9 minute read

Lag teknologi! .................................... 144

Vi får mat, men også andre ting vi treng, frå naturen. Planter, dyr, sola og vatn er døme på ting vi får frå naturen. Maten du et, kjem frå planter og dyr. Mange av kleda dine er laga av ull frå sauen og bomull frå bomullsplanta. Sola gir lys og varme til oss alle.

Vatnet vi drikk, kjem også frå naturen. Planter, dyr og menneske er like avhengige av vatn som av sol for å leve.

Det vi treng frå naturen, kallar vi naturressursar.

Snakk saman

1 Kvifor treng vi planter og dyr? Kvifor treng vi planter o 2 Kva ville du gjort dersom det ikkje fanst vatn? Kva ville du gjort dersom

Ord å forstå

avhengige av, naturressursar

Kort sagt Kort

Det vi menneske treng frå naturen, Det v kallar vi naturressursar. Planter, dyr, kalla sol og vatn er naturressursar. Vi treng sol og naturressursane for å leve. natu

Både menneske og dyr et planter. Vi kan ete heile planta eller delar av henne. Vi kan lage syltetøy av frukt og bær. Gras er mat for sau og ku. Om alt gras blei borte, ville sauen og kua miste maten sin.

Peanøtter, hasselnøtter og erter er frøet til nokre planter. Ekornet et frøet til konglen. Solsikkefrø og graskarfrø er mat for både dyr og menneske.

Fordi plantene er så viktige for oss, bør vi ta godt vare på dei.

Ord å forstå hasselnøtter, solsikkefrø, graskarfrø

Når vi sår eit frø, sørgjer vi for at ei ny plante veks opp.

Snakk saman

1 Kva for ei frukt likar du best? 2 Kva kan du lage av frukt og bær? 3 Korleis kan du hjelpe ekornet med å ta vare på konglane? 4 Kva mat forsvinn for menneska dersom alt graset forsvinn?

Når vi legg eit frø i jorda, kan det vekse opp ei ny plante. Den nye planta blir til mat for andre menneske eller dyr.

Du kan plante frøa til ein paprika eller andre planter. Når frøet spirer og blir til ei ny plante, har du teke vare på ein naturressurs. Planter er ein naturressurs.

Utforsk

Dyrk din eigen paprika Inni paprikaen er det små, kvite frø. No skal vi sjå om frøa kan bli til ny paprika.

Du treng

• 4 frø frå paprika • ein avklipt mjølkekartong • jord til å fylle mjølkekartongen • vatn

Slik gjer du

• Del opp paprikaen og ta ut eit frø. • Fyll mjølkekartongen med jord. • Stikk fingeren ned i jorda og lag fire hòl. • Legg eit frø i kvart hòl. • Dekk over med jord. • Vatn jorda slik at ho blir litt fuktig. • Set kartongen i vindaugskarmen.

Snakk saman

1 Trur du alle frøa kjem til å spire? 2 Korleis kan du passe på planta slik at barnebarna dine kan ete paprika frå henne?

Skriv og teikn

1 Teikn mjølkekartongen sett ovanfrå. 2 Følg med på forsøket, og skriv ned kva som skjer etter éi, to, tre og fire veker. 3 Kva skjedde?

Kort sagt

Du kan ta vare på ei plante ved å plante frø frå planta. Då kan det vekse opp nye planter som blir til ny mat for menneske og dyr.

Planter, dyr og menneske treng lys og varme for å leve. Utan sol og varme ville vi fryse i hel. Kva trur du skjer med jordkloden vår dersom sola ikkje skin på eit år? Nokre forskarar trur temperaturen vil gå ned, og at kloden vil bli dekt av is. Sola er den viktigaste naturressursen vår.

Ord å forstå

naturressurs, solkokar, krana

Ein solkokar kan varme mat. Han kan også få vatn til å koke.

Solkokaren samlar solstrålane. Det blir veldig varmt.

Så varmt at vatnet begynner å koke. Når vatnet kokar, døyr bakteriane. Då er det trygt å drikke vatnet. I Noreg får vi reint vatn frå krana. I andre land er det ikkje reint drikkevatn i springen. Det beste med ein solkokar er at han brukar varmen frå sola til å løyse problem.

Snakk saman

1 Kunne du bada i sjøen om sommaren dersom sola ikkje skein? 2 Kvifor er sola viktig for alt som lever på jorda? 3 Kvifor er det lurt å bruke sollyset til solkokar? 4 Kva ville du gjort om sola slokna i dag?

Utforsk

Lag din eigen solkokar

Du treng

• sollys • ein tom isboks (omtrent 2 liter) • aluminiumsfolie • eit glas med litt vatn i • eit termometer som toler vatn

Spørsmål

1 Kva skjer med temperaturen i vatnet? Skriv ned resultata. 2 Trur du vatnet kokar raskast i ein solkokar eller på ein komfyr?

