Verdas søtaste turist av Rune Belsvik

Page 1


EI TREDJE FORTELJING FRÅ BLØYGEN

Illustrert av Inger Lise Belsvik


© CAPPELEN DAMM AS 2014 ISBN 978-82-02-45052-6 1. utgave, 1. opplag 2014 Omslag og illustrasjoner: Inger Lise Belsvik Design: Elisabeth Vold Bjone Sats: Elisabeth Vold Bjone Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2014 Satt i Sabon pkt. 12,5/17 og trykt på Munken print 115g. Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel.

www.cappelendamm.no


Det var gode tider i Bløygen. Den vesle kommunen som blei så fint opplyst av månen om nettene, der sola ofte forgylte sølepyttane om dagane, og der himmelens skyer drog så stilige forbi både dag og natt. Bløygen ute ved havet. Havet som slo og dundra og skylte og sildra og skvatt mot land. Heilt uventa hadde det komme ein buss full av turistar. Turistane hadde handla ivrig i Julepyntbutikken i butikken til Pinnesvein og på bensinstasjonen til Bjørn Disel. Dei hadde sove på hotellet til Sidvus Krem og brukt pengar på ein automat som Mytti Mytti hadde laga. Pengane turistane hadde betalt med, blei ikkje liggande lenge. Kommunestyret og fleire frå Bløygen hadde reist på langtur for å handla. Dei hadde sett etter slikt som blenker og skin, slikt som er nyttig og lite, slikt som er stilig og stort, slikt som er dyrt og nesten usynlig. Dei hadde handla og handla og gledd seg til å komma heim til Bløygen for å pynta opp med alt det nye. Kommunestyret hadde kjøpt ein ny og moderne lyktestolpe til å ha ute ved brua. Han kunne tenna seg 5


sjølv, når det blei mørkt nok. Den første kvelden etter at han kom opp, hadde blandakoret stått på brua og sunge mens skumringa kom. Brått hadde det begynt å knitra forsiktig øvst i stolpen, og så hadde det komme eit svakt stønn inne frå den blanke kuppelen, før stolpen la eit egg av lys der oppe, eit kvitt og sterkt lys som hadde gjort det dunkle blandakoret og den mørke brua heilt opplyst og synlig igjen. Bøttefanten hadde kjøpt messingskilt til døra i Trøbbel­kiosken. Før hadde det vore ein papirlapp der. Bokstavane på skiltet var nett dei same som hadde stått på papirlappen: HAR DU TRØBBEL MED ONKELEN ELLER TANTEN? KOM I TRØBBELKIOSKEN TIL BØTTEFANTEN! LØYSER OGSÅ ANDRE TYPAR TRØBBEL. Små problem kr 3,– Større problem kr 5,– Kjempetrøbbel kr 7,– Det sto ein liten annonse i Bløygen Avis om den dagen han skulle skru skiltet fast. Det sto at alle var velkomne til ei festlig stund ved Trøbbelkiosken klokka 17.00. Bøttefanten sto då ved døra med ei lita eske, eit verktøyskrin og ein pakke kjeks. – De hadde kanskje håpt på grillfest og tivoli, sa han 6


til dei frammøtte, men vi må hugsa at det vesle også kan vera ein fest. Forsyn dykk no av denne kjekspakken, mens eg henger opp skiltet. Publikum på torget mumla at det var sant det han sa, at dei ikkje måtte glømma det som var lite og festlig, at ikkje alt kunne vera stort og skinande som nye lyktestolpar, tenk på stjernene, for eksempel, som var så små og langt borte, kunne ikkje dei også gjera kveldane festlige, og så forsynte dei seg av kjeksen, mens dei følgde med på alt Bøttefanten gjorde borte ved døra til Trøbbelkiosken. Først reiv han ned den gamle papirlappen. Men han fekk problem med å trekka ut teiknestiften som hadde halde lappen på plass. Esmiluni måtte hjelpa han. Ho hadde lange og sterke negler og fekk lirka den rusta dingsen ut av døra. Så plukka Bøttefanten eit vater, ein tommestokk, ein vinkel, eit skrujern, ein syl og ein blyant ut av verktøyskrinet. Skiltet skulle henga lenge på døra, så han ville gjera det nøyaktig og skikkelig. Folk klappa av alt det fine verktøyet hans, og etter ei lang og strevsam stund opna han den vesle eska. Der låg skiltet og fire blanke skruar. Etter enno ei strevsam stund hang det blanke skiltet på plassen sin. Då var kjekspakken for lengst tom, og folk gjekk ut til brua for å sjå når den nye lyktestolpen skulle tenna seg sjølv. Pinnesvein hadde kjøpt rulletrapp til butikken. Den dagen trappa skulle starta opp, hadde han sett fram ei stor kake og ein kasse brus som kundane kunne forsyna seg av heilt gratis. Butikken var pynta med ballongar 7


og papirremser. Alle i Bløygen, bortsett frå Bjørn Disel, som sa han ikkje brydde seg om rulletrapper, sto i trappa og venta då Pinnesvein trykte inn knappen. Trappa starta med eit lett rykk, og så rulla ho alle saman til toppen mens dei sto stille på kvar sitt trinn. Bussjåføren og Bidger ramla over ende fordi dei glømte å stiga av trappa då ho var oppe. Elles gjekk det fint og pyntelig for seg, og Herdis Perdis frå Bløygen Avis tok bilde og intervjua folk om korleis det var å kjøra i rulletrapp for aller første gong. I andre etasje var det eit blankt stativ med splitter nye bukser, og eit like blankt stativ med nye skjorter. Dessutan ei hylle med aldeles nye og moderne sko. Rulletrappa gjekk berre opp. Det var for dyrt med ei rulletrapp som skulle gå ned også. Dessutan var det ikkje plass til endå ei trapp. Når kundane skulle ned, måtte dei springa fortare enn trappa rulla, elles kom dei ingen veg. Olvida Stong, som var så sprek og spretten, prøvde å skli ned på rekkverket. Men like før ho var nede sklei ho utfor kanten og trilla bort i hylla med hermetisk frukt. Pinnesvein lika ikkje denne springinga i trappa og skliinga på gelenderet. Det blei for mykje tøys og tull. Det likna meir på ein leikebutikk, eller eit tivoli, enn ein alvorlig butikk med skikkelige varer. Han bad kundane ta det med ro, så ikkje egga og lyspærene i butikken skulle gå i stykke. Han hengte opp eit skilt med SKLIING FORBODE. Han stansa trappa kvar gong nokon skulle ned. Det dumme var at om nokon ville opp samtidig som nokon ville ned, så kunne det bli 8


dårlig stemning. Ein gong sto Herdis Perdis og avisbodet oppe og ropte at dei ville ned, mens Sidvus Krem og bussjåføren sto nede og var utålmodige etter å komma opp. Det var ikkje bra at kundane begynte å krangla i butikken. Det gjekk ut over alvoret på varene. Derfor fann Pinnesvein ut at han måtte laga ein rutetabell for rulletrappa. Då ville alle vita kva tid trappa rulla opp, og kva tid ho sto stille. Han diskuterte dette med kundane sine. Alle, bortsett frå Bjørn Disel, som ikkje var interessert i å diskutera rulletrapper, hadde forskjellige forslag. Derfor hadde Pinnesvein fått eit problem han måtte løysa midt i den festlige opninga av rulletrappa. I Julepyntbutikken til Bidger og Esmiluni hadde det komme nye esker med juletrelys, pyntekuler, glasenglar, julekoppar, julemugger, serviettar og glitreband. Om kveldane gjekk folk ut i nye sko og nye klede. Dei sto og beundra det blanke skiltet på døra til Trøbbelkiosken. Dei beundra glasenglane i Julepyntbutikken. Dei skrytte av dei nye kleda til kvarandre. Dei tok ein ekstra tur i rulletrappa. Mange gjekk ut til brua for å sjå på lyset i den nye lyktestolpen. Det moderne, kvite og sterke lyset, som mest kunne gjera natta til dag. Ikkje som det gamle, litt gulaktige lyset i gamlestolpen inne i Bløygen sentrum. Folk gjekk på ein annan måte enn før. Dei var rettare i ryggen. Dei gjekk meir forsiktig. Dei lo ikkje så høgt og grådig. Dei rulla ikkje rundt på bakken og slo seg på magen. Det såg ut som dei var redde for å forstyrra alt det nye. 9


