Edda-dikt bnd.1 Voluspå og Håvamål

Page 8

Materie orig 12.04.13 13:50 Side 8

fjell,» heiter det i Håvamål. Han er ikkje heimskur, han er vitur, klok. I eddadiktinga finn vi ei kosmopolitisk grunnhaldning: Her får vi både kunnskap om verdshistoria, om kva for krefter som finst i den fysiske og åndelege verda, og om korleis mennesket skal leva for at villskap og øydelegging ikkje slepp laus og bryt sund skaparverket. Vi veit lite om eddadikta før dei til all lykke vart skrivne ned på Island på 1200-talet. Enno gjev dei oss eineståande innsyn i den førkristne tenkjemåten i Norden: Her får vi presentert ein kosmogoni, ein mytologi, eit menneskesyn og ein etikk. Edda fortel at ettermælet er overlag viktig. I Håvamål les vi at Fe døyr, frendar døyr, ein sjølv døyr òg, men rosande ord vil aldri døy om den som gjer godt. alt handlar om kven du er, om sjølvinnsikt andsynes det faktum at du skal døy. I den heidne tida som desse dikta stammar frå, var det ikkje tale om evig liv i ein himmel, men om å vinna evig liv på jorda gjennom ettermælet. mennesket må vita korleis det skal oppføra seg, kva som er godt og kva som er vondt, for å nå dette evige livet. og det må kjenna til kvar det kjem ifrå, for å vita kvar det skal av. urd, Verdande og skuld er dei tre lagnadsnornene som sit ved urdarbrunnen under treet [8]


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Edda-dikt bnd.1 Voluspå og Håvamål by Cappelen Damm AS - Issuu