Page 1


INNHALD

4 PÅ TO H J U L G J E N N O M D E T R E I N E E V E N T Y R E T 1 0 PA N O RA M AT R I M 1 2 PÅ B E S Ø K H O S F R Ø K E N L U N D E

U TG I T T AV Herøy Næringsforum Opplag: 7 500

1 6 S V E V E O V E R VAT N E T 1 8 F RÅ FA N G S T T I L FAT

JOURNALIST

2 0 I N S TAV E G G

Torill Myren, Ekkoloddet AS

2 1 G J E S T E H A M N E R / O V E R N AT T I N G 2 2 F I S K E LY K K E

G RA F I S K D E S I G N CANN AS

TRYKK Trykkpartner AS

F OTO G RA F E R Pål Paulsen Eivind M Sævik ( side: 22-23)

Framsidefoto: Pål Paulsen

visitfosnavaag.no Herøy Næringsforum Postboks 69 6099 Fosnavåg www.visitfosnavaag.no


Ytst i havet, ytst i vest. Kan hende du seglar her tilfeldig som gjest, kan hende du går her i rute, uansett er her det reine eventyret. Himmelen er høgare, havet er blåare og naturen råare. Herøy næringsforum ønskjer deg velkomen til havlandet og håper at magasinet Molo vil vere med på å vise deg noko av alt det du kan oppleve her. Vi byr på opplevingar til havs med rafting, dykking, fisking og kajakk. Her har vi røffe rullesteinstrender og strender med den kvitaste og finaste sand. Men kanskje freistar temperaturen på badevatnet i Sunnmørsbadet meir enn den i Atlanterhavet? Opplev å sykle på vegar som fører deg både over land og hav, eller kva med svimlande og vrimlande fuglefjell eller slakke, lyngkledde kystheiar? Og når du er mett på opplevingar, er du kanskje svolten på fisk og sjømat som er levert direkte til restaurantane frå lokale fiskarar? Molo gir deg ein smakebit av havlandet medan www.visitfosnavaag.no viser fram meir av alt vi kan by på. Velkomen til eventyret.

Styremedlem reiseliv og kultur Herøy næringsforum Gunther Dahler

3


4

Tekst: Torill Myren Foto: PÃ¥l Paulsen


PÅ TO HJUL GJENNOM DET REINE EVENTYRET Det er som ein sykkeltur til havs. Saltsmak på leppene, måseskrik - og kanskje ein sel som tittar opp og ser på deg.


6

Eg har enno ikkje funne nokon plass som er like fint ü sykle som her i øyriket, seier Tore Nerem


7

Herøy ventar med godt over to mil vegar som slyngar seg over havet og ved havet. Høgt oppe på bruer, over fyllingar og langs fjøre og strender. Heile tida med storhavet og horisonten som følgjesveinar. - Det er berre utruleg mange og fine opplevingar her. Eg vert like fasinert sjølv om eg syklar her fleire gongar i veka. Tore Nerem kjem ut av ein av svingane i Goksøyra på Runde. Det er ei av yndlingsrutene for syklisten som er på vegen minst tredje kvar dag i sommarhalvåret, og når det gjeld sykling er sommarhalvåret langt ute ved kysten! - Vi er ikkje plaga med så mykje snø her ute, smiler han og legg til at milde vintrar gir gode mulegheiter for heilårstrening og at piggdekk på sykkelen gir godt veggrep og mange fine turar også om vinteren. Kulden kan kleast ute, men nordvestkulingen kan det vere verre med. - Eg må berre tenke som dei som seglar, at er det motvind, så blir det god bør den andre vegen. HIMME LB LÅTT I ALLE FARGAR. Og akkurat no er vinteren gløymt. I dag er det smult hav, mildt og vindstille. Og solnedgangen ventar med ein miks av alle pastellane i fargeskrinet. - Det er mange fine plassar å sykle i Herøy, men det er noko heilt eige med desse svingane og strekninga utover mot Goksøyra. Vegen smyg seg langs storhavet og treff du rette tida på døgnet, er det heller ikkje plagsamt med trafikk. Tore fortel at han ofte er på tur om morgonen i helgane. Då har ein vegane stort sett for seg sjølv. Og litt ut på kvelden dabbar også trafikken av – samtidig som himmelen er på sitt vakraste. - Men det er mykje fint å sjå på same kva tid og kvar ein syklar. Og han skulle vite det. Han er ofte på sykkelsetet. Og han syklar gjerne langt. Ei frokost-økt i helga kan ligge på ei fire til fem mil. Og då plukkar han kilometer etter kilometer langs havet. - Når ein trenar ute på sykkel, treng ein ikkje tenke på opningstider. Difor er det lettare å få tid til å trene i ein hektisk kvardag. Naturen er døgnopen og ein kan sykle når ein vil og så lenge og langt ein vil.


8

Rundebrua, Runde og Goksøyra byr på smekre svingar tett på storhavet.

S JØ M I L FO R SYKKE L. Sykkelturane kan vere heilt nede på havnivå med fyrlykta på Grasøyane blinkande langt der ute, eller nærast svevande i lause lufta over bru etter bru. På Rundebrua svingar du deg med havet og horisonten på begge sider. Og på vegen dit er du sikra med nyinstallert varsling for syklistar i Sæviktunnelen. Vel du Nerlandsøya, så gir strendene utover mot Kvalsvika sjø, fjøre – og utsikt til fuglefjellet på Runde. Og har du først teke vegen mot Kvalsvika, så må du nesten berre halde fram heilt til endes med utsyn mot Mulevika og Stadhavet. Herøybruene gir deg holmar og skjær saman med storhavet og kanskje Hurtigruta eller andre

større båtar som seglar under deg. Og Løsetstranda på Gurskøya byr på både storhav, rullesteinsstrender og fleire tusen år gamle gravrøyser. ØYR IKE T. Tore set føtene på pedalane og er klar til nye sjønære mil langs vegen. Han trivst med å halde seg i form. Seier det kjem godt med i jobben på oppdrettsanlegget. Og så er det fint for då kan han få seg endå fleire og lengre sykkelturar. -- Eg utvidar litt no. Innover i kommunen, har med sykkelen på feriar og når eg er på kurs og andre reiser. Syklar nye plassar, men eg har enno ikkje funne nokon plass som er like fint å sykle som her i øyriket.


10

Tekst: Torill Myren Foto: P책l Paulsen

Solveig H책heim Vike og Kristine H책heim Vike tek trimturen med panoramautsikt til Fosnav책g sentrum og havgapet.


PANORAMATRIM

BY FJ E LLE T I F OS N AVÅG har berre nokre beskjedne høgdemeter å by på, men gir deg 360 graders panorama over Fosnavåg sentrum, hav og sunnmørsalpar – og dei beste solnedgangane. Dette er plassen for å samle instamoments! Frå eine sida av Tverrfjellet er det feittbrennande motbakke i den såkalla monsterbakken, medan det frå andre sida kan vere spasersko, søndagsbukse og lett rusling. Stien er brei og gruslagt og egnar seg perfekt for å ta med barnevogn. Slik kan det bli kos og familietur med innlagt rastepause i ein av gapahukane langs stien, eller du bruke det som ein utvida trimtur med å ta i bruk trimapparata som er monterte langs løypa. Ein avstikkar til Hornseten høyrer med for mange. Kjappe 190 meter over havet, men likevel på toppen av verda.

11


12

Tekst: Torill Myren Foto: Pål Paulsen

PÅ BESØK HOS FRØKEN LUNDE Det flappar lynraskt i små vengar og så bumpar frøken Lunde ned like bortanfor deg. Den sjarmerande sjøpapegøya dreg folk til fjells i lange sommarkveldar.

Det er hopp og sprett så hestehalen dansar. Oppover bakkane. Johanna Linnea (10) har gått i motbakkar før og tek dei leikande lett. - Dei seier eg er ei lita fjellgeit, ler ho. I dag har ho med mamma Katrin Kvalsund Leine, pappa Arve Helsem Leine og søskena Catrina Sofie, Benjamin og Amanda. Familien er på ein av sine mange turar til Lundeura på Runde. - Nei, kor ofte vi er her? Femten? Kanskje tjue gongar på ein sommar?

Fratercula Arctica, lundefugl – eller berre sjøpapegøye. Runde har den sørlegaste kolonien i Norge av denne vakre skapningen.

