2 minute read

Fjelltrimmen i Ytre Bremanger

Besøkstalet for 2022 var 12260 elektroniske signeringar med appen Georeg, så aktiviteten i fjelltrimmen er høg sjølv om sommaren 2022 var våt og grå. Det reelle talet på folk som er innom dei 20 toppane i fjelltrimmen er nok langt høgare då mange tilreisande ikkje brukar Georeg for å registrere seg. Det var 326 registrerte brukarar i 2022 så målet er få fleire til å laste ned appen slik at vi får registrert aktiviteten endå betre. Dei åra vi brukte bøker å registrere var det rundt 2500 ulike namn innom ein eller fleire toppar.

For å få inn litt midlar til vedlikehald av stinettet og fornying av merkepinnar vart det 2021 innført krav om at ein må ha betalt inn kr 100,- i deltakarkontingent for å vere offisiell deltakar, og for å stå med på resultatlista og vere med i trekning av gåvekort. Fjellet er sjølvsagt tilgjengeleg for alle men vi håper at flest mogleg ser seg syne å betale inn kr 100,- slik at det vert betre merka og tilrettelagt så fleire finn fram og får flotte naturopplevingar og trim.

Advertisement

For å støtte dugnadsarbeidet med fjelltrimmen oppfordrar vi turgåarane å betale inn kr 100,til Vipps 585777 eller konto 3776.05.00632 og merke betalinga fjelltrim 2023. Det vi får inn av midlar går uavkorta til vedlikehald, merking og fornying av løypenettet.

Resultatlister ligg heile tida «live» og oppdatert på nettsida til Georeg. I 2022 var det Anette Igland som vart totalvinnar med 2404 poeng. Den som besøkte alle toppane fleste gonger i 2022 var Magne Elde med 14 fullførte runder.

For turåret 2023 vart det bestemt av styret at det vert delt ut 14 bonuspoeng for kvar gong ein har vore innom alle postane. Desse poenga vert lagt til ved årsslutt sidan dette er ei manuell justering som ikkje Georeg fangar opp, og har ein f.eks besøkt alle 20 postane minst 5 gongar får ein 70 bonuspoeng. Også for 2022 vart det trekt ut 2 tilfeldige gåvekort på kr 1000,- hos Intersport Måløy, avd Deknepollen blant dei som hadde fullført alle toppane, samt betalt inn kr 100,- i deltakaravgift. Vinnarane vart: Arve Ryland og Anita Nygård. I 2022 var det 50 turgåarar som besøkte alle toppane.

Det vart i fjor sommar merka opp att frå Eikeset via Hesten til Lange- og Svartevasshornet og vidare ned til Bremangerskaret. Dette har ført til fin besøksauke på alle desse toppane, så viktig at BIL får inn midlar gjennom deltakaravgiftene til å vedlikehalde merkingane og evt få merka nye løyper.

Mest besøkt i 2022 var: Lågeide (2923 besøk)

Høgste (1382 besøk)

Bremangerskaret (925 besøk)

Minst besøkt i 2022 var: Oldeidsmannen (184 besøk)

Blandevatnet (202 besøk)

Karihaugen (298 besøk)

Fjelltoppar som er inne i Fjelltrimmen til Bremanger Idrettslag.

4 p Veten 2 p Leianipa 2 p Huseheia

1 p Kvitefjellet, Hauge

2 p Steinfjellet, Torvanger

3 p Karihaugen

1 p Rabben

1 p Blandevatnet

4 p Smalerabben

1 p Lågeide

4 p Svartevasshornet

3 p Langevasshornet

1 p Hesten

2 p Rylandshornet

3 p Geitenipa

2 p Steinfjell-sendaren

2 p Oldeidsmannen (3 p. frå 01.03)

1 p Bremangerskaret

1 p Holehornet

1 p Høgste, Nordsjøløypa Last ned Georeg, registreringssystem for fjellturar.

Besøksadresse Florø: Leirvåggata 13, 6900 Florø

Besøksadresse Bremanger: Iglandsvik Næringspark, 6727 Bremanger www.solvens.no

Globalt selskap med sterk lokal

Forankring

This article is from: