Page 1



Marathon Berlin



Geir Olav Jørgensen

Marathon Berlin


© CAPPELEN DAMM AS 2015 ISBN 978-82-02-44638-3 1. utgave, 1. opplag 2015 Omslagsdesign: Elisabeth Vold Bjone Omslagsfoto: Earth Sciense and Remote Sensing Unit, NASA Johnson Space Center http://eol.jsc.nasa.gov/SearchPhotos/photo-pl?mission =ISS010&roll=E&frame=7732 Sats: Type-it AS, Trondheim Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2015 Satt i 11/13.8 pkt. Sabon og trykt på Munken Print Cream 80/1,5 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


del i



Kona hans er utru. Forresten er ho ikkje det. Ho har lyst til å ligge med Rammstein, det er alt. Ingenting har skjedd mellom kona hans og Rammstein. Han kjem syklande gjennom Motzstrasse, gjennom vrimmelen av folk. Han kjem tidlegare heim enn vanleg. Det er ein fin sommardag med solskin – den blå himmelen ligg over byen. Han opnar porten inn mot bygarden og tar seg gjennom med sykkelen. Det er her han får sjå henne halvt liggande, halvt sittande, i samtale med Rammstein. Rammstein: Ein flott mann på hennar eigen alder. Han bur to etasjar under dei. Han er advokat og familiemann. Aldri såg han så reine og senete og velskapte hender som hendene til Rammstein. Det lyser noko sunt av mannen. Humøret er godt og han er mild og frisk. Prisen han betalar er mangel på djupne. Han har ikkje sett sin eigen agenda. Det kan hende. Erik har ikkje greidd å kome inn på Rammstein. Rammstein er for hyggeleg og lettvint. Erik held avstand til veldig høflege menneske, han likar dei triste og bortkomne best. Mannen er kledd i mørkeblå dress. Stilen er laus og han kler seg elegant. Han har lyst til å ligge med kona mi. Kvifor skulle han elles stå der og gjere seg til for 7


henne? Erik er kynisk slik. Greier han å sjå på, utan å gripe inn? Han hadde kunna sett det gjennom nøkkelholet. Ho kan bli vanskeleg å overtale. Er ho ei skikkeleg jente? Ho er pikeaktig. Det er dette momentet som trekker mennene i hennar retning, først og fremst. Det er munnen hennar og auga som vekker dei opp. Pasjonen er hennar drivkraft. Logikken er ikkje dominant. Han kjem ikkje i vegen for lystene hennar, når lystene slepp frie. Men Rammstein blir ikkje styrt av pasjon. Livet til Rammstein framstår som ordna. Kontoret har han på grunnplanet. Det vesle murbygget står midt i bygarden. På taket kurrar duene. Rammstein er stolt av dette vakre bygget. Han forklarte for Erik at han kjøpte plassen, som då var ei rønne, og bygde han om til kontor, med hjelp av faren, som er pensjonert murar. Rammstein voks opp på landet i Bayern. Han kom som student, og med tida blei han ein berliner. Det er utfordrande og upassande: Måten som ho la seg ned på. Som ein katt har ho lagt seg ut. Ho ligg på benken og solar seg. Det er ei stund som ho kan nyte. Ho ligg og gyngar med det eine låret medan ho pratar. Ho smiler halvt. Ho har på seg det orangeraude skjørtet og den kvite blusen. Sandalane spende ho av seg. Ho er ei lita dame. Men brysta hennar svulmar, dei er usedvanleg store og freistande når ho ammar. Ho har amma lenger enn normalt. Overalt der ho ferdast får ho merksemd. Erik er ein sjalu mann som vil ha kona for seg sjølv. Han kunne ikkje tenke seg å dele på henne, han har berre slike fantasiar. Han vil ha dei andre kvinnene. Men henne skal han ha aleine. Stolar 8


han på Tamara? Det gjer han nok. Han kjem trillande fram mot henne og Rammstein, utan at dei ser, og med det same bryt dei ut i latter. Ho ligg og ser rett inn i det lyseblå blikket til Rammstein med dei svarte auga sine. Tonen som dei brukar er ein tone som Erik kjenner godt, fordi han er intim. Om dagane ventar ho på at eg skal dra på Universitetet. Det tenker Erik, det er sjalusien som har slått ned i han. Så snart eg syklar kjem dei saman. Dei går og kjenner på sterke drifter. Ofte kom dei saman, ein slik tone må kultiverast. Eg som kjende meg fri. Det er ho som er fri. Ho retta seg opp. Erik ser på Rammstein og helsar. Så bøyer han seg mot vogna og sonen kjem springande. Han løftar sonen og klemmer han. Han snakkar med henne, og tonen er framand. Korleis har dagen din vore? Det blei lange timar på lesesalen. Men no er det endeleg helg! seier han, og spør med det same etter nøkkelen. Han står der med det tome uttrykket. Ho gjer han nøkkelen og lenar seg bak, og han ser trusa hennar. Då trekker ho kneet til seg. Det var kalkulert. Ho kan like å gjere han sjalu. Når han irriterer henne. Han blei kjend med den tarvelege kvinnelege vondskapen. Så vanskeleg det er å vere gift. Denne fredagen kom han tidleg heim. Det veit alle tre. Ho seier ho har venta på han. Heldigvis fekk ho selskap av Rammstein undervegs. Rammstein trekker eit steg i retning kontoret. Coffee? Ein ser at han fryktar Erik. Han spør om dei har lyst på kaffi? Erik takkar ja. Han vil gjerne ha kaffi.

9


* Dei bur i Schöneberg, Berlin. Dei har ein balkong med platting av teglstein, som svevar over byen, med krukker av keramikk, med planter som trassar tyngdekrafta og strekker seg opp mot lyset. Om kvelden sovnar ho med ungane. Han blir sittande på balkongen til natta kjem, han sit og pustar inn byen og kjenner på pulsen hans. Han drikk passelege mengder med vin. Han drikk seg ikkje full. Midt i homsestrøket har dei hamna. Det visste han ikkje då han teikna kontrakt. Skulle det endre noko? Han såg mennene og butikken med naglar og skinn, men han har ikkje slike fordomar. Han såg andre familiar, vognene og barnesyklane deira, han slutta at her går det an å leve. Med restaurantane som opnar seg mot fortauet. Med duftene av kaker og kaffi. Med rykande pastarettar, med raude karaflar og rutete duk. Med dei livlege fontenane. Med dei berlinske taka som kviler mot himmelen om kvelden. Ho er jødisk, han er det ikkje. Dei har to ungar saman – son og dotter. Guten er åtte og heiter Ezra. Jenta heiter Hanna, ho er eitt og eit halvt. Dei er ein vanleg familie. Altså ligg dei og symjer i alle emosjonane saman med ungane sine. Det er gode og vonde emosjonar. Livet deira har også ein spirituell dimensjon. Dei tar ikkje lett på den dimensjonen. Utan den spirituelle dimensjonen er vi hjelpelause. Det sa han til henne.

10