Snakk med læringspartnaren din.

Slik gjer du

Dekk innsida av isboksen med aluminiumsfolie. Set isboksen ut i sola. Set glaset oppi isboksen. Putt termometeret i glaset.

Kort sagt

Sola er den viktigaste naturressursen vi har. Det er fordi alt som lever, treng varme og lys.

Dersom vi tek vare på naturen, tek vi vare på dei som kjem etter oss. Dersom du berre haustar det du treng, sparar du på naturressursane. Det er berekraftig. Då kan alle som lever i dag, og dei som kjem etter oss, få mat, klede, vatn og ein stad å bu.

Ord å forstå berekraftig

Snakk saman

1 Kvifor treng vi naturen? 2 Korleis ville du brukt eit heilt tre? Tenk at du skal bruke treet frå rot til topp.

Utforsk

1 Søk på internett og finn ut kvifor det er berekraftig å kjeldesortere matavfall.

Kort sagt

Når vi berre haustar det vi treng, tenkjer vi på dei som kjem etter oss. Då haustar vi berekraftig.

Naturen er heimen vår og heimen til alt som lever. Skog, fjell, vatn og parkar er døme på ulike rom eller område i naturen. Desse områda kallar vi naturområde. I alle områda er det dyr og planter som treng kvarandre. Vi treng både dyr og planter. Derfor er det viktig å ta vare på naturområda.

Ord å forstå

naturområde, røskar

Snakk saman

1 Kva skjer dersom vi røskar opp alle røtene til plantene? 2 Kva for dyr kan ha treet som heim? 3 Kva trur du skjer om vi fiskar opp alle dei små fiskane i havet?

Skriv

1 Lag og skriv ned ein plan for korleis du kan hauste på ein berekraftig måte. Få heile familien din og alle du kjenner, til å følgje planen.

Er det mogleg å gå på tur utan å leggje att spor?

Dersom du brekker av ei grein på eit tre, legg du att eit spor. Treet vil få eit sår. Å bruke ei grein som har falle av treet og ligg på bakken, er betre. Då tek du ikkje ei ny grein og skader treet. Det er ein fin måte å bruke naturen på. Du tek vare på naturen samtidig som du har nytte av han. Å gå på tur utan å leggje att spor er berekraftig.

Å leggje att boss i naturen er eit anna spor. Visste du at naturen brukar 450 år på å bryte ned ei plastflaske?

Utforsk

Gå til eit naturområde i nærmiljøet. Skriv ned kva de observerer og oppdagar når de er ute.

• Er det mykje eller lite vatn der? • Er det mykje eller lite sol der? • Lever det mange planter i naturområdet? • Er det spor etter dyr? Kva for spor? • Er det spor etter menneske i området? • Korleis kan de ta vare på det området de er ved?

Skriv

Kan du skrive tre døme på spor etter menneske i naturen?

Kort sagt

Når du går på tur utan å leggje att spor etter deg, tek du vare på naturen. Dette er ein berekraftig måte å bruke naturen på.

Å hauste tyder å plukke noko i naturen og ta det med inn. Du kan hauste etande planter som bær, frukt og grønsaker. Planter, dyr, sol og reint vatn er naturressursar. Vi treng naturressursane for å leve. Eit frø kan bli til ei ny plante. Planter er mat for menneske og dyr. Vi kan ta vare på naturen på ulike måtar. Å ta vare på naturen er berekraftig. Då sørgjer vi for at dei som kjem etter oss, får det dei treng, frå naturen.

ren?

or oss og dyra?

Vis at du veit

G kva du kan hauste frå naturen G kvifor naturen er viktig G korleis du kan ta vare på naturen

Oppgåver

1 Forklar ordet hauste. 2 Kva kan du hauste frå naturen? 3 Kvifor treng vi naturen? 4 Kvifor er plantene viktige for oss og dyra? 5 Kva får vi frå sola, og kvifor er ho viktig for alt som lever? 6 Korleis kan du hauste på ein berekraftig måte? 7 Kva er eit naturområde? Kva for spor etter menneske har du funne i naturen? 8 Vel eit naturområde og skriv to ting du kan gjere for å ta vare på akkurat det området.

Djupdykk Djupdy

1 Hald fram setninga: Hald

Berekraft handlar om … 2 Skriv eit brev til statsministeren i

Noreg hundre år fram i tid. Fortel kva du gjer for å ta vare på naturen, og kvifor du gjer det. 3 Kva skjer om alle plantene på jorda forsvinn?

Dilemma

Ville du brukt sola til å varme opp middagen din kvar dag eller gått ut og hausta middagen din kvar dag? n t en

This article is from: