Vis meg ditt bibliotek

Page 52

MK: Og kva stemde dei, trur du? ME: Dei stemde «nei». MK: Kva er dei andre papira som stikk ut frå boka? ME: Handlelappar, trygdeutbetaling … alt saman spor av det livet ho levde. Kryssordboka er god og tung å ha i fanget. Boksamlinga på Marit Eikemos MK: Her handlar det om det materielle ved boka. kontor i Gamle Bergen ME: Det gjer jo det, men denne boka er unik nettopp på grunn av det materielle, alle dei unike vedAlder på boksamlinga: legga. Når det gjeld innpakninga til litteraturen elles, Boksamlinga i Gamle Bergen blei påbegynt er eg ikkje så nøye på det. Sjå på denne lefsa, ei av dei for tre år sidan. viktigaste bøkene for meg, Vanære av J.M. Coetzee. Den har vore med meg på ferie, og sånn ser ho ut, men Fysikk: innhaldet tar ikkje skade av at eg er uforsiktig med Integrerte trehyller på eit loft i eit av muse- boka. umshusa i Gamle Bergen. MK: Kor var ho med? ME: Var det Hellas, tru? Eg tar ein lesesjau når eg Sorteringsprinsipp: drar på ferie. Eg er ingen lesehest, les ikkje heile tida, Polarisert: veldig gamalt og heilt nytt. Det men eg trur eg er ein god lesar når eg har god tid. heilt nye, som har vore til behandling i Yrkeslivet og familielivet har innhenta meg. I den grad ankenemnda, er ikkje alltid det beste av eg klarar å kave til meg noko tid, må eg ofte bruke det litteraturen. I andre enden av skalaen er til eiga skriving. Livet mitt er prega av avbrot og korte det som Eikemo meiner er godt nok for intervall. Eg saknar meir tid til å kunne konsentrere Litteratursymposiet i Odda. meg om ei bok, fordjupinga, å vere med på bokas premissar. Når eg les i jobben, for Litteratursymposiet, blir det som regel i eit raskare tempo enn eg liker. MK: Er lengselen etter lange strekk grunnen til at du sjølv skriv prosa og ikkje meir fragmenterte former? ME: Ja, kanskje er det eit ønske om samanheng? Først er det berre kaos. Det er ein kamp å skape heilskap. Eg veit aldri kor eg går, når eg byrjar på ein roman, eller kva slags folk karakterane mine er. I lange tider ser eg berre for meg eit bilde. 52


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.