Som eit barn av Sivert N. Nesbø

Page 14

i pusten som stakk seg fram i rommet. Nede på kjøkkenet hadde faren sett ein termos på bordet. Geværet stod ved utgangsdøra, saman med to dorger i ei bøtte og den blåskjefta kniven. Faren la dei siste brødskjevene i ein plastpose og falda han saman. Vi tek frukosten i båten, sa han, og la brødposen ned i sekken saman med termosen. Ute på tunet hadde faren hengt fram klede over kvar sin stolrygg. Han tok kleda under armen og rekte bylten over til guten, før dei gjekk saman opp etter gangvegen, faren fremst og guten etter. Så stilt det hadde vore den morgonen, tenkte guten, det hadde vore haust, og berrfrost på dei slake markene, men han hugsa ikkje anna enn lyden av støvlane mot grusen og kleda som gnissa mot kvarandre. Så stilt det hadde vore, heile den morgonen, ikkje ei rørsle i trea, ikkje eit vengeslag nokon stad. Til og med bilturen hadde vore still, sjølv dørene som small, båten som glei over stokkane i støa, årene som heva og senka seg i sjøen. Så tom båten hadde verka når det berre var dei to som var i han. Når det berre var dei to som sat der, han i framskuten og faren på den midtarste tofta, med årene i hendene. Kor heldig han hadde kjent seg då, der han sat med andletet mot bakhovudet og ryggen til faren. Kor heldig han hadde kjent seg, han som var aleine med faren, som rodde dei ut, utan at han trong å dele det med nokon av dei andre. Den eldre broren reiste seg og trakk årene inn så dei skramla mot tiljene. Han gjekk bak i båten og dumpa ned på den attarste tofta. 16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.