Operabankett

Page 1

OPERABANKETT Sjøborg Ulsteinvik


Anne Wik Larssen sopran

Bror Magnus Tødenes tenor

Lars Eggen baryton

Ă˜yvind Gimse cello

Daniel Turcina fiolin

Mona Spigseth klaver

Stig Førde Aarskog klarinett og konferansier


VELKOMMEN TIL OPERABANKETT! Vi rullar ut raud laupar og byd inn til ei staseleg oppleving der klassisk musikk, opera, mat og vin er hovudingrediensane. Her vert det ikkje spara på noko. Musikken vert framført av nokre av dei fremste utøvarane i landet, fleire av dei med betydelige internasjonale merittar.­ Kjøkkensjefen er klar til å foredle utsøkte­ råvarer, og vinkelnaren syter for god vin. Og slik vil vi at opplevinga skal kjennast lenge. Musikk, mat og drikke er nøye av­ passa frå aperitiff til dessert. Vi får ei musikalsk og kulinarisk jordomsegling som startar i det intenst lidenskapelege­ Argentina, gjennom det sprudlande og raffinerte Frankrike via det tem­ peramentsfulle Italia og til sofistikerte Tysk­land. Og i bakgrunnen klukkar fjell­­

bekken med eit drag av frisk sjøbris frå våre heimlege trakter. Det vert presentert utdrag av kjende verk av store komponistar som Piazolla, Debussy, Bizet, Verdi, Pucchini og Mo­ zart, for å nemne nokre. Opp­levingane vert utsøkt virtuose, kraftfulle, intense­ og avstemte. Presentert gjennom­store ariar, duettar og tersettar,­med rom for solistutfalding og dynamisk samspel, – heilt akustisk. Vi trur ikkje at vi tek munnen for full når vi lovar ei sjeldan oppleving med mat, vin og musikk. Ein heilaftan for sansane – nyt det.


ANNE WIK LARSSEN Anne Wik Larssen (sopran) vart presentert som ei av «morgendagens stjerner» på operahimmelen, i lag med fem andre internasjonale unge songarar­ under Kirsten Flagstad-festivalen 2012. Ho debuterte også internasjonalt i hovudrolla som Marguerite i Gounods Faust i fjor. Anne er ei strålande dame frå Trondheim med ei stemme i «stjerne­ klassa» som bevegar og begeistrar. Fylgjande utdrag frå media gjev eit hint om kva ein kan vente seg. «Det som gjorde kvelden aldeles full­ kommen for dem som hadde innfunnet seg, var sopranen Anne Wik Larssen. Her fikk hun vist sine klassiske kvaliteter med tre operaarier av Giacomo Puccini, der sam­ klangen med symfoniorkesteret ga et pust av rein storhet i en akustisk flott og velegna sal. Bevares! En imponerende prestasjon fra en stor sangerinne.» (Romsdals budstikke)

Anne har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester, Kristiansund Symfoni­orkester og Bodø Sinfonietta, og sunge ved operafestivar i Oslo, Kristiansund, Sommersang på Ringve, Flagstad-festivalen og ved Trondheim Tangofestival. På repertoaret står også operaroller som Marguerite, Micaëla, Violetta, Mimi, Liu, Manon, Pamina, og Maríade Buenos Aires, og ho har brei konsert­erfaring innan både opera, lied og tango. Ho er utdanna ved Operahøgskolen i Oslo og Institutt for musikk ved NTNU i Trond­ heim. Anne Wik Larssen arbeider for tida som songar i Oslo og har oppdrag både i Noreg og i utlandet.


BROR MAGNUS TØDENES Bror Magnus Tødenes (tenor) har trass sin unge alder gjort solid inntrykk som eit «operatalent av dei sjeldne». Sjefen ved Den Norske Opera, Per Boye Hansen, uttalar at den unge tenoren er eit «usedvanleg talent med ei vakker røyst». Og ein lang rekke av fram­ ståande fagpersonar innan operafaget både nasjonalt og internasjonalt sparar ikkje på superlativa når dei uttalar seg. «Extremely talented» og «et av Norges største sangtalent på mange, mange år» borgar vel for songprestasjonar på høgt nivå. Han briljerer med repertoar som er gjort kjent av store songarar som t.d. Luciano Pavarotti, Placido Domingo og Jussi Björling.

