Gjertrud Langva Skarsvåg og Marit Sjelmo
Du er jo både fersk musikar og forfattar. Korleis er det å prøve å kome seg inn i ein bransje? Eg synest litteraturmiljøet er veldig ope. Det er rom for veldig mykje i norsk litteratur, det blir gitt ut veldig mykje. Musikkmiljøet, for meg, er lite, men det utvidar seg stadig. I musikkmiljøet handlar det litt om å drikke seg full og dra på utestader, å mingle. Det verkar som det er meir nettverksbygging der enn i litteraturmiljøet, men det er kanskje meir naturleg også. For å kunne slå igjennom som musikar, må ein jo kome seg ut og opp på scenen. Som forfattar, derimot, treng ein jo eigentleg berre dialogen mellom seg sjølv og forlaget, og så sørgjer forlaget for å få boka ut. Kva gjorde at du valte Flamme Forlag? Vi las opp nokre dikt på ein festival nokre vener av oss arrangerte. Ein av dei var Flamme (forlag)-forfattar, og foreslo at vi kunne sende det inn. Så da sette vi saman tekstene, og gjorde det! Kontakten med Flamme har vore ein veldig bra og nyttig prosess. Forlaget har fått ein del kritikk for at dei ikkje er så veldig sjangertro, at dei ofte gir ut til dømes ei diktsamling som har innslag av kortprosa. Men det er noko av det eg synest er veldig bra med dei, at dei er så opne. Diktsamlinga hadde sikkert sett annleis ut med ein annen redaktør, og sikkert med eit anna forlag også. Men samstundes trur eg ikkje dei har influert stilen vår, at dei har gitt oss ein slags Flamme-stil. Viss vi er representative for ein type litteratur dei gir ut, var vi det nok frå før. Vi har til dømes denne facebook-chatten som del av diktsamlinga vår, og Flammebøker har ofte popkulturelle referansar.
Korleis har det vore å gi ut ei diktsamling? Eg hadde eigentleg aldri tenkt at eg skulle debutere med dikt. Men det skjedde. Eg har ei venninne som har kjefta litt på meg fordi ho meinte eg burde vere nøgd med å ha debutert, i staden for å tenkje: Hmm, kanskje eg burde debutert med ein roman i staden? Da får ein liksom meir anerkjenning. Romanen er meir anerkjent enn diktsamlinga, det trur eg. Både i forhold til talet lesarar, og at romanar generelt får meir merksemd. Men eg er nøgd med å debutere med diktsamling altså. I eit intervju har du sagt at First Aid Kit var bandet som fekk deg til å innsjå at du og kan lage musikk. Kven har inspirert deg til å skrive litteratur da? Oj, det er mange! Det er mykje lettare med musikk enn med litteratur å seie kva som har inspirert meg. Eg er veldig glad i den svenske poeten Tua Forsström. Ho har ein slik stillhet i dikta sine som eg liker veldig godt. Eg trur ikkje eg prøver å kopiere skrivemåten hennar, men eg er veldig fascinert av den. Og så Jan Erik Vold. Men han er jo vanleg å nemne da. På vidaregåande hadde eg Stein Erik Lunde som norsklærer, han har gitt ut nokre bøker, mest barnebøker. Det var han som først sa til meg: Du skriv veldig bra. Og det var så kjekt å høyre det frå ein forfattar! Så det var kanskje starten. Eigentleg byrja eg vel å skrive på ungdomsskolen, berre sånn for meg sjølv. Det trur eg ikkje eg tørr å vise til nokon no. Men mora mi er journalist og eg er oppvaksen i ein familie som les og skriv mykje. Så eg har nok berre fått det inn med morsmjølka. Og så gjekk eg eit år på folkehøgskole, journalist- og 63