1 minute read

Stoff .................................................. 126

Å hauste tyder å plukke noko i naturen og ta det med inn under tak. Vi kan hauste etande mat som frukt, bær, grønsaker og sopp. Bær og frukt veks på busker og tre. Sopp kan du finne på bakken i skogen. Mange frukter og bær er modne om hausten. Det er fordi dei har fått lys og varme gjennom sommaren. Når dei er modne, kan vi hauste dei.

Visste du at haustferien blei kalla potetferien før? Det var fordi ungane fekk ei veke fri til å hjelpe foreldra sine med å hauste poteter.

Ord å forstå hauste, modne

Utforsk

1 Gå på skattejakt etter mat du kan hauste. 2 Kva kan du hauste i nærleiken av der du bur? 3 Kva fann du? 4 Hausta du noko som smakte søtt, surt, salt eller bittert?

Kort sagt

Du kan hauste etande mat som frukt, bær, grønsaker og sopp. Å hauste tyder å plukke noko frå naturen og ta det med inn.

This article is from: