Page 1


Alt det lyse og alt det mørke


Av Brynjulf Jung Tjønn Eg kom for å elske, roman, Samlaget, 2002 Lyden av noen som dør, roman, Cappelen Damm, 2008 I morgen skal vi sitte i solen, ungdomsroman, Cappelen Damm 2009 Kinamann, roman, Cappelen Damm, 2011 Fotballskoene, illustrert av Lisa Aisato, barnebok, Cappelen Damm, 2012 Så vakker du er, ungdomsroman, Cappelen Damm, 2013 Den finaste historia, illustrert av Øyvind Torseter, barnebok, Cappelen Damm, 2016


Brynjulf Jung Tjønn

Alt det lyse og alt det mørke roman


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2017 ISBN 978-82-02-43984-2 1. utgåve, 1. opplag 2017 Omslagsdesign: Elisabeth Vold Bjone Omslagsfoto: © Mikhail Varentsov / Shutterstock Sats: Type-it AS, Trondheim 2017 Trykk og innbinding: ScandBook UAB, Litauen 2017 Satt i 11/13 pkt. Sabon og trykt på 80 g Ensolux crem 1,6 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillaten så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie


Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter. Fingrane var tynne og rue. Når han drog hendene sine over kinna mine, raspa det som ein uhøvla treplanke. Noen gonger kjendest det som om eg fekk flis i kinna: ein rest av fars hud som blei igjen i meg.


1


September 2015


Far var som bork, tenker eg. Eit lag av omsorg som var der heilt til noen skrella det av. Eg gløttar ut av vindauget, men lukkar raskt igjen gardinene. Klokka på veggen viser at Hildegunn snart kjem. Kva ho vil, veit eg ikkje. Kanskje har det noe med huset å gjere, men at ho nå, etter alle desse åra, plutseleg skulle ta kontakt med meg igjen, var uventa. Eg kjenner det prikkar i heile kroppen, og hendene mine skjelv forsiktig. Eg kikar på klokka igjen og løftar tablettane som ligg på servietten på bordet, svelger dei, ein og ein, saman med vatn. Nå skal alt gå bra, nå skal ikkje tankane få rote det til. Ikkje denne gongen. Eg må bare vere meg sjølv. Eller: den eg vil at eg skal vere. Det bankar på. Eg reiser meg frå stolen. Eg går ikkje bort til døra, eg seier bare kom inn og blir ståande. Handtaket glir sakte ned, døra sklir opp, og der kjem først Agnes, ei av dei som jobbar her. Du har besøk, seier ho og smiler. Ja, svarar eg. Så opnar Agnes døra på vidt gap, og bak henne står ho, jenta mi. Eg blunkar, knip augeloka saman. Og ein 13


kort augeblink ser eg henne for meg der ho sit i kjøkenvindauget i det gamle huset vürt og vinkar til meg. Vesle jenta mi som nü er stor. Ho vinkar til meg og vil at eg skal kome bort til henne. Men eg kan ikkje. Eg vil ikkje.

14


Det er ikkje så stort her, seier eg. Vi sit på kvar vår side av det vesle, runde bordet. Hildegunn har gått rundt i rommet, sett på biletet av seg sjølv som står på skrivebordet, gløtta ut bak gardinene. Men eg har den plassen eg treng, held eg fram. Hildegunn ser framleis rundt seg mens ho sit, eg prøver å få augekontakt, men det er som om ho heile tida vrir seg unna. Å sjå henne, den vesle jenta mi, i denne vaksne kvinnekroppen er som å sjå eit nyplanta tre som plutseleg har vakse seg stort over sommaren. Eg ser på hendene mine, denne dirringa før den store skjelven kjem. Det bankar på igjen, og Agnes kjem inn med to kaffikoppar og ei skål med sjokolade. Ho ber oss om å seie ifrå viss det er noe meir vi treng, eg nikkar og tenker at eg skulle ønskje ho kunne bli her litt, saman med oss, men før eg tenker tanken heilt ut, går Agnes. Når ho lukkar døra, blir det stille. Eg ser på Hildegunn. Ho møter framleis ikkje blikket mitt. Eg høyrer at ho pustar. Kva tenker ho på? Det luktar annleis i rommet etter at ho kom. Noe søtt og mildt. Kvifor har du gardinene trekte for? spør Hildegunn plutseleg. 15


