1 minute read

Leiaren har ordet:

Handball

Handballgruppa i Bremanger Idrettslag er no ferdig med sin 15 sesong, og kan sjå tilbake på mykje handballmoro og godt sosialt fellesskap gjennom hausten og våren.

Advertisement

Sesongen 2022/2023 stilte Bremanger med tre påmeldte lag; jenter 10 år, jenter 11 år og gutar 12 år.

Dei to jentelaga har hatt same treningstid med Elise Bjarkøy Rylandsholm som hovudtrenar og Kristine Grinvalde som støttetrenar.

Jenter 10 år spelar 5’ar handball på kortbane, og har delteke på seks serierunder, der éi av desse var i Bremangerhallen. Jenter 11 år spelar 6’ar handball og har spelt fem av 12 kampar på heimebane denne sesongen. Gutar 12 år spelar også 6’ar handball, og har spelt 13 kampar denne sesongen. Fem av desse fekk dei spele i Bremangerhallen. Stian Vike har vore hovudtrenar for laget, og John Håvard Vike og Annette Svarstad har vore støttetrenarar.

Bremanger stilte også med to lag på Vestkyst Cup i Florø i oktober. Tilbakemeldingane etter opphaldet var berre positive, og spelarane var einige om at dei ville tilbake neste år.

Stian var også med som dommar på cupen, og tok seinare på hausten dommarkurs i Florø. Etter dette var han dommar for Bremanger ut sesongen, og stiller også som dommar for oss kommande sesong. Dette er ein kjempeviktig ressurs for klubben, og vi håpar å kunne utdanne fleire dommarar til hausten.

Om nokon skulle vere interesserte må de meir enn gjerne ta kontakt med oss.

I tråd med Norges Håndballforbund sin visjon «håndball for alle», er målet vårt å legge til rette for at flest mogeleg skal få eit treningsog speletilbod. Dette gjorde at vi måtte tenkje litt nytt då vi ikkje hadde nok spelarar til å trene minihandball i haust, og med støtte frå Norges Idrettsforbund starta vi opp tilbodet allidrett. Dette førte til at vi gjekk frå fem til 14 born på trening – noko vi synest er eit godt resultat. Irene Seim har vore ansvarleg for denne gruppa.

No arbeider vi med å få på plass speletilbod og nye trenarar til handballsesongen 2023/2024. Vi håpar vi ser att alle spelarane våre til ein ny sesong, men har også eit mål om å kunne få med nye, og i samarbeid med handballforbundet region vest vil vi difor arbeide aktivt med rekruttering framover. Her vil vi i klubben blant anna arbeide for at skulane som melder seg på «Kast ballen 2023», skal bli valde ut til dette. Dette er eit gratis tiltak som introduserer elevar i 1. - 3. klasse til leik med ball og handball, der skulane får ein utstyrspakke med ballar og pedagogisk opplegg til kroppsøvingstimar og friminutt.

Til slutt vil vi takke trenarar, dommarar, foreldre og føresette som stiller opp på treningar, køyring, kioskdugnad og i sekreteriatet.

De gjer ein viktig jobb!

Venleg helsing

Johanne Nygård

Leiar, handballgruppa

Nett der du er

This article is from: