2 minute read

MOT REGN av Mari Hesjedal

MOT REGN

AV MARI HESJEDAL

Advertisement

KREDITTER

Tekst: Mari Hesjedal Regi: Eirik Fauske Skodespelarar: Dagny Backer Johnsen, Tor Christian Bleikli, Sigmund Njøs Hovind og Lina Taule Fjørtoft Scenograf: Silje Sandodden Kise Lys: Jan Holden Produksjon: Cornerstone & Det Vestnorske Teateret Støtta av: Dramatikkens hus

VINNARTEKST OPEN CALL | URFRAMSYNING

26. aug 2022, kl 20:30 Cornerteateret, Kongesalen 200/100 kr

Framsyninga vert laga på seks prøvedagar Samarbeid med Det Vestnorske Teateret

Om barnegråt og menneske som treng i ei stadig våtare verd

Tora bur i byen med babyen sin, og verda er full av barnegråt. Inne, ute, over alt er det nokon som treng. Verda er full av menneske som treng henne, og ute regnar det. Utan stopp. I fjernsynet melder dei om fleire kraftige regnbyger på Vestlandet, og ute stig vatnet. Ingen voggesongar har varig effekt. Snart finst det gråt i alle kanalar. Utanfor har folk byrja å samle seg, menneske som treng. Nærast umerkeleg vert dei fleire. Alle sluser er opne, Tora tek inn alt, og verda finn henne. Ho står i joggebukse, har ikkje fått dusja, og barnet treng ny bleie. Kva skal ein gjere når det kjem så mykje regn at det vert vanskeleg å sjå, vanskeleg å tenkje, vanskeleg å bry seg om andre enn seg sjølv? MOT REGN er eit av tre bidrag valt ut frå Cornerstone si opne utlysing til Bergen Dramatikkfestival 2022, der vi fekk inn over 60 ulike tekstar. Teksten vert presentert på festivalen i samarbeid med Det Vestnorske Teateret.

MARI HESJEDAL (f.1980) er dramatikar, scenograf og kostymedesignar. Ho har filmutdanning frå The International Film School of Wales, ein Master i Scenografi frå Central Saint Martins College of Art and Design i London, og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho debuterte som dramatikar med stykket CULPAREGELEN på Norsk Dramatikkfestival i 2015, og har sidan skrive for b.l.a. DUS, Det Vestnorske Teatret, Festspillene i Bergen og Teater Vestland. Hausten 2021 hadde ho urpremiere på SOV IKKJE på Det Norske Teatret. I perioden 2018–2019 var ho tilknytt Dramatikkens Hus som husdramatikar.

This article is from: