepussarane, som eigaren kallar dei, reine og romslege gardar mellom kvite vegger, og reint fjellvatn frå niplar. Rommet under låvebrua var det for gale å bare fylla igjen med stein, tenkte hobbybonden. Dermed innreidde han ei «poddebu» med stressless, varme i golvet og fjernsyn på veggen. I eit anna rom i forlenging av sauhuset er det bad med toalett, særleg med tanke på besøkjande til gardsmuseet.
Museumsdirektøren Torvald Det var den historieinteresserte morfaren til Torfinn, Torvald Austrumdal, som etablerte museet. – Det var opphavleg ei gammal kornløe. Bestefar begynte å samla gamle gjenstandar. Til slutt hadde han ei rik samling i den litle
HEIMESNIKRA: Tusenkunstnaren Torvald Austrumdal, morfar til Torfinn Liestøl, prøvde seg på litt av kvart. Blant anna laga han ein sykkel av tre.
«Eg har mykje lys, men det er bare pærene som kostar». Torfinn Liestøl løa. Folk kom for å sjå. Eg hugsar at eg pleidde å dilta etter museumsgjestene, for dei betalte som regel bestefar litt for guidinga. Pengane fekk eg. Eg følte meg rik då, minnest Torfinn Liestøl. Museet tilhøyrer i dag Dalane Folkemuseum. – Bestefar gav alt saman til folkemuseet i
1954. Eg hugsar overrekkinga. Det var i september. Bestefar styrte og ville rydda på løa så det skulle sjå litt pynteleg ut før innrykket av museumsfolk og andre interesserte. Då presterte han å trø på eit laust bord i låvegolvet. Planken fauk opp og blekte til han i ansiktet slik at han fekk seg ein skikkeleg blåveis. Dalane Tidende var til stades for å skriva om den nye tilveksten til Dalane Folkemuseum. Bestefar ville helst ikkje bli fotografert, men han slapp ikkje unna. Han hamna i avisa med blekkauget sitt, humrar Torfinn Liestøl.