Det var ein fest og ein fryd å gå rundt i Bløygen. Det var travelt og stilig og masse pene ting. Båten til Fiskeguri låg ved brygga og smatta på småbølgjene. Elva rann rolig og høgtidelig gjennom bygda. Folk fniste fint og forsiktig og snakka om turistane som hadde vore der. Dei studerte alle dei stilige bilda i avisa. Dei peika i lufta, nikka med hovudet, opna dørene for kvarandre, prata om regnet som regna og sola som skein. Dei bukka til kvarandre og sa god dag og god kveld og god tur heim. Ordføraren, Rosina Myrl, var stolt av kommunen sin. Det budde berre 13 folk der. Men no var det som om alt stemte. Som om ingenting mangla. I fleire dagar var det slik. Det var gode tider.


1

Bidger budde i Bløygen saman med kjærasten, Esmiluni. Dei elska kvarandre. Dei nussa nasane og blåste inn i øyro på kvarandre. Dei tøysa og tulla og krangla og snakka og song. Dei arbeidde i lag i Julepyntbutikken i Bløygen sentrum. Men utan at Esmiluni visste det, hadde Bidger begynt å drømma om noko meir. Det var noko han hadde sett på den store handleturen med bussen. I ei travel gate, i ein liten by, på eit smalt fortau, hadde han sett det. Noko som hadde gjort han mjuk og varm i brystet. Noko som hadde starta hundre drømmar i hovudet hans. Han drømte mens han snakka med folk. Han drømte mens han åt middag. Han drømte mens han kyssa Esmiluni. Han drømte mens han jobba i butikken. Han hadde sett ein mann og ein liten unge, som hadde gått hand i hand på fortauet. – Korfor er eg så liten og du så stor, pappa? hadde ungen spurt. Så hadde mannen smilt, bøygd seg ned og begynt å snakka med mild og rolig stemme. 11


12


Bidger drømte om å bli far. Han drømte at han heldt ein liten unge i handa. At ungen sa pappa til han. At Bidger fortalte ungen om alt som fanst i Bløygen. – I dag skal vi gå til stranda, drømte Bidger at han sa til ungen sin. Ungen skulle hoppa ivrig opp og ned og seia: – Kan vi gå med ein gong, pappa? – No får du ta det litt med ro, skulle Bidger seia då. – Nei, pappa! Eg vil til stranda! skulle ungen ropa. – Først må vi eta graut, så må vi kle oss, og så kan vi gå. – Ikkje graut! sa ungen kanskje då. – Graut er sunt, ville Bidger seia rolig og pappaaktig. Bidger ville vera ein snill pappa. Han ville at ungen skulle vera glad i han. Han ville at ungen skulle spørja han om alt mulig. – Kva er det? skulle ungen spørja. – Det er kanel, skulle Bidger svara då. – Kanel? skulle ungen spørja. – Det er godt å ha på grauten. – Graut er ekkelt. – Prøv med litt kanel på. Då ville ungen tømma halve kanelboksen over grauten sin, og Bidger måtte læra ungen forskjellen på mykje og lite. Det gledde han seg til. Det drømte han om.