Røysta hennar. Den vaksne røysta, som eg ikkje har høyrt før. Likevel: Den barnlege låtten frå stemma hennar kling inni der, der inne i den djupare, sterkare vaksenrøysta. Eg veit ikkje heilt kva eg skal svare, fomlar med hendene. Eg tykkjer det blir for lyst, seier eg. Og så liker eg ikkje skog. Skog? Hildegunn ser framleis mot gardinene, som om ho kan sjå gjennom dei og ut på trea. Eg nikkar og nippar til kaffien. Og endeleg ser ho på meg. Auga hennar inn i auga mine. Prikkinga spreier seg i kroppen min. Eg prøver å setje kaffikoppen på bordet igjen, men hendene begynner å skjelve, så mye at det skvulpar kaffi over kanten og ned på golvet. Hildegunn reiser seg, tar tak i kaffikoppen og set han på bordet. Går det bra? spør ho og legg ei hand på skuldra mi. Tyngda hennar. Ho tar bort handa. Blir ståande og gni handa si, som om ho har brent seg. Som om skuldra mi var ein glødande vedkubbe. Det var ikkje meininga, seier ho. Eg skulle ikkje ha tatt på deg. Det går bra, seier eg. Auga hennar inn i auga mine. Ansiktet hennar minner meg om ansiktet hans: smalt og lunt, og håret hennar er ikkje flokete lenger, slik som då ho var lita. Du minner meg om far min, seier eg. Om morfaren din. Hildegunn har leppene på kanten av kaffikoppen. 16


Ho nikkar. Eg ser leppestiften lagar raude merke på kanten. Eg veit det, eg har eit bilete av han, svarar Hildegunn og set koppen på bordet. Så stryk ho seg lett over magen, slik at det blir ein bulk i blusen. Eg er endeleg blitt meg sjølv, seier eg. Eg er endeleg blitt den eg vil at eg skal vere. Prikkinga i kroppen når eg seier dette, hendene som skjelv. Ansiktet til Hildegunn som mildnar, det er i alle fall det eg synest, at ansiktet hennar opnar seg meir opp. Kinna som får farge. Kva meiner du? Korleis veit du at du er deg sjølv? spør Hildegunn. Ho gnir seg på handa igjen. Eg tenker lenge. Ein er seg sjølv når ein kan sitje slik og snakke med dotter si, seier eg. Hildegunn svarar ikkje. Ho rettar på blusen, set seg lenger ut på kanten av stolen. Auga hennar blunkar, hendene flyttar seg. Og når ho nå kjem nærare meg, legg eg merke til parfymen hennar: svak sitrus.

17


Og nok ein gong ser eg henne for meg då ho var den vesle jenta mi. Kunne eg kanskje ha vore nærare henne, tettare inntil henne, kjent på huda hennar? Kunne eg høyrt henne puste, vore hos henne då ho gret, då ho snakka i søvne om nettene? Kunne eg ha vore noe anna for henne? Kunne eg ha vore lyset hennar?

18


Du lurer kanskje på kvifor eg er her? seier Hildegunn etter ei stund. Minnet om vesle Hildegunn forsvinn. Den vaksne kvinna framfor meg. Alle dei åra eg har gått glipp av. Ja, seier eg og flyttar meg lenger ut på stolen. Varmen frå stolstoffet spreier seg oppover i kroppen min. Eg ser på hendene mine. Dei skjelv meir nå. Eg var innom huset, seier ho. Å, du var det? seier eg. Eller, eg greidde ikkje å gå inn. Nei vel. Så eg såg det bare utanfrå. Du gjekk ikkje inn? Nei, eg klarte det ikkje. Du klarte ikkje? gjentar eg. Nei, det blei for mange minne. Hildegunn ser ned i kaffikoppen. Ho liknar på far. Det er ikkje noen tvil om det. Det smale, vesle ansiktet. Framleis så ungt, men likevel vaksent. Du var jo ikkje så stor då du blei tatt frå meg, seier eg. Det er sant, seier ho. Lenge hugsa eg så lite av tida 19


saman med deg. Men etter at eg fekk brevet ditt om huset … Hildegunn drikk frå koppen, set han frå seg, fomlar med hendene. Eg tenkte at det var det beste eg kunne gi deg. Eg har ikkje så mye å gi, men huset er omtrent det einaste eg har av verdi, seier eg. Då eg og Torgeir kom dit, så klarte eg ikkje å gå inn, seier ho. Torgeir? spør eg, prøver å leite i minna, men finn ikkje det namnet noen stad. Det er mannen min, svarar Hildegunn. Mannen din? gjentar eg og veit liksom ikkje kva eg skal seie. Ja. Så du er gift? Hildegunn nikkar. Eg løftar dei skjelvande hendene mine. Sjølvsagt er ho gift, tenker eg, ho er jo blitt vaksen, ho er ikkje lenger den vesle jenta mi. Eg budde i det huset i seks år, og eg hadde gløymt så mye, fortset Hildegunn og avbryt tanken. Men så hugsa eg meir og meir. Nå skjelv hendene mine så mye at eg må sitje på dei. Eg kan framleis sjå deg for meg i kjøkenvindauget, seier eg. Du var så lita. Eg skulle høyrt på deg, Hildegunn. Eg skulle ha høyrt på deg, jenta mi. Det er så mye eg gjerne skulle gjort annleis.


