festen
forfattarlinje, og deretter Forfatterstudiet i Bø, og så Skrivekunstakademiet i Hordaland. Eg har fått mykje ut av å studere skrivekunst, men samstundes har det blitt noko som avgrensar meg. Ingvild Schade som eg gjekk i klasse med på Skrivekunstakademiet, sa ho nesten fekk skrivesperre av å gå der, og eg kan kjenne meg litt igjen i det. Før kunne eg berre skrive og skrive, og så såg eg over for å vurdere. No er det blitt meir slik at eg skriv, og så tenkjer eg at det er dårleg med éin gong. Eg trur ein må forsøke å kome seg ut av det mønsteret. Ein tørr nesten ikkje skrive dårleg etter at ein har gått på skriveskule. Mykje av årsaka til at eg valte å gå på fleire skriveskuler er kanskje det at eg ikkje heilt veit kva eg ønskjer å studere. Eg er interessert i så mykje, og så er det vanskeleg å velje. Eg har vurdert å studere musikk, men eg er meir glad i både skriving og musikk som ein veldig kreativ prosess utan noko vitskapeleg involvert. Men på dei skriveskulane eg har gått, har det vore eit veldig kreativt miljø, altså. Det har vore relativt lite litteraturteori, til dømes. Det vesle eg hadde, var eigentleg veldig spanande. På musikk er eg heilt sjølvlært. Eg har alltid likt å synge, og eg starta berre med å klimpre litt på gitaren. Eg har nok rett og slett berre eit formidlingsbehov. Du har nettopp byrja å jobbe i bokhandel. Korleis er det å anbefale litteratur? I butikken har eg ikkje fått prøve det enda. Men eg liker å anbefale litteratur til vener. I butikksamanheng må eg nok lese meg opp på bestseljarane først. Eg reknar med at det blir å selje ein del av dei, men eg trur eg skal prøve å selje litt 64
ikkje-bestseljarar i tillegg. Sjølv om det er jo også er bøker eg kunne anbefalt på bestseljerlistene. Det blir ikkje selt så mykje poesi, og sjølv om eg ikkje har lyst til å seie at eg skjønner det, er det jo faktisk ikkje poesi det blir lese mest av. Eg les heller ikkje mest poesi, sjølv om eg har gitt ut ei diktsamling. Men det er veldig mykje bra poesi da! Eg trur dei fleste kunne hatt godt av å lese det. Eg prøver å få mamma til å lese poesi, men ho er mest glad i krim. Kanskje det er ein stad å byrje. Kanskje nokon burde skrive krimpoesi? Kva les du for tida? No har eg nettopp lese den nye romanen til Rune Christiansen, Ensomheten i Lydia Ernemanns liv. Den likte eg kjempegodt, eg er veldig glad i både romanane og poesien til Rune Christiansen. Så den kjem eg nok til å anbefale i bokhandelen! Korleis er det å flytte så mykje? Blir du inspirert av stadane du bur? Eg er veldig «flyttete» av meg. Men no har eg lyst til å bu ein stad over lengre tid. Sidan eg var 17, har eg flytta til ein ny by kvart år. Da eg var i Bergen, skreiv eg songar om regn. Men ikkje poesi. I Bø, der vart det mykje om einsemd. Ideen til nokre av dikta i samlinga er frå Bø, trur eg. Men no har eg budd i Oslo i snart to år, og det er rekord! Så akkurat no er det Oslo som er byen, sjølv om eg kan tenkje meg å studere i utlandet seinare. Reising er ein måte å få inspirasjon på, sjølv om eg for så vidt ikkje skriv så mykje om stadane i seg sjølv. Du har skrive mykje på twitter. Har det korte formatet fått ein innflytelse