
2 minute read
Trenarkurs i fotball
from Årbok 2023
Våren 2023 arrangerte Bremanger IL fotballtrenarkurs. 6 trenarar for aldersbestemt fotball deltok på kurs Grasrottrenerkurs 1, som er i basert på UEFA sitt trenaopplegg.
opp. «kursa set vi opp etter behov, det er bere å gi ein lyd så organiserar vi fleire kurs, både Grasrottrenar 1 og vidare i kursserien.
Advertisement
Gi ein lyd på til fotballgruppa om du ynskjer å ta kurs eller bli trenar: bremanger.il.fotball@enivest.no.
Grasrottrener 1 (introduksjonskurs)
Barnefotballkurset
På kurset Grasrottrenar 1 var det først eit nettbasert teorikurs med varigheit om lag 2 timar. Så deltok ein på ei fotballtrening i Bremangerhallen saman med instruktør John Georg Rutledal frå Måløy. Etter treninga var kursdeltakarane på klubbhuset til Bremanger Idrettslag for litt meir teori og samtale om treninga som var gjennomført. Deretter fekk alle ei heimeoppgåve med førebu ei fotballtrening. Veka etter skulle ein då avhalde ei trening, før ein avslutta med ei oppsummering og på klubbhuset igjen.
«Kurset gjekk fint å gjennomføre, og vi følte vi sat igjen med fleire triks og tips. Det er gjerne enkle grep og teori som ein kan få overført frå rutinerte trenarar, så ein slepp å finne ut av alle fallgruver sjølve. Kan absolutt anbefalte andre å ta kurset» seier ein av deltakarane
Paul Stian Igland, som er trenar for gutar 2. til 4. årssteg saman med Raymund Hoclas og
Ronny Bakke.
Leiar i fotballgruppa Marius Valaker Frøyen anbefaler kurset, og lover fleire kurs blir sett
Desse gjennomførte første trenarkurs:
Øyvind Nesje
Paul Stian Igland
Marte Jørgensen
Theodor Hauge
Svein Arne Torvanger
Vebjørn Nigardsøy
Litt frå kurset
Aktivitetskategoriar dannar grunnlaget for aktiviteten på treningane.
For 6-8 åringar bør hoveddelen av treninga legge vekt på ”sjef over ballen” og ”tilpasse smålagsspill”.
1. Sjef over ballen
2. Spille med og mot
3. Tilpasse smålagsspill
4. Scoringstrening
Planlegge ei fotballtrening? Sjekk ut treningsøkta.no
Grasrottrener 2
Barnefotball - flest mulig med kvalitet
Grasrottrener 3
Mot ungdom - lengst mulig
Grasrottrener 4
Ungdomsfotball - flest mulig - best mulig
Åpent: 07:30 – 16:30 &57 83 72 50

Vi støtter Bremanger Idrettslag!

I både WIS Gruppen og Havlandet heier vi på de små og store opplevelsene som Bremanger Idrettslag leverer.
Vi ønsker oss et variert og aktivt lokalsamfunn og er derfor en stolt støttespiller!

WIS GRUPPEN
Rune Knapstad rune.knapstad@incgruppen.no incgruppen.no/west-industri-service
HAVLANDET
Halvard Hovland halvard.hovland@incgruppen.no incgruppen.no/havlandet

Vår lagspiller, rørlegger
Tore Rylandsholm tar ansvar både på jobb og på fotballbanen.

Lykke til med sesongen!
Tlf 57 85 10 44
Gate 1 129, 6700 Måløy post@husevaag-ror.no
Hald Bjørsvika rein!
Bremanger Idrettslag mottok 4000 kr frå Fjordane Friluftsråd for å forhindre forsøpling i Bjørsvika Nærmlijøanlegg.
Bjørsvika Nærmiljøanlegg er eit sentralt og sjønært nærmiljøanlegg. Det er svært mykje brukt, heile døgnet, heile året. Der er bosskurver og ei ordning for reinhald og tilsyn basert på frivillige i idrettslaget.
Diverre er det søppel som ikkje finn vegen opp i søppelbøtter, men sleng rundt om. Vinden i Bremanger bles både vinter og sumar, slik at avfall på avvegar også flyg til sjøen og det marine miljø.
Målet er at ein tildelt motivasjonssum frå Fjordane Friluftsråd til klubben skal føle ei forplikting for medlemmane til å kaste bosset i søppelet.
Opprydding er det minst effektive, førebygging vinn over tid!
Tusen takk til Fjordane Friluftsråd, saman skal vi halde Bjørsvika rein og ryddig og hindre ureining til miljøet!

HEIA BREMANGER!
Bremanger IL har gleda av å tilby sensongkort for kommande sesong i Kretsligaen!