Han har motteke fleire talentstipend, mellom anna GNIST Mørestipend og seinast det prestisjefylte Erling Kroghs sanglegat som vert delt ut av Den Norske Opera. Han har og fått særskilt sponsoravtale med NTNU i Trondheim. Han går no andre år på bacehlorstudiet i klassisk song og opera på Institutt for musikk ved NTNU. Han gav i desember 2012 sin fyrste CD Tenor og har hatt mange prestisjefylte songoppdrag sidan. Mellom anna ved RingsakerOperaen, Olavsfestdagane, Opera Trøndelag og representasjons­ oppdrag for NTNU der han har sunge for æresdoktorar, ministrar og kongelege.­ Og for ikkje å gløyme mange tusen studentar­og tilsette. Bror Magnus er oppvaksen i Eiksund i Ulstein kommune.


LARS EGGEN Lars Eggen (baryton) er frå Tylldalen i Nord-Østerdalen. Han har mastergrad i utøvande musikk frå institutt for musikk ved NTNU i Trondheim. Han har også studert ved Conservatoria di Musica di Perugia og ved Hochschule für Musik i Köln. Etter enda utdanning har han jobba for Operaen i Kristiansund, Steinvikholm Musikkteater, Opera Nordfjord, TSO Drama,­Trondheim Kammermusikk­ festival, Opera Omnia, og andre. Han har også delteke på fleire festivalar, mellom­anna Yo! Opera Festival i Utrecht,­Nederland og han har sunge med fleire orkester, mellom anna Trondheim Symfoniorkester. Eggen har motteke stipend frå mellom anna Sine Butenschøns Fond og Skipsreder Tom Wilhelmsens stiftelse og Trondheim kommunes kulturstipend. Lars var ein av prisvinnarane i den internasjonale songkonkurransa «International Voice

Competition Kammeroper Schloss Rheinsberg 2011». Han er og produsent for Tylldalspelet og Opera Di Setra. Lars har sunge på ei rekkje produksjonar både innen opera og kirkemusikk, og har fleire urframføringar på cv-en. Ein kan m.a. nemne Tryllefløyten (Pappageno) av W. A. Mozart, Don Giovanni (tittel­ partiet) av W. A. Mozart, Gianni Schicci (Marco) av G. Puccini, Tosca (Sacristano) av G. Puccini. Norge–Brasil av H. Førde og A. Kalvø (urframføring) Sötskolan (Thorko) av K. Rehnquist, Maria de Buenos Aires av A. Piazolla, Olav Engel­ brektson (K. Rustung) av H. Sommero, Snap-Shots og Gydjekniven av Eva H. Foosnæs (urframføring) samt Requeim av J. Brahms og G. Faure. Og Lars kan begeistre: «Mer over­ bevisende sceneutstråling er det lenge siden jeg har sett» Yngvild Bjellanes, Adresse­avisen 20. april 2012


ØYVIND GIMSE Øyvind Gimse (cello) er ein av landets fremste klassiske musikarar, med solide internasjonale merittar. Han har m.a. leia TrondheimSolistene til heile seks Grammy-nominasjonar. Øyvind er ein dynamisk musikar med stor spennvidde. Etter studium i Oslo, München, Salzburg og Wien var han i peri­oden 1991–1997 alternerande solocellist i Trondheim Symfoniorkester. I tillegg til å vere kunstnarisk leiar av TrondheimSolistene er Gimse ein etterspurd kammermusikar og strykar­ instruktør. Han har spelt på dei største kammermusikkfestivalane i landet, med musikarar som Leif Ove Andsnes, Nobuko Imai, Andrew Manze og sist ved opninga av Olavsfestdagene med Bobby McFerrin.

Som pedagog er Gimse i tillegg til still­ inga ved NTNU Institutt for musikk, aktiv som talentutviklar og strykar­instruktør både nasjonalt og inter­nasjonalt. Øyvind­er oppteken av å blande kunstnar­iske uttrykk, og har jobba fram framsyningar­med poesi, biletkunst, dans og teater. Øyvind har musikalsk evne til å begeistre,­og set opplevinga i sentrum i det kunstnariske virket sitt.


