
1 minute read
Leiaren har ordet: Fotballgruppa
from Årbok 2023
Kjære fotballvenner!
Endeleg er tida inne for å komme i gong med fotballsesongen 2023!
Advertisement
Bremanger IL stiller i år lag i fire ulike aldersbestemte seriar i tillegg til Kongleriket og senior: G11, J12, G14 og G17.
Vi bur i ein fråflyttarkommune, noko som dessverre pregar bornekulla i negativ retning år for år. Det er ingen tvil om at det vart spelt fleire fotballkampar i bygda i den tida førre generasjon vaks opp. Likevel vil eg påstå at vi framleis klarer å oppretthalde god aktivitet i idrettslaget, både innan fotball, handball og andre idrettar. Og takka vere gode anlegg kan vi tilby gode treningsforhold gjennom heile året.
Vi merka gjennom pandemien at idretten og felleskapet den skaper er utruleg viktig for folk. Det å møtast til faste tider kvar veke og tilbringe tid saman med vener betyr mykje for både spelarar og trenarar. Og eg vil kanskje spesielt trekke fram bandet mellom trenaren og spelarane som noko som er særs viktig.
Ein trenar i borne- og ungdomsfotballen er ein viktig person i spelarane sitt liv, både som rollemodell og mentor. Og dei viktigaste eigenskapane til ein trenar kan ofte være knytta til det sosiale og pedagogiske, meir enn det fotballfaglege.
Bremanger IL i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane arrangerte denne våren Grasrottrenarkurs, eit kurs som er retta mot trenarar i bornefotballen. Her lærer deltakarane ein del viktige prinsipp som går nettopp på det pedagogiske innan trenarrolla. Målet vårt er at samtlege trenarar med verv i klubben skal ha Grasrottrenarkurs for den årsklassa dei har ansvar for, eventuelt høgare. Tilbakemeldinga frå dei som deltok i vår var veldig god, så det kan godt hende vi kan få til fleire kurs framover.
A-laget går inn i nok ein sesong i Kretsligaen og kjem nok garantert til å gje oss mykje spanande kampar i året som kjem. Fjorårssesongan vart nok ein «rysare» som var spanande heilt til siste slutt, med 4-1-sigeren heime mot Måløy som det største høgdepunktet. Vi håpar og trur på mykje moro frå seniorane også i år.
Til slutt vil eg ønske alle lag masse lukke til med sesongen og oppfordrar folk til å ta turen på kamp, enten det er aldersbestemte kampar i Bjørsvika eller gutelag- og seniorkampar på stadion. Publikum betyr mykje for dei som er ute på bana.