13


Men korleis blir ein far? Det visste ikkje Bidger. Derfor gjekk han frå Julepyntbutikken ein dag. Han sa til Esmiluni at han måtte ha litt luft. At han berre ville kjøla seg ned. Han sneik seg rundt nokre hushjørne. Så gjekk han rett over det vesle torget. Det var mange tørre lauv som blåste langs bakken, som om dei hadde det travelt med noko Bidger ikkje hadde greie på. Utfor Trøbbelkiosken sto den gamle bjøkkebusken. Pinnesvein brukte å plukka dei svarte bæra og laga bjøkkesylt av dei. No var bæra borte, og blada på busken var blitt gule. Nokre av blada hadde alt falle av. Bidger såg det blenkte på døra til Trøbbelkiosken. Det var det nye messingskiltet. Det var for fint til ein slik vanlig dag. Det skein for sterkt syntes han. Skulle han våga å gå inn? Tenk om Bøttefanten ville le av han. Tenk om det ikkje gjekk an å bli far i Bløygen? Det datt eit gult blad av bjøkkebusken. Bidger opna døra og gjekk inn. Der satt Bøttefanten og skreiv i ei lita bok. Det blenkte på det eine øyra til Bøttefanten også. Han hadde ikkje berre kjøpt messingskilt. Han hadde i tillegg kjøpt ein blank dings å pynta øyra med. – Korleis blir ein far? sa Bidger. Bøttefanten såg forskrekka opp frå boka. – Kva? sa han. – Korleis blir ein far? spurte Bidger på nytt. – Far? sa Bøttefanten. – Ja? sa Bidger. 14


Bøttefanten lukka den vesle boka. Ein gul, liten blyant trilla ut på bordet. – Korleis ein blir far? sa han. – Ja, det var det eg spurte om, sa Bidger. Han kjente han var fortvila. Han følte på seg at det ikkje fanst noko svar på dette spørsmålet. Men brått svarte Bøttefanten likevel. – Ein får seg ein unge, sa han. – Ja, men korleis får ein seg ein unge? sa Bidger. – Korleis ein får seg ein unge? – Ja? – Du må vel spørja nokon om dei vil vera ungen din. – Er det sant? – Korleis skulle det elles gjerast? – Det var det eg lurte på. Det var derfor eg kom til Trøbbelkiosken din. – Gå deg ein tur, sa Bøttefanten. – Gå ein tur? Hjelper det? – Det hjelper mot nesten alt. Viss det ikkje hjelper, kan du komma tilbake i morgon. Dette reknar eg som eit middels problem. Det blir fem kroner. Bidger syntes Bøttefanten verka kald og overlegen. Det var som om han ikkje brydde seg om det Bidger sa. Forsto han ikkje kor viktig dette var? Bidger betalte fem kroner og gjekk på tur. På turen drømte han at han heldt ungen i neven. – Kva er det? drømte Bidger at ungen sa. – Det er havet, drømte Bidger at han svarte. 15


– Havet? Det er stort. – Det er kjempestort. Fiskane bur i havet. Fiskeguri dreg på havet med båten sin og fiskar nokre av fiskane opp. Så kan vi kjøpa ein og ha til middag. – Er det betre enn graut? – Kan vi berre gå litt stille utan å snakka heile tida!? No stokk Bidger av seg sjølv. Han vakna liksom opp. Han gjekk på tur, og han var heilt aleine. Han lurte på om han skulle snakka med Esmiluni om drømmen sin. Han var ikkje sikker på om han vågde. Ho kunne bli sint viss han tenkte for mykje på andre. Ein gong hadde han snakka mykje om Fiskeguri. Då hadde Esmiluni gått frå han midt på natta. Heldigvis hadde ho komme tilbake. Heldigvis. Kanskje ho ville gå sin veg om han snakka om ungen. Men ungen fanst ikkje. Likevel var han i tvil. Han fekk gå turen ferdig og sjå om det hjelpte. Det hjelpte ikkje. Han gjekk inn til Bøttefanten igjen. – Det hjelpte ikkje, sa Bidger. – Å, jo, sa Bøttefanten. – Du har friskare farge i ansiktet no. – Ja, men eg er ikkje blitt far. – Du kan ikkje venta at alt skal ordna seg med ein gong. Kanskje er du kommen i kjempetrøbbel. Då blir det dyrt. 16