DANIEL TURCINA Daniel Turcina (fiolin) er ein vidreist herre, både musikalsk og geografisk. Og han har hausta utmerkingar og store ord på vegen. «... improvisatory sounding fire and soul!!!» Los Angeles Times Han er no førstefiolinist med TrondheimSolistene­og Trondheim Symfoniorkester, og underviser i tillegg i kammermusikk ved NTNU. Daniel er fødd i Dolny Kubin nord i Slovakia­og byrja å ta fiolintimar som sjuåring. Kort etter byrja han vinne prisar for spelet sitt. I 2003 fekk han mastegrad i fiolin ved Academy of Music and Performing Arts in Bratislava. I perioden 2003–2005 var han medlem av det prestisjefylte Bohdan Warchal Slovak Chamber Orchestra. I 2006 var han med Solistes European Luxembourg og Capella Istropolitana og spelte på

fleire konsertar og plateinnspelingar i Europa og i Asia. Daniel har jamleg oppdrag som solist og som ensemble­ musikar på musikk­festivalar med fleire ulike orkester. Som ein del av si vidare internasjonale­ utdanning vart Daniel oppteken ved University of Music and Dramatic Arts i Wien, Austerrike (2005), og del­ tok i inter­nasjonale meisterklassar­i Neder­land og Austerrike og studerte­ med Professor­E. Schmieder ved Boyer College­of Music and Dance ved Temple­University i Philadelphia. Då han var i Philadelphia, spelte han med Philadelphia­Chamber Virtuosi og Symphony­in C. I Europa var han medlem av Bratislava Chamber Soloists og the Solistes Europeens, Luxemburg. Som medlem og solist med iPalpiti international laureates orchestra har han spelt konsertar i m.a. Carnegie Hall i New York og Disney Hall i Los Angeles.


MONA SPIGSETH Mona Spigseth (klaver) er frå Odalen i Hedmark. Etter 5 års studium i Oslo med professor Einar Henning Smebye som lærar, hadde ho ein kritikarrost debutkonsert i same by. Ho er ein svært aktiv pianist, både som solist og kam­ mermusikar. Ho har vore solist med dei profesjonelle norske symfoniorkestera, TrondheimSolistene, distriktsorkester,­ brassband og korps, held pianoresita­ sjonar og brukar mykje av tida si til kammer­musik der m.a.samtlege av kammerverka av Brahms er blant repertoaret.­ Forutan konsertering i Noreg har Mona spelt i flere europeiske byar, mellom anna i Wigmore Hall i London. Ho deltek også i jury­arbeid i internasjonale piano­ konkurransar.

Mona er fast tilsett som klaverlærar og akkompagnatør ved NTNU Institutt for musikk i Trondheim. Der har ho det faglege ansvaret for talentutviklings­ programmet «Unge Musikere». Her er også hennar pianistiske kvalitetar som akkopagnatør med på å hjelpe dei unge talenta framover. Mona vert nytta som pianist i Trondheim Symfoniorkester (TSO), Luftforsvarets Musikkorps og som repetitør for TSO´s vokalensemble.


STIG FØRDE AARSKOG Stig Førde Aarskog (klarinett) kjem frå operabygda Nordfjoreid og har teke utdanning ved musikkonservatoriet i Trondheim, København og Oslo. Ved sida av å vere fast tilsett i Luftforsvarets Musikkorps (LFMK) driv han eit aktivt musikarliv som kammermusikar og freelansar. Dei siste åra med jamlege engasjement i Trondheim Sinfonietta, Trondheim Jazzorkester, Trondheim Symfoniorkester og diverse kammer­ grupper innan impro og ny musikk. Allsidigheita hans har ført til fire spellemanns­nominasjonar innan tre kategoriar­dei siste fem åra. I 2013 har han medverka på tre utgivingar som spenner fra pop-musikk, russisk korps­ musikk og soloverk komponert av Bjørn Fongaard.

I tillegg til å vere ein framifrå musikar og samspelar, er Stig kjend for sin ledige omgang med publikum. Vi reknar med at selskapet får servert nokre velkrydra verbale­innslag mellom klarinett­soloane.


OPERABANKETT – NYT DET!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.