Dei kjem til at dei tek denne turen iallfall to, tre gongar i månaden i den lysaste årstida. Turen går først eit lite stykke langs bilvegen i Goksøyra før ein asfaltert sti snirklar seg bratt opp mot Goksøyrmyrane. Der går ein vidare i svak motbakke på hellelagt sti og med klopper over små elvefar. Ein kveld som denne vippar myrulla lett i vinden, nesten gullgule av den sigande kveldssola. På veg opp ligg det vide utsynet mot Nordøyane bak deg og der framme ventar det svimlande fuglefjellet. Stupbratt rett i havet. Og ved stupet står ei godt vaksen kvinne i raud jakke med ein kvit hund liggande ved føtene sine. Begge ser utover det sølvskimrande havet. Ser og ser. Endelaust utover. PÅ BESØK HOS FRØKEN LUNDE. Johanna Linnea og familien går bort til den nye trappa til Lundeura. I nokre meter er naturen åleine for tøff for den jamne turgåar, og det er bygd ein liten «balkong» på fuglefjellet og trapp ned mot Lundeura. Her står det fleire og berre tek inn synet som strekker seg frå Sunnmørsalpane med kveldsgyllen snø på toppane til himmelranda lengst ute. Nede i Lundeura begynner dei fleste å snakke stilt. Dei forstår at her er menneska berre på besøk og må oppføre seg deretter. Så skjer det vi ventar på.

Johanna Linnea samlar både gode minne og fine blomster på fjellturane ho er med på.


13

Lynrask flapping med vengane. Ein svart, liten skapning kjem deisande gjennom lufta. Vi ser dei raude føtene stikke fram for oppbremsing, og så står frøken Lunde der. Er du heldig, så kjem denne sjøens papegøye så nær at du ser det stripete fargespelet i nebbet. Det er ein sjarmør det er vel verd å gå på besøk til. - Den er så artig med flaksinga si, og så er det akkurat som om det er ei blanding av mange fuglar med andeføter og papegøyenebb og alle desse fargane, seier Catrina Sofie. Dei yngste i familien Helsem Leine er sjarmerte av lundefuglen, og foreldra fortel om fleire nære møte. - Vi har opplevd at det har site fotografar her med dei lange linsene og venta på fuglen, og så kjem den så nær inn til oss at vi har fanga gode nærbilde med mobilen.

Lundeura har bratt terreng og svimlande stup, men er godt tilrettelagt for folk på tur.


14

Familien Helsem Leine med mamma Katrin, minstemann Johanna Linnea, Catrina Sofie, Benjamin, storesøster Amanda og pappa Arve er ofte på fjelltur, og Lundeura er mellom favorittane. Hit går turen to, tre gongar i månaden den lysaste tida av året.

Meir om fleire fjellturar i Herøy på: http://www.visitfosnavaag.no/aktivitetar/ fjellturar/

INGEN PLASS SOM RUNDE. Familien bur slik til at dei har Leinehornet, eit av Herøy sine mange kystfjell, rett bak huset. Dit går turen ofte, men dei bruker også av herlegheitene som Sunnmørsalpane kan by på. Dei har vore på overnatting i Molladalen, dei har fleire turar bak seg på Saudehornet og andre toppturar i indre strøk, men så vender dei tilbake til Runde. Gong på gong. - Her er så mange mulegheiter. Du kan gå opp anten frå området ved brua, eller du kan gå opp frå Goksøyra. Du kan gå på langs med heile fjellet, du kan gå på tvers berre opp til fuglefjellet – og du kan sjølvsagt gå ut på fyret. Nokre gongar er dei alle saman, andre gongar er det berre nokre av dei. Amanda går gjerne åleine også. - Det er fint det også. Berre gå så fort eller seint ein vil, og la tankane flyge. Samtidig er dei glade i fellesskapet det gir dei som familie å gå på tur i lag. Først strevet oppover, og så gleda ved Kvikk Lunsj og appelsin på toppen. Mamma Katrin er også ivrig fotograf og snakkar om fargespelet og lyset. - Å sjå desse lystonane og fargespekteret, kor himmelen og heile naturen forandrar seg, det er også viktig for turopplevinga. SEHR SCHÖN. I dag er det ei tett rekke av folk som sit langs kanten på Lundeura og som har kome for å sjå lunden flakse seg inn att i holene sine. Dette fuglefjellet er det lett å kome seg til, og du skal reise langt mot nord før du finn neste koloni av lundefuglar. Men, her er dei like att med handa og rett utanfor stovedøra til Johanna Linnea og familien hennar. - Det er no så greitt her ut med kysten, du kan gå ein halvtime så er du på ein topp eller her i Lundeura, eller du kan gå i timesvis om du vil det. Og uansett, så har du denne utsikta mot havet.

