Vis meg ditt bibliotek

Page 77

Gunnar Bakke

GB: Nei, den har eg ikkje lese. MK: Har du kjøpt henne av patriotisme overfor bergensforfattarane? GB: Ja, eg liker å følgje med på det bergenske. Først og fremst handlar det om å vite meir om kunstnarane som bur her. Vi har ein felles ståstad: Vi er frå Bergen. MK: Dersom «vi» er for eksempel forfattarar og politikarar som deg, har de også det til felles at de formidlar gjennom tekst. Utvalde bøker Korleis skil munnleg formidling seg frå tekst? GB: Det skrivne ordet er absolutt sterkare enn det talte. Kulturhistorisk vegbok, Det har ein høgare sanningsgehalt. Når ein les noko på papiret, Hordaland når det blir fanga av auga, er det sterkare. Når ein talar, består Hordaland Fylkeskommune/ bodskapen 20 % av kva ein seier, 80 % av kroppshaldning. Nils Georg Brekke (red.) MK: Når Barak Obama sa «Yes, we can», fungerte det fordi han hadde integritet og tillit som person. Korleis trur du den Øya same talen ville ha fungert på papiret? Victoria Hislop GB: Det trur eg kunne vore enda sterkare. Obama er ein veldig god formidlar. Men formidlaren kan også verke distraherande. Dødens Sirkel MK: Synest du at formidlaren Obama verkar distraherande på Chris Tvedt bodskapen? GB: Obama brukte jo ikkje berre ord, men spelte på heile sitt register. Han er ein enormt flink formidlar som brukte mykje tid på å finne dei rette orda. Han hadde særdeles gode formidlingstalar som var gjennomtenkte, og der det var openbert at teamet rundt hadde jobba mykje med språket. Yes we can står igjen i historia og fungerer i alle land. MK: Obamas taleskrivarar klarte det som mange skjønnlitterære forfattarar drøymer om: å skrive noko som er allmenngyldig og universelt på tvers av tid og stad. Kva tenkjer du om det i forhold til jobben du sjølv gjer? GB: Eg blei særleg bevisst på formidlingsrolla mi då eg blei ordførar og skulle lese talar som var skrivne av andre. Eg merka då at det ikkje fekk verdi med mindre eg formidla talane rett og skapte liv i teksten. Det handlar om å halde interessa til tilhøyraren og avstemme forholdet mellom formidlinga og innhaldet i teksten. 77


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.