
1 minute read
Leiaren har ordet: Bremanger idrettslag
from Årbok 2023
Då er fotballsesongen i gong, medan vi må vente til hausten for å sjå fleire handballkampar i Bremangerhallen. Handballen har tilbud for barn 1 -4 klasse, jenter 9-12 år og gutar 12 år.
I fotball stiller vi med lag frå førskulealder til 15 år. A-laget er også dette året i kretsligaen. Dette året er dei fleste spelarane frå eigen kommune og fleire guttespelarar er tekne opp i A- lagsstallen.
Advertisement
Det blir heile 5 kampar i Sogn, 4 i Nordfjord og 2 i Sunnfjord. I vinter starta vi opp med Allidrett for 1-3 klasse der ein i større grad har fokus på allsidigheit, og ikkje berre fotball- og handballaktivitet. Idrettslaget starta også opp med volleyball for 8-10 klasse i mars.
I fjor måtte dessverre idrettslaget avvikle arrangementet «Vetenløpet», då det ikkje let seg gjere og erstatte sentrale personar i styret i «Vetenløpet».
Når det gjeld fjelltrimmen fekk vi i fjor merka sti på dugnad frå Eikeset til Førs. Det er trong for å merke opp igjen fleire turstiar, så det vert truleg arrangert dugnader dette året.
Ellers er det siste innspurt i arbeidet med å bygge ny tribune på Bremanger stadion. Skal bli kjekt å kunne sjå kampar frå ny tribune og kunne opphalde seg under tak, når det er regnar. I tillegg til A-laget, skal guttelaget spele kampar på grasbana denne sesongen.
Idrettslaget tilbyr også bingo, styrketrening/sirkeltrening, old boys fotball, åpen hall og trening på Bremanger Trim.
Ønskjer du å gjere ein innsats for idrettslaget, så er det berre å ta kontakt. Det er mykje dugnad som må gjerast for å halde anlegg/byggningar og aktivitetar i gong.
Tusen takk til sponsoransvarleg og trufaste sponsorar, som syter for at vi kan vere ein organisasjon som skapar gode møteplassar, idrettsglede, samhold, god folkehelse m.m.
Sportsleg helsing
Anette Igland
Leiar Bremanger idrettslag