Vi seier takk for besøket og ha det bra til frøken Lunde. Vi går opp trappa, over «balkongen» og tilbake mot kvinna med den raude jakka og den kvite hunden. Ho står det fortsatt. Og ser. Og ser. Ho smilar, nikkar og berre slår det fast: - Schön. Sehr schöhn.


15

Stien frå Goksøyra og opp mot fuglefjellet er hellelagt og lett å gå – og byr på eit vidstrakt utsyn mot Hareidlandet, Ålesund og Nordøyane.


16

Tekst: Torill Myren Foto: Pål Paulsen

Herøy kajakklubb • ca 250 medlemer frå heile Sunnmøre • Har naust/klubblokale på Jensholmen midt i smule farvatn og kort veg til røffare forhold. • Er du medlem og har grunnkurs hav, kan du bruke av klubben sine rundt 35 kajakkar. Klubben har utstyr og kajakk også for funksjonshemma. • Klubben held fleire grunnkurs gjennom året, også for unge. Kursa er som oftast på 16 timar og tek føre seg sikkerheit, redning, padleteknikk, bruk av naturen m.m. • Meir info på klubben si Facebookside og vaattkort.no

Meteorologane har lovd lite vind – og dei får rett. Sjøen er flat og alt lovar godt, men kong Neptun er ikkje til å spøke med. Når padlarane rundar Måganeset på Runde og siktar utover mot fuglefjellet, møter dei havdønningane. - Eg hadde nok snudd om ikkje vi var fleire, ler den eine padlaren, Øystein Nerland. Øystein kjøpte seg kajakk i 40-årsgave då han var 38, og har no tolvs års erfaring med padling, men denne dagen tenkte han likevel det hadde vore tryggast å snu, om ikkje det var for at Joakim Eiksund var med som los. Joakim er ivrig medlem i Herøy kajakklubb, kallar seg «naustdirektør» og har ansvar for naustet og utstyret til klubben, og ikkje minst har han masse erfaring og kurs i å padle, også til havs. - Dessutan er eg ein «bølge-junkie»!

Det går an når ein har erfaring og førebuingar knytt til sikkerheit. Denne dagen hadde han med godt med sikkerheitsutstyr, og ikkje minst var dei fleire som padla i lag. KAMERATPADLING. Padlarane seier at skal du padle ved Runde, så er det fleire forhold ein må tenke på. Det første er å vise respekt for fugleliv og fredingsområde. Dessutan er der plassar det er så knausete og bratt at ein vil slite med å kome seg opp på trygt land om uhellet skulle vere ute. Og så må ein vere fleire i lag. Men godt sikra og kursa og med kameratpadling, så byr padling ut mot havet og ved fuglefjellet på store opplevingar. - Å kome sigande heilt stilt, nesten svevande over


SVEVE OVER VATNET Flatt hav mellom idylliske småholmar eller bårer som bryt ved fall og flud heilt ut mot Atlanteren? Herøy har padleforhold for dei fleste.

