PA A L -HELGE H AUGEN
Anne ein roman
Anne_materie_ny.indd 3
17.03.15 13:25
Anne_materie_ny.indd 4
17.03.15 13:25
Det er mørkt her inne. Eg ser tydelegare nå. Tynt ettermiddagslys glid inn gjennom eit kvadratisk vindauga høgt oppe på veggen, og fell i ei stripe tvers over dei flisete golvplankene. Ei veik dirring av støv der mellom lys og mørker. Ned frå taket heng store teppe av grov ull. Tørr prikking i fingertuppane når eg rører dei. Ved sida av døra ei brun uniformsjakke med grøneirka knappar, eg ser at ermene er tynnslitte og fulle av mørkare flekkar. Lukt av lær og brukte klede idet eg går over golvet. Menneskeklede. Inn mot veggen står ei lita brunmåla kiste. Når lokket svingar inn mot veggen, drys fin rust frå gjengene ned mot botnen. Ujamne bokstavar skorne med kniv under lokket. Dreng Salmondsen. Nesten uleseleg i halvmørkret. Under linskjorter og rullar av mørkt ulltøy ligg ei lita øskje av papp. Lokket er glatt og kvitt, botnen er raud. Ein veik søtleg lukt når lokket løftest av, nesten ingenting. Eg vender meg, inn i lysstripa.
5
Anne_materie_ny.indd 5
17.03.15 13:25
To papirlappar frå ein kalender Tolvte mai Femte oktober Ein stutt kam av matt metall Blå broderte bokstavar på lintøy: Jesus Brunt fotografi av ei ung kvinne med stor munn Til Anne frå Hege Ei skei med mørke render Når eg går ned den bratte trappa, får eg mild luft mot huda. Det kjem ein veik lyd frå treet for kvart steg. Der ute fyllest augo med bleik sol. Eg støttar meg mot veggen, og kjenner blodet pulsere i handflatene. Mitt blod, ein jamn veik rytme. Mars, snøen er våt. Det lyser om dei grå novene.
6
Anne_materie_ny.indd 6
17.03.15 13:25
I
Anne_materie_ny.indd 7
17.03.15 13:25
Anne_materie_ny.indd 8
17.03.15 13:25
Det lange kvitmåla huset har ei einaste dør, ein mørk open firkant. Det er tidleg om morgonen, og stilt. Utanfor to høge menn i svarte klede, tydeleg mot den kvite snøen.
9
Anne_materie_ny.indd 9
17.03.15 13:25
E.
KV IN D E KJØ N
No Døds datum
32
25 1
Naar begravet jordfæstet
30 1
Fødested og for værnepligtige Mandskaber tillige: Naar og hvor konfirmeret
30 5
DØ
Den dødes fulde Navn og borgerlige Stilling (Næringsvei) med Tilføiende for Voxnes Vedkommende af Oplysning om han (hun) var ugift, gift, Enkemand (Enke) eller fraskilt Gunhild Knutsdtr. Nese, gift
Bopæl Opgiven Dødsaarsag Berg
Blødning paa Barneseng
Holen
10
Anne_materie_ny.indd 10
17.03.15 13:25
DE
Ved gifte Kvinder: Mandens, ved Børn: Faderens Navn og Stilling
Fødsels Aar (Maaned Dag for Børn indtil 5 Aar samt Værnepligtige)
Daniel Torsen Nese, Gaardmand
1872
Har Læge været tilkaldt under Afdødes sidste Sygdom
Er Dødsfaldet anmeldt af Vedkommende for Skifteretten
Ja, men kom sent
Ja
Anmerkninger
11
Anne_materie_ny.indd 11
17.03.15 13:25
I den drivande vinteren står alle husa med attletne dører. Dei brune veggene er lågare, og inne i halvmørkret snur dyra seg tungt. Ein lauvtynn måne viser seg tidleg, naken gjennom bleik luft. Om kvelden er golvet kaldt under føtene. Kvar natt sove med blanke ufattelege draumar. Kvar morgon drukne i kaldt og kvitt. Små barn går med stutte steg i snøen. Dei høyrer det knest i treet, og står lenge stille. Stundom kjem blåkledde kvinner på dei tilfokne vegane. Dei talar lågt saman, og pustar kvit skodd ut av munnen.
12
Anne_materie_ny.indd 12
17.03.15 13:25
I mai står kvelden lys og urørleg. Ein blank kjerne av frost ligg i den stille lufta under granene og nede i steinkjellarane i tomme hus. Ein kan gå over blakke myrer, over våt mose der fotspora står att som søkk fylte av brunt vatn. Ein kan gå lenge før mørkret kjem, gå heim med trøytte føter og sovne tungt. 1 mai om kvelden ser eg storvengja fuglar søkke inn i skogen. Ennå lenge skrik det der inne, før alt levande fell til ro. Når det er mørkt kjem tre harar ut på glenna i skogkanten. Dei sit i det stutte graset, løfter hovudet og lyder.
13
Anne_materie_ny.indd 13
17.03.15 13:25
etter regn svarte berg sneglen, mjuk under grøne blad kjenner væte
14
Anne_materie_ny.indd 14
17.03.15 13:25