2


September 1998


Mamma, kan du ikkje bli her? sa ho. Ikkje gĂĽ, sa ho. Ver sĂĽ snill.

25


Kvifor kunne eg ikkje bare ha høyrt på henne, blitt hjå henne, jenta mi? Kvifor stod eg der og fraus og tenkte på det eg skulle gjere, tenkte på alt det som kom til å skje, tenkte på alt det som kunne gå gale, alt det som ville hende meg etterpå? Kvifor hamna eg der? Kva var det som skjedde? Kvifor stod eg utanfor skogen, så seint på dagen?

26


Eg gjekk ned trappa til kjellaren, inn i vaskerommet, slo på lysbrytaren. Det var rå luft, det hang kvite klede på eit stativ, eg kjende på dei, framleis litt fuktige. Eg lar dei henge litt til, kanskje natta over, sa eg lågt til meg sjølv, og gjekk ut av vaskerommet. Så stansa eg, høyrde fotsteg over meg. Det er Hildegunn, tenkte eg. Ho har kome ned igjen på kjøkenet, sjølv om eg bad henne om å gå på rommet sitt, sjølv om eg sa til henne at eg måtte vere aleine, aleine med tankane mine. Det blei for mye rot nå, sa eg til henne. Du må gå ut frå kjøkenet, du må gå på rommet ditt, sa eg. Eg klarer ikkje å tenke klart når du er her. Kan du ikkje gå på rommet ditt, heilt til eg seier ifrå, sa eg, heilt til eg er klar? Det må du skjøne. Det må du forstå. Men eg er svolten, sa Hildegunn. Ja, men du må vente, sa eg, eg klarer ikkje å ha deg her, sa eg. Men eg er svolten, mor, sa Hildegunn. Ja, men nå må du gå, sa eg. Eg kan ikkje tenke når du står her rett framfor meg, eg klarer ikkje å tenke når du sit og et, då høyrer eg bare tyggelydane dine, smat27


tinga, slurpinga når du drikk mjølk, nei, gå på rommet ditt og ver der. Eg høyrde at ho hiksta, at ho enten var på gråten eller hadde begynt å grine. Eg var van med det, men det var ikkje noe å gjere med. Og så gjekk ho.

28


Men nå hadde Hildegunn kome tilbake på kjøkenet, før eg hadde sagt ifrå at det var greitt. Kanskje hadde ho likevel ikkje gått på rommet sitt? Kanskje hadde ho stått klar til å gå inn for å snike til seg mat? Eg lista meg opp trappa, opna døra inn til kjøkenet og såg henne, der stod ho ved kjøkenbordet og smurde seg ei brødskive. Eg gjekk stille bort til henne, og akkurat då ho snudde seg, hogg eg tak i henne, løfta henne opp etter armane. Ho hylte, ho hylte så høgt at eg måtte sleppe henne og halde meg for øyra.

29


Like etterpå høyrde eg raske fotsteg opp trappa. Ho slamra igjen døra til rommet sitt, eg høyrde det vesle klikket frå låsen. Eg såg på kjøkenbordet, på tallerkenen med den vesle brødskiva. Eg plukka opp tallerkenen og tømte brødskiva i søppelbøtta under vasken.

30


Hylinga hennar. Det ilte og stakk, og alt bare surra. Eg heldt meg for øyra, men høyrde framleis klangen av hylinga, den skarpe stemma hennar, slamringa frå døra. Eg tok bort hendene, drog pusten, venta på stilla, men der var han framleis. Klangen. Kva var det for ein lyd? Var det henne eller var det noe anna?

31

Profile for Cappelen Damm AS

Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke  

Opningsscena er som saksa frå ein tv-serie. Gravide Hildegunn oppsøker mor si, ustabile Vibeke, for første gong på mange år. Slik blir vi ka...

Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke  

Opningsscena er som saksa frå ein tv-serie. Gravide Hildegunn oppsøker mor si, ustabile Vibeke, for første gong på mange år. Slik blir vi ka...