17

vatnet, gjer at ein kjem tett på fugle- og dyrelivet og får oppleve det på ein heilt annan måte enn i større båtar. Øystein Nerland fortel om niser som leika rundt kajakken i Skorpesundet, om nysgjerrige oterar i Sævikane og symjande fugleflokkar i sjøoverflata ved Runde. Og er det absolutt maksforhold, så er kajakkbesøk i grotta på Runde ei oppleving ein ikkje gløymer. STORE OPPLEVINGAR SOM LITEN PADLAR. Med på turen er også Sindre Rolvsjord. Han er opprinneleg frå Oppdal, og har padla ein del i elvar tidlegare, men fekk eigen havkajakk for eit par år sidan. - Eg tenkte at når eg først bur her, så var dette ein fin måte å kome seg ut på sjøen på. Han padlar gjerne utover og kjenner på havdønningane, men vedgår at han nok er ein godvers-padlar. For han handlar turen i kajakk meir om rekreasjon enn mosjon. - Ein kjem nært når ein padlar. Dermed opplever du naturen heilt annleis i kajakken enn med for eksempel fjellskoa på. Du kjem lenger ned, du blir mindre og då blir naturen så stor. Store opplevingar er noko dei fortelje om alle tre, anten det er i bølger eller i flatt hav. Det er sjø og hav over alt i Herøy og Joakim Eiksund seier det er berre å velje etter ver og vind og ønske. - Vi bur i ei perle. Vi er så privilegerte. Naturen her er fantastisk og eg har enno ikkje hatt ein dårleg tur med kajakk. Det er berre gøy!

Joakim Eiksund frå Herøy kajakklubb, Øystein Nerland og Sindre Rolvsjord fortel om padleperler i Herøy uansett ver og vind, frå dei smulaste sund mellom småholmar til storhav og tøffe bårer.


18

Tekst: Torill Myren Foto: Pål Paulsen

FRÅ FANGST TIL FAT Det har alltid handla om fisk og hav i Herøy. Herøyfiskaren har vore frampå med nye fiskeslag og nye fiskefelt. No handlar det også om kortreist fisk og sjømat rett opp på restaurantgjestene sine fat. Lokale fiskarar som Ole Gunnar Sævik og Truls Paulsen leverer direkte til kokkar som lagar sine beste variasjonar av det som fiskarane fekk på kroken eller i teinene denne dagen. Nært og godt. Herøy har ei lang rekke stader med ulike menyar og i ulike prisklasser der du kan nyte eit godt måltid. Sjå meir om dei på www.visitfosnavaag.no


19

Ole Gunnar SÌvik og Truls Paulsen er to av dei lokale fiskarane som leverer dagfersk sjømat direkte til restaurantar i Herøy.


Del di oppleving av eventyret pĂĽ #visitfosnavaag

20

20


GJESTEHAMNER I HERØY Fosnavåg Om lag tretti båtplassar midt i sentrum av Fosnavåg. Lun hamn med tre meters djupne, flytebrygge med vatn og straum. Sanitæranlegg. Kort til butikkar og andre sentrumsfunksjonar.

Lanternen Om lag tjue båtplassar ved Lanternen Marina. Flytebrygge med straum og vatn. Slipp. Kort veg til Lanternen med kafe og kiosk med nokre daglegvarer. Båtmagasinet har også registrert Kvalsvik, Runde og Hestholmen ved Kjeldsund som uthamner. Sjå meir info på på www.batmagasinet.no

GOKSØYR CAMPING Utleigehus, loshytte, hytter, oppstillingsplass for bobil/campingvogn, teltplass og kiosk. Båttur rundt Runde, selsafari og fisketurar. www.goksoyr.no HAVFERIE KVALSVIKA Tre rorbuer og ei hytte. Til saman om lag 25 overnattingsplassar. Boblebad og sauna. Båtar til leige. www.havferie.com HERØY KYSTCAMP Oppstillingsplass for campingvogner/bobil, teltplass, to hytter og ei rorbu. Båtutleige, røykeomn for fisk, sløyebud. www.kysthytter.com HOTEL NEPTUN Hotel Neptun ligg i Fosnavåg sentrum, med storhavet som nærmaste nabo. Bed & Breakfast. www.fosnavaagbrygge.no JAKOBS RORBUER To rorbuer med til saman fjorten sengeplassar. Terrasse, grill, flytebrygge, sløyeplass. Båt kan leigast etter avtale. www.jakobsrorbu.wordpress.com KJELDSUND Fleire hytter ved sjøen, kvar med plass til åtte-ti personar og ei storhytte med sju soverom. Robåt og kano. Badeplass. www.kjeldsund.no LANTERNEN AS Ti hytter, to rorbuer og oppstillingsplass for bobil/campingvogn, tømestasjon. Båtutleige, sløyehus for fisk, kafe. www.lanternen.no

