1903
Høgsteretts hus Arkitekt: Hans Jakob Sparre Stilart: nyrenessanse Etter § 89 i Grunnlova av 17. mai 1814 skulle det så snart som mogleg organiserast ein høgsterett i Noreg. I 1895 løyvde Stortinget pengar til å førebu arbeidet med Justisbygningen. Bygget skulle husa alle tre rettsinstansane: byretten, lagmannsretten og Høgsteretten. Ein arkitektkonkurranse vart utlyst, og i mars 1898 var det komme inn 23 forslag. Tre av forslaga vart premierte. Men etter at fristen var gått ut, kom det inn ytterlegare eitt forslag frå arkitekt Hans Jakob Sparre. Forslaget hans vart valt då planløysinga hans utnytta den vanskelege tomta på ein spesielt god måte. Sparre lét kvar domstol få disponera sin eigen etasje, med samlande hovudtrapp mellom. Dei enkle linjene i eksteriøret og roa og alvoret over fasaden eignar seg til formålet med bygningen. Foto Fotograf Sturlason
1978
Riksarkivet Arkitekt: Carlsen & Mostue (første byggjetrinn i 1978) og Kritt Arkitekter AS (påbygg i 2005) Stilart: modernisme Riksarkivet, som vart oppretta i 1817, har ansvaret for arkiva etter den statlege sentraladministrasjonen. I Riksarkivet finn du òg viktige arkiv etter privatpersonar og private bedrifter og organisasjonar. Stillinga som riksarkivar vart oppretta i 1840, og Henrik Wergeland vart utnemnd som den første riksarkivaren. Frå opprettinga til 1866 hadde arkivet tilhald i Akershus festning. Deretter har Riksarkivet hatt forskjellige tilhaldsstader før det i 1978 kunne ta i bruk nybygde kontorlokale og fjellmagasin på Sognsvann. Riksarkivbygningen er eigentleg ei høgblokk på ti etasjar, der sju av etasjane er under bakken, noko som sikrar beskytta lagerplass. I magasina til Riksarkivbygningen er det nærmare 126 000 hyllemeter arkiv. Det eldste dokumentet er datert 28. januar 1189 og er eit brev frå pave Clemens III til dei geistlege i Noreg. Arkivet er ope for publikum. Foto Jaro Hollan
1986
Noregs Bank Arkitekt: Lund & Slaatto Arkitekter AS Stilart: postmodernisme Noregs Bank er sentralbanken i Noreg. Han vart oppretta av Stortinget 14. juni 1816 og har som hovudoppgåve å sikra økonomisk stabilitet i Noreg ved hjelp av pengepolitiske verkemiddel. Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 overlét til ein eigen komité å utarbeida ein plan for ein ny norsk bank. Det vart då bestemt å oppretta ein bank med namnet «Norges Bank» med hovudkontor i Trondheim og avdelingar i Christiania, Bergen og Christianssand. Mynteininga skulle vera spesidalar, og banken hadde monopol på å laga papirpengesetlar. I 1986 flytta Noregs Bank inn i nytt hovudkontor i Oslo, på Bankplassen 2. Bygningen fyller eit heilt kvartal i Kvadraturen og omgir eldre bygardar frå 1600-talet og 1850-åra. Foto Noregs Bank
12