21

RUNDE FYR TURISTHYTTER DNT-hytte med 24 sengar fordelt på fleire rom og loft. Sjølvbetjent. Nøkkel må hentast på Runde eller turistinformasjonen i Ørsta. www.ut.no/hytte/3.2165/ RUNDE MILJØSENTER Åtte leilegheiter, kvar med fem sengeplassar. Kafe, formidlingssenter og utstilling av Rundeskatten og fugleutstilling. www.rundecentre.no RØYRA FERIESENTER To hytter i sjøkanten, kvar med plass til seks til åtte personar i tillegg til nyrenovert hus med fem soverom. www.royraovernatting.com SÆVIK UTLEIGEHYTTER To hytter på kaikanten, kvar med sengeplass til åtte-ti personar. Dykkekompressor og RIB-båt i tillegg til to andre båtar. www.sævikutleiehytter.no THON HOTEL FOSNAVÅG Konferansehotell på kaia i Fosnavåg. 115 rom. Restaurant. Båtutleige. Kinosal, konserthus og skipssimulator i same bygget. www.thonhotels.no BUBILPARKERING Bubilparkeringmed gratis straum og vatn i Parken i Fosnavåg sentrum.

www.visitfosnavaag.no


FISKELYKKE Alle som har prøvd det veit at det som heng og sprellar i kroken eigentleg er lykke, fiskelykke.

22

Tekst: Torill Myren Foto: Eivind M. Sævik

Heidi Lid og Preben Sævik prøver fiskelykka heilt ut i havgapet.


23 Fiskerikommunen Herøy har både dei største ringnotbåtane og dei minste sjarkane, og her kan også du bli reiar, iallfall for ein dag, og få oppleve fiskelykka. Havopplevelse har aluminiumsbåtar til utleige. Med båten følger det med ein påhengsmotor med 60 hestekrefter, kartmaskin med innplotta fiskeplassar, flyteutstyr og fiskeutstyr. Garanti for å få fisk følger derimot ikkje med. - Nei, det er vanskeleg å gi nokon garanti, men vi er no midt i matfatet til eit av Norges største fuglefjell, så fisk må no her vere, smiler Eivind Sævik i Havopplevelse. Heidi Lid og Preben Sævik er to som har testa ut fisketuren, og fekk oppleve at det er forskjellig som kan bite på. Denne gongen var det mellom anna ei lange av det ganske lange slaget som vart halt opp frå djupet. - Vi hadde ein nydeleg kveld, og sjølv om eg er oppvaksen med å fiske, så er det lenger inn i fjordane, og det er noko anna å kome ut i dette landskapet som er opnare, med holmar og skjær – og så sjølvsagt det å sjå ut i havet og horisonten, fortel Heidi Lid. LE IG E SKIP P E R . Dei som er fødde etter 1978 må ha båtførarprøve for å leige båt, og elles er det muleg med leigeskipper om ein føler seg usikker. «Lophelia» er ei anna mulegheit for den som vil på fisketur. Det er ein større båt med hus og rom for tolv passasjerar, men det hadde vorte mykje vase på fiskesnøra om alle fiska samtidig. Det held med trefire snøre i sjøen samtidig, så kan heller dei andre nyte naturen – eller høyre leigeskipper Arne Sævik fortelje ei og anna fiskeskrøne. Han er gamal ringnotskipper som no bruker den 40 fot store mørejeten «Lophelia» til chartertrafikk og turisttrafikk. - Og vi ser at når vi har med folk ut på fisketur, så er det slik at dei fleste har lyst til å prøve. Gleda over sprellande fisk på kroken er noko som smittar. For nærare informasjon om prisar og booking av «Lophelia», må ein ta kontakt med Arne Sævik. Bestilling av båtane til Havopplevelse skjer direkte til firmaet eller Thon Hotel Fosnavåg. Dersom du overnattar på ei av dei mange rorbuene i kommunen, kan du også leige mindre båtar i lag med rorbua.


Design: www.cann.no - Foto: PĂĽl Paulsen

Profile for cann as

Molo 2018  

www.visitfosnavaag.no Herøy Næringsforum #visitfosnavaag

Molo 2018  

www.visitfosnavaag.no Herøy Næringsforum #visitfosnavaag

Profile for cannas